Storfjorden, Sunnylvsfjorden, Geirangerfjorden, Norddalsfjorden og Tafjorden utgjer det unike fjordsystemet på Indre Sunnmøre, og «indrefileten» i dette fjordsystemet har til og med fått verdsarvstatus. Verneorganisasjonen Storfjordens Venner har gjort ein prisverdig innsats når det gjeld å ta vare på dei fysiske minna etter livet dei levde på fjord- og fjellgardane langs desse fjordane, men sjølve fjordens historie ligg utanfor det formålet Storfjordens Venner har. Nokon må også bry seg om fjordens historie, meinte den historieinteresserte verftsdirektøren Anders M. Liaaen, og inviterte til etablering av foreininga Sjøfart og sjøbruk i Storfjorden.

Foreininga sitt formål er å samle inn kunnskap og historisk materiale om kva desse fjordane og dei andre sidefjordane til Storfjorden, har hatt å seie som ferdselsåre, kontaktskapar, matfat, attraksjon og transportveg for både folket langs desse fjordane og for ein aukande straum turistar. Alle sider ved livet på og i fjorden er det denne foreininga skal interessere seg for. Det innsamla stoffet vil etter kvart bli presentert på foreininga si heimesida.

I dag blir fjorden nærast sett på som ei kommunikasjonsmessig hindring, men historisk har fjorden vore eit bindemiddel. Gardane på kvar side av fjorden var næraste grannar, og så godt som all kommunikasjon var basert på sjøverts ferdsel med båt og skip. Naust og båt var eit livsvilkår, og det er verdt å merkje seg at dei fleste husa som vart bygde langs desse fjordane på 1800- og tidleg 1900-talet hadde hovuddøra mot sjøen.

Båtane dei brukte og det båtane vart brukt til og den kulturen som livet på fjorden skapte, er det vi er opptekne av, og det vi også vil invitere andre til å vere opptekne av og samle inn informasjon om.  

Foreininga er registrert i Brønnøysundregisteret og har eit styre der Jarle Sulebust, Knut Maaseide, Johan Weiberg Gulliksen, Norunn Steinnes, Torbjørn Osvik, Turid Aspehjell og Ove Hansen er med.  Dessutan er Knut Sjåstad med på å vidareutvikle nettsida.

Foreininga kan kontaktast gjennom leiar eller sekretær

Sponsorar

Vi takkar våre sponsorar for annonser og gåver som har gjort det mogleg å gjennomføre arbeidet med opprettinga av heimesida med digitale tekstar, foto og kart over og frå Storfjorden. Ved å klikke på logoane nedanfor kjem du inn på heimesidene deira.

Ulsmo

Ulsmo

Ulsmo er et familieselskap i Ulsteinvik med røtter tilbake til 1917. Konsernet driver virksomhet innenfor forretningsområdene Maritim, Finans og Eiendom.

Stall Gullik AS

Stall Gullik AS

- Kjøp og salg av hester nasjonalt og internasjonalt - Hestesenter, haller og stallplass for 55 hester - Kurs og Instruksjon av de beste eliteryttere i Norge - Investering i eiendom og aksjer

J. Weiberg Gulliksen AS

J. Weiberg Gulliksen AS

J.WEIBERG GULLIKSEN AS er motorfirma etablert i 1950. Vi er i dag Norges største Volvo Penta Center med ansvar for salg av marinemotorer til Yrke og fritid. I Tillegg forhandler vi Evinrude og Mercury utenbordsmotorer samt Nordkapp og Sting båter. Virksomheten er rettet mot markedet gjennom 28 forhandlere fra Stavanger til Kirkenes, Men vi har kunder over hele verden

Møre og Romsdal fylke

Møre og Romsdal fylke

Avento

Avento

Avento er en gjeng med flinke folk som brenner for å utvikle smarte it-løsninger. Avento leverer rådgivning, systemutvikling og driftstjenester.

Møretrygd

Møretrygd

Møretrygd er forsikringsselskapet for Nordvestlandet. Med kontor i Ålesund, Fosnavåg og Volda er vi plassert nær deg som kunde og du er alltid velkommen innom for å snakke med oss. Vi hjelper deg med å finne rett forsikring for dine behov.

Innmelding i foreininga

Innmelding

Gruppe