Besta, som Eva  kalla farmora, betydde mykje for Eva i oppveksten.  Ho hadde alltid tid til barnebarna og fortalde om barndommen  på Knivsflå.  Eva syntest desse stundene var svært kjekke og dei brende seg fast i minne.

Eldste broren til Oline Marta fekk tilnamnet «Storekniven», og det var godt at han var ein sterk kar då faren døydde 45 år gamal.   Familien til «besta» måtte flytte frå garden i 1899 etter vedtak i heradsstyret.  Besta fortalde:  « Den dagen vi flytta, og far låste døra på Knivsflå, då gret mor.  Det var ikkje ofte vi såg henne gret».

Besta  sin familie fekk husrom i Oaldsbygda og budde der eit år.  Så flytta dei til Maråk i Geiranger og eit halvt år seinare til Gjørva og der budde dei i tre år.  Ein kan her sjå føre seg korleis  Fjorden var transportvegen mellom desse gardane og flytting.

 

OMK Oline Mart Knivsflå 2.jpg

Oline Marta var søster til Ole Knivsflå som fekk kallenamnet "Storekniven".

Familien fekk så bygselbrev på hustomt  ved Elvasteinane i Geiranger, og hit flytta dei stovehuset på Knivsflå. Etter at dei flytta frå Knivsflå hadde dei dyra på beite der og dei slo graset der for å ha nok for til dyra. Ser ein på det slitet det måtte vera å først slå og tørke graset på Knivsflå, så bera det ned til fjorden og videre få det om bord i båten og ro det til Geiranger, forstår ein at dei ikkje kunne vera «omaklause», men nauda tvinga  seg vel fram.

 

SKULEGANG.

Eva fortel at  «besta»  gjekk på omgangsskule  på Grande som ligg ved sjøen mellom  Knivsflå og  Geiranger.  Ein omreisande lærar fekk halde til på ein gard der han heldt skule annakvar veke.  Då besta kom i skulealder, vart ho rodd av faren inn til Grande på søndagskvelden og der fekk ho bu hos ein familie for ei veke i gongen. Mat hadde ho med seg frå  Knivsflå. Det var flatbrød, rømmekolle, ost, smør, tørka kjøt og fisk.  Då faren hadde bore maten i hus, rodde han tilbake til Knivsflå og jenta sprang etter han og gret i smug.  Ho ville gjerne vera med tilbake.  Gleda var stor når faren henta henne laurdagen og så var  det ei heil veke til neste skulegang.

OMK Oline Marta Knivsflå 1.jpg

Oline Marta Knivsflå var gift med Ole Petter Larsen Langhaug.

NESTENULUKKE.

Ein gong skulle Ingebrikt og sonen Ole til Geiranger til dyrlegen med ei ku. Med ei ku om bord i båten var dette nesten ein heil dags arbeid. Alt gjekk fint heilt til dei nesten var heime ved  Knivsflålandet.  Kanskje kjende  kua seg att, eller ho lengta etter det saftige graset.  Kua hoppa over bord, båten kvelva og far og son hamna i sjøen. Ingen av karane kunne symja, for det hadde ikkje vore symjeopplæring på  Knivsflå,  men Ole, så sterk som han var, kom seg opp på den kvelva båten.  Ingebrikt var for langt unna, men han greidde å få tak i halen på kua som sumde fint.  Han kara seg opp på ryggen til kua. Kua sumde inn til land med Ingebrikt på ryggen og såleis og vart han berga.  Ole kom seg trygt til land på båtkvelven. Utfordringane var mange for dei som budde på fjellgardane og var avhengige av fjorden. 

o o o o o o o

OMK Eva Øye.jpg

Forteljaren Eva Øye utanfor  huset på Glomseti september 2021. Eva er barnebarnet til Oline Marta. Foto: Inge Øye

11.11.2021