AnnaGroven.jpg

Anna Groven

Stilt fór ho gjennom livet, ville ha minst mogeleg snakk om slitet, men det går gjetord om det i Liabygda den dag i dag. Ho var døypt Inger Anna Lied, men brukte berre Anna,  og ho kom frå garden Bøen på Lied. I år 1900 gifte ho seg med Iver Martinus Groven, jordaguten i den veglause fjordgarden Grova nede på Gravaneset. 15 år fekk dei saman før Iver fall frå. Då sat Anna att med ein 13 år gammal gut, Petter, og ei 10 år gammal jente, Anna Marie. Grova var ein tungdriven gard. Innmarka var lita som på dei fleste fjord- og fjellgardane, og ku- og geitefôret måtte hentast frå utmarka, stort sett. I starten dreiv dei med geiter, og det vart småljåslått mellom steinane i eit svært ulendt terreng på begge sider av garden. Til å hjelpe seg hadde ho far til Iver, Petter senior, som nærma seg 80 år, og ho hadde sonen Petter jr. på 13. På ein del  innmarka vart det dyrka korn og poteter, og åkeren måtte snuast med spade og greip. Om somrane hadde ho dyra på setra som ligg 500 meter høgare oppe på Skafjellet. Dei skulle mjølkast morgon og kveld. Etter at ho var ferdig med arbeidet på garden og hadde gitt borna kveldsmat, var det å gå den stupbratte vegen opp på setra. Turen opp tok to timar. Ned att gjekk det raskare, men ho måtte ofte leite etter dyra, slik at ho vart borte frå borna i fleire timar. Dei første åra etter at mannen døydde våga ho ikkje å la dei ligge åleine nede i Grova, og ho gjekk difor ned att med mjølka om seinkvelden. Så var det opp i gryotta for å gå opp på setra att, og ned att med mjølka tidsnok til å få borna på skulen. Etter kvart som Petter vart konfirmert, vart han til stor hjelp for mor si, og ho våga å overnatte oppe på setra, slik at ho sparte ein strevsam tur.

Skulevegen frå Grova og inn til skulen i Liabygda var både lang og hard. Petter har fortalt at dei måtte starte i sju-tida om morgonen. Då gjekk dei først omtrent ein kilometers veg med ein høgdeskilnad på 200 meter opp til Ansok-vegen, og der fekk dei gjerne følgje av ungane frå Kleberg og Ansok. Dei første tiåra etter 1900 var det tidvis så mange som 15-20 skuleborn frå Kleberg, to bruk på Ansok og Grova. Ein skikkeleg gangveg frå Ansok og inn til Ringset hadde brukarane på Kleberg og Ansok bygd ferdig i 1902. Då hadde dei drive med vegarbeid i 20 år. Vintrane med mykje snø var det ikkje alltid råd å gå opp til Ansok. Då var einaste råda å gå ned til sjøen, ta ut båten og ro inn til Liastøa, og gå dei bratte bakkane opp til skulen. Det måtte Petter og systra gjere fleire gongar. Tidvis samlast også grannar og liabygdarar til snømokardugnad frå Ansok og nede til Grova, slik at skuleborna kunne kome fram.  Anna rekna nok med å få rolegare dagar etter at Petter hadde blitt vaksen og hadde teke over garden. Han kvitta seg med geitene og planta frukt- og bærtre der det før hadde blitt dyrka korn. Det skjedde med intens motstand frå bestefaren som hadde vanskeleg for å tenkje seg korleis dei kunne overleve utan at dei var sjølvforsynte med korn. Men det skulle vise seg at frukt- og bærtrea i den solvendte hallinga i Grova gav avkastning. Så skjedde det at Petter fekk øydelagt eine foten i ei ulukke under grøftegraving. Eit langt sjukehusopphald, og Anna måtte igjen drive garden inntil Petter var på føtene att, og sjølv då var han ikkje like lett på foten som før. Lett på foten var derimot Anna, Uthaldande og trippande som ei erle, tok ho seg fram langs dei bratte råsene heilt opp i høg alder. Ho døydde i 1959, 82 år gammal.