Desse vårplantane har maursyre i stilken, noko som hjelper dei til å overleve, dei er giftige. Namnet har planta fått fordi ein no kunne sleppe geitene, dei åt graset, men ikkje geitsimbra. Når haustkulda kjem, førebur desse plantane seg til våren, der er aktivitet i rota.

Løfter vi blikket møter det tallause kvite små fossar som stupar i sjøen. I dalføra som går opp frå fjorden kjem grøvene, bekkane, på tvers av dalen og renn ut i Storelva. Desse elvane er lakseførande, og her er mange gode lakseelvar i landet, men her på Sunnmøre er dei litt brattare og fossar meir. 


Laksesperre.jpg

Laksesperre vert fjerna. Foto: Per Arne Grebstad


Helge Ingstad fekk spørsmål om kva han såg på som det viktigaste for framtida, han var då 99 år. Svaret kom kontant. Å ta vare på laksen. Ein skal lye når dei gamle hundane gøyr, og ingen bør prøve å lære ei gammal merr å knegge.

I Yann de Caprona: Norsk etymologisk ordbok på 1918 sider, står om LAKS: fisk av lakseslektene Salmo salar, kjent for å hoppe oppover elver. Av norrønt lax avledet av germansk láhsa- og beslektet med «laks» på latvisk lasis, russisk losos og ossetisk læsæg. Det er blitt foreslått at latin salmo er avledet av salire «springe», mens flere forskere på romanske språk mener at navnet er lånt fra gallisk esox. Dette galliske ordet ble først benyttet om en fisk fra Rhinen, trolig laksen.

Laksen høyrer til den gruppa av fiskar som blir kalla anadrome. Dei lever ein del av livet i ferskvatn og ein del i saltvatn. Rogna blir klekt i elva, yngelen sym så ut i sjøen eit par år gammal, det er litt ulikt i forskjellige elver, han beiter så i Nord-Atlanteren, rundt Færøyane og Grønland. Så vender han attende til den elva han kom frå. Etter eitt år kjem pjakken, den er under tre kilo, etter to år kjem den mellomstore laksen, frå tre til seks kilo og så etter tre år kjem storlaksen som er over seks kilo.

I fjorden er det brakkvatn, ei blanding av ferskvatn og sjø. Her akklimatiserer han seg før han går opp i elva. Når humla susar i ripsbuskene så er det eit teikn på at laksen er på veg inn fjorden. Så har vi jonsokferda. Då er tusenvis av laks  på veg mot elvane som dei eingong kom frå. 


Rotonol.jpg

Det var vesentleg å redde laksestammen i Aure-elva då den vart infisert med lakseparasitten gyrodactylus salaris. NRK fjernsynet filmar og statssekretær Børre Pettersen frå Miljødepartementet følger spent med. Foto: Per Arne Grebstad

22 03 17 mære.jpg

Då kultiveringsarbeidet i Aureelva vart sett i gang i 1983 laga ein ei mære i sjøen. Foto: Per Arne Grebstad


I 1979 var det eit brotfiske i Aure-elva. Året etter var ho fisketom. Og ein oppdaga  at ho var infisert av lakseparasitten gyrodactylus salaris eller på norsk «roterande finger». Det vart i 1983 sett i gang eit stort kultiveringsarbeid med bygging av laksesperre og rotenonbehandling. I 1992 vart elva friskmeldt. 

Laksefiske med stang.jpg

Aure-elva og Turbindammen 1985. Her stod turbinen som dreiv blåsebelgen i Aure teglverk, eit teglverk som vart dreve frå 1814 til 1910. 12 år gamle Dag Rune Grebstad freistar fiskelykka. Foto: Per Arne Grebstad

07.04.2020

07.04.2020