MOTVIND

Bestefaren, Karl Andreas, fortalde og gav dei gode råd om korleis dei skulle gjere det i forskjellige høve når dei var ute i båt. «Når dokke rør motvind, ska dokke ikkje ta  ti. Når det kjem ei rosse ska'kje dokke ta ti unødig mykje, - berre slik at han held båten mot vinden. Når vinden løya ska'kje dokke ta  ti, for då gjeng båten framover likevel.»

I dag kan ein undrast over slike råd, men bakgrunnen var at i den tida måtte ein tenkje på  å spare på kreftene sine heile tida.

 TYNNAKNUTE

Bestefaren fortalde han også korleis  han skulle forhalde seg dersom han kom borti ein tynnaknute.- Då skulle han leggje årane godt ned i sjøen og halde dei roleg, slik at han heldt båten rettast mogeleg. Han var ute for det ein gong. Han gjorde som bestefaren hadde sagt, og det gjekk bra. Einaste var at hua hans reiste, og han har alder sett ho att.

 LEIK PÅ ISEN

Stundom når det var is på fjorden brukte dei å fare ned på fjorden og leike lite grann.

Faren, Karl Gustav, var veldig  omtenksom, og han gav dei skikkeleg instruksjon om korleis dei skulle forhalde seg dersom det hende noko. Kanskje var det erfaring, og kanskje var det bakgrunnen hans frå underoffiserskulen som gjorde at han var så tenkt. Dei hadde soleis alltid med seg kasteline med lodd i og båt.

Ein gong bar det so til at Sander datt på baken og for ned gjennom isen. Dei hine hivde lina bort åt, og det gjekk greitt å kome seg opp att. Han vrei strømpene og byrja å gå oppover. Det var ein sju kuldegrader. Han var kald etter dukkerten, men han sprang og gjekk det han greidde så han fekk fort varmen i seg. Då han kom opp på rørne, var det  skjelle. Klea fraus  te og vart stive, så det  vart skikkeleg tungt på slutten. Men det var ikkje så ille. Han brukte vanlegvis berre eit kvarter frå sjøen og opp på Korsneset.

Han sveitta då han kom opp. Faren gjekk mot han oppe i tunet, og han visste kva han skulle gjere. Han plasserte Sander opp i ein stamp og slo lunka vatn ned med klea så dei tina opp innanfrå. –Så fekk han ta seg klea på folkevis, og vart berre ei erfaring rikare av heile episoden.

 MED SEGL TIL SØDALSVIKJA

Ein gong tett føre krigen hadde notlaget stengt sild på Sødalsvikja. Han og Dagmund skulle stad å få seg litt lineagn. Då brukte dei segl,- det bles så høveleg friskt utatte innfor Furneset.  Dagmund sat  ved roret og passa seglet. Då kom det ein roksalve. Dagmund sa Sander skulle ta ned seglet, men han  fekk det ikkje ned. Blokka i masta hadde klovna slik at tauet skar seg fast. Då tok Dagmund og køyrde   båten slik at hau fekk så vidt litt vind inn i seglet. Då vart der så mykje slakk på at Sander greidde å løyse opp vantnåla. Seglet bikka til havs, og dei fekk ta seglet inn att på båten. Så var det å bruke  årane resten av turen. Notlaget som låg innpå Vikja, var sikker på at det hadde gått gale. Dei sende ut  ein mann i lettbåt. Då han såg at vi klarte oss, snudde han naturlegvis!

 TIL VERPESDAL FOR Å TRUSKE

Dagmund og Sander skulle ut i Verpesdalen for å drage truskemaskina. Ein måtte drage ho med handemakt. Dei flôta båten og fôr ta Korsneset litt føre seks. Det var mørkt då dei starta. Det var sikkert litt utpå våren for isen var oppstokken av sola.

Dei rodde til dei kom utfor Vikabergane, og då var isen komen dit. Dei hadde greitt å ro rundt, men så måtte dei bortonde Neslandet. Derfor gjekk dei over isen og drog båten. Kristian Solbakk låg utfor Honeset og venta på at isen skulle sige ut, så han kom seg innmed. Dei drog båten og då rivna isen så han Solbakk fekk ro fritt. Då rodde dei vidare, og godt åtte var dei i Verpesdalen. Dei truska til klokka sju om kvelden. Då rodde dei inn i Fjørå på dans på Ungdornshuset. Då det var slutt, rodde dei innatt på Korsneset. «Det var moro med!» seier Sander i dag. Dei var trena med å  fare på isen;- dei greidde å vurdere kva som gjekk an og ikkje.

 MOTORSYKKEL PÅ ISEN

Martinus Tafjord brukte å frakte post, varer og passasjerar ut til rutebåten. Han kjørte ut til iskanten, og der ekspederte han posten og varene, og passasjerane  gjekk om bord.

Rattkjelken tilhøyrde Trygve Tafjord. Han var laga av ein gammal spark. Han var lang og der var plass til ekstra mange.

Bilde 6-Motorsykkel på sjøisen.jpg


 TIL SJUKEHUSET PÅ ISEN

Ragnhild Nordgård var berre I6 år den vinteren i 1947. Ei natt kjende ho seg  skikkeleg dårleg, og låg i senga si og verkte. - Ho måtte på sjukehuset!

Det var is på fjorden og mange kuldegrader. Korleis skulle dette gå?

Det var så mykje å ordne at ingen hadde tid til å tenkje på korkje kle eller utstyr  til Ragnhild. Ho vart  berre tulla inn i ein morgonkjole og nokre ullteppe og lagt ned i sjukebåra.

Det første stykket køyrde Martinus på motorsykkelen sin. Ella, søstra til Ragnhild var med, og ho fekk  sitje på motorsykkelen. Isen var utrygg på grunn av alle elvane, og forutan båre, måtte dei også ha  med seg båt for tryggleiken si skuld. Utafor Seineset var isen sikker og dei kunne leggje frå seg båten. Då vart det lettare på vegen ut i Fjørå.

I Fjøra gjekk dei på land, og Ivar Tafjord og Sander Korsnes var mellom dei som bar ho vidare utover  til Rusetbugen. Derifrå var det ut på isen att. Birger og Ichle-Pe Iåg med "MB Tafjord" på Sylte. Dei la båten inntil iskanten. Det var ikkje problemfritt å kome seg om bord. Isen var dårleg og dei var redde for å trakke hol på han. Men dei hadde rikeleg med tau, og kjelken vart hala om bord i båten.

Dei som hadde vore med Ragnhild ut til båten, fekk med seg varer før dei la tit på den lange turen inn att.

Tafjord gjekk så heilt til Ålesund med pasienten der ho vart operert med ein gong. Heldigvis gjekk det bra! Det var så nære på det gjekk gale.

Ho fekk låne seg kle av slektningar då ho reiste heim att. Ho huskar godt ein fin gråbeige kjole, som  var i største laget. Men det høyrde til eit belte, så ho greidde å få det til så ho følte seg ganske fin likevel.


Først trykt i Årbok for Norddal 1996.

04.07.2019