Ingen resultat.

Regelverk for fritidsfiske

Siste samling i Foreininga sjøfart og sjøbruk i Storfjorden fann stad 16.11 og temaet var «Regelverket for sjøfiske i Storfjorden». Det var Sverre Haugen som presenterte dette emnet. Det heile foregikk på Sjøholt kulturhus.
2023 - 2023
Storfjorden
Les heile artikkelen

Lokal sild på Sunnmøre

av Lars Longva Eg ser at NRK Møre og Romsdal har eit oppslag som allereie i overskrifta fortel at forskarar meiner det ikkje finst lokale sildestammar på Sunnmøre - lenger sør og lenger nord, men ikkje akkurat her. Dette er grunngjeve med bakgrunn i siste nytt innanfor sildeforsking, og ein tankegang som går ut på at fjordane våre, meir enn andre fjordar, er ein del av havet utanfor.
2021 - 2024
Storfjorden
Les heile artikkelen

Fjorden som fiskeplass

For folket som budde ved Storfjorden var denne ei viktig attåtnæring. Fjorden hadde eit mangfall av fiskeslag som folket kunne forsyna seg av. Ikkje alle som budde på gardane ved fjorden i Skodje kommune hadde nok å leva av med dei inntektene gardane gav.
Les heile artikkelen

Stordalsvika - eit spiskammer

Stordal Sogelag gav i 2007 ut to hefte som omhandlar fiske i Stordal gjennom mange generasjonar. Publikasjonen har to delar, ein tekstdel og ein bilagsdel med detaljert skildring av fiskeplassane . Klikkar du på "Kart" oppe i høgre hjørnet av heimesida her og vidare på "Fiskeplassar- Stordal" vil du finne kvar fiskeplassane er. Teksten er henta frå sogelaget sin publikasjon.
Les heile artikkelen

Notlaga i Tafjord

Av Turid Aspehjell Tafjord har vore ein svært fiskerik fjord, og det har vore mange snurpenotlag. Kven som var med i dei ymse laga har naturleg nok endra seg opp gjennom åra. Nokre var med i fleire lag, og kor lenge dei var med, er uvisst.
1929 - 1950
Tafjord
Les heile artikkelen

Sildevise i Tafjord

formidla og kommentert av Turid Aspehjell Tidvis har det vore eit omfattande brislingfiske i Tafjord. Det er det "Sildevisa" handlar om. Etter visa kjem det her nokre forklarande kommentarar. Denne visa har vore framført på ungdomshuset i Tafjord, sist ein gong på 80 eller 90-talet av Sverre Roald.
1924
Tafjord
Les heile artikkelen

Min barndoms fjord

Av Per Arne Grebstad Nedsteenden av kaia på Aure var bygd av kraftige stolpar og plankar. Dei låg med ei opning på godt og vel ein tomme mellom kvar. Her låg vi småhynane på magen med fiskesnøra våre som vi hadde senka ned til murten, som er den minste seien, og det var rikeleg av han.
1945
Sykkylven
Les heile artikkelen

Lakseverpa i Aurebukta

Dette er innlegget Per Arne Grebstad heldt på ei samling på Stranda 15.november 2017. Grebstad fortel om lakseverpa i Sykkylven. Kvar dei låg og korleis dei fungerte. Han nyttar Hans Strøm og Sunnmøres Beskrivelse til å greie ut om lakseverp, laksenøter og laksegarn. Til slutt tek han turen innom Vikøyra og historia om korleis oppdrett av aure og laks tok til der i 50-åra.
1900 - 1960
Sykkylven
Les heile artikkelen

Geiranger Sildenotlag

"Protokoll for Geiranger Sildenotlag 1868" fortel oss om fisket i Geirangerfjorden frå 1860-åra og langt ut på 1900-tallet. Vi får høyre om kva slags fisk dei fekk opp, om båtar og nøter, og om rogalendingar som kom på vitjing i 1928. Til slutt også om korleis andre syslar tok over interessa til folk inne i fjorden og Sildenotlaget vert historie.
Les heile artikkelen

Stor-notlaget på Glomset

av Norunn H. Steinnes Silda har vore eit fiskeslag som har vore ettertrakta på våre kanter. Hans Strøm skreiv i sin beskrivelse om «Fogderiet Søndmøre» frå 1764 om silda: «Sild er en bekiendt fisk som årlig falder her i ubesrivelige mengder, og haver hidinntil indbragt landet anseelige fordeler.»-- Han nemner og sildenota.
Les heile artikkelen

Fiskeplassar i Stordalsvika og Storfjorden utanfor

Oppe til høgre på heimesida finn du Artiklar, Bilete, Kart og Om oss. Om du går inn på "Kart" finn du mellom anna fiskeplassane i Stordal. Klikkar du på symbola på kartet skal du etter kvart få opplysningar knytt til fiskeplassen. Teksten i artikkelen (litt redigert) er henta frå Stordal Sogelag sitt "Temahefte nr. 14 frå 2007.
Les heile artikkelen

Oppdrett av ørret/laks i Storfjorden – det første forsøk i Fjørå i 1967

Ein kort historikk om eit kortvarig eksperiment. Av Kåre Nerhagen Eg har fått oppmoding til å skrive litt om det første vesle forsøket som eg kjenner til, om kunstig oppdrett av ørret i sjøen i vårt område.
1967 - 1979
Fjøra
Les heile artikkelen

Laksen - den glade vandrar

Av Per Arne Grebstad Å tøffe innover Storfjorden ein vårdag i ein båt med Voldamotor må vere ei oppleving. Geitsimbra overtek skogbotn etter kvart som snøen smeltar. Ivar Aasen brukar ordet symra, og det liknar på sumar, dei moderne menneska seier kvitveis.
Les heile artikkelen

Forteljinga om storkveita og den oppattpussa båten

Av Harald Lied Dette er forteljinga om ein noko uvanleg fisketur for Lars Olsson Lied og historia om Uksvikbåten som vart pussa opp og vart som ny. Artikkelen stod først i Bygdeminne, sogeskrift for Stranda Sogelag.
1846 - 2018
Stranda
Les heile artikkelen