buda beskåret.jpg



Balladen om buda . . .

Av Alv Dale


Når skuffa heime var tom for kake

og stabbursbyrå var skrapt for mjøl,

og kona laga seg til å bake,

då vart det sjoatur på han sjølv.

Han la vekk spaden – og kvilde fila

og lesste famnved og skinn og smør,

han sela gampen – og køyrde mila

og rodde fjorden – i allslags bør.

 

                    *

 

Dei for frå Brekke – og dei for frå Hole,

dei for frå Smoge og ifrå Rem,

dei kom til buda hans Buda-Ole

dit alle folka i grenda kjem.

Der fanst det sirop og gjær og greier

og mjøl i bingar og margarin

i store mengder for kakedeier

som koner knar til familien sin.

Og der var knivar og kasseroller

og der var spikar og der var streng,

og der var salve for sår og svollar

å byte åt seg for ved og peng.

 

Det brjåla mot dei av søt vanilje

og tobakksrullar og terpentin,

og go’luktflasker med ros og lilje

og luksussåper og Lanolin.

Det skein i munnspel og blekktrompetar

og grammofonen med Solveigs sang,

der låg det bøker av svovelprofetar

og vekeblada – og Verdens Gang.

Og briller blinka – og lorgenettar

og vekkeklokker og vennskapsring

og bunadsnåler og gullmansjettar,

og – alt ein drøymde av pynteting.

Og alt til nytte – som klædestuar

for brok og kjole og putevær,

og selbuvottar og skyggehuer

og skaftestyvlar og oljeklær.

 

Der fann dei vyrke for saum og renning

med nål og hesper og snelletråd,

og – den som pjaska med heimebrenning

fann trekt og kjerald – ballong og så.

Og der fanst koppar og blå terriner

og fat og kommar av keramikk,

og der stod kasser med appelsiner

og druedunkar og hermetikk.

Oppunder taket hekk spann og potter

og sauebjøller og seletøy

og skåpet lokka med drops og gotter

og sjokolade som smakte by.

Eit herleg virvar av tusen emne

for syn og mage og haud og hand,

langt fleire enn det var råd å nemne

når ein stod midt i Slaraffenland.

Og burti kråa låg hesteskoar

og hesjestrengar og fyringstog,

og oppmot veggen stod bambustroer

og mykragreiper og kaketrog.

Eit frodig utvalg – frå musefeller

og gammalostar med skarp odør,

til – silkesyner med nuppereller

så gjennomsiktige som eit slør.

 

                    *

 

Som sagt – ei krambu av rette slaget,

på rette staden – til rette tid,

og rette drivar – med rette laget

og synberr evne til strev og flid,

ein nærbutikk med den beste vandel,

eit kjøpesenter i nataskal,

ein prima assortert bygdehandel

der ingen pruta – og ingen stal.

Der møttes kvinnfolk og bonn og karar

frå fjell og øy og frå dal og strand,

eit typisk tverrsnitt frå plass og garar

av folk som dyrkar vårt lange land.

Når nista minka i sinn og pose

av næringsmiddel og åndskultur,

var buda staden for symbiose

imellom verda og vill natur.

Det var ‘kje tal på dei steg som trødde

på Ole-buda sitt slitne golv,

det var som veggene lo og rødde

i åpningstia frå sju til tolv.

Til disken kom – dei som krye reika,

og dei som saktmodig smilte sky,

dit dansa ungar som ivrig peika

mot lakrisstenger og sukkerty.

Og framfor glaset – på benk og krakkar

sat menn og prata og tygde skrå

og trefte staslege spyttebakkar

så meir og mindre på må og få.

Og – bakom vekta – sto ‘an Buda-Ole

med brilleglasa på nasetipp

og rekna tyngd på ein ostemole

med sprikte fingrar – og lodd på vipp.

 

                   *

 

Plassert som midtpunkt i grisne grender

der uårsarmoda ofte gneg,

stod handelsmannen – og fylte hender

som knoga langt ifrå alfarveg.

Til dei med gleder – og dei med sorger,

til velstandsfolket – og dei med gjeld,

han fylte sekkar og nett og korger

frå tidleg morgon til seint på kveld.

Og handelskona – ho Buda-Berta,

var snar i snuinga – rank og raust,

ho trippa lettføtt og bli og snerta

til loft og kjellar og bu og naust.

Det var ‘kje neiord i noken av dei,

dei åpna døra når kunden kom,

dei handla vitugt – men mykje gav dei

som ingen andre fekk nyssen om.

 

Men – pengemangel – og kontrabøker

har tidt nok avla så lei ein strid,

når Buda-Ole fekk slengt – din høker,

då heldt det hardt med å vere blid,

når verste spitorda traut utover

dei let’kje merke seg med det slag,

dei hadde ansvar at alle stover

fekk god forsyning til lyd og lag.

Til barnedåpen og bryllaupsfesten,

til nyttårsaftan og julekveld,

til konfirmanten og gravølsgjesten

og – utan omsyn til spit og gjeld.

Med varme møtte dei syt og klage,

dei ødsla tiltru og gode ord,

gav overskot til i magre dage

å overleve på vinterjord.

 

I grender som nesten snøar nede

og hus som rister av tunge ras

skal det så lite til for å glede

og gjere armoda om til stas.

 

                    *

 

Ein vor ved naustet – der nedmed sjøen,

ei dør mot vegen – med sekkeheis,

og Buda-huset litt opp på bøen

tok vel mot mannen på sjoareis.

Han selde veden – og vende smøret

og kjøpte sirop og margarin

og mjøl og gjær og ei boks med tjøre

og kamfermikstur og parafin.

Han fekk ein prat – og ei velunnt kvila,

ein stappa pose – og oppfylt sekk.

Han rodde fjorden - og køyrde mila

og stod i tunet – før dagen gjekk.

 

 Alv Dale



20.05 2020

 

20.05.2020