I eit kystlag i Sykkylven har me hatt eit samarbeid med Havforskingsinstituttet (HI) i Bergen over ein periode på om lag ti år. Det me veit om silda har me delvis lært av lokale folk og delvis gjennom kommunikasjon med HI, etter at me har sendt sildeprøver for analysering hjå dei.

Lokale fiskarar seier at dei lett kan skilje lokal sild, kalla fjordsild, frå norsk vårgytande sild (NVG-sild), som déi gjerne kallar ferdasild. Dette handlar både om ytre, fysiske trekk, levemåte og smak. Først og fremst er den lokale silda mindre, meir «kubba», og ikkje så straumlinjeforma som NVG-silda.  Fleire har sagt at mageinnhaldet i silda også fortel om ein litt ulik «meny». Den lokale silda er ein haustgytar, og kan på den måten berre forvekslast med nordsjøsilda, som også gyter i fjordane våre om hausten.

Ved HI har dei talt ryggvirvlar og årringar i otolittar/øyresteinar. Dei har fortalt oss at i dei prøvene me har sendt inn, har innhaldet vore ei blanding av sild frå ein lokal stamme og NVG-sild, mest av den siste. Forklaringa har vore at NVGyngel har drive inn i fjorden, i staden for å følgje straumen nordover. Denne NVG-silda veks opp i fjorden og går saman med fjordsilda dei første leveåra Ho gyter kanskje også saman med denne, inne i fjorden, som førstegongsgytar.

 Før eller sidan, helst etter eit par år, driv «genetikken» NVG-silda til havs. Dette er ei næringsvandring, som i seg sjølv gir silda ein  sterk vekst. Inne i fjorden går NVG-silda  gjerne saman med lokal sild på same storleik. Prøver frå otolittane har synt at den lokale silda oftast er fleire år eldre.

Kva er så problemet? Når HI slår ein strek over både all lokal kunnskap og eigne, tidlegare observasjonar, og rett og slett seier at all sild på våre kantar er same slag sild, får dette konsekvensar. Dette opnar for at ein med færre restriksjonar kan gå inst inn i fjordane og fange sild med store bruk. Desse effektive reiskapane kan, på linje med forskarane, ikkje skilje den eine silda frå den andre. Dermed vil ein oppleve det same som ein har opplevd før, at fjordane blir tømde for sild, og at den lokale silda hamnar i det store sluket, saman med anna fisk. Frå Tafjorden er det eit stykke ut til havet. Dette er ein av dei fjordane som i seinare tid har vorte tømde på denne måten. Her seier lokale folk at det verken har vore lokal sild eller anna sild i fjorden på fleire år.

                                                KVAR ER SILDA NO ?

Sild_Camilla-N%c3%a6ss.jpg (1)

Foto: Canilla Næss                                                                        

No skal me vere varsame med å kritisere fiskarane. Dei gjer vel berre det dei har lov til. Folk som har vore i direkte kontakt med forskarar ved HI, har fått beskjed om at det er kommunane sjølve som må regulere dette fisket. Dei seier på si side at det er i fylkesadministrasjonen i Molde dette blir avgjort. Og i Molde høyrer dei vel kanskje mest på forskarane. I so fall har me gått heile runden.

Er det nye, meir effektive forskingsmetodar som gjer at ein ikkje, som før, fangar opp at sild ikkje berre er sild? I frå Sykkylven har me i alle fall opplevd ein type «stemningsskifte» i HI dei siste åra, frå stor interesse for forsking på lokale sildestammar, med fleire forskarar inne i biletet, til ei heilt anna og ny «linje».

I landet vår har tyngda av sildefisket på mange måtar vore eit slags «brótfiske», der det først og fremst har handla om kvantum. Det verkar som dette kan vere i ferd med å snu; at ein meir nærmar seg land som til dømes Sverige, Danmark og Nederland, der fokuset på foredling for konsum har vore langt større. Silda kan bli endå viktigare for oss om me forvaltar denne ressursen best mogleg, også ved at me tek vare på mangfaldet, variasjonen.

I tilsvarande saker innanfor andre område i samfunnslivet, har me ved fleire høve sett at verken forvalting eller politikarar er «våre folk». Det er noko som heiter lobbyisme, som svært ofte er med på å gje den ressurssterke rett. Næring og pengar bør likevel ikkje vere det einaste kompasset ein styrer etter. I dette tilfellet burde me ha klare, felles interesser i å ta vare på mangfaldet i fjordane. Her er det fleire artar som er avhengige av kvarandre. For mange av desse er fjorden i praksis å sjå på som eit lukka system, som ikkje toler store, einsidige, einøygde inngrep.

23.01.2024