I dåpen fekk han namnet Martin Laurits Edvart Sivertsen Lyshol, men av folk flest vart han kalla berre Lyshol-Martin. Han hadde mange evner og interesser, først og fremst var han skomakar, men òg felespelar, organist, bonde og fiskar. Ikkje minst vart han kjend som leiar og dirigent av Sykkylven Misjonskor i nærare 40 år. Han var fødd i 1884 og vaks opp på eit småbruk på Lyshol ved Andestadvatnet i Sykkylven. I 1911 var han på Stranda og hadde arbeid i skomakarverkstaden til Lars Peterson Rusten. Han var 26-27 år gamal, gift med Marie, seinare kalla Lyshol-Marja, og den første sonen deira var omkring eitt år gamal. 

 

Martin Lyshol og kona Maria i 1907.jpg

Bilete av Marie og Martin Lyshol. Det er datert 1907 og truleg teke i samband med at dei vart trulova. Fotograf: Sigvald Moa  Eigar: Aalesunds Museum

Ein dag fekk han høyre at eit hus i Sykkylven var til sals. Det var eit hus som handelsmannen P. S. Hjorthol hadde bygt eit år eller to før; det låg heilt nede ved sjøen, nær kyrkja på Aure. Martin hadde hatt tankar om å få seg ein eigen stad der han kunne etablere seg som skomakar i heimbygda og han visste straks at dette huset høvde særs godt. Det låg ved kyrkjevegen der folk ofte ferdast, eit lite hus som han truleg kunne få overta for ein overkommeleg pris. No var det om å gjere å kome seg ut til Aure snarast råd var, for å høyre med Hjorthol om han kunne få kjøpe huset.

 

På den tida var ikkje ferdslevegen over Strandafjellet bygt og gangstien kunne vere både bratt og kronglut. Han var lite lysten på å gå den vel 3 mil lange stien over fjellet, for Martin hadde eit problem; han hadde berre éin god fot. I tolv-års alderen hadde han fått eit spark i kneet og ulukka enda med at venstre foten var blitt amputert litt over kneet. Han var halt og gjekk med trefot.

 

Men Martin var sterk i kroppen, godt van med å ro, og løysinga vart å fare sjøvegen, slik det sjølvsagt var mest vanleg på den tida når ein skulle på ferd ut av bygda. Han fekk låne seg ein robåt på Stranda og rodde strekninga på om lag 22 km  (12 nautiske mil) forbi Skotet og ut til Søvik. Alt avhengig av ver og straum, brukte han truleg 6-8 timar på turen. Frå Søvik var det veg, ein av dei eldste bygdevegane i Sykkylven. Når presten frå Ørskog skulle til annekskyrkja i Sykkylven, vart han oftast skyssa med båt over Storfjorden til Søvik der han fekk hesteskyss dei 10 kilometrane på «prestevegen», opp dei bratte bakkane i Søvikdalen, langs med Andestadvatnet og ned til Aure. Kanskje tok Martin føtene fatt etter roturen, men han var godt kjend i Søvikgrenda og han kan ha fått seg skyss. Dersom han la ut på ferda frå Stranda grytidleg om morgonen, rakk han truleg fram og fekk tale med Hjorthol, alt same dagen.  

 

Så ville ikkje Hjorthol selje huset til han, for Martin var fråhaldsmann. Hjorthol var prinsippfast på at slikt folk ville han ikkje ha i huset som han hadde bygt. Men Martin var oppsett på at han ville ha dette huset og gav ikkje opp så lett.  Han gjekk til sin gode ven Sivert i Kapralgarden (Kapral-Syver) på Aure og ville ha han til å kjøpe huset for seg. Om han ville gjere han den tenesta, sa Martin, skulle han sy han eit par gode ankelsko som skulle rekke heilt opp på tjukkleggen. Avtalen vart gjort og Martin gjorde heimreis. Truleg må han ha overnatta på farsgarden på Lyshol, før han dagen etter sette seg i robåten i Søvik og rodde same leia, attende til Stranda.

 

Lysholhuset_ca1930.jpg

Lysholhuset ved kyrkja på Aure. Huset fekk nokre mindre tilbygg i byrjinga av 1930-åra. Biletet er teke før dette, i 1914. Biletet er utlånt av Marit Karin Gjerde Winsrygg, Sykkylven.

Kapral-Syver brukte å brygge kornøl, og dermed var han godkjent av Hjorthol og fekk kjøpe huset. Etter bygdeboka i Sykkylven selde Hjorthol huset i 1911 til Sivert Grebstad. Litt seinare det året kjøpte Martin huset av Sivert, slik som avtala, og han flytta dit med kone og barn. Der etablerte han skomakarverkstad som han seinare dreiv i mange år. Familien vart etter kvart auka med fire born som alle fekk barndomsheimen sin i huset. Han vart enkemann då Marie døydde i 1963 og Martin sjølv gjekk bort i 1972.

 

Det vesle, kvitmåla Lysholhuset er borte no; det måtte vike for ny veg langs fjorden og vart brent opp tidleg på 1970-talet. Det stod om lag der ein i dag finn klokketårnet ved den nye kyrkja på Aure.

 

Opplysningar er henta mellom anna frå to artiklar i Sunnmørsposten: "Fråhaldsmann" (12.2.2003) og "Så fekk fjøra asfalt" (18.9.2019) -  begge av Per Arne Grebstad.

13.08 2020

13.08.2020