At Harald rakk over så mykje som han faktisk gjorde, var rett og slett imponerande. Attåt avisarbeidet skreiv han tjukke bøker og fyldige artiklar i blad, hefte og tidsskrift. Han var foredragshaldar og debattleiar, og han hadde medlemskap og tillitsverv i fleire lag og organisasjonar både på riksplanet og lokalt.

Han likte det slik, sa han. Så då arbeidsgruppa til den nyskipa Foreininga Sjøfart og sjøbruk i Storfjorden med Johan Weiberg Gulliksen i spissen, i 2017 bad Kjølås verte leiar, tok han utfordringa på strak arm.

Sjøfart og sjøbruk i Storfjorden

Noko av det første Harald Kjølås gjorde som leiar i Foreininga Sjøfart og sjøbruk i Storfjorden, var å opprette ei heimeside for det nye tiltaket. Og ikkje nok med det, etter kort tid hadde han faktisk forsynt nettstaden med fleire titals artiklar. Seminar og medlemsmøte vart også avvikla i løpet av skipingsåret. I Stordal og i Valldal, på Sjøholt og på Stranda. Alt handla om å få dokumentert Storfjordens historie på alle måtar og så grundig som råd, for ingen måtte tvile på at dét er viktig.

Harald Kjølås i 2007. Foto: Ståle Wattø

Harald Kjølås (1942-2017)                                         Foto: Ståle Wattø

Storfjorden — også hans fjord

 At Storfjordens mangfaldige og spennande historie interesserte og fascinerte Harald Kjølås mykje, var det ingen tvil om. Han hadde jobba med dette stoffet år etter år både som avismann og lokalhistorikar. Ja, med stor lyst og, det skulle elles berre mangle. For med ætterøter og barne- og oppvekstår på Stranda, var Storfjorden sjølvsagt også hans fjord.

Det var på Martinusplassen, nokre dryge bakkar opp frå Kjølåsvika på Stranda, Harald voks opp. Med mor, far og tre søskjen, og med blomster og grønsaker i handelsgartneriet til foreldra rett utanfor stovedøra.

Ole Andreas Kjølaas, Haralds farfar, budde også på Martinusplassen. Han hadde som 23-åring i 1889 etablert seg som handelsmann i heimbygda og på kort tid skapt seg eit solid namn og firma både der og blant fjordfolket elles på indre Sunnmøre. Og Harald, som rakk å få med seg nokre av farfarens siste leveår, snappa sikkert opp mykje av det han fekk høyre om både gamlefar og farne tider. Så at nettopp livssoga hans «O.A.» var blant det som kveikte Haralds etter kvart sterke interesse for vår nære, lokale historie, er slett ikkje utenkeleg.

Den produktive Harald

Alt i ungdomsåra, det vil seie både som gymnasiast på Sandane og då han studerte samfunnsfag ved universitetet i Oslo, tok Harald Kjølås til å arbeide systematisk med lokalhistorie. Mellom anna var han i 1968 medforfattar av ei bok om Stranda Ungdomslag og det dette laget på fleire viktige område fekk å seie for utviklinga av bygdesamfunnet. I tillegg skreiv han artiklar her og der, samstundes som han rimelegvis også samla stoff til eige arkiv og seinare bruk.

Som lokalhistorikar så vel som i sin yrkesaktive kvardag først som stortingsmedarbeidar i NRK, dernest som avisredaktør — var Harald heile tida høgt respektert. Han vart oppfatta som seriøs, innsiktsfull og solid, og han var i tillegg heldig som kunne stø seg til eit omfattande nettverk, opparbeidd gjennom fleire år og innan mange område. Det som hadde med Storfjorden og folket langs med, ikkje minst.

Avisartiklar, bøker og kalendrar

I tillegg til alt Harald Kjølås sette på prent i eiga avis, handla skrivearbeidet hans om Storfjorden mykje om artiklar i publikasjonar utgitt av i hovudsak Stranda Sogelag, Sunnmøre Historielag og Sunnmøre Museum, slike han var knytt til med medlemskap eller tillitsverv.

Men det galdt også stoffleveransar til eksempelvis Maritimt Magasin, og i høg grad òg om bindsterke bøker som Gardane langs Storfjorden og A.M. Liaaen 150 år. Den siste med heile historia bak det stolte skipsverftet som sunnylvingen Nils A. Liaaen frå fjordgarden Ljøen grunnla i Ålesund i 1861.

Nemnast må også at Kjølås i 2000 var hovudredaktør og medforfattar for Sunnmørspostens jubileumsbok 100 år 100 navn, og at han på Det Norske Samlaget året før kom med boka Norske statsministrar.

Storfjordkalenderen med historiske fjordbilde og fyldige bildetekstar for kvar månad, er ei historie i seg sjølv, for den har Harald Kjølås (1942-2017) gjort det aller meste med åleine frå første utgåve. Kalenderen hans for 2018 er den 24 i rekka utgitt av Storfjordens Venner, der Kjølås vel fortent står som heidersmedlem.

Asbjørn Gjærde