No siste året vart Bugastova, som ho til dagleg vart kalla, riva og brend.  Dei siste 40 åra hadde ho nok hatt ein einsam tilværelse, etter at dei som åtte ho hadde reist til Amerika.

Ja, kven var dei då, som hadde bygd denne stova og hadde budd der i Rusetbugen, som det oftast vart sagt. Jau, det var ein Karl Johan Viken og huslyden hans. Kanskje er det mange, særleg av dei yngre som ikkje veit noko om dette, og derfor skiv eg om han Karl Johan denne gangen.

Karl Johan var fødd på Muri i Valldal, og ifylgje Norddalsoga var det i året 1846. Han var ikkje av den sagnomsuste Brusestekta som vi  les om i Snorre, og heller ikkje var han nærskyld Vilhelm Ståtarkong som budde på Muri. Ja, vel å merkje Ståtarkongen, det var den mannen som skulle halde orden i heradet slik at ikkje tater og fantepakk fekk romstere som dei ville. Dette var før det vart buande lensmann i kommunen.

Far til Karl Johan var Tore K.  Linge. Han var husmann, dagarbeidar og garnbindar. Dei hadde ei stove berre, åtte ikkje jord,  men var likevel ein stor syskjenflokk på 10. Den einaste av dei andre syskjena til Karl Johan vi kjenner noko til, var ein Jens fødd i 1844, og som i 1860 busette seg i Ålesund, der han dreiv som skomakar og kalla seg Jens Thoresen. Han var far til den kjede gullsmeden i  Løvenvoldbakken i Ålesund, Jens Christian Thoresen.

Karl Johan måtte nok tidleg utav reiret og klare seg sjøIv. Det vart på fiskje om vintrane, og teneste på gardane elles i året. Han kom soleis til Stordal i teneste, og der trefte han ho som seinare vart kona hans, Elisabeth Kirkebø. Det skulle vere gjævt folk på Kirkebø, også den gongen.  Bror hennar var Lars Kirkebø, den fyrste ordføraren  i Stordal. Og det var nok ikkje med lett hjerte gamlefolket der i garden sende  dottera si ifrå seg med ein lauskar. Den tida var det jordagutane som var i skotet, eller ein som hadde mange dalarar på kistebotnen, og som kunne kjøpe seg ein gard. Karl Johan hadde ikkje noko av dette, men han hadde både arbeidslyst og føvitet, so folket på Kirkebø, trur eg nok, slapp å kome dottera si so mykje ihug.

Etter at dei gifte seg i 1883 måtte dei sjå seg om etter ein stad å bu, og han kom soleis i kontakt med ein John Eliassen i Vikja om ein plass. Denne John var ein mann som både ville leva sjølv, og unte andre slike kår der dei busette seg at dei kunne leva av det.  Inne i Bugen hadde det no vorte ledig etter  ein plassemann,  Buga-Severin og kona Pernille, elles var det også ute i Vikja ein annan plass, som ein Tore Nilsen Langdal sat på. Han var far til Nils Vigen, som seinare flytte på Grønningsætra.

Ja, her i Bugen kom Karl Johan til å like seg,  det var liksom ein plass laga til han, flink fiskar og garnbindar. Elles slo dei i Osvikmarkja, og attåt bøen heime kunne dei fore ku og nokre sauer.

Tidleg tok han til som jakteskipper. Han kjøpte seg storbåt og saman med Ludolf Selvik dreiv han å førde famnved  til Ålesund, og tok med seg fraktgods heimatt. Det var vel kanskje  ikkje alltid det vart så stor forteneste på desse byturane i seglskutetida. Dei vart ofte liggjande i dagevis å vente på bør, eller det kunne verte styggever på turen. Soleis høyrde eg han ein gong fortelje om ein bytur då dei  vart  dei liggjande på Honningdalen, det skulle vere ei av dei beste hamnene i fjorden. Og der vart dei liggjande i 14 dagar. Regna, gjorde han omtrent støtt, og om ei famnvedskie gjekk på sjøen, ja so sokk ho.

Desse fraktekarane var gjerne gode tillitsmenn for bygdefolket i dei dagar. Dei kjøpte med seg til byen ved, tønneband, poteter og mangt anna, og so frakta dei med seg heimatt korn, salt og mykje meir. Elles var det no mange ting dei måtte utrette for sambygdingane sine. Det kunne vere både hjå kjøpmannen i byen og på apoteket.

Eg såg ein gong ei liste ein av desse fraktekarane hadde med, og der stod det mellom anna oppført: «1 hodetørklæ, til kirkebruk til Christoffer Korsnes. 1 liten krukke sirup til Thore Nedrehus. 1 storrull skråtobakk til Thore Selboskar. 1 brokkbind ti] Martinus Viken, 75 øre. 1 glass sappis øyenvand til Ole Kaldstad, 35 øre.

Det vart elles lite kjøpt.  Berre det høgst nødvendige. Dei fleste levde av det dei avla på garden. I same bok som det dei skulle utrette stod oppført, var det også ført bok over dei varene dei frakta med til byene og det dei tok med heim att. So kan me samanlikna prisane før og no. For ein famn bjørkeved, 30 cm lang, var prisen her heime i 1860-åra 6 kroner. For dobbelved fure, 60 cm lang, var prisen 8 kroner. Ei tønne rug på heimturen, 11 kr. og denne var 100 kg.

Det kunne ofte gå lang tid etter at dei hadde teke inn ein vedlast før dei fekk bør til byen. Soleis har ei av døtrene til Karl Johan fortalt at far hadde liksom ikkje fred på seg før han kom seg avgarde med laste. Han stod då opp i grålysninga i fire - fem - tida om morgonen, for ut på trapphella for å speide i  veret og sjå kva drott han hadde. Og då høyrdest ofte merkelege lydar der ute på hella når han tøygde seg og skulle «lesa» veret. Men "Dua" låg trygt i fortøyningane, burte på den gode hamna og venta på børen.

Heilt til 1911 dreiv Karl Johan som jakteskipper. Han vart svært kank på sine eldre dagar, etter ein skade han pådrog seg på ein bytur. Dei andre som dreiv frakting her fekk seg no motor i båtane sine. Soleis fekk Jobs. Lyse i sin bår Norden ein Tennfjordmotor, og Kristian Solbakk hadde nyst kjøpt seg den kvite Svanen som han seinare fekk motor i. Karl Johan syntest han var for gamal til å setje seg inn i motorlæra og derfor slutta han.

I lang tid var det berre Karl Johan og kona i Bugen. Dei hadde hatt 7 bom. 2 døydde berre unge, og 4 døtre reiste til Amerika like etter at dei hadde slept fram for presten. Sonen Tore, fødd i 1886, dreiv som fisker.  Men på ein tru til Island i 1908 vart han sjuk, han hadde fått tuberkulose og døydde. Det var nok ikkje alltid so sanitært om bord i fiskeskøytene i dei dagar. Han hadde vorte smitta, og den tida var denne sjukdommen det same som døden. Det vart eit hardt slag for Karl Johan og kona då einaste sonen, og også den einaste som var att heime døydde so ung, berre 22 år gamal.

I den siste tida Karl Johan levde dreiv han litt heimefiske, og som garnbøtar både åt seg sjølv og andre.  Han var ein svært pratsam kar, kvikk i replikken så naboar såg gjerne innom han og slo av ein prat. Soleis var Sti-Kristian ein god ven av han. Det var ikkje sjeldan han sette årane nedi og rodde ut åt han Karl Johan. Elles var det no meir folksamt i Bugen før. Det var, etter den tid å vere, arbeidd god gangveg opp til Ruset og Ytterlid, og dei gardane hadde nausta sine i Bugen.  Det var soleis ferdsle der mest dagleg. Ruset-Anders og Ytli-Andrias var trottuge på Øyra for å få seg tobakk. Der ute på Øyra (Sylte) var det handelsmann også for Sjølberbygdarane, slik det hadde vore i lang tid. Det var ikkje greitt å verte tobakkslaus i dei dagar heller.

Elles hadde no Andrias Ytterlid og dreve noko handel i Bugen. Det stod att ei gamal bu etter ein plassemann, og der dreiv Andrias å selde «like inte» sirup. Han fortalde at han kjøpte heim i eit krus eit år, men eg vart brydd å verte av med det, sa han. Nei, kjeringane i bygda ville greie seg med vørter i julekakene sine det året.  Men likevel synte det seg at Andrias hadde overskot arv salet sitt. Ein dag Ruset-Anders kom ned, er det sagt ropa Andrias han inn og fortalde at han sat og «giorde balanse-rekning», og «eg skal seie deg, det er ikkje liten skilnad på begge sider», fortalde Andrias.

Ja, dette var no eit sidesprang om Bugen der Karl Johan og kona budde. Våren 1920 vart Karl Johan sjuk. Han var ikkje god til å fare åt Osvikmarkja å slå til kua den sommaren, og leid på hausten det året døydde han. Elisabeth, kona han§, budde mest åIeine der i 2 år etterpå. Det var ei dei kalla Lanes-Ane som var der med henne eit år. Ho var der for betaling, som dei sa. I 1923 kom yngste dottera hennar heim frå Amerika, og då ho reiste att noko seinare, vart Elisabeth med. Der i San Fransisco levde ho nokså mange år etterpå.

  

Til julefesten 1962.

Ole P. Selboskar.

  

Etterskrift.

Det var liv og røre i Bugen også i mine smågutdagar. Både Ruset, Selboskar og «Dei på Haugen» ute i Vikja kom ned her med tømmer og famnved. Eg måtte vere med far tidleg om våren ut på Bugasanden å sage famnved. Vi lødde han opp så nær sjøen som råd , attmed ein flat stein. Når han skulle leverast, brukte vi færingen til å frakte den ut til skutene, som Iåg litt utpå. Veden gjekk for det meste til Ålesund. Furuveden til bakarane, bjørkeveden var «for sterk», sa dei. Færingen vår vart rekna for å vere ein staut båt, den lasta ei famn dobbelved. Tømmeret rodde vi inn på saga. Det kunne vere ein hard tørn å kome rundt Selstokneset, for der bar alltid straumen ut, i aIle fall når vi skulle slepe. Vi kika av og til innom den gamle Bugastova. Det var ei fin lita stove med loft. I stova var det ei fint dekorert dør. Denne forsvant og det vart prata om at ho hadde vorte hyttedør fram i Valldala ein stad.

P.S.