Namna på  notlaga er Tafjord gamle notlag,  Tafjord nye notlag, Tafjord snurpenotlag og Kontelaget.

 

GAMLELAGET

Det eldste vart kalla Gamlelaget eller Tafjord gamle notlag. Der var det dei fleste bøndene med, og frå alle gardane: Hella, Ekra, Olagarden, Negarden, Sylfestgarden, Arnegarden og Pegarden. Dei  heldt til i Notanaustet som framleis står nede på Notavollen.  

20 11 03 Notanaustet.jpg

Notanaustet. Her heldt Gamlelaget til. Foto: Turid Aspehjell

 I skipslistene er det i 1940 oppført ein båt, «Trygg»,  med ei Finnøy maskin på 15 HK.

 «Gamlekulten» må vere ein annan av båtane til Gamlelaget. Han  var tung å ro og dei heldt mest på å øydeleggje seg på han.

20 11 03 Notanaustet beliggenhet.jpg

  Notanaustet står framleis står nede på Notavollen i Tafjord . Foto: Turid Aspehjell

TAFJORD SNURPENOTLAG

Nils Muldal, Post-Nils, var kasserar i laget i mange år og  etterlet seg mykje papir om dette laget.

 Snurpenotlaget blei danna i 1933 av elleve tafjordingar, og desse var med frå starten: Sander Tafjord,  Nils H Muldal, Hans K Muldal, Petter J Tafjord (einaste gardbrukaren) Karl P Rødal,  Karl K Rødal, Karl L Rødal, Karl I Rødal, Ole Tafjord, Ole M Rødal (Nedstedal) og Ivar Rødal. Dei betalte inn 1000 kr kvar i startkapital.

 Dette laget hadde snurpenøter i motsetnad til dei andre laga som berre hadde landnøter. Dei heldt til i Skarbøvikane, ei vik eit lite stykke ut i fjorden, på sørsida. Dei hadde den ytste bygninga som blei brent eller rive på slutten av 1990-talet. To notbåtar vart liggande der til dei rotna opp. Det var Karl  K Rødal som overtok bygninga då laget vart oppløyst.

 Første året  var den store investeringa eit notbruk. Ole Tafjord og Ingvald Muldal reiste då til Bergen og handla med eit firma som heitte Campbell Andersen. Der kjøpte dei ei brukt brislingsnurpenot og eit motorfartøy, «Viking», til 14 500 kr. Det skulle dei  betale med 10 000 kr i kontantar og eit lån på 4 500 kroner. På same reisa kjøpte dei ein færing med ausekar som dei betalt 111 kroner for.  Ausekaret kosta 1 krone.  Reisa til Bergen for dei to kom på om lag 90 kr. Det dekte reisebillettar Ålesund – Bergen, hotellrom og mat, trikk, drosje og diverse.

 Nota dei kjøpte var dei veldig fornøgd med. Dei rapporterte til Campbell Andersen om «notens fiskelighet», men lånet på 4 500 kr måtte dei dragast med.  På nyåret 1934 betalte dei inn 3 500 kr på lånet. Og det siste avdraget vart betalt av Nylaget i 1950.

  Første inntektsposten var i oktober 1933 med 3613,05 kr for sal av 777 skjepper brisling, elles er der berre bokført utgifter. Og utgiftene var mange: forsikring, landslott, fortøyningsavgift til Ålesund Havnevesen, olje, slangar, presenning, presenningsmørelse, porto og telefon. Der er nøyaktige lister over alle  rikstelefonsamtalane dei hadde.

  1. januar i 1934 hadde laget berre 184, 06 kr. Då begynte dei å føre kassedagbok med debet og kredit og mange postar.

 

«Urd»

Etter Tafjordulukka trong laget ny båt. I mai hadde dei annonse i Bergens Tidende: «Tilbud ønskes snarest på en snurpenotskøyte».  I oktober 1934 kjøpte dei motorskøyta «Urd» av Bildøens Notlag for nesten 12 000 kroner. Det gjekk dårlegare med brislingfisket dei siste åra før krigen, og båten var ikkje i så god stand som tidlegare. 30. oktober 1940 vart «Urd» bokført seld  for 9000 kroner. Den nye eigaren var Ingvald Furre  som då budde på Sjøholt. Tafjordingane trudde at kjøparane var norske jødar, og reiste heim att i god tru. Men «Urd» vart nytta i Englandsfarten, kom tyskarane i hende,  og vart part i ei spennande historie som ein kan lese meir om i boka «Båtar med ei spennande historie» av Johan Ottesen.

20 11 06 Urd.jpg

Snurpeskøyta "Urd" til  Tafjord Snurpenotlag i bakgrunnen. Ho var kalla "Tafjordskøyta" under krigen då ho gjekk til England. Her leverer ho brisling frå  brislingsteng på Vikjene til ein trønderbåt "Kaulgaren". Dei som leverer er Nils E Muldal og Petter K Rødal. I nærmaste båten er Ivar og Nils K Muldal. - " var der berre på tur og rodde opponde for å sjå på". Foto utlånt av Turid Aspehjell


 «Urd 2» er oppført i skipslistene i 1936,1940 og 1944. I 1934 er der oppført ein til båt på   Tafjord Snurpenotlag,  M/B «Viking» med Avance 35 HK, og i 1940 og 1944, ein med namnet «Max».                 

 1936 eigde Tafjord Snurpenotlag  skøyta «Urd», eit skur, notbåt, to færingar, motorgavelbåt på 30 fot, snurpenot, fem andre nøter, tau, presenning og diverse, oppgjeve til 32 000 kroner. Snurpenota var 170 famnar lang med snurpeline.

 Når dei  tok mykje sild, var det ofte vanskeleg å finne kjøparar, og  det var dårleg pris, berre 50 øre skjeppa. Elles var fisket ofte dårleg både i Tafjorden og lenger ute. Heile tida var det store utgifter knytt til å drive laget. I 1938 fekk Ole L Tafjord telefonar frå  Stordal og Dyrkorn med melding om rikt fiske i Stordalsvika, i Geiranger og også andre plassar. I 1943 leverte notlaget 963 hl småsild til Vedde sildeolje- og fiskemelfabrikk for  kr 3 370, 50.

 Allereie i 1935 søkte snurpenotlaget Tafjord Kraftselskap om å få kjøpe eller leige eit område mellom Notanaustet og saga for å ha nottørke med skur.  I 1939 skjønte  dei at for å halde fram var det naudsynt å byggje nytt nothenge og søkte Tafjordfondet om eit tilskot. Det vart avslag. I eit brev skriv dei at dei føler seg urettferdig behandla i oppgjeret etter Tafjordulukka.

 I 1940 vart notbruket deira  seld til oppsynsbetjent Nils Otterlei, Ekkilsøy på Averøya.

 I 1941 arbeidde dei med å avvikle laget. Nils E Muldal gjekk då inn i laget og kjøpte Nils H Muldal sin part.   

 

 NYLAGET eller Tafjord nye notlag

 Desse var med der: Sander A Tafjord, Nils Muldal (Gamle-Nils), Edvard Muldal, Karl K Rødal, Karl Johan Rødal, Petter J Tafjord, Nils K Muldal, Hans Magnus Muldal, Karl Iversen Rødal og Birger Tafjord.

 I 1932 brann både naustet og nøtene til dette laget opp. Det var i det heile ein stor brann. Ikkje berre naustet, men også sju andre bygningar vart flammane sitt rov.

 

 KONTELAGET

 Her var eit lag kalla Kontelaget fordi dei hadde ein båt eller båtar kalla konte.  Desse båtane er tverr bak. Båtane såg ein først i Brosundet i Ålesund.

 Laget heldt til i Ingebrigtsnaustet.

 Dette laget vart danna etter Tafjordulukka, og Per Inge Muldal meinte  desse var med der: Albert Tafjord,  Ole Martin Tafjord,  Petter J Tafjord (Ingebrigts- Petter), Karl Rødal (Vass- Karl) og Ivar K Rødal (Lager- Ivar).  Erling Tafjord fortel at Alf Langmo, gift  med Klara Rødal var med ei tid, likeins postkarane.

 Dei hadde snurpenot, og Erling Tafjord hugsar at han ein gong i 50-åra var med faren, Albert, til Ålesund og henta to snurpenotbåtar som dei hadde kjøpt i Misund.

 Ein gong gjorde dei eit stort kast på Vikjene, 7000 hl brisling. Då var det stor lott på kvar.

 

06.11.2020