Ingen resultat.

"Dronningen" på Hjørundfjorden

av Per Arne Grebstad Mange stolte skip har sigla inn Hjørundfjorden. Her skal vi møte to av dei som har vore innom "Filmfjorden".
1970 - 2020
Storfjorden
Les heile artikkelen

Mjølkebåten, fjordabåten og andre båtar

av Per Arne Grebstad Mjølk og post - begge skal fram. Her er litt om mjølk og mjølkebåtane , og litt om fjordabåtane og levering av post.
1850 - 2022
Sykkylven
Les heile artikkelen

Ferda til kong Olav Digre gjennom Storfjorden

Av Martin Furseth Dei fleste på Sunnmøre har vel høyrt om ferda til kong Olav den heilage gjennom Storfjorden, på flukt frå fiendane sine. I tradisjonell norrøn sogestil har Snorre skildra ferda, om heltekongen og heilagmannen som måtte røme frå dei som hadde hærteke riket hans, om den strabasiøse reisa ut av landet og til frendane sine i Gardarike, og om undera og velgjerningane han gjorde på ferda.
1028
Storfjorden
Les heile artikkelen

Ferdsel på Storfjorden

Denne teksten byggjer i hovudsak på ein samtale Eystein Hjelme hadde med Ivar Holmen i februar 2019. Ivar fortel om dyrehald, ulukker, ishus, mjølketransport og fiske i Storfjorden i nærleiken av Stordalsholmen.
1930 - 1970
Stordal
Les heile artikkelen

Folk og færing

Av Oddvin Lundanes Dette er ein tale Oddvin Lundanes heldt i samband med vigsling av ny kyrkjebåt i Geiranger kyrkje, ein Stranda-færing, tro-kopi, utført av Lars Petter Knivsflå. Det heile fann stad i mars 2008.
1000 - 1930
Geiranger
Les heile artikkelen

Merkeår i samferdselsutviklinga på fjorden

Frå før vegar var og båtar dominerte, og fram til at vegane langs fjorden dominerer og gjer ferjene til bruerstatningar for bilane.
1787 - 1982
Storfjorden
Les heile artikkelen

Gamle og nyare kart over fjorden

Det er ikkje vanskeleg å finne avanserte og nyare kart også over Sunnmøre på nettet, men her er nokre døme på eldre kart.
Les heile artikkelen

Om føringsbåtar

av Kåre Nerhagen. Om førslebåtar eller «storbåten», som vi sa i daglegtale. Den mest vanlege type båtar i indre Storfjorden var nok færingen. Ein robåt med to par åra og to tofter, god til fiske og skysse folk og varer, og ikkje minst som kyrkjebåt. Men det kunne vere trong om noko større og stødigare båtar til frakting av til dømes storfe og hestar.
1850 - 1950
Fjøra
Les heile artikkelen

Reisandebåtane «Gerdt Meyer» og «Conrad Landgaard»

av Johan Weiberg Gulliksen Reisandebåtane si stordomstid var i 1920-30-åra. På Nordvestlandet, som elles langs kysten, var agentane sitt verste problem at det var så vanskeleg å komme seg frå stad til stad. Det var både avgrensa tilbod på offentlege kommunikasjonsmiddel og dårleg utbygde vegnett. Løysninga vart å bruke reisandebåtar. Nokre av grossistane skaffa eigen båt, men dei langt fleste leigde frå private reiarar i området.
1888 - 1940
Valldal
Les heile artikkelen

Ord og uttrykk knytt til båtbruk på Sunnmøre

Dei siste åttringane med det kjende råseglet vart brukte i Herøy på 1880-talet. Som så mange båtar før dei vart desse rigga om til «møringar». I 1911 skriv D. Liseth i ein artikkel i «Tidskrift for Sunnmør historiske lag» at det no er vanskeleg å finne ein åttring med den opphavelege sveipen.
1880 - 1880
Storfjorden
Les heile artikkelen

Båtbyggjartradisjonar

av Terje Linge Om båtbyggjartradsjonar i Norddal generelt og om Sti-Kristian færingen spesielt.
1850 - 1950
Norddal
Les heile artikkelen

Sunnmørsbåtane

Den kanskje fremste kjennaren av sunnmørsbåtane er nok båtbyggar Saxe Bjørkedal frå Bjørkedalen, som er utdanna skipabyggar og har bygd også moderne båtar på Ankerløkken Verft i Florø. Han har laga denne oppstillinga av dei ulike sunnmørsbåtane som er å finne på museet i Bjørkedalen.
1885
Geiranger
Les heile artikkelen

Sunnmørsjekta

Kjell Håvard Hatløy, styrar ved Herøy kystmuseum, gjorde for ein del år sidan eit interessant funn i eit naust på Håkonsholmen utanfor Ulsteinvik. Dte var restane av ei sunnmørsjekt, som vi har mangla kunnskap om, bortsett frå teikninga i "Søndmøres Beskrivelse" av Hans Strøm. Det var nok restar til at eksperten og båtbyggaren Saxe Bjørkedal kunne lage ein modell i målestokken 1:10. Arne Emil Christensen, i si tid leiar for vikingskipssamlinga på Bygdøy, har vore med på rekonstruksjonen, og Herøy Kystmuseum har stått bak bygginga av ei rekonstruert sunnmørsjekt som er lokalisert i Herøy.
1500 - 1900
Storfjorden
Les heile artikkelen

Snidbetna sunnmørsbåtar

Sunnmørsbåten var brei framme og smalna akterover. Denne forma fekk dei ved å setje inn fleire bordgangar i framskipet enn i akterskipet. To skråskorne bordgangar vart klinka saman med ein breiare rett framfor masta. Det gjorde båtane mjuke og føyelege i tung sjø, og godt eigna til å brukast på ei vêrhard kyststrekning.
1893 - 1900
Geiranger
Les heile artikkelen

Med lokalbåt i 1871

av Martin Furseth. I 1871 reiste forfattaren Magdalene Thoresen langs den norske vestlandskysten og ferda resulterte i boka Billeder fra Vestkysten av Norge. Ho skreiv boka i ein reportasjestil, ein ny sjanger som vart populær i Noreg. Frå boka hentar vi skildringa av ei båtferd på Storfjorden. Magdalena hadde reist med hesteskyss gjennom Norangsdalen, "det mærkeligste Dalføre paa Søndmør", og vidare gjennom Nibbedalen til "Hellesylt i Søndelvens Sogn, hvorfra Dampbaad fører videre til Aalesund, Søndre Søndmørs By og Centralpunktet for dens Kultur." Her tek vi med første delen av det avsnittet som ho kalla "Aalesund":
1840 - 1905
Hellesylt
Les heile artikkelen

D/S Gerdt Meyer

Har nok ytterlegare opplysningar om dampskipet "Gerdt Meyer" som seinare vart heitande D/S Magerholm? Kanskje eit bilete av skipet?
1910 - 1930
Valldal
Les heile artikkelen

Rutebåttrafikken på fjorden - fjordabåtane

Av Harald Kjølås Rutebåtane var frå 1857 av limet som batt fjordbygdene saman, og som også batt byen til bygdene. Før var det robåten dei tydde til.
1857 - 1979
Storfjorden
Les heile artikkelen

Humor på dampen

Frå inst i fjorden til byen tok det mange timar med dampen, og behovet for tidtrøyte var stort. Når fjordfolket sat i salongen på 2. klasse så var nok det viktigaste å frette nytt frå andre bygder, men også dei gode historiene kom gjerne fram, og dei gode forteljarane vart legendariske, reine popstjernene.
1880 - 1965
Valldal
Les heile artikkelen

Ferjekai - men kvar?

Kva for ei ferjekai er det vi ser på biletet nedanfor. Drar du kjensel på ferjekaia eller naturen rundt? Har du sett dette biletet før? Løysing: Kanestraumen på Nordmøre
1945 - 1960
Les heile artikkelen

Rutebåttrafikken på fjorden - ferjene

Fjordabåtane tok ikkje bilar og dei vart det stadig fleire av. I 1921 fekk så den første bilferga - "Bilfergen" - sjø under kjølen. Møre Fylkes Ruteselskap (MFR) vart stifta i 1920, men skiftet siden navn til Møre og Romsdal Fylkesbåtar (MRF) i 1949. Og no vart det mange ferjer. I perioden 1920-2001 åtte MRF 88 ferjer.
1920 - 1980
Storfjorden
Les heile artikkelen

Dei flytande hotella - ein del av Storfjordens soge gjennom halvtanna hundreår

av Bård Kolltveit Noreg som reisemål og cruisefart som ferieform har ei parallell soge. Unnateke krigs- og dei første etterkrigstidene har flytande hotell årvisst gjesta Geiranger og dei andre reisemåla i Storfjorden heilt sidan 1880-talet til i dag. Det byrja rett nok i 1875, der Nordkapp og midnatts sola var trekkplaster. Dette året arrangerte Cooks reisebyrå den første rundturen med betalande passasjerar langs Norskekysten, men Vestlandet stod ikkje på ruteplanen.
1860 - 2022
Geiranger
Les heile artikkelen

"Stella Polaris" i Hjørundfjorden

av Arne Nydal «Stella Polaris» seilte på cruise verden rundt og ble ikke bare Det Bergenske Dampskibsselskap mest berømte skip, men også et av de mest kjente cruiseskip i verden.[
1950 - 1960
Storfjorden
Les heile artikkelen

Cruisetrafikken skapte ei ny næring

av Helge Sørheim I 1996 sette Sunnmøre Museum opp utstillinga «Fra Kristiansund til Karibien. Norsk cruisefart gjennom 120 år.» Ansvarleg var Helge Sørheim. Han bygde på eit samarbeid med Bård Kolltveit og Norsk Sjøfartsmuseum. Utstillinga tok sjølvsagt for seg cruisetrafikken på Nordvestlandet. Sørheim har ordet:
1893 - 1922
Geiranger
Les heile artikkelen

Dei første turistane

Av Harald Kjølås I første bandet av bygdeboka ”Sunnylven og Geiranger” frå 1949 skriv P.A. Lillebø at det første engelske fartøyet kom til Geiranger i 1869, og at det vart buksert av ein liten dampbåt. Passasjerane gjekk i land og delte ut nokre religiøse skrifter. Akkurat slik har historia vore fortalt i Geiranger, og no veit vi at det var akkurat slik det skjedde.
1869 - 1869
Geiranger
Les heile artikkelen

Dei første turistane, hotella og cruiseskipa

Dei første turistane var i byrjinga nærast sett på med forakt av lokalbefolkninga. Dei gjorde ikkje noko nyttig anna enn å spasere rundt og snakke på eit språk bygdefolket ikkje forstod. Dei første turistane var elles ikkje først og fremst feriefolk, men meir oppdagarar og opptekne av naturen og av levevis og lokal kultur.
1850 - 1925
Geiranger
Les heile artikkelen

Kjendisar på fjorden

Av Harald Kjølås Kongar og keisarar har vore hyppige gjestar på fjordane på Indre Sunnmøre, og det at dei kom både med eigne skip og om bord i cruiseskip, gjorde at andre, meir vanlege turistar følgde etter.
1895 - 1993
Geiranger
Les heile artikkelen

Då cruiseskipet "The Viking" grunnstøytte

Av Harald Kjølås 17. juni 1910 kom det britiske cruiseskipet "The Viking" inn til Geiranger. Når det nærma seg Maråk slo vedkomande som hadde vakt i maskinrommet full fart forover i maskintelegrafen i staden for full fart akterover. Nokre meter frå land er det ein fatal feil, og det digre skipet rende med full fart inn i fjøra like sør for det som i dag er gamleskulen i Geiranger.
1910 - 1910
Geiranger
Les heile artikkelen

Legendariske cruiseskip

Nokre av cruiseskipa som gjesta Geiranger er blitt legendariske. Anten fordi dei kom her så mange gongar, fordi dei var særs vakre eller fordi dei var svært store eller svært berømte.
1894 - 2006
Geiranger
Les heile artikkelen

Cruisetrafikken la grunnlag for ei ny næring

Den sterke auken av cruiseskip på sunnmørsfjordane på slutten av 1800-talet og starten på 1900-talet gjorde at behovet for servicetiltak også på land auka dramatisk. Det handla ikkje berre om butikkar og servering, men kanskje aller mest om transport. Karjolar og hesteskyss var det vanlege frå først av, men utover på 1900-talet kom bilen for fullt, og seinare også bussen.
1899 - 1920
Geiranger
Les heile artikkelen

Jektekøylå

av Jon Dale Diktet er skriven av Jon Dale (1921-2004), oppvaksen i Dalsbygda i Norddal. Det står i boka "Årringar" som kom ut i 1991. Forfattaren tek oss med attende i tid, til då jektene var viktige for bygdene her inne.
1990 - 2000
Storfjorden
Les heile artikkelen

Jekter, jektebygging og jektehandel.

Av Eystein Hjelme Etter at Torbjørn Osvik, Ove Johan Hansen og Eystein Hjelme vart bedne om å skrive litt om jekter og jektebygging i indre Storfjorden, så viste dette seg fort å verte vanskeleg, sidan det meste er gått i gløymeboka. Trudde vi, men så viste det seg at utruleg mykje av både soger og ting var teke vare på rundt om i bygdene.
1600 - 1900
Storfjorden
Les heile artikkelen

Den tidligste jektefarten

I 1563 var det registrert 34 jekteeiere/jekteførere og noen av disse kom også fra Storfjordområdet.
1500 - 1700
Storfjorden
Les heile artikkelen

Fjorden var "allfarvegen"

Fjorden var viktigste "allfarvegen", og en eller flere båter fantes på alle garder. Langs fjøra stod naustradene tett i alle bygdelag langs Storfjorden. Båtfrakt av varer inn og ut fjorden må ha foregått så lenge det har bodd folk i fjordbygdene. Utenbygds varehandel foregikk med båter og jekter.
1560 - 1870
Storfjorden
Les heile artikkelen

Bondejekter til Trondheim

Sunnmørsjektene gikk enten til Trondheim (Trandem) eller til Bergen (Bjørgvin), og det skiftet fra bygd til bygd. Det hadde kanskje å gjøre med gamle innarbeidede kundeforhold å gjøre mellom jekteskippere/eiere og kjøpmenn i de to byene. De som hadde bondeprodukter dro gjerne til Trondheim, mens husflid, fisk og slike ting gikk til Bergen. Indre Sunnmøre reiste mest til Trondheim, mens ytre strøk reiste mest til Bergeen
1677
Storfjorden
Les heile artikkelen

1700-tallet

Knut Maaseide Det var en betydelig jektetrafikk på Storfjorden også på 1700-tallet, men det dabbet av på slutten av hundreåret, viser denne oversikten som Knut Maaseide har laget.
1700 - 1800
Storfjorden
Les heile artikkelen

Det dabbet av utover på 1800-tallet

Fra så godt som alle fjordbygdene var det jektetrafikk utover på 1800-tallet, og det ble også bygd jekter fram til 1840-årene. Men i løpet av 1800-tallet ble jektene utkonkurrert av jaktene som var sneseilere og kunne krysse mot vinden.
1800 - 1880
Storfjorden
Les heile artikkelen

Då jekta "Flora" forliste nokre meter frå land på Stranda

Kjølås-jekta "Flora" var bygd i Kjølås-vika på Stranda tidleg i 1840-åra. Ein jektekyndig bygningamann var innleigd til hjelpe dei fire eigarane til å bygge jekta, som vart ein av dei største i fjorden.
1854
Stranda
Les heile artikkelen

Reisa til Glomsetbygda for å kjøpe rundtømmer til stove

Frå Barndomsminne frå Hjørundfjord av Jon Mork Eg og Jakob bestemte at straks over nyttår skulle eg reisa til Glomsetbygda og kjøpe rundtømmer til stove. Me var no så mykje folk at det var ikkje forsvarleg med det husrom me hadde.
1920 - 1920
Storfjorden
Les heile artikkelen

Frå kaia i Tafjord 1932

av Turid Aspehjell Ein gong var det så mange båtar på brislingfiske i Tafjorden at det var mest ikkje råd å sjå rutebåten når han kom dampande mellom snurparane på veg mot kaia.
1927
Tafjord
Les heile artikkelen

Kyrkje- og naustmiljøet i Norddal

Bygdefolket langs fjorden var avhengig av to "hus" - naustet og kyrkja. To hus som gjerne var "naboar".
1780 - 2010
Norddal
Les heile artikkelen

Kyrkjeferd

av Harald Kjølås Fram til 1920 var kyrkjebakken offentleg kunngjeringsstad og møteplass for bygdefolket. Her er Osvik-folket på veg til kyrkja i Norddalen som dei høyrde til. Dei var ikkje lenger pålagt å møte til gudstenestene, men her traff dei vener og kjentfolk og praten gjekk livleg.
1840 - 1940
Tafjord
Les heile artikkelen

Høyfrakt og robåt

av Harald Kjølås Med robåten frakta dei høy frå eigen utmarksslått og frå markane til gardar som låg øyde. Med robåten frakta dei husdyr til og frå beite, og med robåt reiste dei til kyrkje, til handelsmann og grannar. Og med snøre og krok fiska dei frå robåten og sørga for matauke for folket langs fjorden.
1880 - 1920
Storfjorden
Les heile artikkelen

M/B "Tafjord" - på land og framleis på sjøen

Av Harald Kjølås Den 7. april 1934 vart motorbåten "Tafjord" kasta 60 meter opp på land av flodbølgja frå det store skredet frå Heggura. Men båten vart gjort i stand att, og brukt til transportoppdrag både av Tafjord Kraft og andre. På sine eldre dagar vart det sett i gang ein stor dugnadsinnsats for å berge båten og sikre framtidig drift. Det har gått bra, og no har Riksantikvaren sagt ja til at båten er verneverdig og kvalifisert til å få støtte til restaurering.
1934 - 2015
Tafjord
Les heile artikkelen

Fleire hus i farta

av Eystein Hjelme I "Nøysemd"-bøkene mine er det fortalt mange historier frå indre fjordstrøk, også om fleire hus som er blitt flytta på.
1904 - 1953
Valldal
Les heile artikkelen

Båtbord

av Eystein Hjelme Sunnmøringen såg seg nytte i det meste, og ein gammal båt som ikkje lenger var tett eller av andre grunnar var ubrukbar på sjøen, kunne nyttast som tømmer på land, skriv Eystein Hjelme i denne artikkelen om gjenbruk av båtbord, henta frå den første "nøysemd"-boka hans som kom ut i 2012 på Bjørlykke Forlag AS.
995
Storfjorden
Les heile artikkelen

Endå fleire hus i farta

av Harald Kjølås Huset på Lundanes vart også flytta, fortel Nils Roger Matvik. Det står i dag i Sykkylven.
1890 - 1952
Hellesylt
Les heile artikkelen

Tømmerfløyting på fjorden

Harald Kjølås På hausttinget i 1759 fortel amtmann Collin at folk fortalde at det på Sunnmøre for 100 år sidan, altså på midten av 1600-talet var prektige furuskogar. Det meste av desse skogane var no hogne ned. På 1500- og 1600-talet var Sunnmøre meir eller mindre tømt for furuskog.
1600 - 1700
Storfjorden
Les heile artikkelen

Mjølketransporten på fjorden

Av Harald Kjølås I dag blir mjølka henta på kvar gard i tankbilar med kjøling som køyrer til Sunnmøre Meieri i Ålesund. I gamle dagar var nettopp transporten av mjølka fram til meieriet den kritiske faktoren.
1870 - 1950
Storfjorden
Les heile artikkelen

Doktorbåten

Av Harald Kjølås I desse fjordane har dei kalla båten distriktslegen brukte for "doktorbåten" uansett kva namn båten har. Doktorbåten var ein kjend og kjær gjest, og både unge og gamle lærde seg å kjenne båten på lyden. Båten vart nytta både for å frakte distriktslegen på kontordag i dei ulike bygdene. Det var faste ruter, men det kunne også vere sjukdomstilfelle som kravde utrykking, og båten var einaste transportmiddelet når distrikslegen på Stranda eller i Valldal eller på Sjøholt skulle til andre bygder i legedistriktet sitt.
1890 - 1965
Stranda
Les heile artikkelen

Husflytting på fjorden

Av Harald Kjølås Når folk i tidlegare tider flytta så tok dei med seg husa sine, og langs fjorden skjedde flyttinga med båt. Både bustadhus og løer er flytta og gjenbrukte i andre bygder. Her var lite skog og tømmer var dyrt. Gjenbruk var billegare.
1700 - 1960
Storfjorden
Les heile artikkelen

Sakte fart med telegram

Av Harald Kjølås Før telefonen kom til dei inste fjordbygdene var robåten den einaste forma for kommunikasjon dei hadde. Sjølv når ein skulle sende telegram så tok det si tid.
1885 - 1950
Geiranger
Les heile artikkelen

Jonbåten

I daglegtalen vart M/B "Ytterdal" berre kalla Jonbåten etter eigaren Jon Ytterdal. I 28 år, fram til september 1959, gjekk M/B "Ytterdal" trufast mellom meieriet på Stranda og fjordbygdene i Norddal. Eigaren, Jon Ytterdal, hadde rekna ut at han årleg hadde frakta rundt 2,2 millionar liter mjølk til meieriet på Stranda. I tillegg til mjølk hadde han også med seg passasjerar.
1930 - 1966
Storfjorden
Les heile artikkelen

M/B "Luna" - Skyssbåt på fjorden

Frå tidleg i 1950-åra var M/B "Luna" doktorbåt for doktor Oddmund Torgersen på Stranda. Frå 1921 var båten den første mjølkebåten til og frå meieriet på Stranda, og heile tida var M/B "Luna" skyssbåt på fjorden. Det kunne bere fotballkampar, skirenn, og ikkje minst dansetilstellingar eller bryllaup då båten vart nytta til å transportere menneske. Mange langs fjorden har gode minne frå turar med M/B "Luna".
1920 - 1964
Storfjorden
Les heile artikkelen

Ei nyårsferd i Storfjorden i 1930-åra

Av Henrik Straumsheim Straumsheim som var ein omtykt lærar på Møre Folkehøgskule i Ørsta, diktar av Sykkylvssongen, og lyrikar på sin hals, skreiv i eit julenummer i Sunnmørsposten og ein nyttårsferd på Storfjorden i 1930-åra. Han gir eit bilde av at det å ta seg fram langs fjorden når ein blir for sein til rutebåtane ikkje er så enkelt. (trykt i eit julenummer i Sunnmørsposten)
1930 - 1939
Sykkylven
Les heile artikkelen

Også "Sveveren" var på fjorden

Av Harald Kjølås I desse tider er Storfjorden peika ut som testfjord for sjølvgåande skip utan både kaptein og mannskap, framtida er her. Det meinte dei også i 1965 då dei satsa på at luftputefartøy skulle bli framtida for rutetransport på Sunnmøre. Luftputebåten SRN-5 vart leigd inn, men lokalt vart han heitande berre "Svevaren", og på Stranda, der garden Sve ligg, vart han heitande berre "Sve-vêren".
1965 - 1965
Storfjorden
Les heile artikkelen

- Dei kalla oss "KIDS"

Minne frå ein skuletur i 1930 Av Ole Gjerde Tre av dei ungdommane frå Stranda som i 1930 var med på skuletur hentar her fram minna frå den gongen. Turen gjekk til Geiranger, Hellesylt, Øye og attende til Stranda. Dei hadde chartra "Luna" til turen. Så bli med på turen og del minna til Kjellaug Rusten, Kristine Røyr og Johan Hagebakk.
1930 - 1930
Hellesylt
Les heile artikkelen

Isbryter

Det var ei tid vinterane var kalde og fjordane fraus til. Både til sorg og glede. Isen var ein leikeplass og ein møteplass, men også ei hindring for båtane som skulle inn og ut av fjorden. Då laut isbrytarane trå til.
1955 - 1986
Sykkylven
Les heile artikkelen

Doktorskyss Ytterdal - Aalesund for 65 år sidan.

av Karl Rem Denne artikkelen stod i Sunnmørsposten i mars 1938. Det er tidlegare skulestyrar Ole Martinus Uri (1855-1947) som fortel Karl Rem om doktorskyss på fjorden i ei tid då dette var meir utfordrande enn det er no for tida.
1872 - 1838
Norddal
Les heile artikkelen