Stamnmal frå Opsvik.jpg

Stamnmal frå Opsvik, Stranda



Ei magisk stond i stabuda

Stonda på stabuda var magisk, litt famlande og uvirkeleg. Mykje gamalt frå garden var samla her, gamle kister og ulike reiskapar passerte difust sidesynet medan me nesten styrt gjekk mot den inste kroken. Her låg mykje verkty samla på eit bord og ein høvelbenk. Auga festa blikket på ei teksle, navarar, profilhøvlar, ein strikj, medan tankane var retta mot det som hekk på veggen ovanfor. To malar, av ei rong og ein stamn. Var det verkeleg ein stamnmal som hekk der? Eg ville liksom berre kaste meg over malen, men Jon Godal stod der like roleg og uanfekta. Han kjika på ein annan reiskap han ikkje hadde sett før, malen fekk henge i fred ei stond til. Me måtte liksom undersøke alt anna fyrst, gå litt rundt grauten på ein måte. Eg veit ikkje, men eg fekk ei føling av at Jon nesten ikkje turte å ta den ned.

Der hekk dei altso, ein ”Stevnemodel”og ein mal av ”Kjemperoang”. Jon tok omsider malane i handa og gjekk mot døra får å få betre lys. ”Ole A. Larsen Opsvik begynte at bygge båter i 1881”, står det skrive på fjøla, stamnmalen. I eine enden står det ”Lid” og noko ulesleg. Er det lidarodden som er meint? Truleg. Ein tredje del ned på malen er der ein blyantstrek tvert over på begge sider. Me tek malen ut for å få betre lys, er mest opptatt av å tyde det som står skrive. Etterkvart vart det skaffa fram matpapir til kopiering og alt vart nøye skrive ned. Jon leita fram tommestokken og ville finne ut om stamnemalen var konstruert med to tangerane sirklar. Slik såg det ut til å vere, og ikkje nok med det, streken på tvert av malen var skille mellom desse to sirkelslaga. Den største sirkelen, nederste del av stamnen, såg ut til å ha ein radius på 178 cm. Den minste sirkelslaget hadde halve radien.


Kjemperongmalen.png
Kjemperongmalen passa godt. Den utskorne støtta under tofta, var eit særmerkje på færingane frå Stranda. Foto: Håvard Hatløy, Herøy Kystmuseum.


Mykje skulle bisnast på denne dagen so me laut fare vidare. Malane vart tekne med ned i naustet, der det stod ein færing som Ole Opsvik hadde bygd. Kjemperongmalen passa godt, men Lars fekk ikkje stamnmalen heilt til å stemme. Me konsentrerte oss meir i å kjike på båten, naustet og ta bilete. Tida gjekk fort og me måtte vidare, haudet måtte få jobbe med stamnmalen litt åleine.

 

Som lort i nysnøv

Nokre veker seinare kopierte eg malen, for å prøve den på Strandabåten eg har på Herøy Kystmuseum. Eg tok ned det samankrulla matpapiret på kontorhylla, laga meg ein modell i kryssfinèr. Studerte og funderte malen til dei seine timar. Sov dårleg av det som var att av natta. Eg var så spent på å få prøve malen på båten ute på museet. Var tidleg på museet neste dag, rigga meg til for prøving. Malen passar, som ”lort i nysnøv”!

 

Prøver fyrst malen på framstamnen. Innerkant av malen fylgjer innerkant av stemninga. Legg øvste enden av malen (den enden som hadde inskripsjonen Lid) ved lidarodden. Nedste enden sluttar akkurat ved utlottingspunktet, der er også fremste odden av 1.renningen. Halve lengda av korden mellom utlottingspunktet (nedste enden av malen) og den magiske streken som går på tvert av malen (skilje mellom dei to sirkelslaga), er midt på skjervinga mellom stamn og stemne (lott). Hjarte byrjar å slå raskare og hendene skjelv. Eg går bak, snur malen og prøver den mot bakstamnen. Ytterkant av malen fylgjer innerkant av stemninga. Sett lidarodden på plass, den magiske streken fell akkurat på der skjervinga mellom stamn og stemne byrjar. Nedste enden av ytterkant mal, sluttar akkurat der skjervinga mellom stemne og kjøl sluttar. Pulsen aukar enda meir! Fell siste biten på plass? Halve lengda av korden mellom nedste enden av malen og den magiske streken fell akkurat på utlottingspunktet bak. Her ligg også halsodden. Puhhhh!

 

Ein leik med tal

Stamnmalen  fortel stemneforma fram og bak, kvar lidaroddane skal vere, skjervingane mellom stamn, stemne og kjøl, og utlottingspunkta. Kva med radiane i dei to sirkelslaga? Var me nøyaktige nok i stabuda på Opsvik? Eg legg malen på golvet, leitar fram spikar, dau snor og meter.

 

Radien til det største sirkelslaget på framstamnen er 177 cm, radien på den minste er 88,5 cm, altso ½ r. Dette stemmer på millimeteren! Den magiske streken på malen, er der desse to sirkelslaga kryssar kvarandre. So finn eg ut at radien på bakstamnen er 159 cm og ½ r = 79,5 cm. Dette er prov på at ”stevnemodelen” er konstruert på denne måten.

 

Kan denne radien gi den formelle lengda på båten, langs ripa? Sunnmøringane gav opp lengda langs ripa når dei skulle gi lengda på båten. Me har før kome til at lengda langs ripa delt på 4 i rette liner er tilnærma lik lengda frå lidarodden ned mot kjølen og langs etter den og oppatt til lidarodden. Denne ¼-lengda har me tenkt var eit båtmål. Om dette båtmålet har vorte brukt, veit me ikkje noko sikkert om.

 

Brukar ein radien i stamnkonstruksjonen framme som båtmål, gir det ein båt som er knappe 13 båtalen langs ripa. Dette er ein stor færing, ein kjempefæring kanskje? Dette målet stemmer ikkje med færingen som stamnmalen passar så godt til. Kan radien i sirkelslaga vere båtmålet, eller gir konstruksjonen ei lengd som er direkte lesbar i malen? Radien ligg der liksom laust oppe i lukta. Då er det kanskje enklare å forholde seg til den lengda som korden gir, frå lidarodd til nedste enden av malen. Dette er tenking i høgt!

 

Kordelengda bak er 134 cm og kordelengda framme er 123,5 cm. Brukar ein radien i stamnkonstruksjonen bak, 159 cm, får ein; 134 + 159 +159 +123,5=575,7. Delar ein talet på 4 får ein 143,8!!!! Dette er lengda langs ripa på færingen som malen passar til! Båtmålet kan altso vere 2 b.A 12”. Er dette berre ein leik med tal som tilfeldigvis går opp, eller ligg det noko i dette. Kvifor er det radien i bakstamnen som passar og ikkje radien framme? Me lyt gruble og leike oss vidare!

 

Tekst:

Håvard Haraldson Hatløy

Dette oversiktsbildet av inste Bygda viser gardane (frå venstre) Opsvik, Hessegjerde og Helsem. (Foto: Magne Flem)

Opsvika og Helsem på Stranda var grendene der dei fleste båtbyggarane dreiv og bygde båtar. Dei var bønder og bygde båtar mellom onnene, gjerne på låven. Opsvik-tunet nærast, der Hatløy og dei andre var på besøk.



Ola-båten frå Helsem på StrandaOla-båten-Helsem.jpg