I tillegg til fiske etter torsk, sei og sild (pluss mange andre artar) dreiv ein også med hyse- og bleikjefiske (kviting/hvitting). Gode plassar for bleikjefiske var: Nesplassen, Storøyra, Støleneset. 
Fru Jøsvoll var fast kunde hjå Nytun-Knut. Ho kalla bleikja for ”Havets Kylling”. Og så var det Hyseleite. Médet for Hyseleite var: Rett sydover for Lortviknaustet og sa langt at Lisa-stova stod i linje med kyrkjetårnet. No er både Lisastova og Lortviknaustet borte - og det er kanskje hysa også. Hysa var mest beitevillig ut på hausten, rundt den tida ein tok opp potetene. Da kunne det ligge fleire båtar utover kveldane. Den stod på eit svært begrensa område, så det kunne verte ein del vennskapeleg "knubbing” mellom deltakarane. Var det ikkje sild å få til agn, brukte ein blåskjell. Det var godt agn, men vanskeleg å feste til angelen.

Burt mot Øyrane og Storelva, på sandbotnen der, kunne ein slumpe til å ”stikke” fine raudspetteflyndre om ein kunne, og hadde det rette laget. Reiskapen var ein tung blystein med to beinrakte kveiteonglar festa på. Når ein låg framme i stamnen og ein rodde forsiktig, gjekk det ofte bra. Det var berre å sikte godt og sleppe reiskapen i rette øyeblikk. Hyseline vart sett i bakkekanten når det var småsild å få til agn. Enkelte gonger var det ganske mykje å få av forskjellig fiskeslag: hyse, bleikje, knurr, valange, flyndre; av og til kunne ein slumpe til å få småkveite, 3-4 kg.


Aure- og makrellgarn vart brukt etter «blankfisk». Det var lovleg før i tida når ein brukte dei utanfor freda-feltet som da var «Sessen», ein stor stein omlag 100 m frå elveosen (sjå «Kart»). På nordsida var grensa «Tiljeberget». Det er vel berre å tilstå at grensa her vart tøygt ganske langt. 

Lisjestova-Stordal.jpg

Bilde frå Stordal da Lisa-stova bokstaveleg talt var sentrum. Det er det vesle huset midt i bildet.


Fiskeplassar i Stordalsbukta

Stordal fiskeplasser.jpg


Karl E. Moe og Martin R. Moe i samarbeid med Ole Johan Vidhammer samla desse ord og uttrykka frå Stordal:



Fjord og fjøre-uttrykk-1.jpg


Fjord og fjøre-uttrykk-2.jpg


Fjord og fjøre-uttrykk-3.jpg