Av Jan Olav Dimmen

Her eine dagen fekk eg i hende ein gamal og sliten protokoll. Den tilhøyrer Geiranger Notlag, eller som det står på framsida, «Protokoll for Geiranger Sildenotlag 1868». Kven skulle tru at det eksisterte noko slikt som eit notlag i denne bygda, som ein helst forbind med store turistbåtar, hotell og eit yrande folkeliv sumarstid. Men ein kan vel kalle det ein skjebnens ironi at det nettopp var turistferdsla som vart byrjinga til slutten for notlaget i Geiranger.

Fjorden har frå gamalt av vore rekna for ein god fiskefjord. Det var ikkje mange år utan at det kom inn stimar av sild, sei og makrell. Fiskeslag som ein fekk heile året var til dømes bleikje, hyse, flyndre, kroppung (småtorsk), lyr, brosme, lange, uer og steinbit. Sildestimane kom som oftast inn etter fjorden på seinsumaren og tidlig om hausten. Då merka ein at sjøfuglbestanden auka kraftig. Det var fyrst når silda kom inn under land at notlaga fekk det travelt med å få ut nøtene sine. Det vart ein kamp om å kome fyrst, enten det var til Gjørvavika eller Maråkvika.

I 1870-åra var det veldig gode sildeår. Av silda som vart fanga, var det berre den største og finaste som vart selt til oppkjøparane, resten vart vraka. Luteigarane av notlaget kunne ikkje gjere seg anna nytte av ho enn å breie ho ut over markene til overgjødsling. At det har vore ujamt fiske i alle desse åra, viser boka tydeleg. Det kunne gå både heile og halve år utan fangst som var noko å snakke om. Derfor torde ikkje gardbrukarane setje si lit berre til dette som einaste leveveg. Det var ei attåtnæring som kom godt med i trongare tider.

Ein veit ikkje sikkert om når Geiranger Sildenotlag vart skipa.Det fyrste årstalet ein finn nemnt i boka er 1853. Då har Gregorius Ellingsen Holebak fått «en 1/4 tønde sild». Vidare er nemnt at det vart skrive ei festekontrakt over ei tomt til nytt notnaust med Elling Ellingson Merok. Dette notnaustet stod der butikken til Per Merok er i dag. Den gamle tomta på «Sanden>> skulle gå attende til Elling. Det var i fyrste rekke fiske etter sild notlaget dreiv med i byrjinga. Boka nemner innkjøp av salt, utført arbeid med bøting og binding av nøtene. Dette var arbeid gjort også av andre enn notlaget sine eigne folk. Desse fekk då lønn i form av sild. Notlaget hadde eit kar nede ved sjøen på Lausneset, der dei barka nøtene. Når notlaget selde til bygdefolket, var prisen for ei tønne 4 kroner. At notlaget rådde over ein viss kapital, viser boka også. Dei lånte ut pengar til folk i bygda. 1907 er fyrste året dei lever småsild til hermetikk. Dette må tydlegvis ha vore eit godt år, for notlaget deler ut 50 kroner til kvar av dei 15 eigarane.

I 1928 vart det eit stort innsig av brisling utpå hausten. Det viser seg at notlaget berre har ei heller dårleg not. Dei kastar ho på Maråkvika og får full fangst. Fjorden kokar no av brisling. Det blir bestemt at P. P. Gausdal og Knut M. Maråk skal ta rutebåten same dag til Ålesund og freiste å få kjøpe ei not til. Dei får kjøpe ei feitsildsnurpenot, som blir send til Geiranger dagen etter. Notlaget sine folk står på kaia og tar imot nota. Noko seinare blir ho kasta på Gjørvavika, og det blir full fangst. Ut på kvelden kjem fleire store sildesnurparar til bygda. Det viser seg at omfaret på nøtene deira er så stort at silda går seg fast. Denne silda går til guano. Det kjem også to båtar heilt frå Rogaland, og dei har brislingnøter med seg. Silda er freda frå laurdag ettermiddag til sundag. Men om kvelden sundag kastar den eine båten frå Rogaland den store brislingnota si i ein boge frå elva og inn til kaia. Notbasen sjøl står på land og held i landtauet. Båten har så stor fart at basen blir dregen på sjøen, der han må sleppe. Men det galne i heile dette er at notlaget si not blir innestengd. Det endar med at rogalendingane kjøper stenget til Geiranger notlag, som innheld 1200 skjepper, til ein pris av kr. 3132,-. Same sundagen dreg nokre av karane ut til Grande for å låne ein trerøring, for det er ikkje nok med ein båt til nyenota. I dette kastet tek dei 1190 skjepper. Seinare vart denne nota oppdelt i fleire smånøter. Dette arbeidet vart gjort i skulehuskjellaren om vinteren. Her vart også den nye brislingnota montert. Slikt arbeid vart seinare flytta til lemmen i nyenaustet. Det kan også nemnast at på denne lemmen vart det dansa både på innviingsfesten av nyenaustet og på 17. mai.  Notlaget hadde 2 notbåtar, den eine litt større enn den andre. Begge båtane hadde notspel. Den største var bygd ved Liaaen i Ålesund. Til å drage iland nøtene med hadde dei ein sparkerull som låg tvers over heile båten. Men då notlaget seinare fekk seg ei snurpenot, gjekk det for seint med denne rullen. Den høvde ikkje så godt til ei snurpenot. Fisken smette seg ut or nota. Den faste basen for notlaget var Ole Knivsflå (« Storekniven»).

Ole Knivsflå.jpg
Ole Knivsflå, "Storekniven".
Foto utlånt av Lars Petter Knivsflå

Etter kvart som turistferdsla auka, har fisket minka. Med opp til 5 båtar samtidig, tenderar som fossar til og frå, fullt med småbåtar elles, og ferjene att og fram, er det blitt for mykje uro i fjorden, anker og alskens søppel blir kasta i sjøen. Ikkje rart at fisken held seg vekke frå slikt. Men heilt fiskefritt er det ikkje. Etter kvart som fiske har minka, har også interessa vorte mindre. På gardane er båtar og fiskevegn ikkje haldne ved like som før. I det store og heile har ikkje fisker lenger så mykje å seie som for 40-50 år sidan.

I referater frå siste partseigarmøtet, står det at ein har fått førespurnad om kjøp av notnaustet. Styret fekk fullmakt å forhandle fram ein leigeavtale.

Den gamle tid er forbi. Ei ny står no i døra. Tar ein turen ut på fjorden i dag, kan det nok hende ein får bra med fangst, men dei gode åra med store sildefangstar er kanskje burte for alltid.

 

Kjelde: Protokoll for Geiranger Sildenotlag.

Artikkelen er henta frå "Bygdeminne. Årsskrift for 1998". Utgjeve av Stranda Sogelag