Flaggermusa.  Stor-notlaget på Glomset.

Silda har vore eit fiskeslag som har vore ettertrakta på våre kanter.  Hans Strøm skreiv i sin beskrivelse om «Fogderiet Søndmøre» frå 1764 om silda: «Sild er en bekiendt fisk som årlig falder her i ubesrivelige mengder, og haver hidinntil indbragt landet anseelige fordeler». Han nemner og sildenota.  

På Sunnmøre er det mange bukter og våger som silda har gått inn på. Ved Storfjorden i Skodje kommune har vi spesielt  Honningdalsvågen og Solnørvika. I desse områda hadde ein gardane Honningdal, Glomset og Solnør som var i eige av velståande menn og handelshus som rådde over  mange rettigheiter. Ein reknar med at desse nytta seg av den innkoma silda gav.  På 1800-talet og utover veit ein at dei tok til å skipe notlag for å få tak i det som har blitt kalla «havets sølv» og kunne gi mange ulike matvariasjoner og var ei svært populær salgsvare. Det å drive notfiske var eit «slitsant og tungt» yrke og det vart difor danna notlag der fleire kunne samlast og hjelpa til med framdraging av nota og fangsten.

På Honningdalsvågen vart det i 1870 åra skipa eit notlag som vart kalla Honningdal notlag. Truleg var dette eit av dei eldste stornotlaga vi hadde i Skodje . Dette namnet vart etter kvart litt missvisande då Honningdalsgarden skaffa seg si eiga kastenot som dei dreiv.  Det kom også ei not hos  Vikegutane i Ytrevika. Også Honningdalsnes-garden fekk si eiga kastenot.

 I 1900 var desse bruka medeigarar i Honningdal notlag, Rabben, Honningdalsnes (2 parter),    Nesvik,  Honningdal (2 parter), Hauane/Løypå, Ivagarden,  Nilsgarden, Leita og Ytrevik, tilsaman 11 partar. I Honningdalen var det Lovise Honningdal som eigde notparten etter at mannen Karl Danielsen døydde og så hadde Lars Honningdal (Bakke-Lars) ein part. Bakke-Lars var ein svært særmerkt person og han var aldri med på å drage nota, og Lovise måtte og leiga hjelp til å dra sin part. Desse 2 partane vart sidan overdregne til sonen og barnebarn av Lovise.

Stornota, som den også vart kalla, vart ofte sett over innlaupet til Honningdalsvågen frå Nesodden til Hengjeneset.  Nota var 130 famner lang og 9-10 famner djup, men for kort til at den rakk frå nes til nes og difor smatt silde-stimane ut av Vågen når dei vart skremde av at nota vart sett. For å hindre at silda rømde vart det nytta eit reidskap som heitte «Skimmel». Dette var på skap som ein storsei og laga av tre. Det var kvitmåla og hadde eit tau festa i sporenden og eit blylodd på framenden. Når dette vart sleppt på sjøen gjekk det ned mot botnen for å skrema silda, slik at den ikkje skulle stikke av. Det følgde også gjerne noko rop og bråk med dette, men ikkje alltid lukkast det å halde silda i nota. Dette gjorde at eigarane fann ut at dei ville forlenge nota. Det vart då sydd på nokre famner med not på begge sider, slik at heile nota dekkte avstanden mellom Nesodden og Hengjeneset. Ein av karane i notlaget fann ut at det var naturleg at nota fekk namnet Flaggermusa då den no hadde fått vengjer.

Hengja slik den stod på Hengjeneset.jpg
Hengja slik den stod på Hengjeneset. Foto: K.S.Tysse


Notlaget hadde eige naust og nothengje. Notanaustet stod i eldre tid i Honningdalen, men vart seinare flytta til Honningdalsneset. Notahengja stod på Hengjeneset som høyrde til Nedre Glomset (Leita, Gnr. 10). Kanskje fekk dette neset namnet, som vart brukt i daglegtale, etter at nothengja vart plasser der.                                

 

Barkekaret slik det ligg i dag.jpg
Barkekaret slik det ligg i dag. Foto: Norunn H. Steinnes


Ved sida av hengja var det barkekar som vart brukt til å barke nota ved behov.  Dette eksisterer framleis på Hengjeneset, der det er bygdt ei hytte.

Speilbåt og notabåt frå Årsetøya i Austefjorden.jpg
Spelbåt og notabåt frå Årsetøya i Austefjorden. Bildet er teke på SunnmøreMuseum. Foto: Norunn H. Steinnes.


Notlaget hadde 2 gavlbåter, notabåten, som var størst, og spelbåten. Desse låg i notanaustet, som i mi tid stod i Honningdalsneset. Naustet er i dag restaurert av Storfjordens Vener og vil dermed bli bevart i sin opprinnelege stand. Det gamle naustet er eit grindnaust som er ni meter langt. Denne byggeteknikken var uendra i hundrevis av år. Naustet har berre tre grinder og er krokete, men sterkt vert det sagt av Geir Ola Vatne som har vore med på restaureringa for Storfjordens Vener.
                              

Geir Ola Vatne fortel om restaureringsarbeidet i Notnaustet.jpg
Geir Ola Vatne fortel om restaureringsarbeidet i Notanaustet.


Deler av grindene i naustet.jpg
Deler av grindene i naustet. Foto: Kjell Sindre Tysse


Notnaustet ferdig restaurert august 2014.jpg
Notanaustet ferdig restaurert august 2014. Foto: Norunn H.Steinnes


Av dei som har vore notbaser for dette laget som kan hugsast av personer som levde i 1977/78 har vi følgjande: Karl Monsen Ytrevik (1821 – 1910), Karl Danielsen Honningdal (1855 – 1940), Daniel Danielsen Honningdal (1876 – 1950), Ole Østensen Honningdalsnes (1866 – 1961), Johan B Glomset (Iva-Johan f.1895 – 1983) og Lars Honningdalsnes (Nes-Lars f.1906 – 1988). Desse hadde til ei kvar tid ansvaret for å fylgje med når silda gjekk opp på Vågen som det vart sagt i daglegtale.


Naustet på Madsgarden.jpg

Naustet og hengjå med barkekar på Madsgarden der fisken blei bearbeid i 1860 åra. Foto: Norunn Steinnes 2014


Som datter av den eine av dei siste notbasane fekk eg i oppvekst-åra eit nært forhold til «Flaggermusa». Vi i familien fekk kjenne på den uroa som kvilte på notbasane i dei sesongane silda  var på tur inn og ut Storfjorden. Elles var det ikkje berre på Honningdalsvågen nota vart brukt. Notlaget rodde ofte til Solnørvika, eller til Sykkylven for å stenge sild. Ikkje alle som hadde parter i nota hadde menn som kunne stille på kort varsel, men det var nokre faste karar som gjerne stilte opp som mannskap når det trongs. Han Vanberg-Oluf (Oluf Heggebakk, busett ved Glomstbrua) var ein av desse og Heggjebakk-Peder (svoger til Nes-Lars ) som gjerne stilte som mann på ein av partane til Lars.  Om Vanberg-Oluf vart det sagt at han hadde så godt syn at han kunne sjå ein mygg gispe i Sandvikahornet, på andre sida av Storfjorden. Det var då truleg at han lett ville oppdage sildeloppane på Vågen.

Reglane var slik at dersom ein måtte leige inn nokon til mannskap, var avtalen at  det vart halv lott til eigar og drivar av notparten. Ho Lovise Honningdal, så lenge ho eigde ein part i Stornota, måtte ho alltid leige til å drive sin part. Ofte bruka ho svigersonen, Eilert Gudmundset, til å drive. Seinare overtok sonen Johan notparten til Lovise og Honningdalen overtok Bakke-Lars sin part, slik at det vart to parter på garden. Det var mykje arbeid med nota, men ofte gode penger å tene. Difor var det som oftast ikkje vanskeleg å få folk til å stille på når nota skulle ut.  

Ei historie, som gjekk på folkemunne, var at ein gong notlaget hadde vore på Solnørvika i over eit døgn med nota  og silda stod så spreidd vart det eit skralt fiske. Då fretta karane at der var mykje sild  på Sykkylven. Dei sette seg til årane og rodde heim til Glomset, fekk med niste og klede og rodde til Sykkylven.  Lovise i Honningdalen var ikkje blid for dette. Ho meinte dei hadde kasta vekk nok tid inne på Solnørvika og det var mykje å gjera heime. Lovise lova at den  silda dei fekk i Sykkylven skulle ho koke på den staden som var høgst når ho plukka blåbær. Karane rodde over fjorden til Sykkylven og fekk med eit storsteng på over 300 hektoliter fin feitsild og fekk selja silda til god pris. Ho Lovise fekk visst høyra det at det var den gode sildeprisen som berga henne for å verta ei «oppskjørta» kone.

Eg kan sjølv hugse at vi gjekk med notamat til karane når dei låg med nota på Honningdalsvågen. Karane låg med nota både tidleg og seint i dei tider det var silde-sesong. Det var som oftast middag vi gjekk med i spann og karane flytta gjerne frå den eine til den andre sida av Vågen for å få best mogleg utgangspunkt for å setje nota når stimane var der. Det kunne difor bli eit stykke å gå for oss borna. Brødmat  tok dei gjerne med sjølve, for den kunne lagrast ei tid.

Ei historie som vart fortalt var om ein smågut som var så trøytt av å bera spannet med middag at han nesten gret sa: «Dei e so tullne itte dinnja notne at øss lyt vel gå me notamat syttande mai me.»

Flaggermusa var ei bomullsnot så den måtte på land og tørke, elles ville den rotne og ikkje lenger vera sterk nok til å dra i land store mengder fisk. Dersom den måtte tørkast i sildesesongen, rodde karane innom Langneset og drog nota opp på eit stort, langt berg slik at nota tørka fort. Dette kan min bror Leif hugsa at han fekk vera med på. Stundom kunne ein og vera uheldig og rive nota. Då var det viktig å få reparert skadane så fort som mogleg. Og karane som kunne notbøterkunsten vart sette i gang med arbeidet.

Utsikita over Vågen frå tunet i Honningdalsnes..jpg
Utsikta over Vågen frå tunet i Honningdalsnes. Her såg ein lett silderensela som kom innover Vågen. Foto: Norunn H. Steinnes.

                  

Garden Honningdalsnes, der eg vaks opp, låg slik til at vi kunne sjå store deler av Vågen, som bukta  i daglegtale vart kalla. Far sin kikkert stod klar i vingaugo på kjøkenet når sildesesongen nærma seg. Når krusingar i vass-skorpa på Vågen gav signal på at no var der sild eller makrell, ringde far straks til Iva-Johan, som var den andre notbasen. Dei to karane var straks i robåten og rodde varsamt rundt på Vågen med eit blylodd for å kjenna kor store mengder sild der var. Dersom mengda var så stor at dei fann det verdt å prøve seg på kast, vart notlaget varsla og notabåten vart rodd til Hengjeneset for å ta nota ombord. Så var det å ligge og vente på at silda  skulle koma i posisjon slik at nota kunne setjast.  Basane lodda videre innafor der nota vart sett og ropa ljoma over heile Vågen der karane gav ordrer. Var fangsten innafor der nota vart sett, var det å draga den inn mot land på ein lagleg stad. Det var berre to stader på Vågen at stornota kunne dragast frå. Det var botntilhøva som avgjorde dette. Den eine staden var opp til Honningdalsgarden og den andre var i Nesvika i Honningdalsneset.

Spennende var det når fangsten vart sett i steng for å vente på leveranser og nota vart dregen heilt fram til land. Det var då ofte  mykje blandingsfisk som laks, ørret, hyse, flyndre, småkveite og småtorsk i nota. Dette vart delt opp i hauger til kvar lutpart og ein mann stod litt på avstand, medan ein annan peika på fiskehaugen og namna til kvar lutpart vart ropt opp om kven som skulle ha dei forskjellige haugane. Det var som regel alltid han Rabbe-Oluf som ropte opp namna. Han hadde kanskje ei høg og klar stemme. Sildestenga vart gjerne ståande fleire dagar før det kom båtar og henta silda.

Historia om småguten som var redd for at han måtte gå med notamat syttande mai beskriv den atmosfæra som var tilstades når det var «notasjau» som det vart beskrive som.

Vi kvinnfolka fekk ikkje vera med å drage nota,(vi var vel ikkje sterke nok) men bror min som var mest 2 år yngre enn meg fekk vera med på å ta ein fangst på  1134 hl. sild på Vågen. Dette var i året 1957 og var av dei siste store fangstane som vart gjordt med Flaggermusa. Då stod der mange poser med sildesteng på Honningdalen og det gjekk 14 dager før all silda var levert.

Dei siste åra Flaggermusa var i drift kjøpte dei motor til notabåten. Med spelbåten på slep kunne karane då lettare koma seg til Solnørvika og Aurevika. Eg kan ikkje huske at dei reiste andre stader.

Det var nokre år i byrjinga av 1960-åra at det var lite aktivitet på notlaget. Om det var på grunn av at silda kom bort eller det hadde andre årsaker, kan ikkje eg minnast og heller ikkje andre attlevande.

Båtane vart selde og det vert fortalt at Rabbe-Ole (Ole Rabben son av Oluf som tidlegare er nemnd) kjøpte ein av båtane og hengja. Seinare vart desse selde til Sunde og båten vart så kjøpt av Aksla-Petter på Emblem som bygde overbygg med hus på den. Den andre vart seld til  Arnold Årflot og ein er ikkje kjend med kvar det vart av den videre. Kvar nota vart av er det ingen som kan seia, men den enda vel som bærnot eller dekking  for fjellsprenging.  No var nylonnota koma og ingen ville slita på ei stor, tung bomullsnot.

Makrellen kom som regel inn på Vågen om sumaren i slåtten.  Den vart som oftast teken med dei mindre kastenøtene. Det var kanskje fordi det var vanskeleg å samle heile notlaget i slåtten.

Kjelder:
Årsskrift frå Skodje Sogelag  for 1978. Sildenotlag i Skodje av Amund J. Midtlid og Olgar Stenseth.
Åsrskrift frå  Skodje sogelag  for 2000. Samtale med Edvart Honningdal av Jarle Honningdal.
Interjuv med Ole og Leif Honningdalsnes.