Sølfest Syltevik
Sølfest Syltevik


Far til Sølfest, Ole Martinus M. Homlung, kjøpte garden Syltevika og flytte dit ut då Sølfest var ti år. Mora, Gjøri, døydde då Sølfest var eitt år. Han hadde tre eldre brør, men dei ville ikkje ta over Syltevika, og det vart Sølfest som tok over strandsitjargarden. Han forelska seg i ei jente. Dei vart trulova, ho flytte med ut i Syltevika, og planen var at dei skulle gifte seg. Slik gjekk det ikkje. Jenta fann seg ein annan, og det gjekk så mykje innpå Sølfest at han tapte all interesse for å drive Syltevika. Sølfest selde i 1894 Syltevika til Ole Blomberg frå nabogarden, og han flytte til Stongfjorden i Sunnfjord, der han kjøpte seg eit lite småbruk. I tillegg dreiv han fiske, og det vart fisket som meir og meir vart levebrødet hans. Men sunnfjording kunne han ikkje vere, lengten til Geirangerfjorden vart for sterk. Han selde småbruket og reiste til Geiranger. Der hadde han framleis den blåmåla robåten sin, han hadde med seg geværet sitt og fiskevegna si. Det var stort sett hans jordiske gods. Om vinteren fekk han bo hos kjenningar og snille folk både på Homlong, i Matvika og på Stokke i Oaldsbygda. Men elles i året låg han mykje ute, anten i båten, i eit naust, under ein hellar eller eit tre på land. Frå rutebåten kunne passasjerane tidvis sjå eit bål på land. Då var det gjerne Sølfest som fyrte under gryta, anten for å få seg varm mat, eller for å varme opp satsen så pass at gjæringa kom i gang. Han brygga eit slags øl som var kjent i heile distriktet og som gjekk under namnet «Sølfest». 

Sølfest Syltevik.jpg
Sølfest Syltevik


På Syltevik-buda på Hellesylt fekk han syltetøy som hadde blitt for gammalt til å selje, han fekk appelsinar som var i ferd med å rotne, han fekk også sviske som ikkje var salsvare lenger, og så kjøpte han pressgjær og sukker. Han brygga gjerne i eit mjølkespann, men laga seg depot rundt om langs strendene. På den måten hadde han sjeldan langt å ro når han vart tørst. Rasmus Matvik fortalde at han hadde smakt på ølet ein gong, og det var den første og siste. Ølet var så vondt at det berre var Sølfest sjølv som kunne drikke det, og det flaut gjerne fluger i overflata som hang fast i Sølfest sitt skjegg når han drakk. Det var mest som fiskar han livnærte seg. Fangsten selde han til hotella, til cruisebåtar og ikkje minst til den gode venen sin, doktor Oddmund Torgersen på Stranda. Han bodde ofte hos Torgersen, og det blir fortalt at soknepresten på Stranda, Jacob Christian Pedersen, seinare biskop i Stavanger, skal ha sagt om Sølfest at aldri hadde han møtt ein så bibelkunnig mann med så liten skulegang. På Stranda budde også syster hans, Gjøri, på småbruket Utsikten, og det var der Sølfest fekk sine siste leveår. Han vart gravlagd på Stranda kyrkjegard, men no er gravsteinen borte.