Sunnmørsjekt-Strøm.jpg
Dette er teikning av sunnmørsjekta slik Hans Strøm såg henne på 1700-talet. Lugaren bak er kalla vengen, og på begge sider var det to vengeglas. Korleis "Flora" såg ut, veit ingen i dag. Funn av jektebord på naustveggar kan tyde på at jektene i Storfjorden var litt annleis i forma enn jektene ute ved kysten, men sikkert er det ikkje.

Då jekta «Flora» forliste på Stranda

Jekta «Flora» vart bygd i Kjølås-vika på Stranda i 1848. Eigarane var Nils Ivarson Kjølås (Lars-Nils) 1808-1900, Ole Knutson Kjølås (Rasmus-Ole) 1807-1890, Ola Hansson Opsvik (Ivalars-Ola) 1796-1864 og Kristian Hansson Hagen (Klokkar-Kristian) 1793-1868. Dei to siste var brør. Desse eigarane leigde seg ein kyndig jektebyggar til å hjelpe seg, men det meste av arbeide gjorde dei sjølve. Denne jekta skal ha vore den største som gjekk i Storfjorden, og det var mykje arbeid med å samle inn salsvarer både på Stranda og i andre fjordbygder, som skulle seljast i Bergen eller Trondheim. I dei fleste tilfella betalte dei handpengar med det same, og resten av sluttsummen skulle dei få når dei kom heim att med «Flora». Når jekts skulle reise frå Sløgstad var det som ein festdag. Kjerringane kom i flokk og følgje og hadde med seg fat med søst og andre matvarer. Frå Stranda reiste dei nok mest til Bergen. Når dei snakka om byen, meinte dei Bergen. Trondheim kalla dei alltid Trandem. Den lengste jekteferda frå Stranda skal ha skjedd i slutten av 1860-åra. Når jekta kom til Bergen fann dei fort ut at marknaden var heilt daud, og det same skjedde når dei kom til Stavanger. Dei segla difor rundt Jæren og stoppa ikkje før dei kom til Kristiansand. Her fekk dei selt lasten sin og kunne snu heim att. Når jektefarta døydde bort, kom det av at kystrutefarta tok seg opp, og at kjøpmennene i Ålesund makta å halde større varelager og kunne selje til prisar som gjorde det ulønsamt å reise til Bergen eller Trondheim.

Den store jekta «Flora» fekk ei tragisk endelykt. Lokalhistorikaren Jørgen Gjerding har i heftet «Folkeminne frå Sunnmøre» gitt ei grundig skildring av det som skjedde. Året var 1854 og kyndelsmess (2. februar) var omme. Det var tida for å reise med jekta «Flora» til Trondheim. Jekta vart teken ut av opplag i jekteveita sør for Litleelva på Sløgstad, og vart lagt til rette festa med landtau. Det var ein laurdag og eit godt stykke ut på dagen den 25. februar. Det hadde blese kraftig, men det vart sterkare og sterkare utover kvelden. Sju av karane som skulle ta «Flora» til Trondheim, var om bord. Den yngste som skulle vere med, Ole Knutson Opsvik var sjuk og låg til sengs den dagen.

 Trass i at dei hadde anker ute, var dei redde for at lekta kunne slite seg og drive av. Dei kom til at dei uansett måtte prøve å kome seg på land, og drog skipsbåten fram med sida. Alle kom seg ned i båten, bortsett frå han Øy-Ole Andreas som var att om bord. Då kom ein brottsjø, fanglina slitna, skipsbåten vart full av vatn, og i sjøen ramla dei alle. Iva-Lars (Opsvik) som var liten og lett, skaut først opp att, og han som var att om bord, fekk tak i håret hans og drog han om bord i «Flora». Så var det eldstemann, han Ysthaug-Karl, Karl Knutson Framhusreite, sin tur. Han var komen bak jekta, og sat oppå den kvelva skipsbåten. Ole Andreas om bord i «Flora» held han i trøya ei god stund, og prøvde å få han inn gjennom det sundslegne vengglaset. Men Karl var både tjukkfallen og tjukk-kledd, og dertil så mødd og frosen av strevet, at det var uråd å få han inn gjennom glasholet. «So før du då i Guds namn sleppe meg», gjengir Gjerding det som vart sagt, og Karl sokk med det same.

Så var det Hans Olsen Habostad. Han hadde fått seg tak i det andre vengglaset, men hadde skore seg så forderva på hendene sine av glasbrota, at han vanskeleg kunne halde seg fast. Jekta la seg laglegare til no, og Ole Andreas om bord i «Flora» hjelpte Hans som sat på båtkvelven, slik at han kom seg inn gjennom glasholet og inn i vengen.

Dei tre andre i laget, Peder Opshauglid, Ole E. Opshaug og Ole Andreas Peterson Overvoll miste alle livet. Dei to første drukna, og Ole Andreas Overvoll låg rett nedunder hælen på jekta med knust skalle. Dei fann både han og dei tre andre dagen etter, då vinden hadde lagt seg og dei sokna på ulukkesstaden.

Sundagen var det tillyst preike i Stranda kyrkje, men det hadde snødd så mykje om natta at nesten ingen hadde kome seg til kyrkje, og preika vart avlyst, Men kunnskapen om ulukka ved Stranda-kaia spreidde seg raskt. Fire av ungdomane i bygda var borte. Den eine, Karl Knutson Framhusreite hadde kone og to born etter seg,

Laurdag 3. mars var det gravferd. Lika sto i kyrkja, og heile bygda møtte fram for å ta avskil. Presten Claus Ernst Lampe tala gripande til kyrkjelyden. Det vart laga ei brei felles grav til alle fire, nær den øvre kyrkjegardsporten. Gjerding skriv i heftet som kom ut i 1921 at gravstaden ikkje hadde vore stelt, og at det på det tidspunktet knapt var mogeleg å sjå spor etter gravstaden.

Dei attlevande måtte reise til Trondheim det året, men snart var det slutt med heile jektefarten. I 1869 var «Flora» stroken frå listene, og då ein av eigarane, Ole Knutson Kjølås, sette opp ny løe i Bernplassen på Hauane på Kjølås i 1868, vart vengveggen frå «Flora» brukt til trofjøler. Løa står i dag på Sunnmøre Museum.

Kjelder: Jørgen Gjerding: «Folkeninne frå Sunnmøre» 1921

              Gerhard Kjølås: «Stranda Bygdebok» del 2 «Liv og Lagnad» 1961

 

Harald Kjølås

Strand05.jpg
Nede til venstre ser ein eit hakk i fjøra. I den veita brukte jektene å ligge, også "Flora", og det var nokre få meter frå land at ulykka skjedde. Kai på Stranda kom ikkje før i 1894. Ingen av husa bortsett frå kyrkja og prestegarden var bygd i 1854.