I 1965/66 fekk eg oppdraget til å bygge eit lite fritidshus i Rusetbugen på Elias Viken sin eigedom, og på murane etter gamle «Bugastova». Dette vesle arealet med grøne lunger, hadde tidlegare vore heimen til familiane som i gamal tid budde der, som plassmenn under Vika. Der var og eit uthus med fjøs og løe som eg hugsa godt, også når dei begge vart rivne. Sjølve huset vart kjøpt av Elias Bendik Kaldhussæter og tatt med til Tafjord. Om det vart sett oppatt der inne, kjenner eg ikkje til.

Siste brukaren som budde og dreiv i Bugen var jakteskipper Karl Johan Torson Muri (1846-1920) som var gift med Elisabet Martinusdotter Kirkebø frå Stordal (1851 - ? ). Ho følgde dotter si, Lovise til USA og vi kjenner ikkje dødsåret hennar. Desse to hadde sju born og heile fire av dei utvandra til Amerika og kom aldri att, bortsett frå den yngste Lovise. Eg hugsar at ho kom ein tur heim på besøk og budde då på Furuly.

bilde 1.jpg

Foto av anlegget i Fjørå tatt 1976-1978 før utbyggingen på land i Rusetbugen. Foto: Jon Ole Viken


Tilbake til hyttebygget.

Det var Per Hoel og kona Helga som fekk lov å bygge hytte på dei gamle murane til stovehuset. Per som hadde slaktarforretning i Ålesund, hadde fin tresnekke og var ein ivrig sportsfiskar, ikkje minst var han ihuga til å dorge etter laksen. Dette var heilt i børjinga av oppdrettseventyret på våre kantar, og vi samtalte ofte om dette nye tiltaket.

Etter ei tid vart tankane ein realitet. Vi var 4 interesserte som tidleg våren i 1967 kom saman og skipa A/S Bugalaks – heilt uformelt. Kontantinnskotet var på kr. 3.000 på kvar. Vi la planar om å legge nøter i sjøen for å ha fisken i, like ved Per si hytte. Vi tok kontakt med Dyrkorn-anlegga og fekk dei til å lage to nøter på 5x5 meter og 2,5 meter djupe. Kvar not kosta kr. 520,40! – altså ei investering på vel 1000 kroner. Alt det andre som måtte til av utfar og fortøyingar, ordna vi med sjølve. Den gongen hadde Br. Vik eit settefiskanlegg på Aure. Der kjøpte vi settefisk for kr. 3.600. Eg har ikkje notert talet. Ein av dei mange sandskutene som frakta sand frå Valldal, var innom Sykkylven og henta yngelen, og flagget gjekk til topps då vi slepte den sprell levande yngelen i sjøen. Heldigvis hadde den ikkje tatt skade under transporten, noko vi frykta.

Spenninga kor dette ville gå, låg tett i lufta, men karane var optimistar!

bilde 2.jpg

Båten er første brønnbåten som ble brukt - M/B "Petra" -  kjøpt fra Smøla. Bildet tatt en gang i perioden 1976 - 1978. Foto: Jon Ole Viken


Per vart den sjølvskrivne røktar. Og gjekk inn i jobben med liv og sjel. Vi tok kontakt med firmaet Skretting om levering av for, men la opp til å nytte ferskt for av fisk frå fjorden. Det siste viste seg å fungere fint. Vi fiska sjølve og fekk Terje, Einar og Arne til å fiske mort å levere til anlegget. Vi kjøpte ei brukt kvern av ein revoppdrettar som hadde slutta, og mol førsteklasses fersktfor til yngelen. Som tilleggsfor kjøpte vi rekeskal og blanda i for å få god farge på fisken.

Per hadde ein søsterson i Ålesund som heitte Anders, og han var ofte innom anlegget og viste stor interesse. (Seinare vart han kjent som Fjordlaks-Anders).

Utover sommaren og hausten vaks fisken veldig bra og det vart ein attraksjon å kome ned til sjøen i Bugen å få sjå det yrande livet i dei små nøtene (merane).

Vi våga ikkje den gangen og ha ørreten i sjøen over vinteren. Vi var redd sjøisen, og Per som forvert, skulle  sjølvsagt attende til Ålesund når sommaren var over.

bilde 3.jpg

1976. M/B "Petra" tar om bord første regnbueørreten som ble slaktet fra anlegget. Anders Pedersen selv står med hoven. Foto: Jon Ole Viken


I samrådd med kjøparen etter eit prøveopptak av størrelsen og kvaliteten, bestemte vi oss for å slakte ned før jul. Vi fekk avtale med Gartnarhallen på Sylte om å få sortere og pakke fisken der. Vi hadde gjort avtale om levering til firma J. Helland i Ålesund.

Heile dette vesle eksperimentet gjekk veldig fint. Fisken heldt seg frisk, daud fisk var ei sjeldanheit. Vi hadde heller ikkje antyding til lus i nøtene og røming var eit ukjent ord.

Totalinvesteringa var beskjeden, omkring 12.000 kroner. Resultatet til slutt var at vi fire aksjonærane fekk att innskota våre, og sat at med ei lita forteneste. Det viktigaste for oss var den røynsla vi fekk med denne næringa, og at vi hadde ein fin og lærerik sommar/haust, som vi aldri gløymer. Vi fekk god nytte av dette eksperimentet nokre år seinare.

Det vart mange framtidsretta samtalar i løpet av denne sommaren og Anders kom etter kvart inn  bilete. Per var noko til års komen og i tillegg var han litt plaga med helsa, slik at han ikkje var så opptatt av å gå vidare med større drift.

Bugalaks-selskapet vart såleis kortvarig. Det vart avvikla i 1968 og nøtene (merane) selde vi til Jens Sperre, som hadde dei ei tid i sjøen i Dalsbygda.

I dei åra ( -64/67 ) var eg formann i noko vi kalla Tiltaksnemnda i kommunen. Den vart oppretta med tanke på å få fram idear, og å støtte opp om positive tiltak som alt var i gang, eller som det var planar om, i Norddal kommune. Sia eg hadde fått vere med i dette første vesle tiltaket med oppdrett i sjøen, var eg gira på å følgje tanken vidare.

Eg tok kontakt med Forsøksstasjonen for laks på Sunndalsøra, og fekk vite då at på Eikilsøya alt var eit sjøanlegg for laks i drift. Eg tok kontakt med Anders Pedersen og inviterte han med på ein tur til Nordmøre saman med tre av oss frå Bugalaks. Vi fekk først omvising og orientering på forsøksanlegget på Sunndalsøra, og køyrde så til Eikilsøya for å sjå på sjøanlegget der. Det imponerte oss alle stort. Dette var i det heile ein svært givande og lærerik tur. Vi tente på alle pluggane, og eg kan med sikkerheit sei at dette var opptakten til starten av Fjørå Fjordlaks AS og Fjordlaks Aqua AS i Ålesund. Desse to selskapa vart starta opp og dreiv i mange år for seg sjølve, men fusjonerte i 1998 for å forenkla drifta.

bilde 4.jpg

Bildet viser litt av det anlegget som låg i Rusetbugen ca 1980, Viken Gjestehavn i bakgrunn. Foto: Jon Ole Viken


Den vidare utviklinga i denne næringa er vel eit av dei største eventyr vi har fått oppleve i det private næringslivet her i landet!

NB. Det varma mitt gamle hjarte når eg nett i dag såg ein kjempestor brønnbåt på veg til Tafjord for å hente fisk i det store settefiskanlegget til Hofseth der inne – for ei utvikling!

 

13 09 2021

Kåre Nerhagen

17.01.2022