Peder Sandvik

PederSandvik.jpg

Peder Sandvik (1874-1970) dreiv Framigarden, eitt av to bruk i Sandvik på Furstranda.

I Sandvik, den ytste garden på Furstranda er der to bruk. I daglegtalen kalla Heimigarden og Framigarden. Heimigarden ligg ytst og Framigarden inst av dei to bruka. Peder Sandvik tok over Framigarden frå faren Ole Petter i 1918, 44 år gamal, men han hadde då i mange år drive garden som om han eigde han, og det var vel kanskje ein viss irritasjon over at gamlingen ikkje ville gi frå seg den formelle eigarskapen? Faren Ole Petter var jekteskippar og hadde turar til Nord-Norge, og var vekke i lange periodar. Då var det kona Kristianne som styrde, men det var først når Peder tok over at det vart skikk på gardsbruket. Som vaksen tok han til å bryte jord, og før han var ferdig hadde han nydyrka 30 mål og køyrt vekk tusenvis av steinlass. Ikkje minst jordbrytinga gav han kjempekrefter som det gjekk gjetord om i fjorden. Han nytta av steinen til å bygge ein 400 meter lang gardsveg som var Framigarden sin andel av den fem kilometer lange kjerrevegen som bind gardane på Furstranda saman. I tillegg til kjempekreftene var Peder også hendig og arbeidsvillig. Åra frå 1901, då han var 27 år, til 1915, då han var 41, bygde han nytt stabbur, nytt sel på setra, vasshjul med hus for trusking av korn, nytt stovehus, nye løe og fjøsbygning og nytt reiskapshus og vedhus. I tillegg dreiv han fiske etter torsk og sild ute ved kysten vinterstida. Han drei også heile livet eit intensivt laksefiske både ved Vartdal og seinare i Storfjorden utanfor Sandvika. Etter at han var ferdig med  byggeperioden sin dreiv han i mange år med torskefiske i Borgundfjorden, og både han og faren dreiv mykje med vedahogst i lia ovanfor garden. Veden rodde eller segla  dei til Ålesund og selde han der. Ein fullasta færing med ved er ikkje lett å hanskast med når det blir mykje sidevind, og i 1891, då Peder var 17 år, kollsigla han og faren og grannen, Andreas Oppsal, på Flisfjorden mens dei var på veg til byen med ved. Alle tre kom seg opp på båtkvelvet og vart redda. Peder var også aktivt med i styre og stell i Ørskog kommune som Furstranda den gongen var ein del av. Han sat ni år i herradsstyret, han var med i likningsnemnda og også i forstandarskapet i Ørskog Sparebank.

Sandvik fekk telefon alt i 1923, men sambandet var så dårleg at ein gong dei ringde for å få tak i doktor, så svar han at han ville høyre dei like godt om dei la frå seg telefonrøret og gjekk ned til fjorden og ropte inn til Aursnes. Peder døydde i 1970, og året etter vart Framigarden i Sandvika fråflytta, men framleis blir dei to tuna haldne i hevd som framifrå sommarbustad.