Av: Harald Kjølås

Ansok.jpg
Sakarias Ansok 


Gjennom artiklane sine, kåseria sine  og bøkene sine gjorde han øydegardane levande for ettertida. Sakarias Ansok vart ein klassikar ikkje berre i eigne heimegrender, men også på kongens slott.

Heilt frå barndomen likte han å skrive. I sin tidlege ungdom skreiv han små forteljingar som han fekk inn i ymse blad. I ”Nynorsk Vekeblad” fekk han inn ei novelle som han fekk 25 kroner i honorar for, og i 1928, same året han gifte seg, gav han ut den vesle boka ”Skogsetgrenda”, ein bygderoman, men det vart ikkje store suksessen, og han la pennen ned til fordel for jorda. Eldste bror hans, Nils, skada seg og fekk stiv fot. Han kunne ikkje ta over garden, og det vart Sakarias som måtte lyfte arven som fjordbonde 250 meter over havet  på Ansok. Det var ikkje han imot. Han hadde lyst til å bli bonde, og når faren ønskte at han skulle ta over garden, så tilsa ættekjensla hans at han skulle svare ja. Etter folkeskulen arbeidde han på garden, og han har sjølv rekna ut at frå han var 16 år og fram til han var langt over 70 så bar han rundt 175 høybører inn i løa eller til løypestrengen kvar år. Det blir over 11.000 høybører. Det var ikkje akkurat små høybører, heller. Sakarias Ansok har sjølv sagt at det å stelle med jorda var det likaste han visste.

Sakarias Ansok (002).jpg
Sakarias Ansok var oppteken av teknologiske nyvinningar, og han skaffa seg tidleg ei motorslåmaskin som høvde i dei bratte bakkane på Ansok: (Foto: Magne Flem)


Likte å bryte jord
Eldste dottera, Gunnbjørg Bergseth, busett i Langevåg, fortel at faren hadde ein slags jordhunger, og det å utvide innmarka, det å bryte jord, dreiv han med heile livet. Bøndene på Ansok kjøpte jamvel den nedlagde garden Hammaren som ligg eit stykke høgare opp og lenger ute langs fjorden frå Ansok, og der dyrka dei opp 20 mål. Han visste så vel om slitet på dei fjord- og fjellgardane han seinare skulle skrive om. Som attåtnæring til bondeyrket tok han nokre år på seg jobben som mjølkekontrollør i Liabygda. Han var musikalsk, og då Liabygda musikklag vart teke opp att i 1920, kom også Sakarias med. Frå 1936 og til langt ut i 1950-åra var han også dirigent. Han hadde lang veg å gå på musikkøving ein gong for veka, og han skulle vere bra sjuk før han skulka. Når han var vekk fall arbeidet i fjøsen på kona, Gudrun (frå Øvstegarden på Lied). Ho var ein støttespelar for Sakarias gjennom heile livet, og det var ho saman med redaktør Magne Flem i Sunnmørsposten som greidde å overtale han til å reise rundt og intervjue dei siste attlevande frå dei fråflytta fjord- og fjellgardane.

Samlararbeid
Magne Flem hadde alt før krigen teke til å reise rundt på fjord- og fjellgardane for å fotografere. Då budde det folk på dei fleste, men etter krigen og utover i 1950-åra starta fråflyttinga for alvor. Etter krigen vart Magne Flem ein travelt oppteken redaktør, og sjølv om han i helgane framleis reiste rundt og fotograferte, så hadde han ikkje tid til å skrive om gardane i tillegg. Han jakta på ein som både kunne skrive og som hadde ein bakgrunn som gjorde at han kunne vekkje tillit hos dei som hadde flytta frå gardane. Han leitte lenge før han fann fram til Sakarias Ansok, og i starten var Sakarias uvillig. Han meinte at det å skulle reise rundt og intervjue folk og så skrive intervjua i avisa, vart ein for stor jobb for han, men alliansen mellom Gudrun og Magne Flem vart for sterk. Som 66-åring i 1964 starta han innsamlinga og intervjuinga, og året etter sto den første artikkelen i Sunnmørsposten. I åra etterpå vart det i alt over 60 artiklar i avisa, alle saman basert på intervju med og tips frå dei som hadde budd på fjord- og fjellgardane. Eigentleg skulle han ha skrive også om Ansok og om nabogarden Klevberg, for dei var også bratte gardar i fjellsida, men det vart for nært. Også nabogarden nede ved sjøen, Grova, hoppa han over av same grunn. Både Ansok og Flem angra seinare på at dei ikkje hadde starta innsamlingsarbeidet tidlegare. Mange sentrale kjelder hadde blitt borte. Han greidde å spore opp dei som hadde flytta og etterkomarane deira gjennom både god personalkunnskap som han hadde sjølv, og også tips frå dei som hadde flytta. Mange av folket på desse gardane var i slekt med kvarandre gjennom giftarmål på kryss og tvers av fjordane gjennom hundreåra. Nokon lett jobb var det ikkje. Mange var lite snakkesalige, og han nærast måtte hale orda utav dei. Han fortel om første møtet sitt med brørne Martin og Ole Knivsflå i Geiranger. Ole gjekk under namnet Store-Kniven. Sakarias gjekk i hælane på dei ein heil dag og måtte hale ut av dei eitt og eitt ord, men når dei først tødde opp så var det ikkje måte på alt dei kunne fortelje. Berre ein gong fekk han nei til intervju, og måtte skaffe informasjonen på annan måte.

Tre bøker
Sakarias reiste gjerne til byen med artiklane når han hadde dei ferdig, og dei vart diskuterte med Magne Flem. Det kunne bli høgrøysta diskusjonar mellom dei, Magne ville ha kortare tekst og fleire bilde, mens Sakarias ville ha med alt han hadde skrive. Fotograf Bjarne Skarbøvik har fortalt at han ofte måtte inn for å mekle. I avisa hadde Magne Flem det avgjerande ordet, men når artiklane skulle kome i bokform, dukka same striden opp, og då tok Sakarias siste stikk. Han gjekk til banksjef Bjarne Rønneberg i Stranda Sogelag og fekk dei til å gi ut bøkene, men Magne Flem som hadde tenkt seg at Sunnmørsposten skulle utgi dei, var meir oppteken av den kulturhistoriske verdien enn av eigen prestisje, og han stilte heile det fotografiske materialet sitt til disposisjon for sogelaget. Bøkene vart også trykt i Sunnmørsposten. I 1970 kom den første boka ”Eld som slokna”, i 1973 kom den andre, ”Far etter folk” og i 1980 kom ”Menneske vi møtte” som inneheld også artiklar som ikkje først hadde stått i Sunnmørsposten. Bøkene vart ein knallsuksess, og har danna grunnlaget for fleire andre bøker og TV-program. I dag finst bøkene i dei fleste bibliotek og jamvel på Slottet. I tillegg til bøkene reiste Sakarias mykje rundt i lag og lyd og kåserte om fjord- og fjellgardane. Stoffet kunne han på rams.

Både artiklane i avisa og bøkene gav etterkrigsgenerasjonen nærast kultursjokk. Dei grøne flekkane med hus til nedfalls i fjellsidene langs fjordane vart brått noko meir enn turistattraksjonar. Dei vart kultur, historie og identitet. Ikkje minst var det avisartiklane og bøkene som gjorde at Storfjordens Venner vart skipa i 1975. Sakarias var då også årviss deltakar på sommarstemna til Storfjordens Venner heilt fram til det siste på Vidhammer, året før han døydde. Både han og Magne Flem er æresmedlemer i Storfjordens Venner. Sakarias har dessutan vunne Fylkeskulturprisen og han er blitt heidra av Stranda kommune for det verdfulle arbeidet sitt.