Fiske i Storfjorden - inntektskjelde og matauke.

Av  Norunn Heggebakk Steinnes.

For folket som budde ved Storfjorden var denne ei viktig attåtnæring. Fjorden hadde eit mangfall av fiskeslag som folket kunne forsyna seg av. Ikkje alle som budde på gardane ved fjorden i Skodje kommune hadde nok å leva av med dei inntektene gardane gav.  Dei fleste måtte ha ei eller fleire tilleggsinntekter. Storfjorden hadde for ein eller fleire generasjoner sidan mange fiskeslag som det vart fiska på. Fleire rekorder på storfisk vart gjordt. Fjorden er på det djupaste der den svinger ved Røneset. Dette gjer at her er djupvassfisker som lange og brosme som er gode matfisker.

Sidan eg er oppvaksen ved fjorden har eg opplevd denne rikdomen. I mi tid hadde vi i fjorden laks, torsk, kveite, hyse, flyndre, lange, brosme, sei, lyr, krabbe og hummar. Der var og steinbit, breiflabb, «kolkjeft» og hav-ål, lange, svarte som vi borna fekk på smålina.  Det var alltid spennende når fiskevegna vart sett kva som kom opp att med  venga og om vi fekk den opp att. Ikkje alle typer fiskereidskap var lite «forutsigbare». Det kom til tider opp andre fiskar enn det vi forventa.  Det er alltid spanande å fiske i sjøen.

Laksefiske
Langs land hadde vi på visse årstider laksenøter. Desse var plasserte på faste plasser og grunneigaren bestemte kven som skulle drive desse. Dei måtte passast på dagleg og stengast i helgene.  Felles for dei som dreiv med laksenøter var at dei aldri fekk laks, sa dei. « Hadde ej no endå fått så mykje som i fjor, - så hadde det no gått ann.»  Det er utruleg kor uthaldane desse fiskarane var som kunne halde ut tiår etter tiår utan å få fisk. Av og til kunne dei slumpe til å få ein fisk, dersom nokon såg det.Nokre fekk no fisk og.  Ved Valde var laksenota ved Jørngarden. Bruken av dette skulle gå på omgang mellom Valdegarane, men det var berre i Jørngarden dei skaffa seg laksenot dei seinaste åra nota vart driven. Her er eit bilde av Lars Valde med ein storlaks frå 18. mai 1966. Den vog 24,5 kilo.

 

Lars Valde med sorlaksen.jpg
Lars Valde med storlaksen. Sonen Gunnar er med på bildet, 4 år gamal. Foto utlånt av Solveig Valde. Fotoalbum.                                                                                      


Torskefiske
 
Var det om vinteren i februar/mars. Då gjekk torsken inn fjorden, men ved Glomsetlandet måtte ein ha garna ute akkurat den eller dei netterne torsken gjekk forbi. Den kunne stanse på Ørskogvika, så der kunne det fiskast over ein fjorten dagers tid. Det var av og til at far reiste til Ørskogvika med torskegarna og det galdt sikkert dei andre torskefiskarane frå Glomset. Den første torsken gav eit herleg måltid for familien, med lever, rogn og sjølvsagt kams. Torskehovud var delikatesse, både kokt og sprøsteikt..  «Kams i torskeflabben» snakka bestefar om. Torsk var og ei god salgsvare når ein fekk rikeleg.

Fiskegarn frå Honningsdalen.jpg
Fiskegarn frå Honningdalen. Foto: Kjell Sindre Tysse.


Kveitefiske
 
Med garn foregjekk nokre veker om hausten.  Det var faste kveitegarnset som vart brukte og då var det viktig å koma første å få setje garna der ein hadde mest tru for at kveita var.  Nokre gonger skjedde det at kveitegarna vart sett over einannan. Det vart då svært tungt å dra opp att garna, då ein måtte draga opp fleire setninger. Ikkje alle hadde store båter med meir moderende utstyr til å drage opp vegna. Dersom det var kveite i garna når dei var sette over einannan, var det å få skilja garna og sjå kven som eigde fisken. Kveita var freda frå 15. desember og framover..  Kor lenge framover kan eg ikkje hugse. Fleire store kveiter vart fiska opp frå Storfjorden.  Naboen, Edvard Honningdal, fekk ei kveite som vog 195 kg utan tokner og lever, så han rekna med at den ville ha vore 210 kg om dette var med.                                        

Edvard med storkveita.jpg
Edvard med storkveita. Foto utlånt av Harald Honningdal.


Eg kan minnast at far fekk ein stor håkjerring i kveitegarnet. Den vog ca.  350 kg. Heldigvis var den daud då far fekk den opp til vassflata, så han fekk lagt sleper på den og drog den etter båten opp til ei kai, der han kunne hente den med traktoren. Det vert fortalt at Petter Bjørlykkehaug og Karl Ytreberg fekk ei svær håkjerring på line. Denne hadde  ei tønne lever i seg.

vabein til bruk for draging av liner og strenger.jpg
Vabein til bruk for draging av liner og strenger (tauline festa til garn) Vabeinet kjem frå Honningdalen. Foto: Harald Honningdal.


Ein kunne og bruke line for å fiske kveite. Far hadde fleire slike liner. Dei  vart egna med sild eller makrell og hadde store anglar. Lina vart dregen over eit vabein som ein sette i stavnen på færingen   Når lina vart dregen over denne rullen vart det lettare å draga. Strengen på kveitegarna vart og dregen over vabeinet, men garna måtte ein draga med hand.  Fekk ein kveite var det viktig med ein god klepp. Klepp vart og brukt om kveita vart fiska i garn. Ein kunne ikkje vita kor mykje fisken var festa i garnet.  

Kveiteklepp frå honningdalen.jpg
Kveiteklepp frå Honningdalen. Foto: Kjell Sindre Tysse


Også til garnfiske  hadde ein redskap som gjorde det lettare å drage opp att vegna. Ein rull vart festa på båtripa og garnet vart drege over denne.

Garnrull som var festa på båtripa.jpg
Garnrull som vart festa på båtripa. Foto: Norunn H. Steinnes


Ein annan fisk kom til tider inn fjorden. Det var Makrellstørja. Den susa fram og hoppa oog piska opp i fjorden.  Det vert fortalt at denne kunne bli 300 kg . Det kunne slompe til at den beit på dorg. Det var dei som fiska på den, men då bruka dei harpun. Ein fiskebåt frå Isfjorden,  Hjelvikbrødrene, fiska i fleire år makrellstørje. Dei busette seg seinare i Langevåg.

Ulike reidskap fra garnbitting og garnbøting.jpg
Ulike reidskap for garnbitting og garnbøting. Rammene beskriv maskestørrelser, kveitegarn, torskegarn og smågarn. Nålene viser størrelse for trådtjukkelse, Reidskapa kjem frå Honningdalen. Foto: Harald Honningdal.


Lange og brosmefiske

Foregjekk i djupaste fjorden. Det kunne hende at dersom det var mykje djupvassfisk på lina, skaut fisken mage og flotna opp. Ein kunne då sjå flytande fisk lagt bortover fjorden.  Naboen, Edvard, som var ein allsidig fiskar, opplevde at det kom folk i ei snekke og plukka fisk frå lina hans medan han låg og drog på den. Brosme og lange vart som oftast salta. Etter at frysar kom, vart den gjerne lettsalta og frosen . Kan ikkje minnast at i alle fall brosme var så ettertrakta salgsvare. Eg kan hugse at bestefar hadde sitt slagord med anbefalimg av brosme. Han siterte: «Brosma med sitt tjukke rød, er så god til smør og brød ».  Ja det er då ein føresetnad at ein har heimebaka flatbrød.

Hysefiske
Var ikkje den store inntektskjelda. Vi som budde ved fjorden og kjende til «hysehølene», freistast  av og til å forsøke seg på å få noko hyser.  Det var mange hyseholer langs stranda mellom Glomset og Valde.. Hysa  vart halde for den beste bankefisken.  Det var smågarna vi sette der. Det kunne også koma hyse i torskegarna dersom dei vart sette på rette plass. Ein kunne no slompe til å få hyse på line eller snøre, men eg meiner å huske dei var nokså  lausbitne.

Seifiske
Foregjekk som oftast  med dorg og stang. Dersom seien beit, så beit den og ein kunne drage  opp  det ein ønskte. Det  er helst rundt fluder og grunner at seien stod. Seien var ettertrakta salgsvare og kunne brukast til mange ting. Den kunne saltast og tørkast og så var den god til blandaball og elles anna fiskemat. Kanskje vart fiskematen  litt gråare enn av hyse.

Lyr
Kjem nokolunde i sama gruppa som seien. Den vart halden for å vera ein god bankefisk.

Flyndrestikking
Var ei fiskeform som av og til vart brukt.  Flyndra låg gjerne på sandboten og når sjøen var klar kunne ein bruke eit reidskap som vart slept ned og traff flyndra. Eg minnes at far eller bestefar hadde laga eit reidskap av  eit jarnlodd med to påsurra kveitelineonglar som var retta ut. Dei hadde mothakar slik at flyndra ikkje kunne koma seg av når det hadde fått dei gjennom seg.  Om dette var eit lovleg fiskereidskap, veit ikke eg, men det vart no brukt.

Hummar og krabbefisket
Vart og brukt. Då var det helst teiner.  Hummar var det ikkje så mykje av, men ein og annan fekk bestefar i teina.
Krabben kunne vi stå på berga og lyse på og den kom krabbande oppover berget så vi fekk tak i den med ei rive. Det var på mørke haustkveldar at dette skjedde.

I den tid det var stort sildefiske på Sunnmøre  kom det dei kalla forfangssilka inn fjorden Snurpebåtar kom og skulle fange silda. Fjorden såg då ut som ei stor by  med eit hav av lys og det var då eit yrande liv på fjorden. Båtane låg og lyste etter silda,då denne kom mot lyset. Notbåter  eller «dorryer» som dei vart kalla, sette snurpeposen omkring sildestimane og fekk fanga dei.  Dette tok skutt då sildefisket slutta.

Kjelder: Minner frå oppveksten og fortalde historier.