Nils E. Grønningsæter.jpg

«Nils på dampa»

 

Nils Eliasson Grønningsæter (1845-1933) var gardbrukar på Dalhus, bruk nr 1 i Norddal. Han vart i 1865 gift med odelsjenta Pernille Johnsdotter Dalhus. Ho døydde i 1887 og Nils gifta seg i 1888 med Marie Monsdotter Jamtegard. Nils hadde til saman 12 bom, men fleire av dei døydde tidleg. Nils hadde mange offentlege ombod. Han var medlem av Norddal heradstyre i 48 år, av dette 36 år som ordførar (1884-1919) og før det 6 år som varaordførar. Han kom med i amtsutvalet (fylkesutvalet) frå 1886 og sat der til 1919, vart medlem av styret for landbruksskulen same året, og vart formann for skogselskapet. Frå 1888 til 1925 var han amtsrevisor og hadde eit sentralt rom i amtstinget i heile si tid. Mesteparten av tida (frå 1889-1919) var han oppmann med dobbeltrøyst. I Norddal var han forlikskommisær, medlem av skulestyret og hadde mange andre tillitsverv. Frå 1885 var han mellom anna direktør/styremedlem i Søndmøre dampskipsselskap. Jamt var han ute og reiste med «fjårabåta», og då han var uvanleg stor og rørsleg og jamt full av godt humør, laut alle legge merke til han. Han fekk difor namnet «Nils på dampa». Lokalt i Norddal gjekk han også under namnet «Dalhus-Nils».

Då han gjekk ut av fylkestinget, vart det måla eit portrett av han, kosta av fylkeskommunen. Det vart hengt opp i møtesalen på fylkeshuset jamsides med bileta av alle som har vore amtmenn i fylket. N. Grønningsæter var den fyrste bondemannen som fekk denne æra i  Møre og Romsdal fylke, og det i levande live. Noko før vart han tildelt borgardådsmedaljen i sølv. I dei åra Nils var med i fylkespolitikken var det i alt 5 amtmenn som sat i embetet.

 

«Røtene»  - ordførarhuset Grønningsæter

Kommunalt sjølvstyre vart innført ved formannskapslovene i 1837. Norddal vart då eige herad, rett nok saman med Sunnylven det første året. Dei første hundre åra gjekk ordførarombodet så og seie i arv. Ein kan trygt seie at «Grønningsæterdynastiet» då forma heradet i stor mon, både på godt og vondt. I åra mellom 1837 og 1945 bar i alt 4 ordførarar namnet Grønningsæter. Den første, Nils sin farfar, Arne Iversson Grønningsæter, vart fødd i 1781 på garden Omenås i Valldal. Sonen Elias, far til Nils, fortel at faren tidleg synte stor lærehug. Omgangsskulen på den tida hadde lite å by han.

Arne tok teneste hos underoffiser Lars Knutsson Bjørstad som var ein stor reknemeister og svært skrivekunnig. Her fekk Arne gå i lære. Etterpå reiste Arne til Bergen og tente der eit år, men treivst ikkje og kom heim att. Frå 1809 bygsla han bruk nr 1 på Grønningsæter og gifta seg med enkja på bruket. Arne skifta då ettemamn frå Omenås til Grønningsæter.

Dei kjøpte bruket i 1833. Arne vart enkemann i 1839 og gifta seg på nytt med Jannike Olsdotter Dale, enkja etter Klokkar Krohn. Frå då av og fram til sin død i 1858 budde han på Klokkargarden, bruk nr 10 i Dale.

 

Arne var svært flink i praktisk arbeid, men han skaffa seg og mykje kunnskap på andre område. Såleis utførte han mange jordskifte, og vart snart ein vidgjeten føregangsmann. I 1830 vart han vald til 2. vararepresentant frå Romsdals amt til Stortinget, og i 1833 vart han 1. representant. På Stortinget var han medlem av kyrkjenemnda. Der arbeidde han mellom anna for at dei som sat på kyrkjegods (benifiserte bruk) skulle få høve til å kjøpe bruka sine. Arne Grønningsæter vart første ordføraren i Norddal, og sat frå 1837 -1844. Han hadde desse borna (alle frå 1. ekteskap):

a.         Børre f. 1809.

b.         Elias f. 1811.

c.         Anne Sofie f. 1818.

 

Elias Arnesson Grønningsæter, far til Nils, var omgangsskulelærar i Norddal 1828-1840. då fekk han plass på Stord seminar som kom i gang året før. Saman med Jørgen Ringstad frå Stranda og Peter Havnsund gjekk han til Faleide. Der leigde seg ein båt, og så rodde dei til Stord. Båten fekk lagre i eit naust og etter fullført eksamen knapt 2 år seinare for dei same vegen heim att. Elias fekk karakteren «Udmærket duelig». Han hadde kone og eitt barn heime. Berre eitt brev fekk han heimanfrå i den tida han var på Stord. Kona hans kunne ikkje skrive og næraste poststad var på Stranda. Etter seminaret vart Elias fast tilsett som klokkar i Norddal og seinare som lærar ved den første fasteskulen i Norddal. (Dalsbygda krins).

 

Elias kom inn i herradsstyret i 1843 samstundes som faren var ordførar. Han var ordførar frå 1848 til 1880, var forlikskommisær i mange år, amtsrevisor, medlem av amtsutvalet og amtskatteutvalet. I 5 år var han oppmann i amtstinget. Elias var varamann til Stortinget frå 1848 og fast representant frå 1854. Sidan var han stortingsmann med nokre opphald heilt fram til 1873.

 

Klokkardalen

I Norddal bygdebøker, bind 2, står det om Klokkardalen, bruk nr 4 på gard nr 52 Engeset (Norddal prestegard): Bustad for klokkarane i Norddal sidan Elias Arnesen Grønningsæter sine dagar.

Klokkarplassen, som ligg mellom Herdalselva og Dyrdalselva i den nordre enden av prestegarden fødde i 1875 3 kyr, 5 sauer og 1 svin og dyrka i tillegg bygg, havre, poteter og rotfrukter.

Her vart Nils Eliasson Grønningsæter fødd i 1845 som nr 3 i ein søskenflokk på 6.

«Den politiske arven» frå far og bestefar vekte dei same interessene hos Nils.

Som før nemnt budde bestefaren, Arne, på Klokkargarden i Dale frå 1842 til 1858. Avstanden mellom Klokkardalen og Klokkargarden er vel 1 km. Nils gjekk landbruksskulen i 1862 på Røkkum, Stangvik på Nordmøre. Det var heilt i starten på det som seinare vart fylkeslandbruksskulen i Møre og Romsdal. Når det elles gjeld barndoms- og ungdomsår gjennom oppveksten i Klokkardalen kjenner eg ikkje til nokon spesielle hendingar. Det var nok utan tvil ein god og trygg heim å vekse opp i. Som barn flest måtte han vere med i det meste av praktisk arbeid på det vesle gardsbruket. Men det vart nok også rikeleg tid til leik og aktivitet, ikkje minst i den spanande naturen i nærområdet til prestegarden.

Dalhus

I lang tid, og fram til den store brannen i desember 1911, låg  dei to Dalhustuna i det området som vert kalla Dalhusbakkane på Dalssida tett ved hovudvegen som går til prestegarden og vidare mot Herdalen og gardane på Hatlestadfjellet. John (Vika-Jo) åtte Storvik ved Kalhussætervatnet. Iver Storvik var forlova med Oline Gjertrine Dalhus. Han braut trulovinga då ho var gravid. Iver sat då med skjøte på halve Dalhus og bytte Fremste Dalhus med Storvik (Hola). Såleis kom «Vika-Jo» til Dalhus og garden vart delt i 2 bruk. John (Jo) hadde fleire bom, mellom anna dottera  Pernille. Ho var 6 år eldre enn Nils. Friarvegen var kort, berre rett over Storelva og i 1865 gifta Pernille og Nils seg. Han var då 20 år og ho 26. Såleis vart Nils bonde på Dalhus, gard nr 51, bruk nr. 1 i  Norddal.

Pernille og Nils fekk 7 bom, men 4 av horna døydde i ung alder. I 1887 døyr også Pernille. Året etter gifter Nils seg på nytt med Marie Monsdotter Jamtegard. Marie og Nils fekk etter kvart 5 bom i lag.

Bruket, Fremste-Dalhus, var etter tilhøva elles i bygda eit høveleg stort gardsbruk. Bruket var til dels tungdrive og oppdelt i fleire teigar på begge sider av Storelva.

Den 4. desember 1911 brann alle bygningane på begge Dalhustuna ned til grunnen. Alle bygningane i klyngetunet gjekk tapt. Med sterk austavind var alt sløkkjearbeid fånyttes. I G. Kjølås sitt jubileumsskrift: Indre Sunnmøre Branntrygdelag 1859-1959 går det fram av samla utbetalt brannerstatning for hus og innbu utgjorde 20.885 kroner. Omrekna etter indeks svarar dette til 1.282.214 i 2017-kroner. Trass i at branntrygdelaget til då ikkje hadde utbetalt større samla forsikringsutbetaling for ein brann, er det klart at storbrannen likevel vart eit betydeleg tap for eigarane. I tillegg gjekk store deler av Norddal kommune sitt arkiv tapt.

Etter brannen vart det jordskifte på Dalhus og nye tun vart reiste ved elva. Monumentale våningshus vart no oppførte i murstein (Smith-hus). Nils var ordførar i Norddal fram til 1920, og i 1913 kalla han inn kommunestyret til møte «i ordførens hus på Dalhus» som det står i protokollen.

Nils hadde mange ombod som førte til mykje reiseverksemd. Difor fall nok gardsarbeidet i stor grad på dei som var att heime i tillegg til tenestefolka. Eg har kome fram til at for 100 år sidan, (1917), talde den store familien på Fremste-Dalhus i alt 19 menneske frå 3 år til 72 år i 3 generasjonar.

Politikaren i amt og herrad (kommune og fylke)

I innleiingsavsnittet til denne artikkelen har eg lista opp eit samandrag når det gjeld Nils sine mest sentrale politiske verv difor går eg ikkje meir detaljert inn på dette her. Det må likevel nemnast at ved fleire val var han vararepresentant frå Romsdals amt til Stortinget. Politisk høyrde han heime i Venstre.

Det er viktig å vere klar over at ein ordførar på den tida til vanleg både skreiv møtebøkene, førebudde sakene og tok seg av kommunen sin korrespondanse i tillegg til oppgåva som møteleiar.

Framfor ordførarvalet i 1917 syntest mange at Nils då hadde sete lenge nok. Dette ryktet nådde sjølvsagt også Nils. Difor held han ein tale som etter det som vert sagt starta slik: «Nu da jeg stiller til valg for siste gang..». Etter dette stilna motstanden. Ingen ville ta ansvaret for å «kaste» Nils. I 1920 overtok den 4. ordføraren i «Grønningsæterdynastiet», (Gerhard Grønningsæter), som ordførar.

Gerhard var bonde på Relling, bruk nr 1. Han var jordskiftedommar og son til Nils sitt søskenbarn.

To andre med namn Grønningsæter bør og nemnast. Den eine var Nils sin bror, Arne. Han var lærar og lensmann i Hjørundfjord. Ei kort stund var Arne også ordførar i Hjørundfjord. Begge brørne var då samstundes medlemmer av Amtstinget. Frå 1899 til 1921 var Ame lensmann i Dale lensmannsdistrikt med bustad og kontor på Sylte i Valldal.

Ame hadde 4 søner, mellom anna Elias fødd i 1872. Elias var i fleire år overingeniør for vegstellet i Møre og Romsdal. I dag er dette det same som vegsjef. Elias var også fylket sin fremste fagmann for elektrisitetsforsyninga. Ein annan son, Åge, var ei tid ordførar i Kristiansand.

Frå dei første dampbåtane tok til å gå i rutefart og fram til 1920 var det eit stort antal større og mindre private ruteselskap som stod for transporten av folk og gods. Nokre år før 1920 vart det sett i gang eit omfattande arbeid med utgreiingar for å skipe til eit fylkesomfattande ruteselskap. Dette arbeidet vart konkretisert då amtstinget den 11. juni 1917 gjorde samrøystes vedtak om å velje ein utgreiingskomite i høve saka, (Dampskipskomiteen av 1917). Ragnar Ulstein m. fl. har i boka "Samferdsel i Møre og Romsdal", del 1, gått grundig inn i denne saka. Eg siterer frå side 100 - 101:

"Det vart ingen debatt då næringsnemda med ordførar Paul I. Huse, Sandøy, som formann, la saka fram for amtstinget. Amtstingets oppmann, Nils Grønningsæter frå Norddal, og stortingsmann Nils Hestnes, som også var ordførar i Valsøyfjord, tok ordet for å gi saka si støtte. Nils Grønningsæter var ingen kven som helst på amtstinget, og slett ikkje i ei sak som denne, og det må ha gjort inntrykk då han sa:

Eg vil berre erklære at eg er samd med nemdi i at saki vert førebudd med sikte på amtsdrift. Eg hev i ei lang rekkje av aar vore direktør (styremedlem) i eit av dei største selskapi me hev her i amtet, nemlig Søndmøre dampskipsselskap. Det hev ofte vore paa tale at ein burde freiste aa gaa i gang med eit amtselskap, avdi ordningi med so mange selskap i tevling med kvarandre i det store og heile er svært uheldig. Men det hev havt sine vanskar med å kome over til noko betre.At det jamt og stødt kjem nye selskap til, gjer det no ikkje betre i so måte. Og det vert mest berre smaa og ringe baatar ein fær paa denne maaten. Det er berre skade at ein ikkje fyrr hev kome seg burt frå dette. (....) No hev mange selskap raadt seg til baatar som det kanskje ikkje vert so beint fram aa verta kvitt, um ein no skal gå over til amtsdrift. (....) Daa vert mange av dei gamle baatane ikkje fullt brukande. Men ein kan vel likevel gaa ut fraa at ein maatte vere so generøs aa løysa inn ogsaa desse baatane so langt ein kunne finna det forsvarleg (....) Eg vil berre leggja til at eg trur det må vere bra for nemdi som vert nedsett arbeider so fort som raad er. Eg vil nemleg skyna at dei gamle selskapi ikkje kjem til aa gjere svært mykje for aa halda baatane sine i stand, naar dei hev den vaagnaden at det kanskje ikkje vert so liketil aa faa selja dei.

Sjøl om Nils ytte stor tillit og respekt fekk han naturlegvis ikkje medhald i alle saker. Som eit døme på det kan nemnast framlegget hans i 1898 om å fordele medlemmane i amtstinget sin valkomite etter fogderivis fordeling slik: 3 frå Romsdal, 4 frå Nordmøre og 5 frå Sunnmøre. Dette framlegget vekte ein god del strid. Framlegget fall, men valkomiteen vart utvida frå 11 til 15 medlemmer. Frå 1914 vart det likevel fast praksis med ei fordeling av valkomiteen som gav 6 til Sunnmøre, 5 til Nordmøre og 4 til Romsdal. I realiteten vann likevel prinsippet i Nils sitt framlegg fram, med det tok 16 år!

Då Amtmann Kildal døydde i desember 1913 om det ein intens pressefeide om Romsdals Amt burde delast i 2 med grense i Romsdalsfjorden. Ålesunds-avisene og Kristiansunds-avisene gjekk inn for deling. Molde-avisene var imot. Det vart ein stor strid. Kampen for deling av Romsdals amt i samband med tilsetjing av ny amtmann i 1913-14 førte ikkje fram.

Nils Grønningsæter var sterkt imot deling av amtet.

Trollstigvegen

Stortinget gjorde i 1916 vedtak om bygging av køyreveg mellom Romsdal og Valldal.

Men ting tar tid, ikkje minst når det gjeld vegbygging. I 1927 blei det reist tvil om om dette omfattande og kostbare veganlegget. Fylkestinget gjekk likevel på nytt inn for realisering av vegen. Men her måtte det mobiliserast «ekstra påverknadskraft» overfor sentrale styresmakter. Politikarar både i kommunane og på fylket «børsta då støvet» av gamleordføraren, Nils Grønningsæter og tok han med til Oslo. Gjennom fleire tiår som aktiv politikar var han godt kjent i miljøet både i departement og stortingskorridorar. Han kunne det politiske spelet og hadde stor tyngde sjølv i ein alder på 82 år. I ettertid vart denne «aksjonen» vurdert til å vere det som avgjorde saka.

Trollstigvegen vart fullført. Kong Haakon VII opna vegen 31. juli 1936.

Døme på muntre historier av og om Nils

Ein gong Nils skulle fare til Molde på møte i amtstinget, fann han ikkje att nokre viktige dokument som han skulle ha med seg. Han leita både i mjølkestolen og under senga, og skulle nett til å lette på lokket til vedkassa, då han brått kom på noko og sa forstøkt: «Du ska'håre dej sjå dei e'komne mylljå lofs'ne».

Det var ein preikesundag på Sylte. Han Dalhus-Nils gjekk forbi Bjørstad Ole-Severin og bort til ein annan mann, helsa på han og gav han eit eple. Då kunne vel ikkje Ole-Severin dy seg. Han gjekk bort til Nils og sa: «I ser du gjere slikt slag du se ej. Du set i annakvar fôr.»

Då Nils og Marie gifta seg i 1888 vart det om morgonen etter bore opp mat til dei nygifte.

Då sendemannen kom ned att frå bruraloftet vart det spurt om korleis det stod til med dei nygifte.

«Jau, dei nygifte hadde det berre bra, men aldri har eg sett at nokon har brukt ein så liten understein i høve til ein så stor overstein».

Formannskapsmøta vart ofte haldne etter kyrkjetid dei sundagane når det var «Syltepreike». Ein gong fann eit yngre medlem av formannskapet på at han ville gjere Nils ei prette.

Han tok då og gøymde dokumentmappa til ordføraren. Nils leita og leita. Til slutt måtte «syndaren» kome fram  att med mappa.  Då skal Nils ha kome med følgjande  kommentar:  «Dinja mappå ska'alder du få tak i iljefar».  Dette viste seg å halde.  Den  unge politikaren  vart aldri ordførar, men fekk likevel mange år seinare ein periode som ordførar. Nils såg vel alt då føre seg at den neste ordføraren også skulle korne frå «Grønningsæterdynastiet» - og slik vart det.

Forfattaren sine personleg minne frå det som andre har fortalt

 

«Nils på dampa» var onkel til mi farmor. Både frå henne og far min har eg fått overført nokre minne og forteljingar. Dei høyrde til «storfamilien» på Dalhus. Særleg såg far tilbake på  2. juledagsselskapa i det store huset på Dalhus. 26. desember var fødselsdagen til Marie. Ho «Dalhus­ Marja» var eldste dottera til Nils og saman med mannen sin Jens frå Larsgarden på Ytterdal tok ho over garden etter far sin.

Far min mintest desse julelaga med stor glede, særlag frå slutten av 1920- åra. Forutan alle på Dalhus var slekta frå Klokkardalen, Solheim, Kringsjå, Toregarden og Jakobbuda samla. Nærare 40 menneske med stort og smått var samla til middag, kaffi og kveldsmat. For dei som hadde fjøsstell, for karane heim att til fôring og mjølking, men kom tilbake til kveldsmaten.

Far hugsa særleg den då aldrande Nils'n som passa på å samle dei eldste karane for å diskutere politikk.

Tekst:

Gudmund Relling

Kjelder:

Tafjord/Linge: Norddal bygdebøker, Ættebok. 

Tafjord: Norddal bygdebøker, bind Il. 

Gardssoge Kleiva: Norddal bygdebøker. Grunn og gror, bind IV.

Ulstein m.fl.: Om samferdsel i Møre og Romsdal,del I

Tvinnereim: Fylkeshistorie for Møre og Romsdal, bind 2. 

Kjølås: Indre Sunnmøre  Branntrygdelag 159- 1959.

Møtebok for Norddalens formannskap og herredsstyre, 1913. 

Diverse munnlege overleveringar.