Stordalsvika og fjordane både inn - og utover har i hundreåra bakover vore eit ’’Spiskammer” for folket i bygda og strandgardane. Der var det fisk å hente til både mat og «Skjellinga». Fjorden var rik på mange fiskeslag, ikkje minst på sild og brisling. Dei mange namna langs landet fortel om dei forskjellige ’’Seta” for garn og line, basert på erfaringar - gjort frå mann til mann.

Kvart fiskeslag har stort sett sin beste ’’sesong” til visse tider på året. Det har samanheng med gytetid - sjøtemperatur - månefase, flo og fjøre. Dertil ein god porsjon tru og overtru. Som oftast var det likevel ikkje noko problem å få kokefisk når ein ville, i alle fall sei.

Dei to siste månadane i året - november - desember er vel dei månadane det er minst fisk å få. Då er det heller lite fiske som foregår, i alle fall inne i fjordane. 

Når det lir ut i januar og februar byrjar torsken og silda å sige inn til kysten for gyting og seifiske med garn tek seg samstundes opp. Drivgarnbåtane og snurparane vert gjort klar for ein hektisk sildesesong.

DEN GAMLE NAUSTREKKA I STORDAL

Det er ikkje vanskeleg å forstå den store betyding fjordfiske hadde for leve-
vegen i bygda når ein ser naustrekka på bildet nedanfor. I alt 45 naust var her
i Stordal i byrjinga på 1900-talet. Det var ikkje berre gardbrukarar i nedre del
av bygda som hadde naust. Både frå Storheim, Jøsvoll og så langt fram som til
Talberg hadde naust her. Fisket var ein høgst nødvendig del av levemåten.

Naustrekka-Stordal.jpg

Naustrekka i Stordal ca. 1900

Fiskeplassar i Stordalsvika og utanfor

Stordal fiskeplasser.jpg

Ord og uttrykk knytt til fjord og fiske frå Stordal innsamla av Karl E. Moe og Martin R. Moe med hjelp av Ole Johan Vidhammer.


Fjord og fjøre-uttrykk-1.jpg
Fjord og fjøre-uttrykk-2.jpg
Fjord og fjøre-uttrykk-3.jpg