Frakteskuta hans Tore heitte «Stanley», og var den finaste av alle båtane. «Stanley» vart vel passa på , han vart skrapa og olja kvart år, og rekka, rorhuset og kahytta nymåla. Kven kjende ikkje «Stanley» når han kom til syne rundt neset, med småbåten diltande etter i kjølvatnet?

Dette var i åra 1925 – 1935. Rutebåtane kom eit par goner i veka inn til Fjøra og Tafjord, og «Stanley» var eit traust tillegg i kommunikasjonane. Det var so mykje ein kunne gjere med «Stanley», so ikkje høvde med rutebåtane. Valldalingane hadde famnved inni og utanpå kyrkjebuene sine nede på Sylte. Dei selde han til Tore, som søkklasta «Stanley». Når båten var full av fint oppstabla famnved, var det endå plass til litt meir, kan hende nokre potetsekkar eller anna som skulle til byen. På kvar tur hadde Tore lange lister med ting han skulle utrette i byen for ymse folk. Dette gjorde han heilt gratis, han ville aldri ha tenkt på å ta imot pengar for ei lita utretning! Og aldri var det nei i hans munn.

Når ferda gjekk til Ålesund, var det gjerne å setje kursen midtetter fjorden og ikkje stoppe før ein var framkomen og kunne fortøye seg ved Prestebrygga eller i Kipervika. Då la Tore seg ned og sov de rettferdiges søvn, og i køya med den mystiske, litt våte lukta av maskin og sjø og tare, og med småbylgjene skvalpande utanfor skutesida.

Tore Ytterli Portertt.jpg

Tore Olai Ytterlid. Foto frå Gunnar Aspehjell sitt familiealbum.


Ein del av famnveden var som regel tinga burt, og resten gjekk fort unna. Tore sto med bøygd rygg og kasta dei vealogene opp på brygga. Når «Stanley» var lossa, vart dekket og rommet spyla og gjort klart til alt som no skulle om bord, og som skulle inn i fjorden. No var det ålesundarane som grov og masa på Tore og ba han gjere utretningar for dei inne i fjordbygdene; Kan du skaffe meg nokre brett med jordbær? Kan du ta med eit par geitostar? Kan du skaffe meg ein stor laks til å sende på røyking? Og Tore svara ja, som alltid. Etter nokre dagar i byen, var det å tenkje på heimferda.

Tore var fri som fuglen. Han kunne sjølv bestemme når han skulle reise. Den vesle familien sin tok han med. Han var ung og frisk og hadde bjørnekrefter.

På heimturen vart det ofte stopp på Dyrkorn, i Stordalen, på Stranda, i Eidsdalen, til dømes. «Stanley» gjorde ein fin boge før han la til ved brygga, og folk seig nedover mot båten, festa lina og skulle frette nytt frå byen.

 

Ein gong var mest hans siste time komen. Han var ned i den tronge maskina og skulle smyrje, og so vart overallen hans huka fast i svinghjulet. Kleda vart skrella av honom, og hud og kjøt, heile sida nedover. Men han kom seg laus og til lands. Sårfeber fekk han og måtte liggje lenge. Doktoren måtte bruke saks på hudstrimler og kjøttrevlar. Men han Tore kom seg på beina att.

 

Tore hadde vener overalt, i en minste avkrok, i dei høgste liene. «Stanley» vart fortøygd i Rusetbugen, og med småbåten rodde han inn til huset sitt i Fjørå. Det var ikkje rare greiene, men det var han sjølv som hadde fått det opp, med pengar tent på slitsamt Finnmarksfiskje. Det sto på ein bygsla bergskolt som heitte Storsvå. Her kunne han dyrke hobbiane sine når det var ei fristund. Han bygde båtmodellar, flotte seilskuter, og han var ein grepa spelemann. Han kunne få hardingfela til å gråte og danse, og han var som eit heilt orkester når han stemde i med ein reinlender, gangar eller springar. Mange var dei som svinga seg i dansen når han sette bogen for hardingfela si.

Og så kasta han not eller sette garn i fjorden, og bar ein del av fangsten opp i bygda og ga dei der oppe litt fersk kokafisk. Betaling? Aldri i verda!

So datt Heggurdsfjellet ned, og Tore sprang for livet oppover dei bratte bakkane til Reiten, med kona og dottera i helane. Det vart ei lang natt. Verst var det kanhende då naudskrika tystna bort og fjorden roa seg att. Neste dag var Tore ein av dei fyrste nede ved stranda, der husa var skrapte vekk og berre dei nakne tomtene stod att. Nils, eldstebroren hans, og Petra, kona, og ei tre sønene deira var borte for alltid. Men Tore gret for alle dei andre som miste livet òg.

Tore Ytterli bilde.png

Tore i fin, ny uniform Foto: Turid Aspehjell

Men livet gjekk vidare, statusjaget byrja og Tore måtte fylgje med. Han sette seg på skulebenken att og tok eksamen. Løna var ein fin kapteinsuniform. «Stanley» og Storsvahuset vart selde, og han slo seg ned i Ålesund, der han til slutt fekk seg opp eit fint hus, med stor hage. Han vart førar på Bilfergen, og kunne på den måten halde fram med å vitje alle venene sine innover fjorden, og gjere utretningar for dei. Under krigen gjorde han sitt beste òg. Han var kjelda som kom med siste nytt, han gøymde radioar i fjellhamrar, han pirka trådane i tyskarane sine sukkersekkar frå kvarandre og fylde koppar og kar med dyrebart sukker. Han varma opp under smørdallane deira og tok det smelta smøret ut nedanfrå, medan dallane var like fine oppå. Han tømde fløyten av mjølkespannene rett før ferja kom til Ålesund. Mindre vart det på tyskarane og meir vart det på alle Tore sine vener.

Tore Ytterli ferge.png

Ferjekaptein Tore Ytterlid  på jobb.

BILFERGEN 1924.jpg

MF "Bilfergen" på fjorden en gang mellom 1931 og 1934. I -31 fikk den navnet "Bilfergen" og i -34 ble den ombygd og dekket fikk form som hangardekk.


I 1960 vart han sjuk, det hadde vorte for mange wienerbrød og svinekotelettar i dei siste åra. Han vart lagt inn på Ålesunds Sjukehus, og der døydde han etter eit kort sjukelege. Det kom som eit sjokk på mange. Tore avliden, han som var so full av vitalitet? Kona hans  hadde vorte åreforkalka, og fekk det med seg at ho skulle gjere reint bord. Ho ga burt og selde alt for ein slikk og ingenting, hus og hage, møblar, modellbåtar, hardingfela, den fine boksamlinga hans – hardingfela hamna inne i Liabygda, og fekk seinare 2.premie på ei landsutstelling. Berr ein ting er att etter han Tore Olai Ytterlid: Ei sylvmedalje frå Carnegies Heltefond, for fire mann han hadde berga frå å drukne. Ja, eg gløymde visst å seie at han var ein helt òg, han Tore. På medaljen står det: «Stort er det at sætte sit eget liv ind for at redde andre.»

Ære være hans minne.

 

Artikkelen stod først på trykk i «Jul på Sunnmøre» 1979.

Solveig Ytterli vart fødd i Fjørå i 1920. Ho gjekk på skule der, i Ålesund og i Oslo. Fra slutten av 1950-åra budde ho i Paris.

06.05.2021