Furstrandbygda.

Historia viser at Furstrandbygda har hatt busetnad tilbake til 1600-talet.  P. Th. Gjerde skriv i form av eit brev frå formannskapet til Amtstinget 12 mars 1904:  « Furstranden er en afsidesliggende Grænd på søndre Side af Storfjorden grænsende paa den ene Kant til Søkelven og paa den anden til Søvik i Ørskog, fra hvilke Steder den er adskilt ved ufremkommelige Fjeldpartier, saa Samferdsel kun kan foregaa tilsøs.»

Mellom Glomsetbygda/ Valdegrenda og Furstrandgardane ligg Storfjorden.  Storfjorden var i min oppvekst ei inntektskjelde og matauke for gardane langs fjorden også i området der eg vaks opp. 

Kart.JPG


Kart av Storfjorden frå Vinsnes til og med Kyrkjesteinen.

 

Det vart rekna med seks gardar i Furstrandbygda,  Rønes, Furstrand (også kalla Jogarden), Bjørnevik, Oppsal, Sandvik og Kyrkjesteinen. Tre av desse vart seinare delte og Kyrkjesteinen vart tidleg fråflytta. Avstanden mellom Rønes og Søvikdal var 4-5 km og avstanden frå Sandvik til Sykkylven var 5-6 km.   Avstanden mellom Rønes og Sandvik var ca. 5 km og det var den første tida eit «uframkommelig terreng.»  Lengda over Storfjorden til Sandvik til Glomset  er ca. 3 km.

Det vart oppretta eigen skulekrins og frå dei fleste gardane valde dei å bruke båt for å få borna sine til og frå skulen og borna vart gjerne og innkvarterte på skulen den første tida. Gardbrukarane søkte fleire gonger Herredstyret om tilskot til veg, men fekk til svar at politikarane gjerne ville imøtekoma søknaden, men dei veik alltid tilbake for dei «uforholdsmessige store Omkostningane».

Furstrandgardane høyrde den første tida til Ørskog kommune som Ramstaddal og Søvikdal også gjorde, men vart overført til Sykkylven i 1955-56.  Då fekk Furstranda også elektrisk lys. Telefonlinje fekk dei frå Søvikdal i 1922. Skulehuset vart bygt i 1925 i utmarka til garden Furstrand.  Her var Ingeborg Brandal lærarinne i 38 år, frå 1922 til 1960 med pendling mellom Furstranda og Søvikdal.  Ho hadde 12 veker samla skule på  Furstanda og 26 veker 2delt skule i Søvikdal. På Furstranda var det 14 dagers turer og i Søvikdal ca 1 månad.  I 1941 minka barnetalet på Furstranda til 2 elevar og det vart slutt på skulen der. Borna vart førde til Søvikdal.

Alle som kjenner til Storfjorden og vertilhøva der forstår at dette var ein særs farleg skuleveg både for lærarinna og borna.

  

Gardane og deira tilknyttning til Storfjorden.

Mellom Søvikdal og Rønes låg ein liten gard som heitte Vinsnes. Her var frå 1600-talet til tider to brukarar. Desse var avhengige av Storfjorden for å skaffe seg nok mat til familien sin. For å skaffe seg for til dyra måtte dei slå sæterstølen og eit stykke kalla Elvaslættet, ei lita  hylle oppe i bratta med feitt fint fjellgras.  Dei samla så graset i ei  svær mue.  Så sette dei seg side om side og sparka mua ned ein lang bakke så dei nådde løypestrengen, som førte  graset til garden der det vart hesja.

Peter , siste eigaren dreiv mykje fiske, både sildefiske til havs og Borgundfjordfisket etter torsk.  Med kona og adoptivsonen som mannskap dreiv han og mykje heimefiske.  Ein gong dei hadde gjordt ein fin kveitefangst måtte dei gå rett frå fiskefeltet for å hente lærarinna frå Furstranda for Peter var skyssbåtførar.  Då lærarinna såg lasten, sa ho: Nei, hè døkke slakta gris?»  Då såg Peter på kona si og rista på hovudet, for «gris» er tabu.ord på sjøen.

 

Rønes.

Rønes  er nørste garden i bygda. Den ligg ved Storfjorden, eit kort stykke sør for neset der fjorden svinger i nesten rett vinkel mot aust, når ein ser bort frå Søvika.  Garden ligg ved fjorden og har utmark rundt på alle sider.   Einaste vegsambandet var ein dårleg veg til Sandvik. Det har stykkevis blitt bygt ein kjerreveg mellom gardane i bygda.

I  1799 skaut Aslak, dåverande eigar av Rønes  bjørn.  Den 12/11 1801 berga Aslak og Nils Rønes eit båtlag frå Nordfjord som kollsiglde.   

Det var fleire ulykker knytt til gardane på Furstranda. 6/4 1884 skulle Ole Elias Løset, gift til Rønes, svigerfaren Ebbe Karolius, svogeren Lars Petter og Ole Furstrand frå  nabogarden på kyrkjeferd då dei kollsiglde.Med seg til kyrkje denne dagen skulle dei og ha med  gamlemannen på Furstrand .  Han var komen ombord i båten, men sa så:  «Ej trurkje ej vil vere me døkke i dag»  og han gjekk oppatt i garden. Ungekona  og gamlekona skulle ut å berge karane, når dei såg kva som sjedde, men dei fann berre att ei trøye.

Siste brukar på Rønes var Peder Olufsen Rønes. Han flytta frå Rønes til Aure i 1967 og dreiv blekkslagerverkstad.  I Peder si brukstidvart gardsdrifta mekanisert.  Det vart kjøpt motorslåmaskin, bygd silo og fjøsen fekk ribbegolv og det vart laga nye foringskrubber med drikkekar til kvart dyr. Han gjekk etter kvart over til  mest berre geitehald som var det mest lønsame.   I 1958 fekk dei eletrisk kraft på garden. Stovehusa vart modaniserte og det vart drive fiske som attåtnæring. Peder kjøpte ny motorbåt i 1960.

I åra 2017- 2018 hadde soneson til Peder, Sevrin, ein serie fjernsynprogram på NRK om garden på Rønes.  Han budde då der og skildra livet på garden på den tida.  Vi fekk vera med på hjortejakt  og sætrebesøk.

 

Furstrandgardane eller Jogardane.

I 1866 vart Furstrandgarden delt i to bruk. I daglegtale på Glomset vart desse bruka omtala som Jogardane.

Karl Petter Håhjemsvik, som frå 1898 var brukar på inste Jogarden var postførar.  Han henta posten på Sjøholt og skyssa han over fjorden og bar den heilt til Sandvik. Årsløna var kr. 60,-. Sonen Hans vart og postførar som faren, men dreiv og fiskje ei tid.  Han var ein framifrå sjømann. Det viste ein skysstur med lærarinna i 1957 frå Søvik til Furstrand.  I eit overhendig uver fekk Hans og snekka hans retteleg prøve seg.   Då dei endeleg kom fram til Jogarden visste Hans nok om uver på sjøen til å forstå at dei ikkje måtte prøve å kome i land der.  Dei snudde og kom seg trygt  i land på Rønes.  Denne hendinga vart omtala i Sykkylvsbladet i desember 1960. 


19 10 28 Innste Jogarden.JPG
Inste Jogarden. Foto: Norunn Steinnes 2014


Hans kjøpte seg ein gard på Ørskog og i 1960 flytta han med familien frå Furstranda til Ørskog.   Der vart han kyrkjegardsgravar.


19 10 28 Yste Jogarden (Fiksdalgarden).JPG
Ytste Jogarden. Foto: Norunn Steinnes 2014


Bruket vart delt i 1866. Fyrste eigar av det yste bruket var Lars Larsen Møllsæter.  Kona hans kom frå Skageflå. Yngste dotter deira gifta seg med Johan  Alfred Fiksdal og alle borna deira flytta  frå garden, men familien eig garden endå.

På Glomset og Valdebygdene vart det snakka mykje om den gode geitosten som vart laga på Jogarden.

Gutane Lars og Nils Valde leika mykje  i fjøra  på Valde. Som 13åringar i 1945 var dei og ved sjøen og leika. Unge gutar har mange tankar i hovudet. Det var krig i Norge og det var ikkje så mange godbitane å få.  Gutane hadde høyrt om den gode geitosten som vart produsert i  Jogarden og stod ved Valdenausta og såg over fjorden. Fjorden låg der stille og blank som ein spegel og båten låg oppdregen i støa.  Nils hadde litt penger i lomma som han hadde fått for nokre småjobber han hadde. Gutane fann så på at dei kunne ta å ro over fjorden og kjøpe geitost og overraske familiane med ein godbit.  Dei fann ut at kortaste vegen var til Fiksdalgarden i Jogarden.  Dei fekk båten på sjøen og då viste det seg at der var eit stort  hol i botnen på denne. Kva skulle dei  då gjera?  Jau dei fann ei jakke, som hang i naustet, som søster til Nils bruka når ho var med på klippfiskarbeid på berga i nærleiken.  Denne rulla dei saman og klemde ned  i holet på båten.  Det viste seg at ein av gutane måtte ro og den andre måtte ause båten og passe på  at jakka var på plass. Lars fortel at holet i båten var rote rundt nygleholet og bitar av bordet hadde dotte ut. Den som auste båten måtte setja foten på jakka for at den skulle halde seg på plass. 

Dei kom seg over fjorden. Glade og fornøgde drog dei fram båten i Jogardsstøa og gjekk opp i garden for å kjøpe ost. Der møtte dei kona på garden og ho kunne ikkje selja noko geitost og mannen, som stod for salget, var på vedaskogen.  Kona sa at dei kunne no setja seg ned å vente til han kom heim. Gutane sat der lenge å venta, syntes dei, og det byrja å skymest.  Då kom kona ut og sa at dei måtte koma inn å venta.  Dei vart glade for det tilbodet og gjekk inn på kjøkenet. Etter ei tid høyrde dei lyder frå kammerset og så kom bonden ut derifrå.  Det såg ut som om han hadde lege og kvilt seg.  Lars som har fortalt denne historia til meg, meinte han hadde vore der heile tida for det var ingen  andre utgangar frå kammerset det han kunne forstå.

Dei fekk kjøpt kvar sin geitost og glade gav dei seg på heimvegen.  Med same prosedyre med jakka til Nils si søster i holet på båten og  ein til å ro og den andre til å ause, gav dei seg trøstig i veg tilbake over Storfjorden.  No hadde det byrja å blåse austavind ut fjorden og då dei kom over til den andre sida var dei komne ut for Glomsetlandet.  Det var mest like langt å ro frå Glomset til Valde som å krysse fjorden. Glade var gutane då dei kunne leggja til land ved Valdenausta.  Familiane vart svært glade for osten, men på spørsmål frå meg om dei ikkje hadde vore redde for gutane, kunne ikkje Lars hugse det.

I min oppvekst var det mange på Glomset som dreiv med kveitegarn i Storfjorden. Eit av dei beste kveitegarnseta,  som vart nytta mest,  var mellom Jogarden og Furstrandskulen. Det vart kalla Raudebergsetet avdi berget inne ved land hadde ein markert raudfarge.

På 16 – 1700talet var det og husmannsplass under Furstrandgarden.

 

Bjørnevik. 

Ca. 2 km frå Jogarden ligg garden Bjørnevik. I daglegtale i min oppvekst sa vi Bjønnjavikja. 


Bjørnevikhuset v4.JPG
Bjørnevikhuset. Foto: Norunn Steinnes 2014


Garden ligg mellom Furstrandgarden  (Jogarden) og Oppsal.  Tunet ligg på ei hylle eit stykke oppe frå sjøen og lendet rundt er heller bratt. Garden var den første tida krongods og vart i 1630-åra oppkjøp av bergensarar.  Seinare vart den seld til Abelset-slekta og vart så seld til fleire kjøparar og  garden vart bygsla av brukarar .  Det ser ut av historia som at økonomien ikkje var den beste denne tida. Det var « middelmodige» åkrar og «besværlege» fjellslåtter og det er nemnt at brukarar døydde i største armod.  Det var fleire brukarar samtidig.

I 1712 er det fortalt om ein  Tore Sverkvesen Bjørnevik som fekk bygsle halve Bjørnevik. Det vert fortalt at Tore var ein stor, svær kar. Ein gong han skulle til byen i robåt hadde han fått med seg raspaball som niste.  Før han la frå land åt han opp heile nista og kasta dallen på land. Sokneprest Rude i Ørskog fann denne  gravskrifta på kyrkjegarden:  «Store Tore Bjørnevik ligger her i sin kiste, største troll som på  jorden gik som Gud og hvermann visste». Han som fortalde dette, la til: « Det må ha vøre enj bøkkje.»  Men han var no ikkje verre enn at han fekk seg tak i 4 koner.

Bruket låg øyde i 5 år på grunn av armod.  ( 1766 – 1771).

I 1846 gifta  Aksel Olsen Folven frå Oppstyn seg med ei av døttrene til brukaren og Aksel fekk bykselsetel mot kår til svigerfaren og kona. I 1863 måtte Aksel gå frå garden. Han fekk seg eit lite stykke på bruket og bygde der (Nedrevik)  Han fekk 9 barn og greidde seg ikkje økonomisk. I 1856 vart han stemd inn og klaga for vanstell av bruket og late husa forfalle, og han stod og i rest på landskyld. 

No kom den slekta til Bjørnevik som skulle setja sitt særpreg på garden som den har hatt sidan. Martinus Amundsen Kjellstad og Marte Sølfestsd. Langeland  overtok garden i 1863. Dei dreiv fram garden. Martinus kom frå den kjende Kjellstad-slekta i Synnylven. Kjellstadkarane dreiv smedyrket og var kjende smedar og børsemakarar. Dei hadde 3 søner og den eldste, Amund, overtok garden i 1890.

  

Smia i bjørnevika.JPG
Smia i Bjørnevika. Foto: Norunn Steinnes 2014


Sonen Amund, som overtok Bjørnevikgarden etter faren, var smed og børsemaker. Han var med å starta samtalelag i 1880 til drøfting av samfunnsspørsmål. Han var abonnent på «Jordbrugeren» og medlem av heradstyre og formannskapet i Ørskog. Amund og kona Anne, frå Svarstad i Innvik, fekk 9 barn. Fleire av desse reiste til  Amerika. Ein kom heim og starta mekanisk verkstad i Brattvåg. Ein anna av brødrene hadde og verkstad i Brattvåg  og den yngste, Bjørn, var skodespelar tok utdanning ved Det Norske Teater i 1923 – 1926.  Han hadde sitt eige teater i Oslo og Bjørneviks teater er omtala på Google.

Sonen Svenn overtok garden i Bjørnevika.   Han var smed, mekaniker og treskjerar. Smedlære tok han på  Kongsberg og i Stockholm. Skøyte på garden fekk han i 1920. I 1927 bygde han nytt stovehus. Han dreiv og motorbåtskyss som attåtnæring.

Svenn hadde ein son, Amund. Han er den eg kan minnast frå min oppvekst. På Glomset hadde vi i den tida 2 butikkar og posthus. Tresnekkene frå Bjørnevika og Sandvika var eit vanleg syn å sjå på fjorden. Frå desse gardane kom dei over fjorden for å handle og nytte seg av postkontoret. Amund dreiv lite som mekaniker, men var mest fiskar. Han hadde laksenot og fiska mykje laks. Denne kom han over fjorden med for å sende til Ålesund med Glomsetruta.

Bror min  Ole, fortel at han og to kamerater kom ned på Blindheimkaia ein ettermiddag då Amund Bjørnevik kom inn med båten sin.  Han bad dei om å hjelpa han å få 40 laksar til bussgarasja for Glomsetruta. Gutane spurde om han hadde fiska så mykje laks og då kunne han fortelja at han leverte like mykje til Sykkylven to dagar før.

Bjørnevik-karane var kjende smedar og hadde ein stor produktvariasjon, frå glefser til gravkors. Det mest kjende produktet eg kan minnast var « Bjønnjavikgrevet» som var eit kjendt reidskap på alle gardar. Dei hadde eiga smie i Bjørnevika  og her har dei teke vare på mange interessante ting, slik at der på garden endå er ting som var gamle alt då første Kjellstad-mannen hadde dei  med seg dit. Ting som kan nemnast er gjengebakker  i ulike størrelser og eit slag skrustikke som dei kalla  pålekløve frå 1851 og passer frå same året.  Svenn hadde og med seg ei ljossaks som endå er på garden.

Bjørneviksmia var mykje omtala og fleire har skrive historia om denne. (Google). Eg kan ikkje minnast at at eg høyrde anna namn på produksjonsverksemda i Bjørnevika enn  «Bjønnjaviksmia» og Storfjordens Venner har hatt som prosjekt  siste åra og restaurere  denne, så dei verdiane som ligg der er ivaretekne.

  

Oppsal.

Etter det eg kan minnast vart denne garden berre kalla Furhaugen i daglegtalen.  I Sogebok for Sykkylven står det at garden frå 1900 vart kalla Purhaugen og at dette er vanleg daglegtale endå. Garden ligg bø i bø med Sandvik, med ein  steingard i bytet.

Denne garden var som dei fleste gardane på Furstranda krongods og fekk videre eigarar frå Bergen og videre kom den i Abelsetslekta og  så seld til Mechlenburg  og videre til Ole Aure.  Garden var tungvunnen til høy og det var uvisst med kornavl.  Det ser ut som at jorda som vart rydda hadde høyrt til Store-Sandvik som den då vart kalla.

Drivaren av Oppsal  vart i 1787 stemd for å ha drive ulovleg skoghogst  i skogen til Aurekarane i ein skogteig i Kyrkjesteinen. Han bad om tilgjeving og ville ha forlik. Det fekk han mot betaling av  sakskostnader.  Sonen flytta til ein plass  på Nedre Oppsal i 1803. I 1843 vart plassen på Nedre Oppsal bortbygsla frå hovudbruket.  Husa brann ned på Øvre Oppsal og dei greidde ikkje å få opp nye.  Garden vart difor seld. Det ser ut til at eigaren på Store-Sandvik kjøpte denne.  Det var  drive ysteri der i over 20 år.

Lars Valde fortel at han rodde saman med faren til Sandvik for å kjøpe laks til faren sin 50års dag. Lars var då 12 år gamal. Karane skulle hente laksen i ysteriet  på Øvre Oppsal. Her fekk dei omvisning og fekk smaksprøve av geitosten som vart produsert der. Lars kan ikkje gløyma den sterke smaken og konsistensen på den kvite geitosten og har sidan ikkje greidd å smake kvit geitost. Då var garden driven av Olav Sandvik, som nett hadde overteke etter faren, Peder, og systra Astrid hadde ansvar for drifta av ysteriet. 

Garden på Nedre Oppsal vart driven fram til 1918 då familien flytta til Sjøholt. Hans Lied frå Liabygda kjøpte garden etter at han kom heim frå Amerika.  Han var særleg interessert i gartnararbeid og fann opp ei spesiell saks som han klipte frukttre med. Han skøyte plassen over på døtrene sine, men forbeheldt seg bruksrett for seg og kona.  Under krigen vart garden nytta til  å slå der og dyrka poteter.  Garden vart så seld  til Birgen B. Aure som brukte det til sommerbustad. Husa brann ned i 1949 og eg kan hugse at vi sat i kjøkenglaset  heime på Glomset og såg brannen i Furhaugen.  Det vart då bygd opp ei hytte der.

  

Sandvik.

Det ser ut  som om Sandvik var eldste garden på Furstranda.  Det er lite både av  sand og vik der. Tuna ligg på ei hylle eit stykke opp frå sjøen. Her er to bruk, bruk nr. 1 er nærast Ørsnes og dette ligg litt lågare enn  bruk nr. 2. Bruk nr. 1 vart kalla Larsgarden eller Hansgarden og bruk nr. 2 Pegarden. 

Sandvikgardane v4.jpg

Sandviksgardane. Foto: Norunn Steinnes 2019

Som på dei andre Furstrandgardane var  Sandvik også krongods og  garden vart oppkjøpt av bergensarar på midten av 1600 talet og kom så over på meir lokale hender  midten av 1700 talet. Garden Sandvik vart i 1682  formelt delt i 2 bruk. 

Av historia ser det ut som om økonomien ikkje var særleg god på den tida. Sandvikbonden på  Larsgarden var med på ei dyrejakt som kom for retten. Sogebok for Sykkylven skriv fylgjande: « Seks mann frå bygda og to utanbygds karar var med på dette. Dei jaga  og drap eit dyr ulovleg, men  på grunn av  «formildene omstendigheter» og «formedelst  deres fattigdoms skyld» slapp dei med ei samla relativt lita bot.» Det er ikkje  fortalt kva slag dyr dette var, men hjort  var vel ikkje komen då. Kanskje var det eit husdyr, men det seier i alle fall noko om  den økonomiske  stoda sidan det var ei sak som hamna i retten.

Det står og at i 1728 hadde bonden relativt høg gjeld og «Sengeklæder fandtes ikke videre end en rye som børnene ligger udi.»

Olave, dotter til Lars Olsen Sandvik og Inger Monsdt, Jemtegård,  fekk før ho vart gift med Jens Knudsen Reite,  sonen  Ole Andreas.  Ole  Andreas kom til Håhjemsvik og vaks opp der.  Fosterfar til Ole Andreas eigde ein av Jogardane.  Det ser og ut til at bror til Olave, Mons, og busette seg i Håhjemsvik. Familiebanda mellom Larsgarden i Sandvik og Håhjemsvik ser ut til å vera tette. Lars Elias Sandvik reiste til Dakota i 1899 og kom tilbake og gifta seg med Lovise Rasmusdt. Lindsevik og busette seg i Håhjemsvika.  Soneson til Lars er busett i Håhjemsvika i dag.   Han kan fortelja historier frå besøksturer til slekta i Sandvika.  Han fortalde om første turen han hadde saman med bestefaren åleine. Det var etter at  bestefar fekk påhengsmotor. Ein 3hestar motor som etter dagens krav bevega seg sakte i sjøen.  Guten var då ca. 8 år og bestefar kunne ta sonesonen med  i motorisert båt over Storfjorden.   I  Sandvika  var dei svært velkomne og Anne, kona til Hans, som var bestefar sin bror,  diska opp med det beste huset hadde å byde på. Åtteåringen såg på denne Anne og syntes ho var svært lik nabokona i Håhjemsvika.. Det viste seg å vera  søster til Petrine på Håhjem, som var gift med Hans Martinus.  Anne spurde om guten lika geitmjølk og han sa ja takk. Hadde ikkje smaka det før og då han skulle drikka av den smaka den heilt forferdeleg. Han streva med å få i seg mjølkeglaset, men var oppdregen til å ikkje sløse med maten og minnast endå den forferdelege smaken denne geitmjølka  hadde. 80 % av  geitene i heile landet hadde på den tid eit virus som gav den sterke smaken på mjølka og forskarar arbeidde lenge med å få bøta  på dette, fortel Lars Olav. 

Lars Valde kan og fortelja historie om dei rause matserveringane i Sandvika etter krigen. Etter at far hans døydde då Lars var 15 år skulle mora og han forsøke å driva garden. Dei hadde nokre sauer som det var vanskeleg å halda styr på og fekk så plassere dei på andre sida av Storfjorden på Jogarden.  Ei tid etter fekk dei telefon om at sauene hadde forsvunne frå Jogarden og hadde hamna på Larsgarden i  Sandvika.  Mora, Ingeborg og Lars rodde over fjorden til Sandvika for å høyra etter sauene.  Hos Hans Sandvik fann dei sauene og dei måtte sjølvsagt inn å få seg eit måltid mat.  Lars  kan endå sjå føre seg det matbordet, der det var dekka opp med mange slags matretter og pålegg. Eit så overdådig matbord hadde han knapt sett før.

Sonen Harald overtok garden etter Hans. Han drei med heimefiske med motorbåt og var salmaker. På grunn av vanskar med skule og skuleskyss flytta han med familien til Ørsnes i 1967. Der lever Harald endå i ein alder av 92 år.  (2019)

På gnr. 2 Pegarden budde ein anna familie. Dette var den største garden og grensa mot Oppsal.

Av historia ser det ut for at Knut bror til Ingebrikt i Larsgarden, br.nr.1, var den første som dreiv Pegarden br.nr 2, frå 1682 då Sandvika vart delt i 2 garder. Økonomien ser ikkje ut for å vera særleg god i tida framover, då det var skiftande brukarar og salg av garden og fråflyttingar på 1700talet og framover til 1800talet. I 1826 og framover var det fleire tvangsauksjoner hos dåverande brukar, Jon Kolbeinsen Sandvik. I 1828 skulle det seljast m.a. ei loftstovebygning med gang og sval og ei råsegl-jakt. Jens R. Olsen Straumegjerde kjøpte huset. Råsegl-jakta var taksert til 15 spd, men då den skulle seljast vart det fortalt at jakta forliste og vart sundslegen året før, og kona kunne ikkje gjere nærare greie for dette.   Jon var ikkje heime

Også i 1831 vart det off. auksjon hos Jon, og då skulle kua «Dyrei» seljast. Det vart sagt at kua  var bytt med ei anna hausten før og denne måtte slaktast. Ei anna ku, «Rosendal» kjøpte broren Peder, og likeeins ei kvige. Peder  var kausjonist for Jon saman med ein Amund Sorte. Jon fekk bygsle eit bøstykke på Svartebekk  og flytta dit.  Broren Peder overtok så garden. Han kjøpte att deler av bruket som hadde gått på auksjon.

Sonen ,Karl, overtok så etter Peder. Karl fekk utskifting på utmarka på garden i 1870.  Han hadde og problem med å greia seg  økonomisk.  Alle 3 døttrene  reiste til Amerika og han fekk seg ei hustomt på bruket og dreiv fiske på Storeggja og dreiv mykje med jakt.  Han fekk slå for til ei ku.

Bror til Karl, Ole Petter, overtok så bruket.  Det vert fortalt at han som smågut var på vitjing hos faster si i Brusdalen.  Der var det barskog og det var ikkje guten van med.  Han sanka «furekjuker», la dei i hua si og sette den på hovudet. Så skulle dei eta og dei bad han ta av seg hua og då han gjorde det dryssa «furekjukene» utover. Etter at han overtok garden vart  han jakteskipper på Nord-Norge-turar.   Han rusta seg med niste til heile tureane og kona styrde garden når han var vekk.

No vart nemninga på gardane i Sandvika Framigarden og Heimigarden.

Neste brukar vart sonen til Ole Petter, Peder Karolius Olsen Sandvik.  Eg kan hugsa at far og bestefar snakka om Sandvik-Peder og han levde heilt fram til 1970 og vart 96 år gamal.  Peder fekk dyrka opp ca. 30 dekar jord og han køyrde då bort tusevis av steinlass.  Han bygde  400 m gardsveg og sin del av bygdevegen  Rønes-Sandvik.  Han fekk bygd nytt stabbur i 1901.  På  setra hadde  snøskred teke sela, og i 1902 bygde Peder  nye sel på ein tryggare stad.  I 1904 laga han vasshjul med hus til trusking.  Nye stovehus  fekk han opp i 1908, løe- og fjøsbygning i  1913.  To år seinare bygde han reiskapshus og vedhus under same tak. Peder dreiv laksefiske ved Vartdal, og seinare ved Sandvik fram til 1935.  Elles dreiv han havfiske etter torsk og sild og i tida 1917-1928 dreiv han torskefiske i Borgundfjorden.

I 1891 var han og faren  og grannen Andreas Oppsal på tur til byen med ein vedlast då dei kollsiglde på Flisfjorden.  Alle kom seg opp på kvelvet og vart redda. Peder måtte då vera 17 år gamal.

Peder fekk og tid til å vere med i styre og stell i bygda. Han sat 9 år i heradstyret, 10 år i likningsnemnda, og 8 år i forstanderskapet ved Ørskog Sparebank.

I 1944 fekk sonen, Olav, skøyte på garden  Han hadde gått landbruksskule og var både  gardbrukar og fiskar.   Det var mest geitehald han dreiv med og fekk mykje  premier og pokaler  på geitene og bukkane sine  på utstillinger. Ysteriet på Øvre Oppsal vart drive av Olav og familien. 

Bror min, Ole, og tre kamerater fann på at dei skulle ro over fjorden til Sandvik for å lære å mjølke geiter. Gutane var i 12årsalderen og dei vart godt mottekne hos Olav og Kjellaug i Sandvika. Dei fekk prøve å mjølke  geiter, men det var no litt rart å mjølke berre to spener ,når dei var vand med fire. Det var no spennende å ha prøvd dette. Vi kunne frå kjøkenglaset heime sjå kvar morgon når geiteflokken hos Sandvik-Olav vart sleppt ut om morgonen og gjekk oppover frå løa mot beite oppe i fjellet og også når dei kom heim om kvelden.

Det vert fortalt at Olav Sandvik reiste til Felleskjøpet og skulle kjøpe seg traktor i 1950-60åra. Han kjøpte ein tohjular med cardangvogn.  Då det skulle skrivast kontrakt ville han ikkje ha det, men drog opp av lommeboka 15.000 kr. som han betalte kontant. Det var masse penger den gongen og ei overrasking for seljarane på Felleskjøpet. Olav dreiv og med heimefiske og frakting.  Det var særleg laksefiske som var godt i den tida. På Glomset sat vi i kjøkenglaset og såg tresnekka til Sandvik-Olav kom over fjorden jevnt og trutt. Butikkane og posthuset på Glomset vart  jamnt  besøkt i den tida av grannane på sørsida av fjorden.

Sidan 1971 har han ikkje  drive gardsbruket i Sandvika.  Han og søstra Kjellaug flytta til Sykkylven, men Olav budde i Sandvika kvar sumar så lenge han orka. Han selde garden til slektningar i 1974.  I dag er Asgeir Kvernberg eigar av bruket.

 

 Kyrkjesteinen.

   

Kyrkjesteinen.jpg
Kyrkjesteinen. Mannen nede til venstre er Gustav Indreeide. Foto: Olav Sætre


Kyrkjesteinen var den vestlegast og siste av Furstrandgardane.  Ei segn frå Heilag-Olav si reise gjennom Sunnmøre fortel om steinen og namnet.  Då kongeskipet var kome forbi Ørsneset kom det eit par robåtar dei i møte.  Kongen bad folka sine stanse, han ville snakke med dei i båtane.  «Kvar skal de i dag?»  spurde kongen. «Til kyrkje,»  svara dei. «Kvar er så kyrkja dykkar?»  «Det er den høge steinen der borte på stranda», var svaret.  Kongen  likte ikkje at  folk i hans rike skulle tilbe steinar. Han bad mennene sine setja han i land, for han ville sjå den store steinen og vera vitne til andakta til bøndene ved steinen.   Då kongen kom opp, stødde han seg med ryggen til steinen og stod slik ei stund i djupe tankar. Då kongen var reist frå staden, såg ein tydeleg merke på steinen, som synte at Olav måtte vera ein heilag mann. Steinen hadde gitt etter for kongens kropp, som om steinen var av mjuk deig og desse merka er enno synlege. Og steinen kallast kyrkjesteinen den dag i dag  (Etter P. Fylling).

Om steinen skriv Hans Strøm at han «ligner nogenledes et kirketårn, skjønt den efter mine tanker egentlig bliver en af de såkaldte bautasteene». Steinen står ikkje på sjølve bruket, men eit stykke lenger vest, mellom dette og Ørsneset. Den er ikkje tilverka eller reist av menneskehand.  Den stokk ein gong ut or fjellet og vart ståande like fram for fjellveggen og er tydeleg av same steinslag som berget attom. Derfor er den ikkje lett å oppdage av framande som fer forbi eit stykke frå land endå den er vel 5 meter høg.

Det som i dag er synleg av Kyrkjestein-bruket er eit lite skoglaust stykke som ein ser har vore dyrka. Sjølve tunet låg på ei lita flate under ei bratt skogli like ved Kyrkjesteinelva. Garden var krongods den første delen av 1600-talet, men vart så seld til bergensarar som eigde den fram til 1733. Den vart då seld til sersjant Ole Iversen Overvoll som då budde på Aure. Sidan var garden i eige av  fleire Sykkylvingar.  Dei såg den som verdfull på grunn av skogen. Der var ulike drivarar som bygsla garden, men den låg øyde frå 1732 til 1796. Då kom det folk til Kyrkjesteinen att, då Andreas Aleksandersen Sjøholtstrand flytta dit. Han budde der berre 7 år til 1803 og då var det reine nauda.  Anders visste inga anna råd til livberging for familien enn å stela. Det vart 2 månader på tukthus. Kona reiste då rundt å tigga.

Då bestefar min på Heggebakk fortalde om Kyrkjesteinen sa han at «goffar» hadde fortalt historier om Kyrkjesteinfolket før hans tid.  Kona  på Kyrkjesteinen hadde fleire gonger kom roande over fjorden for å få noko mat.     Han nemnde at ein gong ho  hadde vore der før jul og fått mykje god julemat.  Då dei kom bort att i støa på Kyrkjesteinen var det ei stor kveite som hadde  køyrt seg på land der.  Dei fann  fram øks og klepp for å berge kveita og denne jula vart det mykje god julemat. Det hadde sett seg fast i minnet hos bestefar at folk kunne bli så fattige og det gjorde sterkt inntrykk på han.

Tradisjonen fortel om Kyrkjestein-Anders at då han budde på Kyrkjesteinen var  Aure-karane, som åtte garden, i tottane på han fordi han sette hunden sin etter smalen deira  når den kom inn på bøen. Det enda med at dei jaga Anders derifrå. Han flytta så til  Furstrand til ein  husmannsplass dei kalla Jogardsvikja.

Peder Sandvik fortalde at sist nokon slo i  Kyrkjesteinen var kring 1900.  Det var fint ver frå morgonen og utover, dei hadde slege frå seg og fått graset inni båten då det kom ein vestfloing så sterk at dei måtte bere graset i land att og setje fram båten.   

Aure-karane bygde ishus i Kyrkjesteinen som vart drive ei tid. Ruinane etter dette skal stå der endå.

 

Kjelder:  Sogebok for Sykkylven.

               Interjuv og samtaler med personer som er med i hendingane eller er i familie i

               Furstrandgardane:

               Lars Valde

               Ole Honningdalsnes

                Lars Håhjemsvik

                Historier fortalde av mine forfedre:  Johannes P. Heggebakk, morfar og Peder Heggebakk, onkel.

                Google.

 

Skodje  september 2019 

17.10.2019