Av: Harald Kjølås

Magne Flem (002).jpg
Det som meir enn noko kjenneteikna han som fotograf var at han la så stor vekt på komposisjonen, på linjene i bildet, og på samspelet mellom hovudmotiv og bakgrunn. Han brukte svært mykje tid på å finne fram til den beste standplassen når han skulle fotografere, og viste det seg at det kom ei grein eller eit tre eller to i vegen for eit perfekt bilde, så nølte han ikkje med å hogge slike ting vekk. Ved sidan av kameraet var ei ryddeøks eit fast innslag i ryggsekken på alle turane.


Magne Flem – fjordens fotograf
Redaktør Magne Flem i Sunnmørsposten bestemte seg tidleg at han skulle opp på alle fjelltoppane i avisa sitt nedslagsfelt. Det vil seie Sunnmøre og delar av Romsdal og Nordfjord. Det målet nådde han før han vart gammal. Fjorden var for han det viktigaste reisemålet. I yngre år padla han med kajakk inn fjorden til fjord- og fjellgardane, og han gjekk råsene deira og passerte gardane på veg opp til fjelltoppane. Slik vart han ein kjend og kjær gjest på desse gardane, og som ivrig fotograf såg han straks den kulturhistoria som låg i desse gardane, og han tok til på ein systematisk måte å fotografere gardar og menneske. Han fekk seg motorbåt og kunne rekkje over meir, men han fekk ikkje fri kvardagane til å reise på tur for å fotografere desse gardane. Det sa både faren som var eigar av avisa, og disponenten, tvert nei til. Dermed har Magne Flem nesten ingen bilde av folket på fjord og fjellgardane i arbeid og i arbeidsklede. Dei var som regel sundagskledde, men bilda utgjer likevel ein stor kulturskatt og saman med dei intervjua og artiklane som Sakarias Ansok skreiv i avisa, og som også kom i bokform, har denne innsatsen lagt eit viktig grunnlag for den statusen som fjorden og fjordlandskapet har fått.

Han jakta lenge på ein feriebustad langs fjorden, og på ein padletur langs strendene på Stranda var det at han såg seg ut det som seinare skulle bli hyttetomta hans, ei slette oppå ein bergknaus nede ved sjøen på garden Vike inne i bygda på Stranda.  Dette skjedde alt før krigen. Etter krigen tok han kontakt med grunneigaren og fekk ja til å kjøpe eit lite stykke for å bygge seg ei hytte. Alt før krigen hadde Magne også bestemt seg for at når han skulle skaffe seg hytte så skulle det vere ei sunnmørsstove.

Rulla stein
Arthur Klæbo har definert ein sunnmøring som ein som rullar stein mens han kviler. Det passar godt på Magne Flem si fritid på Stranda. Fysisk aktiv måtte han vere heile tida, og på den vesle jordbota nede i Vikemarka braut han stein og bygde steinmurar heile livet. Han laga seg terrassar og solingsplassar, og når han var ferdig så var det å starte på nytt. Hytta vart også utgangspunkt for dei mange fjellturane han tok i dette distriktet, og då han kom heim att frå eitt års einecelle på Vollan fengsel i Trondheim etter frigjeringa i mai 1945, så reiste han omtrent direkte til fjells. Det hadde han drøymt om dette lange året i tysk fangenskap. Han vart arrestert i 1944, og tyskarane var sikre på at han var ein viktig person, men dei visste ikkje kva illegalt arbeid han dreiv med. Hadde dei visst at Magne Flem var leiar for den militære etterretningstenesta  XU på Nordvestlandet, så hadde han ikkje vore i live etter krigen.

Besøkte gardane
På veg opp til fjelltoppane passerte Magne Flem fjord- og fjellgardane og vart før alle andre glødande oppteken av historia til desse gardane. Alt tidleg i 1930-åra sto dei første artiklane på trykk i Sunnmørsposten med Magne Flem sine bilde. Han besøkte også desse gardane mykje i krigsåra før han vart arrestert. Elias Gausdal har fortalt at Magne Flem under krigen kom inn til Me-Åkernes. Då hadde han padla frå Ålesund og ærendet hans var å få fylt pipa si med heimeavla tobakk. Etter krigen såg han at fråflyttinga frå desse gardane skaut fart, og då vart det viktig å skaffe dokumentasjon på livet på desse gardane før dei siste generasjonane som levde der, var borte.

Ansok-bøkene
Etter krigen starta Magne Flem systematisk å fotografere frå fjord- og fjellgardane. Då vart det tur nesten kvar helg, og hytta på Stranda vart etterkvart hovudkvarteret. Han jakta lenge på ein person som kunne reise rundt og intervjue dei som hadde flytta frå desse gardane, og i slutten av 1950-åra fann han Sakarias Ansok. Dei vart samde om at Sakarias skulle prøve, og dei første artiklane vart levert. Ansok var urøynd med å skrive for avis og det vart nokså mykje redigering i starten, men det betra seg etter kvart. Sjølv om dei vart gode venner, så var dei begge sta av natur, og kunne bli rykande ueinige om kva som skulle med og kva som skulle strykast. I følgje fotograf Bjarne Skarbøvik som mange ein gong måtte mekle. så toppa konflikten seg når det vart snakk om å gi ut heile serien i bokform. Magne Flem meinte at det i så fall måtte lukast vekk mykje prat om mat og juleskikkar og temaer som Ansok repeterer gong etter gong. Ansok blånekta på kutting, og i staden for at Sunnmørspostens forlag skulle gi ut desse bøkene, så tok han kontakt med Stranda Sogenemnd og ville ha dei til å gi ut bøkene. Der sat ein av Magne Flem sine beste venner, banksjef Bjarne Rønneberg som leiar, og han fekk jobben som meklar. Magne Flem gjekk med på at Sogenemnda skulle få bruke hans bilde til å illustrere artiklane i boka, men han insisterte på at han sjølv skulle skrive bilettekstane. I følgje Bjarne Skarbøvik så protesterte Ansok på det, men ga seg til slutt. Sluttproduktet, dei tre bøkene, vart ein kjempesuksess, men Magne Flem meinte heile tida at det var for lite bilde i bøkene, og sakleg sett kan han ha rett i det.