Det har frå gamalt vore fleire båtbyggjarar i Selboskarbygda eller Fjørå som det vart heitande i den seinare tid. Bygdarane har frå dei eldste tider vore henvist til å ro og til å bruka båten når dei måtte i «avlanda» for å utrette noko. Før vart det oftast å ro og segla også når ein skulle lenger avstand, gjerne heilt til byen.

 

Både kar og kvinne kunne ro. Ofte van det kapproing, og då gjalt det å ha lettrodde og gode båtar. På kvart bruk hadde dei naust og båt som dei held godt istand. Om vårane kunne du sjå røyken stå høgt opp frå tjørehjellane.  Der vart spiketreet, som var funne fram om vinteren brent og silt til lys prima tjøre. Ein fin solskinnsdag, mellom onnene, skulle så tjøra brennast inn i båten. Alt var heimegjort, det vart sjeldan kjøpt noko på buda. Båtbyggjarane kunne vera kresne på vyrkje. Du veit det er «vyrkje som skal båten bera». Dei ville ha innved og tiljebord som passa til sitt bruk. Båten skulle vera fin, gjerne ein stasbåt som kunne merkje seg ut på kyrkjevegen.

 

Den eldste båtbyggjaren vi kjenner til frå dei siste hundre åra er Rasmus Knutsen Korsnes, fødd i 1794. Han pakta Nedste-Reiten av Nils på Hauge. Stova hans stod nede ved sjøen, og båtbygginga vart levevegen hans. Det er fortalt om Rasmus at han vart svært gamal. På sitt siste låg han som ein «Blind-Anders» i  Juvikfolket av Duun. Presten Astrup vart henta, og han var interessert i å høyra om levnetsløpet  til sokneborna sine. «Og eg skal seie deg, far eg har vore ein mykje syndig mann. 200 båtar har eg bygd, omframt alle eg har stelt på, eg har ført nøye tal over det. Likedan har eg hatt 4 koner og fostra opp 10 born på denne svoda.» Dei kalla alltid presten far på den tida. «Ja,  da må jeg sige dig min gode mand, at du slett ikke har ligget på den late siden», svara presten. Ja, fire gonger hadde Rasmus stade brudgom framfor altarringen i Dalskyrkia og konene var Kari, Mari, Gjertrud og Anne. Den fyrste var frå Nerhus, men dei andre henta han innanfrå Sunnylvslandet. Og folket i bygda sa kvar gong Rasmus kom roande innatt med eit nytt kjerringemne: «No har Reite-Rasmus vore i Sunnylva og kjøpt att».

 

Rasmus var ein smålåten mann, særs hendig men fælt overtruisk Han var den siste her i bygda som fuIlt og fast hadde hopehav med dei underjordiske væsener. Og det er svært få som har sett dei etter at han kom burt.

 

Ei av dei eldste døtrene, Petrine, fødd i 1825, og som døydde i Fjørå i 1901, vart gift med Kristian Nilsen Ytterlid. Det vart so han som tok opp att båtbyggjarverksemda tii svigerfaren.  Denne Kristian Nilsen var eldste sonen til Nils Carolus Ytterlid og fyrste kona hans Anne Marta. Han var fødd på Ytterlid i 1834, og døydde i Fjørå i 1920, 86 år gamal. Ein skulle tru at han som eldste guten på Ytterlid, som var eitt bruk den gongen, ville vera sjølvskriven som bonde der, men han let Andreas, broren få garden. Sjølv flytte han ned på Selvikstien og tok inn i den gamle stova etter  Sti-Rasmus. Men han vart ikkje så mange år på Stien. I naustet sitt i Fjørå byrja han som blokkmakar og båtbyggjar. Elles var han hag til å utføre alt slags trearbeid, og ein god smed. Han tok so att dei gamle tomtene etter Peder på Skjeret og bygde seg hus litt ovanfor der kaia no er. Dette huset stod heilt til båra etter Langhammaren tok det for 30 år sidan. Ja, kor mange båtar Kristian bygde er eg ikkje viss på. Ikkje om det var so mange som svigerfaren, men ein del vart det nok gjennom 50-60 år, og so alle han reparerte då.

Han stod i naustet etter at han kom i 80-års alderen, men vart so skjelvhent at ein skulle tru var vanskeleg for han å få det til. Men arbeidet sat liksom i hendene på han, det forma seg liksom av seg sjølv . Eg trur ikkje Kristian angra noko på at han forlet farsgarden og valde båtbyggjaryrket. Kona døydde tideleg frå han. Men yngste dottera, Anna Ytterlid, stelte trutt om han til det siste.  Elles var den andre av døtrene, Malene Lyse, nær ved. Tredje dottera, Karoline, vart gift med Peter Hovden i Ålesund. Kristian var og ein smålåten mann og sette ikkje so store krav til livet. Det var ikkje so mykje prat om levestandard den tida, det var før denne «standarden» hadde vorte Gud for folket.

 

26.08.2019