Ljøfossen.jpg

Her i forkant av Ljøfossen fekk Anders frå Syltevika og Marie frå Stokke i Oaldsbygda bygsle ein liten plass for å stifte familie.Her vart Nils Liaaen fødd som den yngste av åtte barn.


Nils Anderson Liaaen (1820-1872)



Nils A Liaaen.jpg
Nils Anderson Liaaen

Han var også den einaste av søskena som i voksen alder flytta ut av fjorden.  Nils viste seg nevenyttig og tok tidleg til å bygge båtar. For ein kortare periode slo han seg ned i Norddal som båtbyggar, og seinare reiste han til Ålesund og derifrå til Horten for å lære skipsbygging. I 1856 var han heimom og bygde ei jekt i Dalsbygda. Både der og i Ytterdal og også i Viken vart det bygd jekter. I Ytterdal vart det også montert ei sirkelsag i slutten av 1850-åra, den første i fjorden, Elles var det oppgangssager dei brukte for å skjere tynne nok båtbord. Nils Liaaen var også på studietur til Tyskland og England, og då han kom heim i 1858, 39 år gamal, slo han seg ned i båtbyggarmiljøet i Viken ved Fjørå, men året etterpå flytta han for godt til Ålesund, Han hadde alt då endra etternamnet sitt frå Ljaaen til Liaaen. Reisa til Ålesund kom også av at han hadde skada seg i sirkelsaga i Ytterdal, og måtte ha legehjelp. I Ålesund fekk han husly hos kjøpmann Lars Drabløs, og han var gift med søstera til ho som Nils A. skulle bli gift med, Johanne Humlen (1826-1889), som akkurat då var på besøk hos søstra si. Ho var fødd på garden Humlen i Borgund, og reiste som ung  både til Kristiania og til Stavanger. der ho slo seg ned som medeigar i ei moteforretning. Den 5. september i 1861 gifte ho seg med Nils A. Liaaen. Same året hadde han etablerte  Ystenæs Skibsværft. Han fekk borgarbrev som skipsbyggmeister i 1868. og han fekk drive dette verftet i 11 år før ulukka skjedde i januar 1872. Under ei stabelavløing velta fartøyet og Nils som sto like ved skipssida fekk eit kraftig press på seg, som truleg gjorde skade på levera hans. Sundag 21. januar 1872 døydde han. På desse åra hadde han blitt ein høgt respektert samfunnsborgar, og det skulle vise seg at verftet vart godt teke vare på av etterkomarane hans, og i overgangen til neste generasjon var det enka, Johanne, som med myndig hand styrte verftet saman med dugande handverkarar. Det blir fortalt at når ho viste seg på verandane på Liaaen-huset på Borgundvegen rett ovanfor verftet, så steig tempoet på verftet merkbart.  Etter fleire generasjonar vart verftet den største arbeidsplassen på Sunnmøre. På det meste var det over 600 tilsette i Liaaen-gruppa totalt, men talet krympa mykje etter at skipsbyggingaaktiviteten vart lagt ned i 1987-88,

Ysteneset.jpg

Nils A. Liaaen bygde opp det første verftet sitt på Ytsteneset, og der omkom han då ei skute velta over han under sjøsetting. AML viser dei bygningane verftet rådde over. Seinare bygde etterkomarane eit moderne verft på Kvennaneset i ytre bydel.