For 60-70 år sidan var folk rundt om på gardane og i grendene sist i juli og først i august, mest opptekne av småslåtten. Det var store vidder som skulle farast over, og det var arbeid til mange. Kva veit born og ungdom i dag om ljå og ljåslått? Kanskje finst det dei som aldri har sett en ljå også.

Difor nokre tankar og minner rundt dette temaet. Her på bygdene var det Honndalsljåen som var einerådande. Mange kunne ikkje tenkje seg å byrje slåtteonna utan «Haugen» ljå. Dei var svært ettertrakta, og ofte vanskeleg å få tak i når onna først hadde byrja.Det var andre Honndalsljåar, Raftevold til dømes, og andre som eg ikkje hugsar namna på. Eg hugsar det kom ein dalsbygdar roande ein gong. Eg nemner ikkje namn. Han var ute og selde eller tinga burt ljå, både stutte og lange. Merket var noko ukjent. O.H.V. Folk ville vite kva dette tydde. «Jau», sa han «det tyder OverHendigt Veldige». Rette tydinga var O.H. Vellene, også eit Honndalsnamn. Seinare kom dei sokalla fabrikkljåane, som til dømes Øyo, Kveneland og andre.

Også svenske ljåar var i handelen. Det hadde mykje å seie at ein hadde gode orv (skaft) på ljåen. Bestefar min var flink å lage stuttorv, og hadde år om anna slike tilsals hos Brødr. Rem i Valldal. Eg var ikkje store karen før han laga orv som passa til meg. «Den må tidleg krøkjast» osv. Etter ein del instruksjon og mange formaningar om ikkje å skamhogge korkje meg sjølv eller andre, kom eg smått om senn i gang. Største kunsten med heile slåtten var vel «å halde kvasst».

Gode bryne var nødvendig. Frå det første eg hugsar var det berre natursteinbryne. Dei var store og tunge, og saman med ein vassdrukken brynestokk tyngde dei godt i beltereima. Gotlandsbryne var ein type. Men so kom då smergelbryna frå Foss, og dei vart lettare å hanskast med. Gamlekarane meinte at ein fekk ikkje fin nok egg med smergelbryne, og dei hadde gjerne med seg eit steinbryne til finpussen. Ja, kveitinga var ein stor kunst. Det galdt å ikkje «myle» vekk egga, det vil seie for mykje tverrkvessing. I Osvika var det mykje småljåslått. I vekevis kunne vi halde på, først på heimebøen, seinare i utmarka. Mykje godt smalefor vart berga på den måten. I Flåna, Slettebakkane, Litlevika og Åkerneset var det mykje godt gras å hente. Somme stader la vi graset i børaband, andre stader trakka vi meiser. Mange veit nok ikkje kva ei meis er. Eg vil helst karakterisere det som ei miniatyrsnurpenot, utan samanlikning forøvrig. Desse meisene kunne rulle som kuler nedoverbakke aldri så langt. Vi brukte også løypestrengar til å frakte gras på, der marka var uframkomeleg elles.

Ein gammal tradisjon var slåttedugnad. Det var ofte morosamt når mange kom saman i slikt  lag. Var det varmt ver, måtte ein ha kornøl til tørstedrikk, og då måtte husbonden vere varsam med skjenkinga, elles kunne det bli dårleg med slåtten. Det er fortalt om ein dugnad på Kaldhussætra ein gong. Dei vart merksame på ein mann som slo svært ille. Då dei skulle til å sjå, so fikta han berre med orvet. Ljåen var borte. Det hadde vorte for mykje øl.

Eg synest det er fint og nyttig at ljåslått-tradsisjonen vert halden vedlike, som til dømes på Ytste Skotet. Sjølv om ljåslåtten ikkje lenger har praktisk betydning, er det bra at nokon har høve til å lære frå seg kunsten. Ei særskild helsing til Inge Lilleås, som enno kan svinge ljåen, og tilmed vinne ei tevling!

Til slutt ei helsing til Inger Johanne Ruset, som utfordra meg. Eg har fundert litt på kvifor du valde meg. Men eg har ein mistanke om at det var ein øyrekviskrar i huset. Diktet ditt syntest eg godt om. Du fekk sagt mykje i få og korte linjer.

Får eg lov å utfordre nokon må det bli ein utflytta fjøring/eidsdaling, herr skulemeister Jon Rønneberg. Kanskje han har noko forvitneleg å fortelje.

 

Trykt  i Storfjordnytt 9.august 2000

16.02.2020