Det kunne óg kome anna fisk, som kroppung, det er stadbunden torsk, eller bergskjebbe. Også «rjøt», harr. Eit par gongar kom det rett storfisk, sei eller torsk. Då sprang vi til næraste færing og rode inn under kaia.

Tidleg kveld kom ofte  skreddarmeister Karl Welle med flyndrevegna si. Han kasta ut tre  snøre med solide blysøkke. Dei vart liggande i vifteform mot marebakken, og festa så snøra i pullerten. Når kona Helene eit par timar seinare såg han kome opp karbakken med ei hank fine, flate fiskar, var ho ikkje sein om å få gryta på benken. Så kunne dei dele eit godt måltid den kvelden óg.

Ein dag fløta vi færingen og rodde bort på Auresanden for å stikke flyndre. Loen, reiskapen, var laga av to utbenda kveiteanglar som var støypte fast i eit blylodd. Vi navigerte så det var berre å sleppe flyndreloen rett ned så hadde vi fisken, trudde vi. Men ho kom seg oftast unna, var utruleg rask til å reagere. Vi forstod ikkje dette, men kanskje fisken såg skuggen av båten og var på vakt. 


Per Arne si familie freistar fiskelykka.jpg

Målfrid, Tone og Unni Grebstad freistar fiskelykka ute på fjorden. Foto: Per Arne Grebstad


Ein sommarkveld på Osfluda når bleika bit er ei oppleving. I uminnelege tider, frå dei første bufaste padla hit ut, har det truleg vore ein god bleikeplass.

Då eg hadde vakse ut av konfirmasjonsdressen kjøpte eg to 14-omfars auregarn som eg sette flytande. Aldri gløymer eg ei lys sommarnatt då eg rodde ut for å sjå etter garna. Eg trur at mor vart litt overraska då ho opna døra til kjøleskapet, der låg 18 kg med laks, ni pjakkar alle omkring to kg kvar.

Tre av dei gamle lakseverpa var framleis i bruk, fangstreiskapen var kilenot. Det var Prestevarpet i Ullavika på Aure, Ytre Fauske og Aursnes. Bruk av kastenot var forbode, men likevel var ho i bruk, så det var ein del katt og mus leik med oppsynet. Eitt notlag vart tekne, men frifunne i retten som godtok at det var ein gammal fangstmetode.

Vinterhalvåret var her eit rikt garnfiske i fjorden, noko som hadde lang tradisjon. Hans Strøm skriv i 1760 at gardane vart delt i mindre bruk på grunn av dei gode fiskeria. Vi vart fiskarbønder, og det vart fiska ikkje berre her i fjorden, men også i Borgundfjorden, og ute på Eggakanten ligg Sykkylvsdjupet, ein fiskeplass som er oppkalla etter ein dreng frå Aursnes som fann plassen.

Når gamlekarane fløta båten med garna i bakskuten, dei hadde søkke av skiferstein i grynnet, og glaskuler i skotet som heldt garnet oppe frå botnen. Vi gutane måtte hjelpe til med å greie garna, ofte med vanskelege flokar, og vi var med både å setje og å drage. Fangsten var sei, torsk, lyr, hyse, brosme og lange som det mest vanlege. 


Peder Overå på fiske.jpg

I båten ror Peder Overå og lurer på om det vert fisk denne gongen. Foto: Per Arne Grebstad


Linefisket var ikkje så utbreidd, men det vart brukt både småline og djupline. Eit slikt set var frå Fauskegrova til ishuset på Blakstad, her fiska dei etter kveite, brosme og lange. Ein gong fekk dei ein ål på 237 cm. Han hengde dei opp på ein naustvegg i Haugbukta til skrekk og åtvaring.

25.03.2020