Slik sett var det likevekt mellom ressursgrunnlaget og folkemengda. Men likevekta hadde allereie lenge grunna seg på ei viss utflytting, for bygdene hadde eit fødselsoverskot som ikkje fann levebrød lokalt.

 

Poteta gav framgang

Dette overskotet skreiv seg frå auka produktivitet i jordbruket og samtidig ei meir ekstensiv ressursutnytting. Potetdyrking er stikkordet. Poteter hadde vore dyrka i desse bygdene sidan 1740-50 åra, då gullsmed Hans Jørgen Reutz på Rellingen i Norddal sette i gang, kanskje som den første i landet.

  Med potetavlingar i tillegg til kornavlingar blei det rom for fleire folk. Men det fanst grenser for voksteren, og desse synte seg då det ikkje fanst meir dyrkande jord, sjølv ikkje for lite kravstore poteter.

 

Til Ålesund og Amerika

Men då var ungane fødde og mange av dei hadde ikkje noka framtid heime. Dei laut fare, og fleire tok vegen til den nye sunnmørsbyen, Ålesund, som voks veldig frå 1840-talet og utetter. Seinare, frå 1860-70-åra til eit godt stykke inn på 1900-talet, gikk ferda oftast til Amerika. Utvandringa var så omfattande at det enno, 150-100 år etter at ho fann stad, er det sterke slektsband mellom etterkomarane til dei som blei verande og dei som fór.

 

Blei hengande etter

I året 1890 var den samla folkemengda i Sunnylven, Geiranger og Norddal 4202, vel 30 prosent høgare enn kring 1840, og bare litt meir enn ho kan ha vore kring 1340.

  Relativt sett er det tale om eit samfunn i stillstand, for folkeauken på Sunnmøre elles var mykje høgare. Og frå den tid har det berre gått tilbake. I 1960 var folkemengda såleis 3510, nokre få hundre sjeler meir enn dei var meir enn seks hundre år før ...

 

... og så gjekk folketalet ned igjen

I 2006 var folkemengda snautt 2750, 21 prosent mindre enn i 1960 og 35 prosent mindre enn i 1890. Slik sett er det tale om avfolking både i absolutt og relativ tyding. Sidan 1890 er folkemengda i Sunnylven og Geiranger sokke med 48 prosent (frå 1792 til 930) og i Norddal med 25 prosent (frå 2410 til 1808). Men bygdene er enno ikkje folkelause, og grunnen er helst den økonomiske verdien av fjord- og fjellandskapet dei ligg i, mindre dei statlege overføringane til bygdesamfunn på sotteseng.

 

Økonomisk bakevje

Ulikt stordelen av Sunnmøre elles blei ikkje moderniseringa av jordbruket i desse bygdene frå første halvdelen av 1800-talet og utetter følgt av ei industrialisering frå sist i hundreåret. Det sunnmørske «industriunderet» synte seg ikkje i det heile i Sunnylven og i Geiranger, og berre lite i Norddal. Der det elles blømde og voks blei bygdene her liggjande i ei økonomisk-historisk bakevje, som nær reine jordbruksbygder i eit omvære i rask overgang til industrikapitalisme.

 

Fjellgardane blir forlatne

Utflyttinga og utvandringa var veldig samtidig som det voks fram ein klasse av folk som ikkje hadde høve eller midlar til å fare, eit jordbruksrelatert proletariat: husmenn. Dei sosiale skilnadane auka.

 

Frå 1890-åra og i to mannsaldrar utetter blei elles ekstremgardane forlatne, og ikkje lenge etter også gardar som låg noko betre til. Kring 1960 var det folketomt på dei aller fleste ekstremgardar, og likeeins på marginalgardane i dei gamle bygdene.

 

Fråflytta

Fire hundre års soge var slutt. Der «ingen kunne tru at nokon kunne bu», kunne faktisk ingen lenger bu, og ingen, sjølv ikkje hardbarka sjølvbergingsfilosofar har sidan budd éin vinter på ein sunnmørsk ekstremgard; nokre sommarveker har dei rett nok feriert der, men ikkje allstad og ikkje ofte ...

 

Avslutta soge

Sidan 1975 har samskipnaden Storfjordens Venner berga somme hus på nokre av desse til dels nedfalne, til dels falleferdige ekstremgardane, men det har vore og er uråd å rekke over alle, og same kor ofte tusen menneske tar seg fram og, oftast høgt opp til desse gardane på: Det dreier seg om minne, ei avslutta soge, med ingen annan funksjon enn den museale og, ikkje minst, sosiale.

 

 

Eventyr for turistane

No ser vi desse bygdene som fagre. Når frukttrea blømer ut på våren, og når dei står tjukke av eple, pærer, plommer og morellar om sommaren er ingen stad finare å vere eller sjå. 

  På dei sørvende og mest solrike gardane veks jamvel tropiske frukter oppetter veggane, vindruer og fersken. På åkrane heng jordbær i tjukke klasar, og i hagane bak husa bognar buskene av rips, stikkelsbær og bringebær. Oppe i marka er tuvene fulle av blåbær, og på myrane i fjelldalane glimar moltene som gull ut på seinsommaren.

 

Rikt på vilt

Og når hausten kjem kryr det av hjort i liene, og på høgfjellet er det flust av rein, store flokkar som spring lettføtte over brear og flog. Og ryper i mengder. I dei strie elvane står laksen stinn, klar til å sprette over stryket som fuglar, og i fjellvatna er det tjukt av kre (fjellaure).

  Det er som eit eventyr, og for turistane er det berre dét. Turistane kan kjøpe morellbær og jordbær og nyte utsynet frå ein plattform på høgfjellet eller over eit buldrande elvejuv, eller frå eit ferjeleie ved fjorden, men mykje meir enn dette får dei korkje smake eller sjå. Langs vegane kan dei rett nok nyte synet av geiteflokkar og somme villfarne kyr, og om dei er meir tiltaksame kan dei fare til seters for å ete rjomegraut og geitost og jamvel vaflar med søst, eller  andre eksotiske bakverk, som sveler eller lefser med smør og jordbærsyltety. Til drikke kaffi. Eller cola.

 

 

Turismen berga bygdene

Det er likt til at turismen har berga desse bygdene frå økonomisk og demografisk undergang, for utan turismen er dei snautt liv laga.

 

Turismen har på sett og vis eldgamle røter, for kanskje allereie frå vikingtida var tre små marknader å finne her: Hellesylt i Sunnylven, Maråk i Geiranger og Sylte i Valldalen; til Hellesylt kom nordfjordingar, til Maråk opplendingar og til Sylte både romsdalingar og opplendingar.

 

Lite kjend historie

Kunnskapen vår om desse marknadane er minimal; vi kjenner dei mest berre av namna («sylt» tyder helst marknad) og segner. Varene som dei lokale bøndene hadde å vende var truleg mest kjøtt, smør og ost.

 

«Handelsturistar»

Samtidig var bøndene sjølve «handelsturistar». Dei fór ikkje berre over Trollstigen til den digre marknaden på Devold nedst i Romsdalen, men truleg også til kaupstaden Borgund og, i yngre tider, med tendringar og jekter, til Bergen, men særleg til Trondheim, eller Trandem, som dei sa.

 

Frå fjordane til Trondheim

Trandemshandelen blei driven også ei god stund etter at Ålesund var etablert som Byen for sunnmøringane, til ut i 1860-70-åra. Då den første dampskipsruta frå kysten og innetter fjordane tok til i 1858 fór enno råseglfartya frå fjordbygdene den ikkje så lange, men kronglete og stundom farefulle leia over Hustadvika nord til Trandem, der dei ankra opp i Ravnkloa for å losse varene sine.

 

Hellesylt: Det første hotellet

Den første som «oppdaga» dei særskilde kvalitetane ved Norddal, Geiranger og Sunnylven, var teologen og topografen Hans Strøm i 1750-åra. Strøm fekk nok kost og losji utan å betale for seg, hos éin av dei fornemme familiane som høyrde til her, anten på prestegarden, hos gullsmeden i Dalsbygda, hos borgaren i Ytre Dale (Ytredal) eller gjestgivaren på Hellesylt.

  Gjestgivarstaden på Hellesylt kan reknast som det første hotellet her. Han må ha vore i drift lenge, for Hellesylt var eit knutepunkt for mange slags samferdsle. Dei fleste gjestane var helst bønder og postførarar, ikkje teologar og topografar, men det fanst nok velstelte rom og mjuke senger for slike med.

 

Hellesylt i 1827

Få fornemme turistar følgde i Strøm sine fotefar før litografen J.F.L. Dreier vitja Hellesylt i 1827. Rett nok hadde bispen og nasjonalskalden Johan Nordahl Brun (mellomnamnet hans skriv seg frå namnet Norddal) vore i området i 1799, men som stiftsprost, ikkje turist.

 

Idealisering

Dreier ville dokumentere det «nye» Noreg, det riket som hadde fått sjølvstendet sitt tilbake i 1814 etter nær 300 års danskevelde. Den idylliseringa og idealiseringa av det tradisjonelle bondelivet som Strøm hadde innleidd, heldt fram etter 1814. Dreier var helst meir realist enn Strøm, men braut ikkje med det nasjonalromantiske programmet til den tids kulturelite: Noreg skulle vere gjenfødd, og byrge odelsbønder skulle rå grunnen, som under Noregsveldet på 1200–1300-talet.

 

Appellerte til britar

Bildet var usant, men spennande og eksotisk. Mest appellerte det til utlendingar, særleg britar, mindre til innfødde, for dei fleste visste at det var urett, noko teologen og sosiologen Eilert Sundt dokumenterte i 1850–60-åra. Det var sant at det eldgamle målet enno levde, slik sunnmøringen Ivar Aasen hadde påvist, men det fanst ikkje noko overlevande idealsamfunn (som heller aldri hadde funnest). Fattigdom og fyll, sjukdom og skitsemd var meir utbreidd enn det motsette. (Dei økonomiske og medisinske tilhøva i fjordbygdene på Sunnmøre var elles mellom dei  beste i landet på denne tida.)

 

 

Henrik Ibsen – kjend pionérturist

Den mest kjende av pionérturistane i bygdene her var Henrik Ibsen, som på ei stipendferd i 1862 budde to veker på Hellesylt. Ibsen var snautt landskjend då, men det dramatiske fjord- og fjellskapet fekk evig liv i somme av verka hans, som såleis fungerte som «turistbrosjyrar» og ikkje berre dramatikk av verdsklasse ...

 

  Seinare følgde gentlemansturistar, lakselordar og fjellklatrarar, etter kvart også borgarlege turistar, og ikkje berre utlendingar. Med demokratiseringa av turismen frå dei siste tiåra på 1800-talet kom dei første hotella opp, mange- og storfaga tømmerbygningar i sveitsarstil, mange av dei prefabrikkerte. Sidan kom turistane farande på flytande hotell, som dei enno gjer i tusental kvar sommar.

 

Frå eksklusiv turisme før 1960 ...

Like fram til kring 1960 var turismen eksklusiv. Turistane var kongar, keisarar og adelsfolk, men dei aller fleste var av mellomklassen, norske som utanlandske. Så kom massane, og dei kom med bil og telt, etter kvart også med buvogner slepande etter seg.

 

... til masseturisme i dag

Folk flest hadde fått lov, og råd, til å kjøpe bil, og dei brukte bilen i dei få ferievekene sine til å sjå dei delane av landet som før berre hadde vore eit syn for dei få. Og dei likte det dei såg. Det som for 50 år sidan var teltplassar er no ikkje berre oppstillingsplassar for buvogner og bubilar, men også tettbygde småbyar av støtt meir velutstyrte hytter, somme store som hus, og jamvel moderne motell samt kioskar, kafear og restaurantar, kjegle- og minigolfbaner.

 

Formidabelt omfang

Omfanget av turismen (målt i gjestedøgn) er formidabelt sett i høve til folkemengda, men det dreier seg om ei næring som kastar relativt lite av seg, for same kor mykje turistvolumet aukar viser dette ikkje att i aukande folketal i turistbygdene. Slik sett er ikkje denne næringa mykje produktiv.

 

 

Ingen kan leve av fager natur, frisk luft og flott utsikt aleine; heller ikkje kjærleik inneheld eitt fnugg av energi. Då er det meir næring i frukter og bær, men ingen vil overleve på ein diett med slikt på matsetelen, sjølv ikkje med ei reinsdyrsteik innimellom. Turistnæringa ser også ut til å vere svært mager kost, og ein kan lure på om folk i verdsarvområdet i Norddal, Geiranger og Sunnylven vil vere liv laga dersom den lite profitable, natur- og miljøskadelege masseturismen får halde fram og utvikle seg som han har gjort til no.

 

«... vær trofast til det siste!»

Er ikkje tilstanden no slik at fjordbonden kan herme den gamle seiandsegna om gjester som ikkje hadde vet til å kjenne vitjingstida si: «Dei et opp maten og skit ut garden» ...?

Noko må gjerast for at fjordbonden ikkje skal seie med presten Brand i Henrik Ibsen sitt stykke med same namnet (der landskapet er det sunnylvske): «Sjel vær trofast til det siste! Seirens seir er alt å miste. Tapes alt din vinning skapte; evig eies kun det tapte!»

 

13.01.2020