Torgersen.jpg

Doktor Torgersen

På Åkernes-gardane var Torgersen mange gongar, og ei av døtrene på Ytste-Åkernes, Helga, var i teneste hos Torgersen på Stranda. På bildet er han på sundagsbesøk på Me-Åkerneset i 1947. Frå venstre fru Torgersen, Peder Ringdal (far til Hans og Nils, dei to brukarane på Ytste-Åkernes), dr. Oddmund Torgersen, Marte Ringdal og Hans Ringdal. Då dette bildet vart teke hadde Hans og Marte flytta frå Ytste- til Me-Åkerneset og dreiv begge gardane.  

Vart nokon alvorleg sjuk eller skadde seg på ein av fjord- eller fjellgardane så var det i eldre tid ikkje å tenkje på å få tak i doktor. Fram til 1870-åra budde næraste distriktslege på Sjøholt, og før århundreskiftet hadde korkje Geiranger eller Hellesylt telefon. Dermed vart det å ro ut til Sjøholt for å varsle doktor, eller frå 1859 å ta rutebåten, om det passa seg slik. Dei første åra gjekk han berre ein gong for veka. For den helsemessige tryggleiken vart det såleis eit stort omskifte for folket i fjordbygdene då det kom doktor til Stranda, og endå meir då Stranda og Norddal fekk kvar sin doktor i 1924.

 

Det er knapt nokon person utanom eigen familie folket på fjord- og fjellgardane i Stordal, Stranda, Sunnylven og Geiranger minnest med større kjærleik enn han som i 1924 vart distriktslege i dette store legedistriktet, og som vart verande her i 40 år. Doktor Oddmund Torgersen kom frå Nøtterøy i det milde Vestfold, og skulle som 27-åring starte som einaste doktor i eit distrikt frå Skotet og Dyrkorn i nord og til Geiranger i sør, På det tidspunktet budde det fleire hundre menneske på gardane langs fjordane, og før han slutta hadde doktor Torgersen vore på sjukebesøk på dei fleste gardar der det budde folk. Han var også med på avslutninga av drifta på desse gardane. Han vart ein helt i levande live, og det var ikkje meir enn rett og rimeleg at han vart heidra både med Kongens gull og med statue på Stranda.

  

MB Luna doktorbåt.jpg

Doktorbåten MB "Luna".


Båt var einaste måten å ta seg fram med i dei dagar, og doktorbåten vart etterkvart ein kjend og kjær farkost på fjordane. Folket på fjord- og fjellgardane visste når Torgersen hadde kontordag på Hellesylt og i Geiranger, og gjekk dei med ei plage som dei ville han skulle sjå på, så rodde dei gjerne ut eller ga signal når doktorbåten reiste forbi. Ein gong båten nærma seg Oaldsbygda, såg Torgersen ein robåt kome ut for å møte doktorbåten. Ei ung og vakker jente frå Oaldsbygda sat ombord og ho hadde slik ein uhorveleg tannverk. Torgersen inviterte henne ombord, fann fram tanntrekkings-tanga si og ba båtførar Petter Sivertsen Jelle om å ta jenta på fanget og halde henne fast. Der midtfjords vart jenta ei verketann fattigare. _No kan du sleppe jenta, sa Torgersen til båtføraren, men Petter Sivertsen sat framleis og meinheldt rundt henne og svara: - Å nei, ho kan vel besvime endå! Det finst fleire slike døme på at han både var doktor og tannlege midtfjords.

Ein vinter gjorde austavinden, Skjelljå, at det på fire veker ikkje var råd til å legge ut med doktorbåten frå Stranda. Då kom det melding om at ho Matvik-Margit var sjuk, og dei trudde det var lungebetennelse. Torgersen fekk då med seg ein mann til følgje og gjekk på ski over Ljøbrekka. Oppover drog dei seg etter det gamle tjørebredde tauet som framleis hang der frå postførarane si tid. Dei kom seg ned til Ljøen og vart rodd på sjukebesøk .