Ole Gabriel Homlong.jpg

Fjordbonden

Dette fine bildet av Ole Gabriel Homlong på Homlong i Geiranger tok Magne Flem tidleg i 1950-åra. Han kalla det Fjordbonden, og ein betre illustrasjon på nettopp denne yrkesgruppa er vanskeleg å finne. Her ser vi den vêrbitne, sterke og myndige fjordbonden i eit bratt fellandskap med dei tre viktigaste reiskapane sine: småljåen, brynet og løypestrengen. Ole Gabriel Homlong var i Amerika i yngre år, og då han kom heim att i 1921, kjøpte han Larsgarden på Homlong. Seinare kjøpte han to partar av Skageflå, og brukte å slå og hesje graset på Skageflå og hadde det i løa der til vinteren kom. Då vart det firt ned til sjøen på løypestreng. Ole Gabriel dreiv med kyr og sauer og det meste av fôret skaffa han med dei reiskapane vi ser på dette bildet. Han fekk seg også etterkvart ein stor og velstelt frukthage.  Dei fleste av desse strandsitjarane var både fjord- og fjellbønder i den forstand at dei slo alt gras dei kunne få tak i frå fjøre til fjell, og det var småljåen dei nytta. Også på Homlong hadde dei løypestrengar oppover fjellsida.

Det å kvetje ein ljå skikkeleg var ein kunst som gjekk i arv på desse gardane, og ofte hadde kvar gard sin eigen teknikk både med bryneføring og måten dei heldt ljåen på. Elias Gausdal fortel at på Me-Åkernes så brukte dei å kjøpe ei tylft (12) småljåar kvar vår, og desse gjekk med på ein sommar. Dei slipte opp ljåane på slipestein første gongen, og resten av slåtten heldt dei ljåane kvasse berre med bryne. Dei tok til å slå ved jonsok-leite og heldt det gåande heilt til snøen kom, og dei slo der det var gras å finne, uavhengig av om det var inn- eller utmark. Det var eit slit, men det var samstundes eit friskt og fritt liv. På Me-Åkernes rekna dei at dei måtte ha 40 høybører à 40 kilo for å fø ei kyr gjennom vinteren. Det var eit nokolunde standardmål for fjordbøndene. På Me-Åkernes greidde dei å skaffe 400 høybører i ein slåttesesong og dei kunne med det fø 10 kyr, men akkurat på den garden var geitene hovudnæringa, og geitene (og sauene) kunne vere mykje meir ute og skaffe seg føde sjølv, slik at det ikkje gjekk med meir enn 5-6 høybører pr. geit. Der dei kom til med løypestreng kunne graset fraktast til gards. Andre stader utan løypestreng, vart graset gjerne tørka på staden og lagra i høyløer eller under hellarar til det kunne fraktast ned til garden på skareføre om vinteren. Til å hjelpe seg i slåtten hadde Ole Gabriel Homlong familien, ei driftig kone og åtte ungar, tre gutar og fem jenter. Borna måtte tidleg delta. Gutane måtte lære seg å slå og jentene å rake og å hesje. Det vart ein del av barnelærdomen deira. Ole Gabriel Homlong døydde i 1958, 70 år gamal.