SILDEVISE I TAFJORD

 Frå Kall'n  7. des 1924

 Tone: Der gingo tri flickor i skogen

 

 

Når brislingen kjem inni fjorden

Då vert det eit sværande liv;

Når kvalen han slær op med sporen

Og styrja ho sjølaust seg hiv.

      :/: Når sildetoppar små

Og brunkar du kan sjå

Då æ dækje lenge før slaget skal stå :/:

Trala-la-la - --

 

 

I fjorden der kjem det ein flote

Av farty av mest alle slag

Av dampen, motorar og båtar

I topp smell fabrikken sitt flagg.

      :/: No gjeld det kan du tru

I trengd seg kunne snu

Den fyrste på plassen

Fær fisk so det er gru:/:

Trala-la-la

 

 

Dei fyrste med skumsprøyt om baugen

Er «Marta Olina» og «Grei».

Men etter kjem skreddarane i Haugen

Dei ropar: «La gå i ein fei!»

       :/: «Hev du sett ho», spør han Nils

Dei vinkar med si hand

Og ropar «mang miles»

Ho stend grauttjukk kloss i lande :/:

 

 

Langt etter dei nye kjem dei gamle

Ser ut som dei ikkje har hast.

Han Ole han greier nok samle

Ei, to, tri og so ropar han: «Kast!»

      :/: Då høyrer du eit mål

Midt i anna skrål

Det er han Nils som ropar:

«I nota gjekk hol.» :/:

 

 

 

«Gamlekulten» her no må nemnast

Du stautare skute ei såg

I heile den tallause svermen

Av farty i Tafjorden låg.

      :/: Og Torstein det er kar,

Om 70 år han bar.

Han greier styre skuta

Om tørnen den var hard. :/:

 

 

Han Huseby, Nils og ei kjerring

Dei kasta og det i ei hast.

"om oss ikkje fæ meir enn ein færing

So hæ oss då likevel last.»

      :/: Jau her var fisk må tru

So det var reint ei gru

«No vert oss nok rike,»

Sa Peter snar og slu.:/:

 

 

Av agentar det hev me so mange

At knapt nokon skulle det tru.

Me hev Bjelland hin listige slange

Og Foløy, Krohn Dale og Bru.

      :/: Og treskomann på Marta

Du kjenner han på farta

Om han halta på kloggå

So det seier «klakk, klakk, klakk».:/:

 

 

Han Johan er inkje av dei høge

Men på vidda so ha' an det att.

Eit par auga so makelaust sløge

Stikk der fram under sneiboren hatt.

      :/: Og vesle «Pallesen» med

Jau han kan hjelpe te

Og skrøne jamt og godt

Båd' i ny og ne. :/ :

 

 

 

Dei Tafjordingar er mange i talet

Kor mange eg veit ikkje visst

Men til Lars som dei heiter no alle

Kann du godt seie : «Takk for sist!»

      :/: Og er de kje Lars A.

Rekk handa til Lars l.

Og vil han ikkje svare

Svarer Isle-Larsen te. :/:

 

 

Han Anton på Dovre han balar

Om natta til langt fram på dag

I snakkerør med strilen han talar

Kvar dei skal gjere av sine lag.

       :/: «Send til Stordal,» seier han

«til Sylte og går an»

-«ja til «Bloksberg», svarar Anton

«om de berre vegen fann.» :/:

 

 

Han Tonte og Peter hin staute

Dei rusla i saman kvar dag.

Er dei kje so god til å baute

Fær dei låtten på gli i eit lag.

      :/: Dei vitsar har i fleng

Men ikkje mykje peng

Men når dei reint er snaue

So gjer dei nok eit steng, :/:

 

 

Ja, dagar og vikor får ende

Og musse og brislingen med

Og derfor kvar til seg dei seg vende

Og står att so liderle kje.

      :/: Men om visa den tar slutt

So kan me seie til slutt

At brislingfiske i Tafjord

Det teke aldri slutt.:/:

 

 

Makrelen

 

 

. . . . .

Tafjord kaibilde 1932.jpg

 Ein gong var det så mange båtar på brislingfiske i Tafjorden at det var mest ikkje råd å sjå rutebåten når han kom dampande mellom snurparane på veg mot kaia. Foto: Øivind Vassbotn

 

Denne visa har vore framført på ungdomshuset i Tafjord, sist ein gong på 80 eller 90-talet av Sverre Roald.

 

I 1984 hadde John Aarønes ein samtale med Post-Nils, og skreiv eit notat som lnger Liv Berdal fann då ho overtok huset til postgutane.

 

John skreiv slik:

 

I 1924 var det eit rikt brislingfiske i Tafjord, eit kronår. Berre eit steng ved Høgklepposen var på 1000 skjepper, verd 12 000 kroner. Desse var med i notlaget: lschle-Pe, Hans Magnus Muldal, Nils Hjoakim, Sander Tafjord, lschle-Lars, Vass-Olai, lngebrigts-Petter, Skredda-Karl, Karl J. Rødal og Nedstedal. Medan stenget stod der vart det eit ofseleg regnver, og ein ottast for at brislingen ville gå tapt. Men det gjekk no godt likevel. Det vart sagt av ein av karane utpå Helle- trappa at det ikkje kom til å verte meir brisling enn han fekk plass til oppi raude lua si. Elvaflaumen kom til å ta resten.

 

Det var harde tider for jordbruket og næringslivet, so inntekter attåt dei daglege kom godt med. Ein kan difor ikkje undrast over det visa fortel :

 

«Når brislingen kjem inni fjorden

Då vert det eit sværande liv;»

 og

 «Når sildetoppar små

Og brunkar du kan sjå

Då æ dækje lenge før slaget skal stå.»

 

Kampen om brislingen var hard, og ordtaket «Den som kjem først til mølla får male» gjeld også her. Det var difor om å gjere og få auge på innsiget først, og ein brukte å sete på land for å få auge på brunkar, m.a. på Apalhjellmarka og nedanfor høgspentmasta ovafor naustet hans Nærø. Når silda kom opp frå botn, vart sjøen mørk og dette kallast brunkar. Det hende ein kunne sjå 8 - 10 brunkar ute på fjorden samstundes. Då vart det hauka ned til notbasen, oftast Sander og lngebrigts-Petter, som drog ut for å sjå. Dei såg kvar silda stod pga. boblene som brast i overflata og venta der til ho kom so nær land at nota kunne gå. Dei brukte to båtar, ein av desse var større med spel.

 

Notlaga hadde ofte løynde teikn for å varsle at silda var komen seg imellom utan at dei andre skulle få mistanke orn kva som var i gjære. Det kunne vere at dei tok av seg trøya eller hadde ei kvit skjorte. Det forteljast om Lars l ein gong skulle ha sagt til Arne når han skulle melde frå til resten av laget: «lkkje skal du springe og ikkje skal du gå.»

 

Men tafjordingane var ikkje åleine om å jakte på brislingen. Båtar frå Sunnhordaland pla også vere her. Den største av desse var «Marta Olina» og skipperen heitte Møgster. Det er truleg han som er omtala som «treskomannen på Marta". Berre mannskapa på strilebåtane brukte tresko. Den tida var det mykje hasselnøtter ved naustet hans Albert, Ekre-teigen (ovafor lngebrigtsgarden/ Pegarden), ovafor fellesnaustet og ved Geitvika, og det hende seg at strilane drog for å plukke hasselnøtter. Når dei klatra i trea miste dei treskoa og glei berre verre på det glatte graset og steinane når dei skulle nedatt. Det var litt av eit spel.

 

Det var også to nyare strilesnurparar her som var meir moderne utstyrt, ein av desse var Vistra med koparlampe.

 

Strilebåtane fekk brød frå bya, men dei mygla so snart dei kom og vart dumpa. Fjorden var full av grøne brød her i bygda. Mor til Nils Muldal baka brød i omnen hos bestefar hans, som budde i huset ved sidan av.

 

«Gamlekulten» må vere ein av båtane til gamlelaget. Det var troll til båt, tung å ro og dei heldt mest på å øydeleggje seg på han. Gamlelaget kjøpte hamp og kjerringane spann og tvinna han, og kvar mann på laget fekk sin notabolk dei skulle gjere ferdig. Sidan sydde dei delane saman til ei seinot. Dei hadde nok å tidtrøyte seg med då.

 

«Snakkerøret» hans Anton på Dovre var nede på Hella, der telefonstasjonen var i dei dage. Elles fantes telefon heime hos Skreddar-Karl og Olai P.

 

Dei hadde ikkje stunder til å fara på land og ete. lnger PålsdotterTafjord kom difor ned til båten til Nils H. Muldal og Huseby med skive og kaffi. Nett då vart det hauka at silda var komen. lnger var gift med Petter Elias som leigde Rongen av Helle-Arne, og dei hadde ei ku og 5 - 6 geit. Huset deira låg ved sjøen. Fabrikken må sikte til Bjelland.

 

Der krana står i dag var ei trekai. Mannskapet på ein av strilebåtane samlast der ein kveld med trekkspel og dansa. Dei hoppa ut av treskoa og opp i ei fisketønne (80 - 90 cm høg) og spratt opp att og ned i treskoa. Dette hende kanskje etter nyttår.

 

Foldøy var truleg agent hos Bjelland. Lars Krohn Dale var ein solid mann og mykje brukt som oppkjøpar. Ætta frå Dalsbygda.

 

Pallesen = Arne Pe (far til Arne P.)

Johan - morfar hans Jørgen, gift med ei frå Batnfjordsøra.

Johannes. Han var anleggsslusk med sluskehatt. Var ei tid å arbeidde på Flekkefjordsbana (eller Bergensbana) saman med Karl Johan Rødal då det var lite om arbeid i Tafjord.

Lars A. = Helle-Lars.

Lars l. og lsle-Larsen var frå Sylfest-garden.

Det var skreddarfolket som pla setje utnamn på folk.

 

Rundt 1900 tok dei svært mykje sild i eit steng ved Sildegarnshammaren. Dei fekk selje silda og fekk pengane, men silda vart ikkje henta og nota vart øydelagt. Det var so mykje fisk rundt stenget, at dei måtte bruke stormaska not for å få ut fisken slik at han ikkje åt opp all silda. Fisken sende dei med ferdslebåtar utover fjorden og fekk 10 øre stk.

 

Krøvel var bakar her inne frå Ørsta. Det var ein koseleg kar, men var glad i det sterke, og mange var redde for å smake på brøda hans av frykt for kva han hadde i dei. Han måtte slutte av di det ikkje lønte seg, og vart sidan bokseljar..

 

Makrelen - kan vere Olav av Skreddar-folket. ( 17 år då.)

Strileskutene var 50 - 55 fot lange.

 

 

11/2/2020