Bilalderen i kjømda

Ein stasbåt var M/B «Rollo», innkjøpt for å ta seg av turisttrafikken mellom Sjøholt og bygdene innover fjorden, først og fremst Geiranger. Båten hadde plass til 100 passasjerar, og hadde ein stasleg salong med store vindauge som turistane kunne nyte naturen gjennom. Men no etter første verdskrigen var bilalderen i kjømda, og M/B «Rollo» hadde ikkje plass for bilar. I 1925 var det slutt. M/B «Rollo» vart flytta til ruta mellom Ålesund og Vartdal, og D/S «Rauma» var av dei første rutebåtane som tok på bilar, 3-4 var det plass til på tvers av forskipet. Formasta vart tatt ned og vinsjen fjerna. Det vart lagt sliskar over rekkene, og dermed fekk ein plass til fire bilar på tvers, to i brønnen og to på bakken. Dei første åra gjekk båten frå Sjøholt til Hellesylt og Geiranger i samsegling med D/S «Bilfergen» som tok seg av turistbilane.  Då vegen over Strandafjellet var opna i 1937, kutta ein ut den ytste delen av ruta, slik at D/S «Rauma» berre gjekk mellom Valldal, Stranda, Hellesylt og Geiranger. Utanom turistsesongen gjekk Rauma på ruter i Romsdal. Etter ombygging til dieseldrift i 1950, gjekk båten i rute på Hjørundfjorden.

BILFERGEN1924a.jpg

"Bilfergen" gjekk i rutefart til 1960. Den var bygd av Johan T. Nerhus i Ølve i Hardanger i 1921. Båten sitt namn var frå først av "Bilfærgen", men vart i 1927 omdøypt til "Bilfergen".

Det var Aalesunds Automobilklubb som tok over den halvferdige båten som var tenkt å skulle bli ein fiskebåt, men som vart omgjort til å bli ei bilferje, den første i Møre og Romsdal, sjøsett i 1921. Opprinneleg tok «Bilfergen» bilane inn på tvers, men i 1934 vart ho ombygd og modernisert slik at bilane kunne køyre om bord frå fronten. I Geiranger hadde bilturismen gjort seg gjeldande, og skulle bilane kome seg vidare derifrå, måtte det ei ferje til. MFR fekk leige «Bilfergen» og sette henne inn på strekninga Geiranger-Hellesylt. I 1923 kjøpte fylkesreiarlaget båten for 10 000 kr. Etter ei omfattande ombygging i 1934, fekk ferja plass til fem bilar, og dei kunne no køyre på og av både forut og akter. I 1954 vart styrehuset flyttet ut i styrbordsida slik at ferja kunne ta større og høgare bilar. Den opphavlege Bolindermotoren frå 1916 har gått jamt og trutt sidan den kom i "Bilfergen" i 1921 og fram til i dag. Det kan vel ikkje vere mange andre motorar som har ei slik historie - og levetid. «Bilfergen» gjekk i rutefart til 1960. Seinare er 1934-utgåva blitt freda og restaurert av Hardanger Fartøyvernsenter. No vert "Bilfergen" tatt vare på og drifta av ei venneforeining.

SYKKYLVSFJORD båt.jpg

  M/B "Sykkylvsfjord" vart bygd i 1917 som kombinert fiske- og fraktebåt. MRF kjøpte den i 1920. Etter 1930 var det vanleg at masta vart fjerna om sommarenslik at dei kunne ta bilar på fordekket. Slik gjekk Sykkylvsfjord som ferje mellom Sjøholt og Geiranger, mellom Magerholm og Sykkylven og fleire andre strekningar. MRF selde båten i 1951.

Ferja – bru for bilen

Det var overingeniør Elias Grønningsæter ved Vegkontoret som utarbeidde den første ferjeplanen i landet. Han skreiv at det må til ein kombinasjon mellom bilen og ferje eller dampskip. Båten må ta på seg å vere bru for bilen. Planen kom i 1929 og Grønningsæter var pioner i ferjealderen. Doktor Bastian Weiberg Aurdal i Ålesund hadde nok merka seg Grønningsæter sin plan. Han hadde gard i Sykkylven, og hadde behov for å ta med seg bilen dit. Han kontraherte difor ei bilferje, B/F «Raana», på 29 bruttotonn, som tok tre bilar og 50 passasjerar. Det fungerte så bra at i 1937, det året også vegsambandet frå Sykkylven til Stranda vart opna, kjøpte MFR B/F «Raana» og sette henne i drift mellom Magerholm og Aure med namnet B/F «Sykkylvsfjord». I 1957 vart ferja seld til Bolsøya ferjeselskap og fekk no namnet "Bolsøyferja".  I 1963 hamna ho på Stranda og vart brukt i ei vinterferjerute mellom Hellesylt og Geiranger. I 1973 vart ho seld til kar frå Selje. Der gjekk ho til 1978 då ho vart seld til eit firma som fekk lite  glede av ho. For etter kort tid forliste ferja og sokk.

Raana.jpg

Den første nybygde bilferja på Sunnmøre, "Raana" på veg ut frå Aure. Foto frå Arnold Weiberg-Aurdal.


Ferje Eidsdal.jpg

Ved ferjeleiet i Eidsdal ligg BF "Jønshorn". Ute på fjorden kommer BF "Trygge" frå Valldal. Dei trafikkerte sambandet i indre Storfjord: Eidsdal, Valldal, Fjørå og Tafjord. Året er ca 1960. Året før - 1959 - betjente dei sambandet Eidsdal - Overå - Stranda - Stordal samt Fausa på signal. Rutebilane, ein Volvo og ein Reo Speed Wagon, tilhøyrde Geiranger - Eidsdal Rutebillag, seinare Storfjord Rutebiler. Passasjerane på biletet kom frå Geiranger og Eidsdal og no ventar dei på fleire som kjem med "Trygge".

Ferge TRYGGE1940 aarene.jpg
Ferja "Trygge" vart bygd i 1938 i Kristiansund. Den kunne ta 14 personbilar. "Trygge" gjekk i rute på Nordmøre, men vart i 1966 solgt Ingvald Vestre og døypt om til "Vestra", leigd av MRF og sett inn i Hjørundfjorden. Der gikk ho til 1982.


Geiranger i Valldal.jpg

Turistferja B/F "Geiranger". Sommaren 1937 kom ho for første gong til Geiranger.

Turistferja

Etter at Trollstigvegen var opna 1. august 1936 forventa styresmaktene ein endå større auke i turisttrafikken, og det måtte leggast til rette for det. Difor tok staten på seg å koste ei ny og spesialbygd turistferje som skulle trafikkere på fjorden mellom Valldal, Stranda, Hellesylt og Geiranger. Den nye ferja fekk namnet B/F ”Geiranger”, men sidan Møre Fylkes Rederi alt hadde ein dampdriven passasjerbåt som heitte D/S ”Geiranger”, så måtte denne omdøypast, og fekk namnet D/S ”Ivar Aasen”. Den nye ferja hadde plass til 16 bilar og 274 passasjerar. Kaptein på jomfruturen inn til Geiranger var Georg Aasebø. 11. juli 1937 vart den nye ruta opna og B/F ”Geiranger” kom for første gong til fjordbygda. Ny ferjekai var på plass. Med ymse avbrot gjekk B/F ”Geiranger”  i turistruta på fjorden frå 1937 og fram til 1966, og denne ferja  saman med B/F ”Valldal” som gjekk i same ruta, fekk utan tvil mykje å seie for framveksten av turismen i dette distriktet. Både to og tre tur-returturar for dag vart det i høgste turistsesongen.  Om bord i Geiranger vart det etter kvart guiding over høgtalaranlegget, og matservering i salongen oppe. Ferja var ein kjær gjest på fjorden. 


Geiranger ferje Wilse.jpg

MF "Geiranger" vart bygd i 1937. I sommarsesongen gjekk ho i turistrute på Storfjorden. To ganger brann ho, men vart sett i stand att. I 1966 sank ho, men vraket vart heva og "Geiranger" endte som sandlektar på Sunnmøre. Foto: Wilse


Under krigen var det nesten slutt med turisttrafikken, og B/F ”Geiranger” var tidvis teken i bruk til andre formål. I 1941 vart ho brukt til å reise rundt i fjordbygdene for å samle inn høy som tyskarane hadde kjøpt til hestane sine. Ferja vart lasta opp med tørt høy, slik at ho nærast såg ut som ei høysåte der ho gjekk ut fjorden. Høyet skulle til Åndalsnes, og brukast til fôr for dei tyske militærhestane. Ferja var komen i nærleiken av Magerholm då det tok til å brenne om bord. Bålet var synleg i vid omkrins, og det lykkast heldigvis kaptein Aasebø å køyre B/F ”Geiranger” på land like ved dagens ferjestø på Magerholm. Dermed kunne brannvesen kome til og få sløkt brannen. Tyskarane bygde ferja opp att, og ho var i drift fram til 1947, då ho var på veg frå fjordbygdene til Åndalsnes fullasta med møblar. Også då tok det til å brenne, og ferja vart på nytt køyrt opp i fjøra i Kringstadbukta vest for Molde. Det var 24 hestar om bord. 18 av desse brann inne. Denne gongen også vart ferja bygd opp att.

 

Geirangerbrann-Magerholm.jpg

Under krigen nytta tyskarane "Geiranger" til å frakte høy. Ved Magerholm tok lasten fyr og ferja vart sterkt brannskadd. Ho vart likevel sett i stand att av tyskarane.

Nye vegsamband

15. september 1955 vart Ørnevegen opna, og det vart vegsamband mellom Geiranger og Eidsdal, og frå 1.juli 1956 vart det opna ferjerute mellom Eidsdal og Valldal med seks turar dagleg i sommarsesongen. Året etter var ferjekaia på Overåneset ferdig, og  Overåneset vart fast stoppestad på sambandet Valldal-Stranda- Hellesylt-Geiranger. Opninga av vegen mellom Stranda og Hellesylt 22. september 1962 gjorde at ferjesambandet Stranda-Hellesylt vart sløyfa, og det vart oppretta rute Geiranger-Valldal med tre turar dagleg, og ei rute Geiranger-Hellesylt med fire turar dagleg (fem turar i høgsesongen). Sommaren 1969 var siste året der var ferjerute Geiranger – Valldal, før ruta vart gjenoppretta som eit kommersielt prosjekt i nyare tid.

I den tidlegare turistruta som D/S «Rauma» hadde gått i, frå Dyrkorn til Stranda og Valldal, vart B/F «Bilfergen» sett inn i 1946. Året etter gjekk B/F «Farmann» i rute mellom Hellesylt, Geiranger, Stranda, Stordal og Dyrkorn. I åra 1948-55 var det også i sommarsesongen ei eiga bilferje mellom Dyrkorn, Stordal og Stranda som korresponderte med B/F «Geiranger» på Stranda.

Julsund 1.jpg

Nokre år mot slutten av 1950-åra hadde bygda Norddal ferjekai. På den tida var det mest "Julsund" som gjekk der på fjorden. Foto: Magne Engeseth

Om vinteren gjekk bilferja «Julsund» frå Geiranger om morgonen måndag, onsdag og torsdag med anløp av Hellesylt, Stranda, Stordal og Dyrkorn, men etter at vegen mellom Dyrkorn og Stordal vart opna den 21. juli 1956, vart Stordal endepunkt for denne ruta som var i drift fram til sommaren 1963. Då var ferjeruta Hellesylt-Geiranger og Eidsdal-Valldal den einaste resten av den gamle turistruta. Overåneset ferjekai frå 1957 vart endepunkt for ferje både frå Valldal og frå Eidsdal og Stranda. Våren 1967 vart riksvegen ferdig fram til Linge og ny ferjekai bygd der. Fram til riksvegen mellom Overå og Linge vart opna sommaren 1975, var det ferjerute mellom Linge og Overåneset, men med vegsambandet vart Overåneset ferjekai  etter kvart nedlagt. Ferjeruta mellom Stranda og Stordal var i drift fram til veg vart bygd frå Ringset og ned til Gravaneset, og ny ferjekai vart ferdig der sommaren 1979. Då vart det ferjesamband mellom Stranda og Gravaneset. 

GeirangerStranda.jpg


B/F "Geiranger" utanfor Stranda.

Sambandet mellom Tafjord og Valldal vart gjennom 1920- og -30-åra halde oppe ved hjelp av motorbåtruter og dampskipsruter, men frå 1946 vart Tafjord kopla til ei ferjerute frå Dyrkorn, som vart kortare og kortare etter kvart som vegløysinga langs fjorden kom nærare og nærare. I 1970 var det i sommartida 31 ferjeavgangar frå Tafjord til Valldal eller Linge kvar veke, og 19 avgangar utanom sommarsesongen. Våren 1982 vart vegen Fjørå-Tafjord ferdig, og ferjeruta til Tafjord nedlagt.

I 1973 vart riksvegen Aure-Ørsneset i Sykkylven ferdig og ny ferjekai bygd på Ørsneset. Frå 1973 var det slutt med ferje frå Aure. Ho gjekk i staden i det innkorta sambandet mellom Magerholm og Ørsneset, og med etter kvart over 50 turar i døgnet.   


Kart fergeruter Storfjorden.jpg

Ferjeruter på Storfjorden i nyare tid.

30.09.2019