Færingbygda

I tidlegare tider bygde dei nok også jekter her, den siste bygd i Kjølåsvika i 1848, men det var færingane som gjorde Stranda til båtbyggjarbygda. Dette er det knapt skrive noko om korkje av Jørgen Gjerding eller av Gerhard Kjølås, dei to lokale sogeskrivarane. 


Ivar Jensson.png
Ivar Jensson Hessegjerde fødd på Hessegjerde i 1847, stor båtbyggar som bygde mange færingar. Kjøpte Stordalsholmen i 1904 og flytte dit. (Bildet er utlånt av Ivar Holmen).


Nokre av dei fremste båtbyggjarane er så vidt nemnde i Gard og grend, band 1 av Stranda bygdebok, men det er alt. Stranda gjekk frå å vere ei båtbyggjarbygd til å bli ei møbelbygd i førstninga av 1900-talet. Det var vasskrafta som skapte mykje av grunnlaget for begge delar. Uksaelva skaffa energi til oppgangssaga i Uksvika som gjorde det mogleg å sage tynne nok bord til å bygge båtar av. Seinare kom der sirkelsag. Same elv dreiv tøystampa som Karl Knutson Hessegjerde hadde nede ved sjøen, og som sonen Syver Andreas tok med seg då han flytte til Ikornnes. Barnebarnet hans var Jens Ekornes. Møbelproduksjonen på Stranda voks ut av kjellarlokala og vart industri, ikkje minst på grunn av kraftverket som vart bygd på Ous.


Stammalen.png
Styraren ved Herøy kystmuseum med kopi av stamnmalen dei fann i stabburet på Ivalarsgarden. Stamnmalen har vore i bruk av båtbyggjaren Ole A. Larsson Opsvik. Håvard Hatløy la denne stamnmalen inntil stamnen på båten frå Rasmusgarden på Kjølås, og han fortel at malen passa som «lort i nysnøv». (Foto: Harald Kjølås).


Strandabåten

Det var to båtentusiastar utanfrå, lærar Lars Longva frå Sykkylven og styraren for Herøy Kystmuseum, Håvard Hatløy, som i slutten av l990-åra først tok til med ei meir systematisk gransking av båttradisjonane og båtbygginga i indre fjordstrok. Dei fekk tips om at det skulle vere mange gamle båtar i nausta i Norddal, og der fann dei mange. Dei oppdaga at færingane her var bygd på ein annan måte enn færingane i Bjørkedalen, og dei kom fram til at det vart bygd båtar i alle bygdelag langs fjorden og jamvel på vanskeleg tilgjengelege fjellgardar som Djupedalen og Muldalen. Men det var på Stranda hovudtyngda av færingbygginga gjekk føre seg, og denne spesielle båten kalla dei Strandabåten.

Snidbetna

Alle sunnmørsbåtane, frå åttring til færing, er snidbetna. Snid tyder «på skrå», og nemninga snidbetning viser måten botnborda skrånar. Bruksbåtane i andre delar av landet vart bygde med heile bordgangar. Borda går samanhengande i heile båtlengda. På snidbetna sunnmørsbåtar er det nedste bordet i den fremste tredjeparten av båten avskrådd, snida, ned mot kjølen. Dette gjer at også borda vidare oppover må skråast ned mot stemne og stamn. Kvart bord attanfrå på båten blir skøytt mot to bord framme. På denne måten blir den typiske snidbetningsfasongen til: Ein brei framende, bygd av mange skrånande bord og ein heller smal bakende med breie bord. Denne byggemåten på Sunnmøre er gammal, og det har blitt spekulert i om bruken av smalare bord framme kunne kome av at så mykje av den storvaksne furuskogen alt var eksportert til Nederland, Skottland og England. I så fall starta denne byggjemåten på 1500-1600-talet.

Ein anna teori er at sunnmøringane gjekk over til smalare bord framme for å kunne utnytte også den grannaste delen av furustokken. Sparsemd ligg for sunnmøringane. Det er likevel eit faktum at denne byggjemåten ga smidigare og meir lettrodde båtar som løfta seg i sjøen, og som truleg også var meir sjøsterke. Derfor held byggemåten fram også etter at furuskogen voks opp att.

Snidbetna.png
Denne båten tilhøyrde Rasmusgarden på Kjølås, men står no på Herøy kystmuseum der han er i ferd med å bli kopiert av museumsstyraren, Håvard Hatløy. Det er han som står i bakgrunnen. Båten vart bygd av Ivar Jensson Hessegjerde i 1889. Han kjøpte i 1904 Stordalsholmen og flytte ut dit. Eit anna kjennemerke på Strandabåten er den forseggjorde støtta under æsingane som ein ser midt på bildet. Ei slik finn du berre på Strandabåtane. (Foto: Harald Kjølås).


Det særmerkte med Strandabåten er måten dei smale borda er felt saman med dei breie på. I Bjørkedalen blir dei to smale borda skøytte i ein felles skøyt mot det breie, mens i Strandabåtane er dei smale borda felt inn i det breie kvar for seg. Det gir ein sterkare skøyt. Bogeprofilen på det øvste bordet, overrenningen, er også eit særmerkje for båtane bygde på Stranda.

På heilag grunn 

I oktober 2005 var følgjande båthistorisk interesserte personar på synfaring på Stranda: Geir Ola Vatne, Håvard Hatløy frå Herøy Kystmuseum, Per Weddegjerde frå Sunnmøre Museum og nordmøringen og båteksperten Jon Bojer Godal. Dei jakta på plassar der Strandabåten kunne ha vore bygd. Dei besøkte Arne Opsvik i Ivalarsgarden og der fekk dei sjå båtbyggjarverkty som hadde vore brukt av bestefaren, Ole Andreas L. Opsvik (1854-1934), ein av dei store båtbyggjarane på Stranda. På stabburet fann dei også ein stamnmal som Ole Andreas hadde brukt, og også ei fjøl med andre mål som vart brukt. I naustet sto ein båt som han hadde bygd.

Fagfolka understreka at båtane bygde på Stranda skil seg ut som vakre og forseggjorde både i heilskap og i detaljar. Det fortel om rike handverkstradisjonar i bygda. Det dei såg og lærte i Ivalarsgarden vart som ei openbaring for båtentusiastane. Dei kjende seg nesten på heilag grunn, og var det vel nærast også, i og med at den første kyrkja på Stranda låg her.

God tilgang på furuskog

Grunnlaget for at det vart bygd båtar i mange av bygdene langs fjordane på Indre Sunnmøre, var den gode tilgangen på storvaksen furuskog. Slik skog finn ein gjerne i område med olivinhaldig grunn, og det går eit slikt olivinbelte frå Opsvik-markane og over Uksneset/Lidfjellet og innover heilt til Tafjorden. Også i Liabygda og ovanfor Stordalsholmen var det god tilgang på furuskog. På sørsida av Uksneset var furuskogen oppdelt i teigar. Der hadde både Helsem- og Kjølås-gardane tilgang til furuskog. Dei passa vél på skogen sin. 

Arne Opsvik kan fortelje at oldefar hans alltid brukte å ha med seg ei lita øks når han gjekk i skogen, og med denne kvista han filmene så langt opp han rakk. Det var om å gjere å få furuene så kvistfrie som råd var. Det blir også fortalt at dei jakta på gode og høge masteemne. Otto Opshaug kan fortelje at Ole Pedersson Opshaug i Heimigard (1789-1880) tok unna ein furuteig i Vassetmarkane som han skulle ha til kår då

Ola båten SM.png

Dette er framskoten på den såkalla Ola-båten som ligg i båthallen på.Sunnmøre Museum. Her ser ein at dei skrådde borda framme er felt inn i det breie borda som kjem frå bakskuten. Denne båten vart bygd av Syver Andreas Rasmusson Helsem frå Sersjantgarden på Helsem. Båten vart bygd I 1893 og vart seld ut til Ola-garden på Dyrkorn. ( Foto: Harald Kjølås)

han overlèt garden til neste generasjon. I denne teigen voks det spesielt mange fine og beme mastefuruer, og teigen heiter Uksa-Ola-teigen den dag i dag. Var han heldig å finne eit beint og høgt masteemne til ei seglskute, så var det så attraktivt at eit sal kunne gi bortimot ei årslønn, i alle fall for ein kårmann.

Trelasteksport
På 1500- og 1600-talet vart Sunnmøre meir eller mindre tømt for furuskog. Særleg Langskipsøya i Ørskog hadde mange anløp av skip frå Nederland, og Storbritannia. Dei brukte tømmeret til dikebygging og skipsbygging i Nederland, til kanalbygging, vedfyring for å sprenge laus kol i kolgruvene og til skipsbygging i Storbritannia. Mens det fram til 1630 var opptil 15 sager i Dale skipsreide, sto det i 1640 berre to att, begge på Stranda. Den eine var i Uksvika og den andre på Sløgstad. Uksvika var også den einaste hamna innanfor Skotet det vart eksportert tømmer frå.

På midten av 1600-talet tok eksporten gradvis slutt, og Hans Strøm skriv i «Søndmøres Beskrivelse» hundre år seinare at Sunnmøre var så godt som utarma når det gjaldt furuskog. Berre Finnmark hadde mindre furuskog
enn Sunnmøre, skriv han. Det tok nokre generasjonar å bygge opp att skogen, og det var nok først på 1700-talet at det vart god nok tilgang på skog til å kunne bygge båtar for anna enn til eige bruk. På Stranda var det gardane innover bygda som i første rekkje hadde god tilgang på furuskog og som starta å byggje båtar som ei attåtnæring. Det har opplagt også på l700-talet vore spesielt dugande båtbyggjarar som andre gjekk i lære hos. Det finst mange døme også på dugande karar som reiste rundt på gardane og bygde båtar. På den måten vart kunnskapen spreidd, og det var sikkert mange bønder på Stranda som bygde sine eigne båtar. Gradvis vaks det nok likevel fram ei spesialisering som gjorde at det var nokre gardar, nokre ætter og nokre personar som fekk eit slags hegemoni på bygging av færingar.

Båtbyggjarane
I Sersjantgarden på Helsem levde Syver Andreas Rasmusson Helsem frå 1821 til 1904. Han var viden kjent som ein framifrå båtbyggjar. Den 166. færingen han bygde står i dag på Sunnmøre Museum. Båten tilhøyrer Sissel Dyrkorn og vart brukt i Ola-garden på Dyrkom. Båten vart bygd i 1893. Då var Syver Andreas 72 år. Kanskje bygde han nokre fleire færingar, men neppe så mange. Båtbygging var vinterarbeid. Båtbyggjarane på Stranda hadde ikkje eigne båtskot som dei bygde båtane i, slik som i Bjørkedalen. Strandabåten vart gjerne bygd på låven vintrane, og det vanlege var at dei greidde å bygge fire båtar pr. vinter.

Furuskog.png
Dette oversiktsbildet av inste Bygda viser gardane (frå venstre) Opsvik, Hessegjerde og Skarbø.. (Foto: Magne Flem)


Dei fleste ekspertar er samde om at båten på Sunnmøre Museum er spesielt forseggjort og vitnar om eit sjeldsynt godt handlag. Båten er merkt med «NO 166 S.A.R.S.H. 93», som kan tydast som byggjenummer 166, Syver Andreas Rasmussen Helsem, 1893. Syver Andreas var gift med Ane Gurina Olsdotter Opsvik frå Ivalarsgarden, og dei vart dermed onkel og tante til ein annan stor båtbyggjar i Ivalarsgarden lenger inne i Bygda, Ole Andreas Larsson Opsvik.

Det er ikkje vanskeleg å tenkje seg at han hadde lært båtbyggjarkunsten av onkelen sin, men også faren, Lars Andreas Olsson Opsvik, svogeren til Syver Andreas Helsem, bygde nok båtar. Det var han som gjekk i furuskogen med øks for å fjerne kvister slik at materialen skulle bli mest mogeleg kvistfri. Ole Andreas levde frå 1854 til 1934, og bamebamet, Arne Opsvik, fortel at bestefaren brukte å byggje fire færingar jamt kvar vinter. Også han bygde på låven, og av furu frå eigen skog og saga på saga i Uksvika.

Elles i året dreiv alle båtbyggjarane på Stranda som bønder med våronn, slått og innhausting. Båtbygginga var vintersysselsetting. Også Ole Andreas bygde over 160 færingar i si levetid, og desse vart nok seld til kjøparar både på Stranda og utover og innover fjorden. Båtbygginga ga ei brukbar kontantinntekt, og kontantar tok til å bli viktigare og viktigare etter kvart som pengehushaldet greip om seg utover på 1800-talet. På nabogarden på andre sida av vegen ligg Ivolagarden. Også der bygde dei færingar. Særleg kjent var Ole Iver Olsson Oksvik (1848 - 1917). Han var med andre ord næraste nabo og nesten jamaldring med Ole Andreas i Ivalarsgarden. Kor mange færingar Ole Iver Olsson Oksvik bygde veit vi ikkje, men det er vel grunn til å tru at også han brukte vintrane til båtbygging.

Vassetdalen
Ein annan nabogard, Hessegjerde, hadde tilgang på furuskog i Vassetdalen, og det hadde sikkert vore bygd båtar på garden. Ein av sønene på garden, Ivar Jensson Hessegjerde (1847 - 1944), tok over eit gammalt småbruk, Åsen, etter at søskenbamet Syver Andreas kjøpte seg gard på Ikornnes og vart stamfar for den kjende møbelfamilien Ekornes. Ivar J ensson starta tidleg med å byggje færingar, og han reiste mykje rundt på gardane og bygde færingane der.

Ein av dei han bygde færing til var Knut Olsson Kjølås (1846-1929) i Rasmusgarden på Kjølås. Denne garden hadde naust i Kjølåsvika, og då taket på naustet var i ferd med å rarnle saman for nokre år sidan,vart færingen i naustet berga. Denne har no hamna på Herøy kystmuseum, der båtentusiasten Håvard Hatløy er i ferd med å lage ein kopi. Også på denne båten har byggjaren ripa inn signaturen sin på det øvste bordet. Der står: «I J S H 1889 N 31». Det tyder Ivar Jensson Hessegjerde 1889 og båten er byggjenummer 31. Han bygde nok mange fleire færingar på Stranda før han i 1904 fekk kjøpe Stordalsholmen og flytte dit ut. Også denne garden har furuskog, og Ivar bygde færingar på låven på Stordalsholmen også, men gardsdrifta tok så mykje tid at båtbyggjinga der vart mest til eige bruk.Nede i sjølve Uksvika dreiv også Lars Petter Knutsson Opshaug (1839-1924) med båtbyggjing ei tid før han flytte ut til Vatne. Om han held fram med båtbyggjing der er uvisst.

tradisjon.png
Dette er signaturen som Syver Andreas Rasmusson H elsem rissa inn framme i båten som står på Sunnmøre Museum: NO 166 fortel at dette var den 166. båten han bygde. S A.R.S .H . er initialane i namnet hans og 93 er årstalet båten vart bygd,1893. Det at dei signerte båtane sine er kanskje også spesielt for båtbyggarane på Stranda? (Foto: Harald Kjølås)


l Liabygda er det kjent at Martinus A. Overå (1853- 1 934) frå Larsgarden på Overa, og Martinus O. Lied (1858-1919) frå Reiten var dugande båtbyggjarar, og det var særleg færingar dei var kjende for.

Arbeidshesten på jorden
Færingen var livsviktig for folk langs fjorden. Fjorden var ferdselsåra og hovudvegen, og hadde ein ikkje båt korn ein seg knapt av landa, som dei sa. Færingen vart også brukt til matauk, til å fiske frå, til å setje garn og not, og båten vart ikkje minst brukt til frakt. Dei fylte færingen med høy som dei hadde slått på ledige bøter langs strendene. Etter at dei flytte frå fjord- og fjellgardane slo dei der i mange år og frakta med seg høyet til vinterför for sauer og kanskje ei kyr eller to på den bota dei hadde flytta til. Ikkje minst viktig var færingen som kyrkjebåt i alle bygdelag som hadde kyrkje på andre sida av fjorden, og også som skyssbåt til og frå skulen der det budde skuleborn på andre sida av fjorden frå der skulen låg. Ein færing måtte alle ha, og i alle bygder sto det tett i tett med naust nede ved sjøen. Sjølv dalegardane hadde båt.

I dag leitar båthistorikarane rundt om i nausta langs fjorden etter tradisjonsmerke frå den rike båtbyggjarhistoria på Stranda og i andre fjordbygder. Dei finn lite på Stranda. I 1731 kom Skafjellulukka og flodbølgja frå det store raset øydela alle naust på strandasida bortsett frå to, Hessegjerde-naustet og Øggarsnaustet. Mykje verdfull innsikt i båtbyggjarhistoria her i bygda, og mange gamle båtar gjekk den gongen tapt. Bølgja frå Tafjord-
raset i 1934 raserte også mange naustmiljø langs fjorden og øydela mykje kulturhistorie.

Lang tradisjon
Sjølv om vi pr. dato manglar faktaopplysningar om båtbyggjarar før Syver Andreas Helsem, som truleg starta å byggje båtar rundt 1840, så er det liten tvil om at det å byggje færingar på strandamåten må ha vore ein vesentleg eldre tradisjon. Furuskog-gardane innover bygda har utan tvil utnytta skogen til meir enn å byggje hus av. I 1760 fekk jamvel dei to bruka på Opshaug, Heimigard og Framigard, kongeleg løyve til å drive ei «Bygdesaug», og det var i første omgang ei oppgangssag nede i Uksvika, driven med vatn frå elva som renn ned der. Dermed var eit grunnlag lagt også for båtbygging. Opshauggardane rår også den dag i dag over den største furuskogen på Stranda. Dei kjende båtbyggjarane åleine har bygd rundt 500 færingar til saman, og det er all grunn til å tru at minst eit par generasjonar lenger bakover har hatt båtbyggjing som vinterarbeid.

Når l900-talet melde seg vart det starta møbelfabrikk på Stranda, og det kom trevarefabrikkar. I 1908 starta Martin Overå og Rasmus Skarbø trevarefabrikk nede i Uksvika. Fabrikkarbeid vart ei meir naturleg vintersysselsetting for bønder og småbrukarar enn det å bygge færingar. Etterspørselen etter nye båtar vart nok også etter kvart mindre. No når vi har oppdaga den sentrale plassen Stranda har som båtbyggjarbygd, burde kanskje noko ha vore gjort for å markere nettopp denne viktige tradisjonen som er ein slags forløpar for den industrialiseringa som kom seinare.


Tekst: Harald Kjølås