Store-Kniven

Store-Kniven-not.jpg

Notbas og jeger

Alle bygder hadde i eldre tid menn som var kjende for styrken sin og vågemotet sitt. Som ein slags omreisande «stuntmenn» vart dei tilkalla når det var behov for krafttak eller driftige gjerningar. Ole Knivsflå, også kalla Store-Kniven,  var ein slik. Når Gomsdals-Knut skulle bygge opp att husa på Øvstegard i Oaldsbygda var Store-Kniven naturlegvis med i beredugnaden. Det var heller ikkje unaturleg at det var akkurat han som bar mønsåsen. Når det skulle berast vedkomfyr opp til Nedistova i Gomsdal i 1900, var det Store-Kniven som var med og bar saman med brukaren, Andreas Gausdal. Då var Store-Kniven 15 år. Namnet Store-Kniven fekk Ole Knivsflå på seg alt i barndomen, og det kom nok av at han var den eldste i syskenflokken på ni born. Han vart fødd i 1885 og døydde i mars 1970. Store-Kniven var 13 år då Knivsflå vart fråflytt i 1898.  Folket frå dei to tuna på Knivsflå slo seg ned i Geiranger og der budde Store-Kniven resten av livet. Han vart ikkje gift og livnærte seg som vegarbeidar, fiskar, bas på notlaget i Geiranger og tidvis også som skysskar for turistane.

To jervar i eitt skot

Mest kjend var han nok likevel som jeger. Han var oppvaksen i jaktterrenget, og starta si jegerkarriere slik som dei fleste unggutane på desse gardane gjorde; med å setje ut snarer og feller. Rykta i Geiranger ville ha det til at han i sine yngre år hadde slik kondis at han nærast sprengde rypene før han skaut dei. Vidast kjend er nok likevel jaktsoga om då han skaut to jervar i eitt skot. Etter at han kom ned til bygda med dei to jervane og fortalde soga, vart det teke bilde av han, og det er det vi ser her. Han starta jakta på tre jervane oppe ved Djupedalsegga og så bar det i veg over fly og flæ ut gjennom fjellsida. Etter tre kilometer stakk jervane seg inn under ein bergtufs. Store-Kniven bykste rett ut for den 4-5 meter høge berghammaren, og i  det han landa så brende han av skotet mot der han trudde jervane låg. To av dei låg der daude. Den eine hadde fått kula gjennom halsen og den andre var treft beint i panna. Den tredje jerven hadde stukke seg vekk så langt inn under nokre steinar at Store-Kniven ikkje fann han att. _Men eg tok han i glyfse seinare, sa han i eit intervju i 1955. Han fortalde då at han jamt kom heim med 20-30 ryper pr. jaktdag. Det meste han har skote på ein dag var 38. Rypene hadde sett seg for å ete og han skaut inn i flokken. På to skot tok han 12 og på eitt skot åleine datt det sju. Ein gong skaut han også ein hare og ei rype i same skotet. Det vart kontantar av slikt. Han leverte rypene på Møll-buda og fekk 60-70 øre stykke.

Legendarisk var også Store-Kniven som fjellmann. Når det sto småfe i skôrfeste, så var det Store-Kniven som vart tilkalla for å hente dei ned att. Når det skulle setjast opp ein kraftstolpe oppe i Flydalsjuvet, så var det Store-Kniven som klatra opp. Dei ville feste tau på han, men det ville han ikkje. _Eg tek meg ei skrå, sa han, og meinte at det var tryggingstiltak godt nok.

Julegilde

Ottar Nevstad har i ein artikkel i Sunnmørsposten fortalt meir om Store-Kniven. Sakarias Ansok har skrive om dei store julegilda på Knivsflå. Slik var det i begge tuna, og i Jakob-tunet som Store-Kniven voks opp, blir det fortalt at dei bar inn rømmegraut, ferskt kjøt, salta kjøt, flesk, poteter, lutefisk, mjølke-suppe, smør og flatbrød, hellekake, svelekake, vaffelkake, snikalefse, søst, brun og kvit geitost m,m, Ein kan verte freista til å seie som ho sa ei gammal dame: "No må du ikkje bere meir på bordet for då kjem det til å brotne" 

Veslejulaftan i 1976 stod eit intervju med Tore Knivsflå i Sunnmørsposten. Tore og Ole var  to brør som var sterkt knytte til kvarandre. Tore seier fylgjande til journalisten Helge Søvik: «Eg minnest juletida på Knivsflå. Det var mykje arbeid føreåt, også der. Ribba var steikt på neip i grua. Først fekk vi fisk, så vart kjøtet bore fram - og seinare var det kaker. Slik var det også når vi hadde julegjester. Mor bar inn eit stort fat. Midt i fatet stod ei feittskål. Rundt skåla låg potetene og fisken. Det var alltid rikeleg med mat på Kniven. Smør og ost var aldri mangelvare. Vi hadde 7-8 engmarkskrøter og 60-70 smale. Julegjestebod var i romjula, som oftast. Ein laut ta omsyn til veret. Var det fonnfare, venta ein med å be til gards til det var trygt. Likeeins måtte ein ta omsyn om det var preikesøndag. Gjester var slekt og grannar frå Skageflå, Maråk og andre stadar. Dei var hos oss eit par dagar. Vi kunne vere minst 20 menneske samla. Eg minnest vi alle såg fram til jula.» 

Vanskeleg skuleveg

Foreldra til Ole og Tore måtte ro borna på skulen, og av til kom det slik sterk utrøne at dei låg vêrfaste ved Bringa i Geirangerfjorden. Det var åtte barn på kvar av dei to gardane på Knivsflå. I boka «Eld som slokna» av Sakarias Ansok står: «I låke snøvintrar kan fonnfaret over sjøvegen verte så hardt og slett at der ikkje er fotfeste å finne. Det har hendt når Knivsflå-karane kom på heimveg ilag med skuleborna at dei måtte hogge rås i fonnfaret, mens borna stod vakt om ny fonn skulle kome. Såg dei ho kom, var det å hauke! Og alle måtte i stor fart kome seg under ein hellar som låg like ved. Under hellaren er det oppmura sessar, og der kunne dei kvile trygt.» Raset tok med seg naustet på Knivsflå fleire gongar.

Ingenting  kom sovande på Knivsflå. Folk som budde her måtte vere vågsame. Arbeidsdagane var lange og slitsame. Garden Knivsflå gav dagleg store og krevjande utfordringar. Nokre år etter at garden vart fråflytt, vart tømmeret frå begge bustadhusa på Knivsflå sendt ned med løypestreng. Husa vart lafta opp att på Elvasteinane på Gjørva i Geiranger, med dei hadde framleis dyra sine på beite på Knivsflå. Dyra hadde det godt på Knivsflå.

Militærmannen Ole

Ole var svært sterk og likte å utføre forskjellige slags vågestykke. Ole Knivsflå var i si tid i militæret på Setnes ved Åndalsnes saman med sambygdingen Jon Ørjasæter. Ole var også i militæret i Hummelvika i Trøndelag.

Ole treivst veldig godt i militæret. Han likte både utmarsj og skyting. Under ei militær øving på Åndalsnes kom Ole kom bort frå dei andre soldatane. Han vart omringa av mange, men Ole fanga soldatane som omringa han. Jon Ørjasæter tykte at dette var litt av eit meisterstykke å fange den store flokken av motstandarar. Ole gjorde mykje som jamaldringane ikkje klarte å gjere oppatt. Det finst berre nokre få døme på at han ikkje gjekk av med sigeren.

Lars Ørjasæter fortel at Ole og far hans hadde ei tevling om å springe fortast frå Grande til Møllsæter. Ole var "stor og sterk og bygd for fart", men Jon klarte å henge på Ole. Då dei var kome nesten fram, treiv Ole etter nokre tyttebær. Han byrja å hoste og tok etter pusten.

Ole fekk tyttebæra bak i luftrøret og måtte bryte løpet.

Jegeren Ole

Ole var ein sprek jeger som rakk over eit stort område på ein dag. Han skaut difor mange ryper. I eit intervju i Sunnmørsposten i 1955 fortel Ole at han kunne skyte 20-30 ryper pr. dag.

Det meste han hadde skote var 38 ryper på ein dag. Ole skaut ein gong ein hare og ei rype i same skot. Jegerane i Geiranger var ein gong samla for å drive reinsdyrsjakt i Vien. Ole og jaktlaget klarte å felle 19 reinar. I ettertida vart denne hendinga kalla "Storslaget i Vien". Dette varpet med reinsdyr fann stad fyrste september i 1921. Historia om, at Ole skaut i 1923 to jervungar i eit skot, er velkjend. Aust om fjella vare skotpremien på jerv fleire tusen kroner.


Oknivsflaa2.jpg

Billedbeviset på at Store-Kniven skaut to jervar i eitt skot. Han viste gjerne fram dei to gjervane når han kom ned att til Geiranger etter jaktturen.


Vegarbeidaren  Ole

Martin Ørjasæter jobba fleire somrar saman med Ole med vegarbeid på Dalsnibba. Dei budde i ei brakke i nærleiken av Djupsvasshytta. Frå brakka gjekk dei kvar dag rett opp gjennom terrenget for å arbeide på toppen av Dalsnibba. Stigninga var på mange hundre meter. Dalsnibba ligg på 1500 meters høgde. Ole sprang som ein ungdom ned att frå Dalsnibba.

Ole Knivsflå var også  med og spadde opp høgfjellsvegen over Geirangerfjellet. Ofte kunne dei vere heile 140 mann med på dette arbeidet. Det var lenge før nokon viste kva ein snøfresar var. Ein gong var det sju meter høg snø på denne høgfjellsvegen. Martin hugsar tida som vegarbeidar saman med Ole med stor glede.

Fiskaren Ole

Ole gjekk ein dag inn på butikken for å kjøpe seg ny pipe. Rykta fortel at han hadde nye pipa i munnen, då han kom ut av butikken. Brått får Ole auge på ein stor vode av ein sildestim nede på sjøen. Han vart så ivrig at han beit av den nye pipa si. Det måtte vere stor kraft i kjakane på Ole.

Alt som tolvåring fiska Ole ei kveite på 116 kilo. Kveita fekk han på kveiteline ut for osen på Geitelva. Ole var også notbas i Geiranger når dei dreiv sildefiske. Han  gav klår melding om at knappar på jakka var strengt forbode sidan nota kunne henge seg fast på knappane. Ole var også fiskar ved Island.

Syskena Ole og Tore dreiv fiske i lag i ungdommen. Tore fortel i intervju med Sunnmørsposten  i 1976: "Eg gløymer aldri ein gong vi var på heimveg. Vi var på heimveg frå feltet. Det bles storm, båten var ikkje så mykje i ro at dei fekk sette sjøbein. Då surra dei Store-Kniven ved roret. Det var ikkje snakk om å søkje ly, vi skulle heim til Geiranger for å feire jul." Fjordfolket budde ofte i rorbuer på Synnes på Vigra.

Ole hadde kjempekrefter, men han brukte ikkje kreftene på å slåst eller skade andre.

Martin Ørjasæter fortel at Ole var eit godt og velmeinande menneske. Han kunne lett verte rørt når ting gjekk inn på han. Lars Petter Knivsflå voks opp i same huset som Ole.

Han seier at Ole har ofte vorte framstilt for å vere hard, men Ole var den mest mjukhjarta menneske som han har kjent. Når Lars Petter kom heim etter å ha delteke i ymse løp i friidrett, byrja Ole å grine av glede over gode resultat.

Ole var ein ivrig kyrkjegjengar og hadde fast plass på galleriet. Han likte dårleg at folk arbeidde på søndagen. Når kvelden kom, tok han på seg beste kleda. Han ville gjerne vere i "pussen" som han sjølv brukte å seie. Å ta seg ein tur ut i fjøra og sjå på turistane høyrde til programmet hans. Ole var i si tid også skysskar med hest og kjerre for eit av hotella i Geiranger.

Slektningar av Store- Kniven fortel om at dei fekk alltid sjokolade med Ole, når dei var på vitjing i Geiranger. Ole brukte også av og til å sende sjokolade inn mellom fjølene på ymse sel der budeiene budde. Han ville at jentene skulle undre seg over kvar sjokoladen  hadde kome i frå. 

Berga av kurumpa

Ole og faren Ingebrigt hadde vore i Geiranger med ei ku til dyrlegen. Eit oppdrag som tok heile dagen, Kua måtte fraktast ned frå Knivsflå, om bord i færingen og så roast inn til Meråk. Alt gjekk fint med dette oppdraget heilt til dei nesten var heime ved Knivsflålandet. Kanskje kjende kua seg att? Eller ho hadde fått nok av turen og lengta etter det saftige graset oppe på Knivsflå? Uansett, så hoppa kua over bord. Båten kvelva og både Ingebrigt og Ole hamna i sjøen. Ingen av dei kunne symje, og det kunne stå om liv, men Ole var sterk og greidde å kome seg opp på den kvelva færingen. Då var det verre med Ingebrigt. Han var for langt unna. Til all lukke låg kua og symde fint. Ingebrigt fekk tak i kurumpa, og kara seg deretter opp på ryggen av kua. Han var berga. Kua symde fint med han på ryggen heilt inn til land. Ole kom seg trygt til land på kjølen av færingen. Det einaste synlege meinet dei fekk av turen, var at dei vart våte, men eit minne for livet, vart det nok.

Barnearbeid

Ole sin yngre bror, Tore Knivsflå, har fortalt om då han og Ole skulle ro veslesystera Inga frå Elvasteinane i Geiranger, dit dei hadde flytta frå Knivsflå, og ut til Bringelandet. Inga var den yngste systera deira som då hadde blitt 12 år. Som ungdom arbeidde ho på kafe i Ålesund, der ho traff Martin Ulstein, grunnleggaren av det som seinare vart til Ulstein-konsernet. Dei vart gifte, og sidan Martin døydde  berre 54 år gamal, vart det Inga som måtte styre skuta som styreleiar i mange år. Ho var vand med tunge tak og hadde arva ei sterk vilje frå oppveksten i Geirangerfjorden. Som 12-åring skulle ho ut til Bringa, der avtalen var at ho skulle gå opp den bratte råsa til Gomsdalen, 600 høgdemeter lenger oppe, der ho skulle gjete husdyra. Vesle Inga kvidde seg kraftig for den bratte turen i kveldinga, og ikkje minst for å vere åleine i Gomsdalen som då var fråflytta. Ho hadde fått med seg mat og det ho trengde, men då ho såg brørne rodde frå land, kjende ho seg så forlatt at ho hoppa i fjorden og sumde etter dei. Dei drog henne opp og rodde til land, og formante henne om at foreldra hadde pålagt henne denne jobben, og då måtte ho vere lydig. Den leksa tok ho imot utan å mukke, men då brørne på nytt rodde frå land, overtok redselen henne og på nytt hoppa ho på sjøen og symde etter dei. Då fann Ole og Tore ut at det var nok best å ta henne med heim att. Ho fekk neppe ei skjennepreike då, men ho måtte heilt sikkert gjete i Gomsdalen seinare. Barnearbeid var regelen i dei dagar. Det var tøffe tider som gjorde dei modige. Inga hadde sterk viljekraft, og det skulle kome godt med  som verftseigar.  Ho tok med seg verdiane frå barndomen, nøysemd og trygg forvaltning av det vesle ein hadde, det var eit livsvilkår som også har prega sunnmøringane, og som nokså sikkert er ein gammal arv, "Borga gods" kalla ho verdiane i Ulstein-konsernet. Dei hadde verdiane til låns og skulle helst auke dei  til neste generasjon. Det hadde ho nok fått innprenta av foreldra sine oppe på fjellhylla på Knivsflå.

Tekst: Harald Kjølås