Ingen resultat.

Strandafæringen

Båtkyndige folk som Per Weddegjerde, Lars Longva, Jon Godal, Geir Ola Vatne og Håvard Hatløy reiste til garden Opsvik i Stranda kommune for å studere båtbyggingstradisjonane der. . Lars hadde lagt ned grunnarbeidet og etterrøkt gardar og folk som det har vore båtbygging på. På Opsvik møtte dei Arne Opsvik, sonesonen til båtbyggar Ole A. Larsen Opsvik, den siste båtbyggaren på garden. På Stranda hadde den omfattande båtbyggartradisjonen nærast gått i gjøymeboka etter industrialiseringa i starten på 1900-talet.
Les heile artikkelen

Den fremste båtbyggaren i fjorden

Skipsbyggmester Nils A. LIaaen (1820-1872) er nok den fremste båtbyggaren og den som tok båtbyggarfaget lengst av alle som har vokse opp langs fjordane på Indre Sunnmøre. Han var fødd i ei lita stove nedanfor Ljøfossen nokre hundre meter nord for båtstøa på Nedre Ljøen. I år 1800 fekk faren hans, Anders Knutson bygsle nokre hustufter og ein hageflekk her i år 1800, og 20 år seinare vart Nils fødd. Han vart kalla Fosse-Nils av fjordfolket, og heile slekta hans kom frå fjord- og fjellgardane.
Les heile artikkelen

Båtbyggjarbygda Stranda

Dei færraste som lever i dag vil tenkje på Stranda som ei bygd med ein lang båtbyggiartradisjon, men faktum er at på l800-talet var Stranda ei like viktig båtbyggjarbygd som Bjørkedalen. I det hundreåret vart det frå båtbyggjarane på Stranda bygd ein stad mellom 500 og 1000 færingar.
Les heile artikkelen

Båten Tafjord

MB «Tafjord» ble bygd på Vestnes i Romsdal av Einar Helland i 1927. Motorbåtlaget Tafjord fikk fartøyet bygd for å drive rutetrafikk i Tafjord, en fjordarm i Storfjorden.
Les heile artikkelen

Det siste fartøibygg i Valldal

Med utgangspunkt i bygginga av Myreåtringen fortel Carl Hoel om korleis dei gjekk fram, og kva slags verktøy dei brukte når dei bygde båt i Valldal. Han fortel også om korleis dei fekk sjøsett båtane sjølv om dei var bygde milevidt frå fjorden. Dessutan nokre ord om det vesentlege i å ta vare på minna om eldre tider.
Les heile artikkelen