19 06 10 kyrkjebuder Stranda Sløgstad

Sløgstad, Stranda. Gardane eigde kyrkjebuene og tomta buene stod på. Det vart eit svare strev når sentrum med allmenningem skulle omregulerast og kyrkjebuene skulle fjernast. Det enklaste var nok å oreigne grunnen, og på den måten fekk dei rydda sentrum av Sløgstad.


Naust fanst det nede ved sjøen i alle bygdene på Sunnmøre, men i strandstader med kyrkje, og med eit dalføre i bakkant der det var gardsbruk, fanst det også kyrkjebuer. Slik har det vore heilt sidan middelalderen, og truleg endå lenger. Gardane hadde hevd på tomtene buene sto på, og forsøk frå prestar på å krevje bygselsavgift fordi buene sto på det som opphaveleg vart rekna som prestegardsgrunn, vart blankt avvist av retten. Alle bygder kalla då også området rundt kyrkja for allmenning, og i det ligg ein felles eigedomsrett og bruksrett til grunnen som det ikkje er bygd  på. Ned mot flomålet sto gjerne ei lang naustrekkje. Der var flest naust for færingar, men her fanst også nokre åttringsnaust og jamvel jektenaust, sjølv om desse vel oftast vart lagt i opplag i jektekøyler eller jekteveiter utandørs. I dei bygdene som ikkje hadde kyrkjebuer ved kyrkja, var det gjerne avsett plass for hest og kjerre, og  gjerne også eit område som hestane kunne beite på mens eigarfamilien var i kyrkja. Tilgang til ei stø for å legge kyrkjebåten var også ein rett kyrkjefolket på andre sida av fjorden eller lenger ute i fjorden hadde, og dei kunne bruke naust til å byte om til kyrkjeklede. Ute på øyane måtte alle som ikkje høyrde til på øya der kyrkja sto, i båt, og som det står i kyrkjehistoria til Haram, så kunne det på ein godvêrssundag yre med båtar på veg til kyrkja på Haramsøya. «Karane sat ofte i skjorteerma og rodde. Kvinnene sat i skutane og på baktofta med stakkane oppbretta så dei ikkje skulle verte tilsulka. Stundom kunne ein høyra songen frå kyrkjebåtane vide omkring. Når folk kom til lands, gjekk gjerne kvinnene inn i eit naust og skifte beste kyrkjekleda på seg. I god tid før det ringde saman, samlast folk ved kyrkja og nevehelsast.» På øyane i Haram var det elles få høve folk hadde til å treffast og frette nytt. Kyrkja og kyrkjebakken var den naturlege samlingsplassen før krambuene og eit sentrumspreg voks fram. Sjølv i styggevêr måtte dei til kyrkje, og i kyrkjebøkene i fleire bygder står det i merknadsrubrikken: «bleiv på sjøen på kyrkjereis». Også inne i fjordane kunne vinden vere lunefull, og det er døme på at både ein prest og fleire kyrkjefolk har forlist og drukna på kyrkjeferd, Den tida Norddal høyrde til Sunnylven prestegjeld (fram til 1861), og presten og klokkaren budde i Dalsbygda, vart det ein lang og særleg om vinteren, ein farefull rotur til kyrkja på Hellesylt.  Det blir fortalt om klokkaren Ivar Høegh Krohn at han hadde så klar og sterk røyst, og innover Sunnylvsfjorden song han av full hals: «Hans røyst var i styrke som ein durande foss, og tonane reine og klangfulle som Gutthorms harpe», skriv Nils Syltevig i sin omtale av mannen. Songen erstatta ei kyrkjeklokke strandsitjargardane på begge sider av fjorden ikkje høyrde. I boka om Sunnylven kyrkje blir det fortalt at preikesundagane kom folk frå alle kantar av bygda i sin beste stas. Frå øvste garden og nedover heile bygda kom dei med hest og slede på gnistrande vinterføre. Det var feststemning med desse hestane og dombjølleklangen. Hestane vart plasserte i stallane, fekk eit breidsel over seg og ein god høydott i krubba som skulle halde til folket skulle heim att. Dei som budde langs fjorden måtte ro. Frå Oaldsbygda og Ytste Åkernes var det 12 kilometer inn til kyrkja.

Også i Ørsta si kyrkjesoge blir det fortalt at dei kom ridande frå dalane, og seinare kom dei med kjerre eller karjol. Det vart laga til stader der hestane kunne bindast. Dei fekk gjerne ein høysekk å ete av. Nokre fekk også låne stall hos slekt og vener. 50-60 hestar kunne det vere på veg med kyrkjefolk frå Brekke til Torereina på Mo. Og på kyrkjebakken etter preika gjorde dei avtalar både om truloving og anna. Dit kom også lensmannen og kunngjorde alt frå forordningar og skatteting og tvangsauksjonar.


19 06 10 kyrkjebuder Stranda 1920

 Sløgstad, Stranda. Dette bildet frå rundt 1920 viser det som vart kalla «budakrøpa», dei smale passasjane mellom kyrkjebudene som var eit eldorado ikkje minst for borna som hadde vore nøydde til å sitje stille i kyrkja under preika. 


Kyrkjebuene på Stranda

Heilt spesielt var situasjonen i fjordbygdene, der bøndene lenger unna enn gangavstand fekk lov til å bygge seg kyrkjebuer, og jamvel stø og kanskje også naust når dei var avhengige av båt til kyrkje. I området rundt kyrkjene og i sentrum av desse strandstadane, var det gjerne tett i tett med kyrkjebuer. I følgje ein artikkel som stranda-læraren Olav P. Overvoll, skreiv i Tidsskrift for Sunnmøre Historielag om kyrkjebuene på Stranda, så var det på det meste rundt 60 kyrkjebuer på Sløgstad. Det gjorde at området rundt kyrkja heilt fram til tidleg i 1930-åra såg ut som ein liten tettvaksen landsby. Slik var det også på Sylte i Valldal, i Dalsbygda, i Stordal og på Sjøholt. I Geiranger og på Hellesylt låg kyrkja eit stykke frå sjøen, men også der hadde mange av strandsitjarane eigne naust som dei brukte til både lager og omkledingsrom for kyrkjekleda.

Dei eldste kyrkjebuene på Stranda er for lengst borte. Den 8. januar i 1731 raste Skafjellet ut, og flodbølgja raserte både kyrkja på Stranda og alle naust langs heile denne fjordstrekninga vart også øydelagde med to unntak: både Øvstøggarnaustet og Hessegjerdsnaustet greidde seg, og står så vidt enno. Alt det andre, naust, båtar og vegn er borte. To jekter som låg for anker vart kasta opp på kyrkjegarden, 17 menneske omkom.

Kyrkjebuene var små tømmerhus, i storleik frå 3 gongar 5 meter og til 4 gongar 6 meter. Buene hadde berre eitt rom, og ein liten stall i enden, med inngang frå langsida. Stallen hadde ofte ein lem over og i det store rommet for folket, var det gjerne ein fast benk langs eine langveggen. I mange buer fanst det også eit bord.

På Stranda var det bøndene framme i Strandadalen, på Fursetlia, inne i bygda, i Liabygda og i Fausadalen som hadde ein slags hevd på å få bygd seg ei kyrkjebu. Dei eigde tomtene, og hadde beiterett for hesten i området rundt bua så langt reipet rakk. Desse buene hadde følgt garden frå far  til son i mange generasjonar. Omkledingsrom frå tjukke ytterklede og til fine kyrkjeklede var nok den hyppigaste bruken av buene, men dei var også lager for varer som bonden hadde tenkt å sende med ei jekt til marknaden i Trondheim (Trandem, som dei sa). Desse varene hadde bøndene kløvja på hesteryggen eller køyrde med hest og slede på vinterføre ned til Sløgstad. Ei kyrkjeferd frå lengst framme i Strandadalen tok sju-åtte timar. Dei starta i åttetida om morgonen, og kom ikkje heim att før i fem-seks-tida om ettermiddagen. Ein slik tur kravde mykje niste til fleire måltid. Vêret kunne også snu, slik at klede for alle forhold måtte dei ha med seg. Dei hadde også med seg ein sekk med fôr til hesten.

Det var ikkje fritt for at det vart drive bytehandel også på kyrkjesundagane, og det var vanleg å avtale handel med buskap når dei møttes på kyrkjebakken.

Olav P. Overvoll (1903-1982) fortel i artikkelen i Tidsskrift for Sunnmøre historielag at han hugsar godt kyrkjeferdene som barn. To timars køyring med hest og vogn, eller slede om vinteren, tok det frå Overvoll og ned til Sløgstad. Dei kjende seg heime når dei kom til bua si. Dette var deira hus. Faren, Hans Petter, tok sekken med fôr til hesten og leidde hesten inn i stallen. «Vi andre tok matabomba og gjekk inn i det enkle, men trivelege huset. Fyrst måtte ein få seg ein matbit. Etterpå var det å koste dombe eller snø av kvarandre, og gjere seg ferdig til å gå til kyrkje når kyrkjeklokkene ringde. Når gudstenesta var slutt, bar det bort i bua att. Då var ein dugeleg svolten, og maten smakte godt. Så kom der gjerne innfor døra skyldfolk og kjenningar som ein slo av ein prat med ei stund framover dagen til ein laut ta fatt på heimreisa.» 


17 09 29 kyrkjebuer.JPG

Kyrkjebuene på Suunnmøre Museum. Fire av kyrkjebuene frå Sløgstad vart berga og plassert sentralt poå Sunnmøre Museum, der dei symboliserer samfunnsfunksjonenrundt kyrkja i mange av sunnmørsbygdene. I dei fleste bygdene er spora etter desse no borte.



Brannfare

Tida sto ikkje stille. Snart kom rutebilane og andre transportmiddel, og buene vart til mindre bruk. Mange selde tomtene sine frivillig. Andre brukte buene, og særleg stallen, heilt fram til kommunen fekk bruk for ei omregulering av dette allmenningsområdet, og difor måtte bruke oreigning for å få hand om mange nok tomter. Ikkje minst brannfaren i ei så tettbygd klynge av brannfarlege tømmerhus, og til og med så nær kyrkja, gjorde at kommunen fekk mange åtvaringar om at det hasta med å etablere eit kommunalt brannvern, og at det også vart fjerna nokre buer for å skape større avstand mellom kyrkjebuene og kyrkja. Det som skremde mest var ein brann i 1928 like i nærleiken av kyrkja. Jonsokdag i 1928 var det stemne for Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag på Stranda. Det var rundt 3000 deltakarar. På friluftsmøtet på Mona heldt Eirik Øverås foredrag om Henrik Ibsen og diktinga hans. Så gjekk den store møtelyden ned til kyrkja, og midt under gudstenesta vart det ropt brann. Møtelyden oppdaga ei kyrkjebu i full fyr, og brannen spreidde seg, men på grunn av den store innsatsen frå eit par tusen menneske med vassbyttelanging, så greidde dei å avgrense skaden til to buer, og sikre at kyrkja ikkje to fyr. Etterpå vart det sagt at på Sunnmørsstemnet det året var det tale om Henrik Ibsen og framsyning ta «Brand». Årsaka til brannen viste seg å vere ein guthyn som slengde frå seg ein sigarettsneip ned på eit golv som var metta med olje eller bensin. I ein brann i ei kyrkjebu i 1878 vart det svimerke på kyrkjeveggen, og då kravde amtmannen at det måtte innførast forbod mot open eld i Stranda sentrum og rundt desse kyrkjebuene i tidsrommet mellom klokka 18.00 og 06.00. I 1925 vart forbodet etter klokka 18.00 flytta til 20.00. Desse krava gjorde det vanskeleg for ungdomen å halde møte i sentrum, og førte til at Stranda ikkje hadde anna val enn å investere i eit eige brannvern for å redusere  risikoen.

På det meste var kanskje nærare 100 hestar samla i og utanfor stallane attmed kyrkja på preikesundager. Det er lett å tenkje seg at kyrkjefolket vart møtt av ein eim av hestemøkk når dei kom ut av kyrkja. Mange var sikkert så vande med denne lukta at dei ikkje merka henne. I dag derimot ville nok kravet om å fjerne desse stinkande og brannfarlege husa midt i sentrum ha vore nokså samrøystes. Dei sto dessutan i vegen for framskrittet i form av ein ny reguleringsplan for sentrum av Sløgstad. Kyrkjebuene rundt om på Sunnmøre var kulturhistorie, og heldigvis er fire av buene frå Stranda tekne vare på og er sentralt plassert på Sunnmøre Museum. Når ein går inn i desse, er det rart å tenkje på at heile allmenningen rundt kyrkja var fylt av slike små hus. Slik var det også i andre fjordbygder med kyrkje.   


19 06 10 kyrkjebuder kart allmenning

Strandens allmenning. Dette kartet frå 1882 viser at på almenningen ligg det tett i tett med små kyrkjebuer. Nede mot sjøen låg også naust som også kunne brukast som kykjebuer for dei som rodde til kyrkje.


19 06 10 kyrkjebuder Valldal

Valldal. «Budabyen» på Sylte i Valldal. Ei øvre rekkje med kyrkjebuer, og ned mot sjøen låg nausta. Alle buene vart fjerna i 1957.



Valldal

“Budabyen” kalla dei rekkja av kyrkjebuer på Sylte i Valldal. Dei lange rekkjene med buer låg ved foten av Syltefjellet i det området som vart kalla Almenningen. Lenger nede mot sjøen låg naustrekkjene. Alle gardar fram gjennom dalen hadde både kyrkjebu med stall og naust med båt. Både på sjø og land måtte dei kunne ta seg fram. Mange av desse buene var frå 1700-talet, nokre også eldre, og det var fast skikk at folket på gardane fram gjennom Valldalen hadde kyrkjekleda sine hengande i desse buene. Her lagra dei også varer dei skulle sende med jektene for sal i Trondheim eller Bergen, og seinare lagra dei varer som skulle med rutebåten. I perioden frå 1630 til 1863 hadde ikkje Valldal eiga kyrkje, berre eit kapell på Døving som hadde gudstenester 4-5 gongar i året. I denne perioden måtte folket i Valldal ro til Dale kyrkje i Norddal. Eit argument bøndene i Valldal brukte for å få flytta Døving kapell ned til Sylte, var at folk fram gjennom dalen måtte reise ein omveg ned til kyrkjebuene sine for å skifte til kyrkjeklede, før dei kunne reise fram til Døving på gudsteneste. Det oppstod ein beisk bygdestrid om flytting av dette kapellet ned til Sylte, men i 1812 gjekk det i orden, og nytt kapell skulle byggjast på Sylte. Det vart etter nokre tiår for lite, og vart i 1863 erstatta av den kyrkja som står der den dag i dag. Den tida dei måtte ro over til Dale kyrkje, kunne kyrkjevegen for folket på dei fremste gardane i dalen stundom bli så lang at dei måtte overnatte i kyrkjebuene sine. Svært mange av kyrkjebuene og dei fleste nausta vart øydelagde av flodbølgja frå Tafjord-raset 7. april 1934, og dei vart ikkje bygde opp att.  22 buer sto likevel att, og det var mange i Valldal som ville ta vare på nokre av dei. Også Riksantikvaren ivra for det, men fleirtalet i kommunestyret gjekk inn for at buene burde rivast og området takast i bruk som busshaldeplass og tomt for administrasjonsbygg for Valldal Åndalsnes Rutebillag. Resten av Budabyen vart jamna med jorda i 1957. Heile 79 grunneigarar vart utkjøpt. Stallen i tilknyting til buene vart ofte brukt til avtrede, og det blir fortalt om ein dalekar som hadde ei neverskreppe på ryggen, der han hadde nista si, som var potetball. Då han huka seg ned for å gjere sitt “fornødne”, bøygde han seg så mykje framover at potetballen rulla ut og ned på jordgolvet blant både hestelort og anna. Mannen famla rundt i mørkret for å finne att maten sin, og under sorteringa skal han ha ytra seg slik: “Ditta va lort, og ditta va ballj”. Ballen putta han i skreppa att.

  

Artikkelen står også i Årbok for Sunnmøre 2017

 


12.06.2019