Av: Norunn Heggebakk Steinnes, etterkomar. 

Spekulanten vart han kalla av forfedre som fortalde historia.  Han var min tipp-oldefar og historia er fortald av hans etterkomarar til oss.  Eg ser føre meg ein stor, rørsleg mann som tenkjer og planlegg og som ikkje er redd for å arbeide. Hans namn var Johannes Andreas Pedersen Håhjem fødd 1813 og døydde i 1869. Han kom frå Nordigaren på Håhjem gnr. 14 brnr 3 i Skodje.  Nordigarden var den austlegaste av Håhjemsgardane før Håhjemsvika. Garden vart i 1918 seldt til statsråd K. Friis Pettersen og fekk på folkemunne då namnet Friisgarden. I dag er  garden  utlagt til byggefelt, men ei av hovedgatene har  i dag fått namnet «Statsråd Friis veg.»

Maleri av Helge Bjørnsen.jpg
Friisgarden maleri av Helge Bjørnsen, CA 1990. I røykstove til venstre vaks tipp oldefar opp.


I 1838 vart Johannes gift med Nikoline Petrine Ingebriktsdtr Heggebakk (Rødsetreit) fødd 1822 døydde 1898.  Dei unge busette seg på Madsgarden på Heggebakk.

Heggebakk var på det tida to veglause gardar lengst vest i Skodje kommune mot Magerholm. Madsgarden var den vestlegaste. I 1950-åra kom det bilveg til Heggebakk og seinare i 1966 kom vegen gjennom til Magerholm.  Difor var Storfjorden samfedselsvegen for Heggebakk-gardane  den tida Johannes og Nikoline var på garden.

Garden, vart eit par generasjoner tidlegare seld til Lars Olsen Ytterland på Valderøya, sannsynlegvis på grunn av dei økonomiske tilhøva. I åra 1844 til 1848 fekk Johannes samla alle gardpartane på dette bruket på si hand. På auksjon i 1844 fekk han skøyte på 14 mark fiskeleige av bruket til summen 59 spesidaler. I 1845 skøyte frå Lars Larsen Sjong og i 1848 skøyte frå Didrik Olsen Ytterland på halve bruket for 145 spesidaler. Same året skøyter Peder Larsen Sæter (Gjøsundsæter) frå seg sin part på 10 1/2 mark fisk til prisen 50 spesidaler.  Videre fekk han same året skøyte på resten av bruket  - 5 1/2 mark av Jakob Abrahamsen Sjong for 25 spesidaler. Dei nemnde eigarane var arvingar etter Mali Pedersen Ytterland, enkja etter L.O. Ytterland. ( Kjelde: Bygdeboka i Skodje.)

Gamlehusa på Madsgarden.jpg
Gamlehusa på Madsgarden på Heggebakk. Foto: Ole Honningdalsnes, mai 2017. Vindauga i hovedhuset er skifta, kjellarvindauga er orginale.


Johannes og Nikoline fekk ti barn saman. Den eldste var fødd i 1841 og den yngste i 1866. Difor var Storfjorden også ei viktig kjelde til matauke for familien. På den tid var det mykje fisk i fjorden og det var lett å kunne hente seg middag der. Det vart fiska med snøre og heimelaga blypilkar på fluder og den næraste her var Gudmundsetfluda. Her var det til tider store seifangster å få.  Elles vart det nytta torskegarn og sildegarn rett utfor nauststøa, men desse fiskeslaga måtte fiskast når dei drog inn og ut i fjorden. Hyse og lyr var fiskeslag som kunne fiskast heile året, dersom ein kjende plassane dei stod på. Dei kunne fiskast med forskjellige reiskap som smågarn eller line. Det vart gjerne rodd over fjorden til Sykkylven og Tusvika for å selja fersk fisk.

Det var ei kjend sak i familien at Johannes var glad i «det sterke» og han besøkte drikkestover anten han var i byen eller andre stader der slike fanst.
Det vert fortalt av familien at han ein gong var i Tusvika for å kjøpe kveite og  han besøkte drikkestova der. Ein mann som budde i Tusvika var og der og han hadde planer om å kjøpe seg ein seglbåt og han trong ein kausjonist. Johannes kjende seg då både rik og stor og han skreiv på kausjonspapir. Båten vart kjøpt inn og fortøyd i ei stor krokut bjørk ved sjøkanten Tusvika.  Dette måtte vera i byrjinga av 1860-åra. Det bles opp til storm frå sørvest og bjørka vart riven opp med rot.  Båten sleit seg og dreiv med vinden til Klebershammaren på Emblem og vart knust. Kreditorane tok alt av verdi i Madsgarden  på Heggebakk, koppar og kar og alle dyra, så den store familien sat att med tomme hus og fjøs, men garden fekk dei behalde. Heldigvis var garden svært godt driven og sjølv etter misslukka kausjon vart gardsdrifta lett å ta att etter måten. Ei god hjelp for å livberga seg var og at dei hadde Storfjorden. Madsgarden var brattlendt og hadde ein tung sjøveg. Bearbeiding av fisken vart difor gjort ved sjøen. Her vart det laga klippfisk og spekesild for sal. Saltet vart handla inn og lagra i naustet. Desse produkta måtte ein helst til byen for å selje.

Naustet på Madsgarden.jpg
Foto: Norunn H Steinnes - 2014. Naustet og hengjå med barkekar på Madsgarden der fisken blei bearbeid i 1860 åra.


Også ved, korn og kjøt var salsvare og desse vart seld til byen.

Johannes var ein stor og sterk kar og saman med familien fekk han bygd opp att garden.
Sitat frå Bygdeboka i Skodje (s. 33):  (I 1865 sådde dei 3/8t. bygg,  hausta 4 t., 1t. .blandkorn hausta 10t., 3 t. havre  hausta 14 t. (Svært god avling)  2t. Poteter, hausta  9 t.,  81 lass høy. Fora 1 hest, 6 kyr, 2 kviger og heile 30 sauer.)

I 1869 rodde Johannes til Ålesund for å selja varer. Fjorden var den gongen vegen som måtte nyttast og det var som oftast to menn som rodde saman på slike byturar.
Ein kunne stundom få hjelp av segl på reisa. Johannes rodde ofte åleine.

Vidare sitat frå kirkeboka:
Johannes sine dager fekk ein brå ende- « På hjemreise fra Ålesund til sitt hjem, fandtes han liggende død i nærheten av Solnør, ved stranden.  Og båten hvorpå  han reiste lå ved siden av»   
Det vert fortalt av familien at han vart funnen i fjøra ved Håhjem dagen etter at han skulle vera heimkomen. Han hadde rodd eller segla forbi heimen sin på Heggebakk og enda opp ved sjøen der han hadde vokse opp som barn.  Båten hadde han drege på land og låg død ved sida av den.

Det vart eit slit for sonen, Peder Johan Olaus og kona til Johannes å få fram borna. Den yngste var berre 3 år då faren døydde.

Tre år etter at mannen, Johannes A. P. Håhjem, (Spekulanten) døydde, gav Nikoline Ingebriktadtr. skøyte til sonen Peder og buskapen auka ytterlegare dei neste åra så den gode drifta på garden vart oppretthalden.

Kjelder: Bygdebok for Skodje 1986
   Forteljing frå familien (Bestefar)