Ingen resultat.

Fjørå 1924

Her treng vi fleire opplysningar. Skriv dei ned og send dei på mail.
Les heile artikkelen

Borgarsete i Norddal

av Bjørn Jonson Dale På Dalebø og Rellingen i Dalsbygda og i Ytredal, eller Ytre Dale, som namnet var i samtida, blei det dreve borgarnæring gjennom tidene. Berre i Ytre Dale var det tale om etter måten lange og samanhengande tradisjonar.
1600 - 1830
Norddal
Les heile artikkelen

Julehandel i Dalsbygda

Av Johannes Osvik Det er rart når ein ser attende, korleis ein synest alt var så mykje meir enkelt før enn no. Ein kan ta dette med julebord til dømes: Eg høyrde aldri ordet nemnt eingong i mi oppvekst-tid. Nei, ein måtte nok litt uti desember, før jula for alvor var på tale. Og det som eg her fortel, knyter seg til ei viss hending som nær sagt var ein tradisjon for Osvik- og Kastefolket. Eg tenkjer då på den årlege turen til Dalsbygda, til dei to handelsmennene der, han Buda-Ole og han Buda-Jakob, for å selje skinn og somme tider smør og ost.
Les heile artikkelen

Ljåslått

Av Johannes Osvik Skal slåttekaren duge må både ljå, orv og bryne være gode. Men ein Honndalsljå og heimelaga orv var ein godt rusta. Natursteinbrynene fekk etter kvart konkurranse med dei nye smergelbryna, men same kva du sverga til, å slå var ein kunst som måtte lærast og øvast på.
1900 - 1950
Fjøra
Les heile artikkelen

Fagert folk mellom fjord og fjell. Soga om dei inste bygdene på Sunnmøre. Første del.

Dette skreiv eg for nokre år sidan, på oppdrag for Verdsarvsorganisasjonen. No finn eg det ikkje på nettet lenger og føler meg derfor fri til å publisere det her.
1000 - 1850
Storfjorden
Les heile artikkelen

Fagert folk mellom fjord og fjell. Soga om dei inste bygdene på Sunnmøre. Andre del.

Av Bjørn Jonson Dale Turisteventyret: «Evig eies kun det tapte» Enno kring 1850 levde folket i dei inste fjordbygdene på Sunnmøre, Sunnylven, Geiranger og Norddal, i eit nær reint bondesamfunn. Folkemengda var vel 3200, og større hadde ho ikkje vore på fem hundre år, sidan 1340-åra.
1850 - 2020
Storfjorden
Les heile artikkelen

Fra en reise på Sunnmøre i januar 1888

av Th. S. Haukenæs I januar 1888 drog folkeminnesamlaren Thrond Sjursen Haukenæs frå Bergen til Sunnmøre med dampskipet «Framnes». Opplevingar og historier frå den turen festa han på papir i «Reiseskildringer frå Norges natur og folkeliv. I» som kom ut i 1890. Her er nokre utdrag frå skildringane av to Storfjord-bygder.
1880 - 1890
Geiranger
Les heile artikkelen

Furstrandgardane, våre grannar i sør

Av Norunn Heggebakk Steinnes Mellom Glomsetbygda/ Valdegrenda og Furstrandgardane ligg Storfjorden. Storfjorden var i min oppvekst ei inntektskjelde og matauke for gardane langs fjorden også i området der eg vaks opp. Det vart rekna med seks gardar i Furstrandbygda, Rønes, Furstrand (også kalla Jogarden), Bjørnevik, Oppsal, Sandvik og Kyrkjesteinen. Tre av desse vart seinare delte og Kyrkjesteinen vart tidleg fraflytta.
1700 - 2019
Glomset
Les heile artikkelen

Kyrkjebuene på Sunnmøre

av Harald Kjølås I fjordbygdene der kyrkja stod kom det oftast også kyrkjebuer. Der kunne dei som kom farandes langvegs frå, med båt eller hest, setje frå seg det dei hadde med seg eller skulle ha med heim. Og her vart kvardagsklede bytta ut med søndagsklede.
1700 - 1960
Storfjorden
Les heile artikkelen

"Fake news" også før i tida

President Donald Trump er så oppteken av det han kallar "fake news", falske nyheiter. I avisene har det vore mykje slikt opp gjennom historia, direkte feil og overdrivingar. Her har vi eit døme henta frå danske "Politikken", gjengitt i "Søndmørsposten", nærast til skrekk og advarsel.
Les heile artikkelen

Fjorden og folket i fjordbygdene i eldre tid

I nokre artiklar tar historikaren Bjørn Jonson Dale oss med til dei indre fjordstrok og den historiske utviklinga der fram til 1800-talet.
Les heile artikkelen

Historier frå Storfjorden

fortalt av Eva Øye Ein tidlegare nabo av meg, Eva Øye, fortel historier frå Knivsflå. Farmor til Eva var fødd på Knivsflå 12 mai 1886. Foreldra var Inger Marta og Ingebrikt. Oline Marta, som Eva si farmor heitte, vart gift med Ole Petter Larsen Langhaug i Spjelkavik. Dei fekk fire born, ei jente og tre gutar, og Eva var eit av barnebarna. Far til Eva bygde hus på garden Langhaug ved Lillevatnet i Spjelkavik
1880 - 1950
Geiranger
Les heile artikkelen

Ein grepa kar - ein trugen tenar

av Solveig Ytterli. Tore Olai Ytterlid (1894 - 1960) Frakteskuta hans Tore heitte «Stanley», og var den finaste av alle båtane. «Stanley» vart vel passa på , han vart skrapa og olja kvart år, og rekka, rorhuset og kahytta nymåla. Kven kjende ikkje «Stanley» når han kom til syne rundt neset, med småbåten diltande etter i kjølvatnet?
1894 - 1960
Storfjorden
Les heile artikkelen

"Skredet kommer - Jaget fra hjem og livsverk"

av Martin Furseth Denne overskrifta stod på første sida av Stavanger Aftenblad den 9. april 1900 og innleidde ein artikkel med eit intervju av Andreas Karlsen, den nest siste brukaren av fjellgarden Horvadrag ved Geirangerfjorden. Det meste av intervjuet er teke med nedanfor. Teksten er referert utan endring, med unntak av at dobbeltvokalen "aa" er bytt ut med "å".
1840 - 1910
Geiranger
Les heile artikkelen

Ein rotur og eit huskjøp med komplikasjonar

av Martin Furseth Martin Lyshol ville kjøpe seg eit hus. Men Martin var på Stranda og huset i Sykkylven, og ikkje var det så liketil å få ordna kjøpet heller. Historia om korleis Martin fekk tak i huset trass alle vanskar, kjem her.
1911 - 1972
Sykkylven
Les heile artikkelen

Balladen om buda . . .

av Alv Dale I "Julehandel i Dalsbygda" fortel Johannes Osvik om julehandel på budene i Dalsbygda. Her er Alv Dale sin forvitnelige skildring av buda, Buda-Ole og Buda-Berthe.
Norddal
Les heile artikkelen

Jakteskipper Karl Johan Viken

Av Ole P. Seboskar Forteljinga om Karl Johan Viken (1846-1920) skreiv Ole P. Selboskar til ein julefest i 1962. Vi møter Karl Johan og famlien hans og korleis dei levde og kva dei levde av.
1850 - 1920
Fjøra
Les heile artikkelen

Sander Korsnes

av Turid Aspehjell Sander Korsnes (1922 - 2009) fortel ymse hendingar frå livet på Korsneset. Dei hadde fjorden som ferdsleveg, og dei nytta han på mange vis, både i leik og alvor. Dei var nøydd til å ha båt på ein slik gard, - ikkje berre ein, men to. Når dei skulle reparere eller tjørebre ein, måtte dei ha ein å bruke. Dei hadde to båtar. Bestefaren hadde ein Sti-Kristianbåt og faren hadde ein ranaværing. Når det var råd, brukte dei segl.
1830 - 1930
Fjøra
Les heile artikkelen

Smoge-Ivar

På forsommaren i 1969 tenkte Ivar Smoge seg til å reise inn til Vonheim, garden sin i bratte fjellsida på Smoge ytst i Sunnylvsfjorden. Ivar ringde til den gamle venen sin, redaktør Magne Flem i Sunnmørsposten. Han kom med reportasjebåten Svint og frakta Ivar frå Stordal og inn til kaia på Ytste Smoge.
1910 - 1970
Storfjorden
Les heile artikkelen

Jakob og Inste-Åkerneset

av Harald Kjølås Busetninga på Inste-Åkerneset går langt attende. Dei store murane fortel om folk som ikkje såg seg redd for slit og hardt arbeid for å sikre seg og familien eit utkomme. Tett på naturen hausta dei der dei kunne og levde med både dei gåvene og farene som fjella og fjorden gav.
1900 - 1940
Storfjorden
Les heile artikkelen

Ordførardynastiet i Norddal

Nils Eliasson Grønningsæter (1845-1933) er nok den fremste representanten for "ordførardynastiet" i Norddal. "Nils på dampa" kalla dei han i Norddal, for så mykje reiste han med dampbåten inn og ut fjorden, at "på dampa" var tryggaste staden å treffe på han. Full av historier var han, og glad i å fortelje, så det sat alltid mykje folk rundt han. I denne artikkelen gir Gudmund Relling eit innsyn i heile ordførarslekta Grønningsæter som gjorde seg gjeldande både i fylket, i kommunen og på Stortinget.
1845 - 1933
Norddal
Les heile artikkelen

Magne Flem

Redaktør Magne Flem i Sunnmørsposten bestemte seg tidleg at han skulle opp på alle fjelltoppane i avisa sitt nedslagsfelt. Det vil seie Sunnmøre og delar av Romsdal og Nordfjord. Det målet nådde han før han vart gammal.
Les heile artikkelen

Sakarias Ansok - fjordfolkets sogeskrivar

Heilt frå barndomen likte han å skrive. I sin tidlege ungdom skreiv han små forteljingar som han fekk inn i ymse blad. I ”Nynorsk Vekeblad” fekk han inn ei novelle som han fekk 25 kroner i honorar for, og i 1928, same året han gifte seg, gav han ut den vesle boka ”Skogsetgrenda”
Les heile artikkelen

Spekulanten

Ved Storfjorden vart han fødd, ved Storfjorden levde han sitt liv og ved Storfjorden enda hans dagar.
Les heile artikkelen

Sølfest Syltevik - Uteliggar og filosof

Større original har ikkje Geirangerfjorden fostra enn Sølfest Syltevik (1865-1938). Knut Frøysa er den som har gjort Syltevik-Sølfest kjend utanfor den fjorden han var så glad i, og Frøysa kallar han både uteliggar og filosof. Det kan vel leggast til at han var religiøs og las mykje i Bibelen, men som Jesus så var han ingen avhaldsmann.
Les heile artikkelen

Doktor Torgersen

I 1924 kom ein relativt nyutdanna lege frå Vestfold til Stranda, og han vart nærast ein legende for fjordfolket. Oddmund Torgersen heitte han, og ein livslang innsats for folket i både Stordal, Stranda og Sunnylven kommunar la han bak seg, og han kvidde seg ikkje for å rykke ut sjølv til vanskeleg tilgjengelege fjord- og fjellgardar.
Les heile artikkelen

Fjordbonden

Færing, småljå og langorv var viktige arbeidsreiskapar for bøndene langs fjorden. Båten var til å forflytte seg med langs strendene, der kvart grasstrå var viktig for å sikre vinterfôret, og med småljåen slo dei langt til fjells. Ole Gabriel Homlong kan stå som eit døme på desse slitarane.
Les heile artikkelen

Slitar, bonde og fiskar

Han sleit og bygde opp ein gard ytst på Furstranda, og han var ein av dei store fiskarane i fjorden, fisk av alle slag, men mest laks.
Les heile artikkelen

Dreiv handel i naustet

Stokke-Nils frå Oaldsbygda starta tidleg med handel i Stokke-naustet. Naustet var ope og folk kunne kome og hente seg varer på ukurante tider mot at dei la pengar i kassa. Det var aldri manko. Seinare dreiv han handel på Hellesylt.
Les heile artikkelen

Uredd kraftkar

Ole Knivsflå (1885-1970) i Geiranger vart nærast ei legende i levande live, og vart av turistane nærast oppfatta som ein attraksjon i seg sjølv i Geiranger. Han skaut to jervar i eitt skot, og han var notbas fordi han kunne rope høgast. Når noko tungt skulle lyftast eller ei geit sto i skôrfeste, var han mannen dei tydde til.
Les heile artikkelen

Anna Groven

Stilt fôr ho gjennom livet, ville ha minst mogeleg snakk om slitet, men det går gjetord om det i Liabygda den dag i dag. Anna gifte seg i 1900 med Iver Martinus Groven og flytte ned til den veglause fjordgarden på Gravaneset. 15 år fekk dei saman før han døydde, og Anna sat att åleine med to born, Petter på 13 og Anna Marie på 10. Ho måtte ta fjøsstellet åleine, og ho måtte gå til setra etter at ho hadde gitt borna kveldsmat. Turen tok to timar, og så var det mjølking kveld og morgon før ho i gryotta måtte bere mjølka ned att til Grova.
Les heile artikkelen

Anna Matvik

Anna Matvik kom frå Ytste Åkernes og var vel vand med livsvilkåra på fjordgardane då ho tok seg teneste i Matvika. I jula i 1947 skulle ho forlove seg med eldste sonen Peder, men innunder jul omkom Peder i vedaskogen då ein fallande stein tok livet av han. I staden vart det eit par av Anna og Peder sin yngre bror, Rasmus som også tok over garden. Matvik var lenge den største geitegarden i fjorden, men Rasmus ville legge om til sauehald. Tre born fekk dei, og då mjølkebåten slutta å gå, flytte huslyden inn til Hellesylt. Anna ville ikkje at borna skulle bo heimafrå i skuletida.
Les heile artikkelen

Harald Kjølås

Harald Kjølås, den mangeårige sjefredaktøren i Sunnmørsposten, var ein kar med stort kontaktnett og stor arbeidskapasitet. Støtt hadde han noko på programmet. Og traff du han på gata, var det nesten alltid slik at enten var han på veg til eitkvart, eller så skulle han av stad å møte nokon.
1942 - 2017
Les heile artikkelen