Denne turen var alltid lagt til midten av desember. Dette kanskje for å få med seg litt ekstra heim til jul. Kaste-karane hadde somme tider føreåt frakta til Osvika slikt dei skulle ha med seg, eller dei kom roande med eigen båt, om veret var til det. I alle høve måtte det vere stilt på sjøen, for det er ein dryg veg å ro til Dalsbygda. Det var ikkje alltid eg fekk vere med, men eg hugsar godt somme turar. Saman med oss var då han Litlehjell-Karl Johan og han Nes-Ole Severin. På turen utover vart det prata og diskutert om mange ting. Eg syntest det var forvitneleg å få vite om namn og hendingar langsmed landet der vi for. Innanfor Vindsneset var eg godt kjend, men utanfor var namna framande. Vindsneskolvet, Kaldekløven og Hestholmen til dømes. Om namnet Hestholmen fekk eg vite at det eingong symde ein hest over fjorden frå Muri. Han kom seg i land på Hestholmen, og der vart han ståande til han vart henta med båt derifrå. Vidare utover var det Bytegrova, og så litt utanfor den Brudekråna. Segna fortel at det eingong forliste eit brudefylje her, og at i alle høve bruda omkom.

So var det Geitvikja vidare utover. Vi rodde forbi ein stad der det var eit lite rundt hol i fjellet like ved sjøen. Ole-Severin gliste godt då han fortalde meg at det eingong for ein hund inn i holet. Hunden kom seinare att på Kaldhussætra, og då var han hårlaus. Eg syntest dette var dryg kost, men protesterte ikkje.

Når vi no nærma oss Dalsbygda var det eit namn og ei hending eg syntest det var interessant å høyre om. Det var om bukken som var på vill flukt med ein bjørn etter seg. Bukken greidde å hoppe over eit gyl som var der. Bjørnen greidde det ikkje. Såleis berga bukken livet. Staden heiter «Bukkespranget» den dag i dag.

No var vi komne så langt at Dalsbygda kom til syne, med sitt kyrkjespir og mange hus og naust. Dei to handelsmennene held nok også utkik etter kundar både på land og sjø, for vi var knapt komne til lands, så var i alle høve han Jakob komen der for å ta imot. Ole-Severin var fast kunde hos han, somme tider også Karl Johan. Men Kaste- og Osvikfolket var faste kundar hos Bude-Ole.

Var dagen kald, var det godt å få kome inn i den varme butikken. Og det var berre kort tid, så hadde ho Bude-Berthe ein varm kaffikopp til karane, og ein mjølkekopp til meg. Ja, denne butikken – «buda» - kan eg tydeleg sjå for meg endå. Disken gjekk i ein vinkel og baksida var full av skuffar som igjen var fulle av varer. Dei to veggane bak disken var fulle av hyller og skåp, og framanfor disken var det fullt av mange slags varer både på vegger og i tak. Denne buda og alt som der var, er så målande skildra i diktet «Balladen om Buda», som dalsbygdaren Alv Dale har skrive. Der var i alle høve ein underleg og rar atmosfære som eg syntest eg kan fornemme endå.

Men her skulle handlast, og huskelistene kom fram. Etter at det meste var gjort ferdig på Buda, barst det til naustet hans Ole der skinna skulle saumfarast. Det måtte ikkje vere hol, for i såfall vart prisen sterkt redusert. Eg hugsar han Ole oppdaga eit hol i eit av kalveskinna hans Kaste-Karl Elias. Karl-Elias tok straks til med eit lang og omstendeleg soge om drengen dei det året var plagande med. Han hadde vore til mykje ulempe heile sommaren, og når hausten kom, vart resultatet  diverre hol i fleire skinn. Ole vart så oppteken av alle desse bedrøvelege historiene at holet i kalveskinnet vart gløymt. Når skinnseansen i naustet var over, inviterte ho Berthe oss til «full» middag, slik som han Lauritz uttrykte det. Og vertskapet gav seg god tid. Dei måtte nokre vender ut på Buda til nokre små ekspederingar, men slikt var dei vane med. Etter at alt mellomverande i handel var gjort opp, måtte vi byrje på heimvegen. Desemberdagen er kort, så vi rakk aldri heim i dagslys ein slik dag. Ole-Severin  vart forfylgd til voren av han Jakob. Han måtte være sikker på at han ikkje tok ein avstikkar til Ole-Buda. På heimvegen vart så skinnprisar og anna diskutert. Og Ole-Severin kunne fortelje at han Jakob også hadde skjenkt han ein real dram, og berre det var vel verd ein Dalsbygd-tur.

No kan det vel hende at han Buda-Ole også hadde hatt ei flaske framme, men slikt var best at han yngstemann som var med, ikkje fekk så mykje kjennskap til. I alle høve var dette for meg ein av dei store dagar i mitt minnealbum.

Vel kunne det vere interessant med butikkane på Sylte, men dei kunne ikkje måle seg med dei to «Budene» i Dalsbygda. 


Jakopbuda.jpg

Det kvite huset er Jakob-buda og naustet nede til høgre tilhøyrer Ole-buda som låg opp på marka rett bak. Foto utlånt av Asbjørn Krohn Dalen  

16.04.2020

16.04.2020