Av Harald Kjølås

smoge-iver.jpg

82 år gamle Ivar Smoge i 1969 på veg opp til Smoge for siste gong. Foto: Magne Flem


På dette bilde er Ivar Smoge (f. I886) på veg  opp til sitt kjære Smoge for siste gong. Det er på forsommaren i 1969, og Ivar er 84 år. Dei siste 72 åra har han budd meir eller mindre åleine i huset sitt på Smoge frå forsommaren til framunder jul. Resten av året budde han saman med kona si på Stordal Aldersheim, dit dei flytta etter at dei ga opp Smoge som heilårsbustad. I 1969 fekk Ivar sin gamle ven, Magne Flem, til å skysse seg inn til Smoge med Svint'en. Han ville så gjerne inn dit ein gong til. Han var skral til beins, men med to stavar og god tid kom han seg opp til Vonheim, garden han i 1914 fekk skilt ut frå hovudbruket, Ytste Smoge. Same året gifte han seg med Anne Marie Almås frå Stordal. Alt, både bustadhus og fjøs og løe, vart bygd opp frå grunnen av og var innflyttingsklart i 1921. Hjelpesmann var  broren, Bastian.

 

Mykje mark måtte Ivar også bryte opp for å ha nok innmark. Materialen til husa henta han frå eigen skog. Han satsa på geitehald, og geitemjølka laga han ost av som han lagra til hausten då han rusta seg ut for bytur. Då skulle han både stå på torget og selja produkta sine, og han gjekk på dørene til folk. Han vart som regel av med alt han hadde med seg. Alt gardsarbeidet måtte gjerast med handemakt, dei bar graset til hesjing og høyet inn i løa. Dei bar gjødsla ut på markane, og dei gjorde klar åkeren med hakke og grev.

 

I krigsåra var alle fjord- og fjellgardane populære, også Smoge. På grunn av rasjoneringa kom det byfolk rundt og ville kjøpe både kjøt og ost og smør. Folk frå Ålesund tok båten til Eidsdal og gjekk over fjellet til Smoge. Ein av dei var apotekar Kristian Øwre. Han heldt kontakten ved like også etter krigen, og som takk for hjelpa betalte han Smoge-Ivar sitt abonnement på Sunnmørsposten så lenge han levde.

 

Ivar Smoge var som Aasmund Olavsson Vinje; han såg både retta og vranga på livsens vev. Han var både alvorsmann når det var på sin plass, og han kunne vere ein stor humorist. I så måte var han ein god representant for fjellgardsfolket. Utan humøret og humoren kunne dei knapt berge seg gjennom det alvoret som fleirtalet av kvardagane var fylt med. Det står vel ikkje tit å nekte at det var så som så med matstellet dei somrane Ivar styrte åleine på Smoge. Han vart ofte spurt om korleis han gjorde det med maten, og brukte då å svare: «E’ live ta puffa ris og skyr». Den same Ivar var også ein djupt

religiøs mann og brukte alltid å ha med anten eit bibelord eller ei oppmoding om å vende seg til Herren i alle brev han skreiv – om det så var ei bestilling på ein sekk kveitemjøl. Smoge-Iver reiste også ein del rundt som andaktshaldar. Han gjekk gjerne over fjellet til Rønneberg i Eidsdal. Han hadde finkleda i ryggsekken, og så bytte han om til bestekleda i sommarfjøsen på Rønneberg.

 

Det var eit rikt religiøst liv på Smoge. I mellomkrigstida vart det starta misjonsforeining med sju kvinner som medlemer. Dei hadde møte annankvar veke. Om somrane kom det til og med kvinner over fjellet frå Rønneberg for å delta. På møta dreiv dei med ymse slags handarbeid som vart lodda ut på basar. Den første vart halden i 1942, med over 100 menneske til stades. Loddsalet ga ei inntekt på 900 kroner til misjonen. Nesten like mange var tilstades på den andre basaren i 1946. Også på den store telefonfesten på Smoge, sommaren 1939, i samband med at telefonlina over frå Eidsdal til Smoge var ferdig, var det 70 menneske som deltok. Ordførar Gerhard Grønningsæter var heidersgjest. Han ringde referat frå festen inn til Sunnmørsposten.

 

Smoge hadde også fast anløp frå MRF frå 1936 (MFR heitte det den gongen, og spøkefuglane i fjorden sa at bokstavane var ei forkorting for «Mykje Før Ruta»). Son til Ivar, Lars, var ekspeditør. Til og frå fjordabåten måtte ein ta seg med småbåt. Den same Lars var også styrar for «Smoge Brevhus», som det sto på poststempelet. Brev-med det stempelet er nok i dag ein filatelistisk godbit.

 

Smoge brevhus.jpg



Den siste sommaren på Smoge skranta Ivar, og broren Bastian, som også var der, varsla borna om at dei burde hente han. Han gjekk ned til sjøen sjølv, men lagst etter at han var komen ut att på Aldersheimen i Stordal og der døydde han seinhaustes. Bilda av hans siste tur til Smoge vil leve lenge. 


01SMOGE.JPG

Storfjordstemne på Smoge.

09.06.2019