Anna Matvik--jula1957.jpg
Matvik-familien før jul i 1956. Frå venstre eldste dottera Rigmor, eit halvt år gamle Vigdis sit på mora Anna sitt fang, og Nils Roger står attmed faren Rasmus. (Foto: Bjarne Skarbøvik)

Dei trudde kanskje denne jula kom til å bli den siste i Matvika, men ikkje før i 1961 flytte dei inn til Hellesylt. Då var det slutt med mjølkebåten og Anna ville ikkje at borna skulle bu heimafrå når dei tok til på skulen.

Anna Matvik døydde i april 2013, nokre få dagar før ho vart 93 år. Ho var den siste att av dei som dreiv garden i Matvika. Sjølv kom ho frå ein syskenflokk på 12 frå Ytste Åkernes, og var vel vand med livet på desse fjord- og fjellgardane. Berre 15 år gamal måte ho ta morsrolla heime då mora  skada seg og låg lenge på sjukehus. Då fekk ho ansvaret for seks yngre born, det yngste berre to år. Ho kom tidleg ut i teneste og møtte eldste sonen i Matvika, Peder, og dei vart samde om å gifte seg. Forlovinga skulle skje i jula i 1947, men innunder jul var Peder om broren Rasmus i vedaskogen i lia opp til Furneset. Då losna eit is- og steinskred oppe i lia, ein stein trefte  Peder og tok livet av han. Noko seinare vart Anna gift med broren Rasmus (1908-2000) og dei tok over drifta av garden. Gamle Petter Johan Matvik (1874-1962) hadde teke over og bygd opp garden frå 1903 og hadde heile tida vore den store geitebonden i fjorden. Geitedrifta vart avvikla i 1958, då Åkernes-gardane vart fråflytta og det vart slutt på mjølkeruta inn til meieriet på Hellesylt som Ytste-Åkernes dreiv med båten sin, "Pegasus". I staden la Rasmus om til sauedrift. Dessutan var mjølking av geiter og ysting høgt til fjells  for strevsamt og høyrde ei anna tid til. På det meste hadde Rasmus godt over 100 sauer som gav ei enklare drift, men det å få sauene ned frå fjellet om hausten kunne ta si tid, og då hende det ofte at Rasmus måtte overnatte i det vesle huset dei hadde bygd oppe på Korsfjellet. Då tende han eit lite bål på kanten av stupet etter at det vart mørkt. På den måten signaliserte han til kone og born nede i Matvika at alt sto vel til. I eit intervju i vekebladet «Alle Kvinner» i 1959 fortel Anna at det å ha telefon var noko ho drøymde om. Vintrane kunne Matvik vere avstengd i periodar på grunn av både storm og rasfare. Tre born fekk Anna og Rasmus mens dei budde i Matvika, og for to av dei  flytta ho inn til Hellesylt og fødde der, men for den eldste  vart ho  frakta til sjukehuset. Det var komplikasjonar i svangerskapet.  Problem var det  også  i 1956.  Då låg Rasmus sjuk og måtte sendast på sjukehus for operasjon. Gamle Petter Johan og Anna vart att åleine med tre ungar på fire og to og ei på ni dagar. Eit forferdeleg uvêr sette inn med storm og ras, men vêret stilna heldigvis og grannar kom til med  hjelp. Utan godt naboskap hadde det knapt vore råd å overleve på desse gardane. Matvik-familien flytte først til Hellesylt i 1961, og seinare  busette dei seg på Fiskerstranda i Sula, men Matvika var plassen dei søkte heim til i sommarsesongen.