Forteljinga om storkveita kjem frå Øvstegarden på Lied, der far min var fødd. Der var vi med jamne mellomrom på vitjing hos slekta, besteforeldre, onkel og tanter. Under desse vitjingane vart forteljinga om storkveita sikkert fortalt fleire gongar for oss smågutane. Forteljinga må utan tvil ha gripe oss og festa seg i minna våre, for både bror min og eg hugsar denne forteljinga svært godt. Ho må ha vore spennande å høyre på. Etter kvart har forteljinga også vorte skriven ned.

Forteljinga om storkveita 01.jpg

Erling Helsem og to gutar på rotur med den oppattpussa båten. (Foto: Svein Lunde)

Hovudpersonen i denne forteljinga var oldefar min, Lars Olsson Lied, fødd 1846. Han var veldig glad i å fiske og for på sjøen for å fiske året rundt. Dette var sikkert ein kjærkomen matauk heime i Øvstegarden. Ein dag måtte han til Sløgstad for å utføre nokre ærend. Den einaste måten å kome seg over fjorden på for han var å bruke robåten. Før han rodde over fjorden, ville han sette ut eit staurvad. Eit staurvad er ei line der krokane er mykje større enn på vanlege liner, men færre. Staurvadet kunne ha 15- 20 krokar. Etter at han hadde sett båten på sjøen, ville han fiske seg nokre småseiar og bruke dei som agn på staurvadet. Oldefar var ein dyktig og lur fiskar. Han hadde ein metode for å lokke fisken til seg. I strandkanten samla han seg blåskjel, knuste dei og kasta dei utover på sjøen der han gjerne visste at fisken stod. På denne måten lokka han fisken til seg. Han flødde fisken og fiska deretter i fluda, vart det sagt. Ivar Aasen må ha kjent til denne fangstmetoden. I ordboka hans kan ein finne ord som fortel om denne fangstmetoden. Om denne metoden bruker han verbet å fly. Sub­stantivet eit fly tyder lokkemat, ifølgje Ivar Aasen. Oldemor hadde langt hår, og oldefar fann hår etter henne både her og der. Han samla på hårstråa og laga kanskje eit lite nøste av dei. Desse hårstråa brukte han til å surre fast agnet til angelen med når han skulle fiske.

Då han hadde fiska seg nok småsei til agn, egna han staurvadet og rodde ut til Flatneset. Derifrå ville han setje ut staurvadet. Men han ville ikkje knyte landskotet fast på land, for tenk om det kom så mykje fisk på staurvadet at fisken sleit av landskotet! Han hadde med seg ein flytereiskap som vart kalla dubbel. Det var ei kjegleforma bøye laga av tre.

 

Dubbel

Landskotet vart knytt fast i undersida til dubbelet og dubbelet lagt ut på den slette og flate bergformasjonen Flatneset. Så sette han ut staurvadet. Då det var gjort, rodde han til Sløgstad. Utpå ettermiddagen rodde han over fjorden att. Men då han kom til Flatneset, var dubbelet vekk. Dei første tankane som gjekk gjennom hovudet hans, var at her måtte nokon ha vore ute med fantefere. Etter å ha summa seg oppdaga han dubbelet som ein liten prikk langt borte på fjorden. Han skjøna fort kva som var årsaka og rodde spent ut til dubbelet og byrja å drage. Oldefar kjende etter kvart at det var ein stor fisk på staurvadet. Som den røynde fiskaren han var, passa han på at landskotet vart lagt ryddig i båten. Krokane hengde han på utsida av ripa på båten slik at dei kunne rase ut att om han måtte sleppe lina. Då fisken kom opp under båten, såg han at det var ei svært stor kveite. Han tok kleppen sin, hogg tak i kveita, men ho bråsnudde og for nedover. Oldefar hadde berre eitt å gjere, la krokane og lina fare ut att. Til slutt kasta han dubbelet på sjøen att. Han innsåg at han måtte ha hjelp. Derfor rodde han inn att i Liastøa, gjekk opp til garden Brauta og fekk med seg Brauta-Hans til å hjelpe seg. Dei tok med seg ekstra kleppar og rodde ut att på fjorden til dubbelet.

 

Forteljinga om storkveita 02.jpg

Ein dubbel er eit flytereiskap av tre. Merk nygla oppe ved skaftet. Det hende at dubbeletikkje var tett og måtte tømast gjennom nygleholet. (Foto: Svein Lunde)


Kleppar

Då dei byrja å drage, kjende dei at fisken framleis var på lina og drog han oppunder båten. Samtidig hogg dei kleppane i kveita og greidde å hale den store fisken om bord i båten. Kveita vart truleg lagt mellom den fremste og den bakerste tofta. Plutseleg sette ho i gang å slå kraftig med hovud og spor. Brauta-Hans vart gripen av angst og la seg på magen oppå kveita, for han frykta kveita skulle øydeleggje båten. Brauta-Hans var liten av vokster. Av krampetrekningane til kveita vart han kasta hovudstups framover i båten. Historia enda godt, og båten tolde påkjenninga. Hest og slede vart henta for å få fangsten til gards. Det vart sagt at sporen til kveita vart dratt etter vegen på turen opp til Øvstegarden. Vi vart fortalde at kveita vog 9 våger à 18 kg, til saman 162 kg. Ei våg er ei gammal vekteining, som vart nytta på den tida. Korleis dei greidde å vege denne store fisken, vart ikkje nemnt av forteljarane. Kan det tenkjast at kveita vart delt opp i mindre stykke som dei vog, og at vekta av kvart stykke vart lagt saman? Øvste­gardsfolket hadde visseleg glede av å dele med naboane av denne store fangsten.

 

Forteljinga om storkveita 03.jpg

Oldefar og Brauta-Hans brukte kvar sin klepp då dei hala kveita om bord i båten. (Foto: Svein Lunde)


Den oppattpussa båten

Eg hadde ei ahaoppleving av høg kvalitet då det det gjekk opp for meg at robåten som stod i løa i Jogarden var same båten som oldefar brukte då han fiska den store kveita. I ei bok som fortel om historia til folket i Øvste­garden, har denne båten også fått eit avsnitt. Båten var bygd i Uksvika og vart kjøpt inn til Øvstegarden om lag 1880. På denne tida vart det bygd eit stort antal robåtar i Uksvika. Oldefar Lars var ein ivrig brukar av denne båten. Etter om lag 1950 står det nemnt at båten ikkje vart så mykje brukt. I den ovannemnde notisen står det forresten at båten var kverv. Det tyder at båten på eit vis var skeiv i kjølen. Derfor kunne rokaren merke at båten ville svinge til eine sida. Båten vart etter 1950 ståande meir eller mindre ubrukt i 

Forteljinga om storkveita 04.jpg

Den oppattpussa båten. (Foto: Svein Lunde)


Øvstegardsnaustet. Under nyttårsorkanen i 1992 vart Øvste­gards­naustet så mykje ramponert at båten ikkje kunne plasserast i naustet lenger. Derfor vart han transportert opp i løa i Øvstegarden og plassert på øvstelåven. I 2005 vart det halde skifte i Øvstegarden. Erling Helsem greidde etter kvart å kjøpe denne båten og plasserte han i løa i Jogarden. Ein erfaren snikkar, Lars Petter Knivsflå, fekk høyre om denne båten og hadde lyst til å pusse han oppatt. Erling og Lars Petter sette i gong med dette arbeidet vinteren og våren 2018. Dei brukte eit stort antal arbeidstimar på oppattpussinga. Dei hadde også vitjing av to menn frå Sunnmøre Museum og fekk gode råd av dei. Erling og Lars Petter snikra nye tiljer og tofter. Naglar som dei såg var defekte, vart skifta ut med nye. Dette arbeidet var svært viktig for å få båten tett. Den siste oppgåva gjekk ut på å skrape av gammal tjøre. Etter at dette var utført på beste måte, kunne båten smørjast inn på nytt med tjøre. Det tok overraskande lang tid for tjøren å tørke. Men då han omsider var tørr, stod båten der speglande blank og var eit vakkert syn. Så kom dagen at båten skulle sjøsetjast. Spenninga var stor om mykje vatn kom inn i båten. Gleda var merkbar då dei to karane som pussa oppatt båten, såg at han tok inn temmeleg lite vatn. Dette må sjåast som eit prov på at Erling og Lars Petter hadde utført eit godt arbeid med oppattpussinga. Båten står no i Jonaustet i Hel­sem­vika. Fotograf Svein Lunde vart invitert for å ta bilde av båten både på land og på fjorden.


Forteljinga om storkveita 05.jpg

To av etterkomarane etter kveitefiskaren, Erling Helsem og Harald Lied, er i ferd med å få båten på sjøen. (Foto: Svein Lunde)