Insteaakernes.jpg

Inste-Åkerneset.  På bildet står Karl Johan Ringstad (1946-1997) ved murane som Jakob og Jakob Åkernes, far og son, sette opp.


På biletet står Karl Johan Ringstad (1946 – 1997) frå Stranda og lar seg imponere over dei fantastiske husmurane i Inste-Åkerneset. Han var på tur saman med Magne Flem og Sakarias Ansok for å studere tuftene til denne garden nærare. Det er berre tuftene som står att i Inste-Åkerneset i dag. Slik har desse murane stått sidan 1900, då Jakob Åkernes tok med seg den gamle far sin, som også heitte Jakob, og resten av huslyden og flytte til Naustberget nedanfor Ljøen. Der fekk dei bygsle ei lita bot på slette berget, og dit flytta dei husa frå Inste-Åkerneset og mura denne solide gråsteinsmuren som ettertida burde ta vare på som eit minne. Det er eit stykke murararbeid som det knapt finst maken til i fjorden. Dei hadde sine teknikkar også når det galdt å få på plass så store steinar som den vi ser i høgre biletkant. Tømmeret til husa hadde Jakob den eldre kjøpt på Stranda og fløytt det med seglskute inn til Inste-Åkerneset, der han handsaga det. Kort tid etterpå måtte han altså ta det ned att og frakte det inn til Ljøen. For å få inntekter nok til ei så stor investering, kjøpte Jakob seg ei seglskute som kunne laste 12-15 famnar ved. Veden frakta han til Ålesund der han fekk rundt to kroner meir pr. famn. På ein slik bytur kunne dei bruke både to og tre veker.

Inste-Åkerneset er ein gammal gard, nemnd i skriftlege kjelder heilt tilbake til 1600-talet. Ættene på garden har skifta opp gjennom hundreåra.

Vinteren 1899 gjekk det ekstra mange fonner, og ein sundag då heile huslyden var samla i storstova, og gamle Jakob las høgt frå andaktsboka, tok huset til å skjelve. Ei kjempestor fonn hadde losna høgt oppe i fjella, men rett ovanfor huset kløyvde ho seg i to og gjekk ned på begge sider av tunet. Ein stor stein hadde delt fonna og vart berginga. Då tok Jakob den yngre  avgjerda om at no var det rettast å flytte til ein tryggare stad. Tomt fekk han bygsla på Naustberget for levetida av Ingebrigt Nedre-Ljøen som var syskenbarn til mora, men det han hadde å leva av var framleis garden i Inste-Åkerneset, ein og ein halv times rotur unna. I 26 år dreiv han Inste-Åkerneset mens han budde på Naustberget. Det vart å slå kvart eit strå i urene frå fjøre til fjell. Han strekte ein løypestreng frå gardsenden og opp til Høgefloten. Strengen gjekk over fire fonnefar, og måtte difor takast ned kvar haust. For å få dette til, mura han opp ei plattform ved øvste strengefestet. Der laga han til eit stort liggande hjul som han brukte å rulle opp løypestrengen rundt. Det var som eit gangspel der to mann gjekk med kvar sin staur rundt og rundt til heile strengen var opprulla. Noko som var eit kjempeslit, men det vart desto enklare å rulle ut strengen om våren etter at fonnene hadde gått. Graset dei henta ned frå store vidder med utmarkslått, vart så frakta rått til Naustberget og hesja der. I 1938 hadde dei fått nok av slitet og flytta ut til Flisneset. Huset på Naustberget vart selt og flytta opp på Trondstad.

07.06.2019