Ein kunne sjølvsagt undrast på om alt verkeleg skjedde slik det er fortalt i soga, for han var då ein heilagmann, utpeika av Gud til å kristne og samle Noreg, og då det det vel ha vore ei viss sanning i hendingane? Snorre har meisterleg skildra ferda, gjort ho levande og spanande, men så er det likevel slik at dei norrøne sogene ikkje kan nyttast som historiske kjelder og må meir reknast som prosadikting der sogeforfattaren har teke utgangspunkt i nokre, få historiske sanningar. 

OlaviNorddal_kyrkje_2 JS.jpg

Bilete av Heilag-Olav som er måla på ei sidefløy av altertavla i Norddal kyrkje. Tavla er frå 1510-1520 og biletet gir eit forvitneleg innblikk av korleis ein på den tida tenkte seg at helgenkongen kunne ha sett ut. Foto: Astor Furseth

 

Bakgrunnen for ferda

Kong Olav, saman med den svenske kong Anund, hadde gått til åtak på Danmark, eit krigstokt som enda med slaget ved Helgeå ved austkysten av Skåne, truleg sumaren 1026. Herferda og slaget er godt dokumentert, mellom anna i skaldevers og dei angelsaksiske krønikene. Kjeldene er likevel usamde om kven som gjekk av med sigeren, men utan tvil enda det heile med at kong Olav måtte setje skipa sine på land ein stad ved Austersjøen, og han sjølv og hæren måtte fare heim til Noreg over land. Den vinteren heldt han seg i ro i Vika og på Opplanda og etter den tida hadde han ikkje lenger verkeleg kongsmakt i Noreg. Eit år eller to etter slaget ved Helgeå drog kong Knut den store og ladejarlen Håkon Eiriksson til Noreg og la under seg landet. Håkon Eiriksson, sonen til Eirik Håkonsson jarl, fekk då attende styringa med ladejarlane sitt gamle rike, rett nok med den gamle, nedarva tittelen som jarl, men med minst like så stor makt og mynde som nokon konge. Det meste av flåten til kong Olav låg framleis på land i Sverige, truleg i dårleg forfatning, men seint på hausten, mest truleg i året 1028,  drog han vestover med heller få skip og var meint på å vinne att herredømet over Noreg.

 

Ferda i samandrag

Ved Bokn i Ryfylke møtte han Erling Skjalgsson som låg ute med langskipet sitt og mange andre skuter. Det kom til eit slag som enda med at skipet til Erling Skjalgsson vart rydda for folk og Erling vart drepen. Deretter drog kong Olav med styrken sin vidare nordover langs med landet til Sunnmøre. Der fekk han tidend om at Håkon jarl kom nordfrå med ei stor hær (25 eller 35 skip). Samstundes visste han at sønene etter Erling Skjalgsson kom sørfrå for å ta hemn over drapet på faren. Kong Olav rømde då inn i Storfjorden og inn i Tafjorden der han gjekk i land på Sylte i Valldal. Derifrå gjekk Olav og følgjet hans over fjellet til Lesja, vidare ned gjennom Gudbrandsdalen og over til Sverige. Sumaren etter reiste han til «kong Jarisleiv» (storfyrste Jaroslav I) i Gardarike og fekk fredland der.

 

Ferda gjennom Storfjorden er mest detaljert skildra i sogene om Olav den heilage;  i Olafs saga hins Helga og i Noregs kongesoger av Snorre.  I i historieverka Ågrip og Fagerskinna er ferda i Storfjorden nemnt berre med nokre få setningar, men medan Olav-sogene nemner at han «siglde inn um Vegsund og Skot» er det sagt i Fagerskinna og Ågrip at han var «der det heiter Slygsfjorden». Truleg var «Slygs» eit gamalt namn på fjordstrekninga ved Stranda (Sløgstad), kanskje frå Skotet og inn til Uksneset. Sjølve fjordnamnet "Storfjord" er ikkje nemnt i sogene men ein må  likevel kunne rekne med at det norrøne namnet stórfjörðr var i bruk på den tida, for fjordstrekninga frå Breisundet (Sulafjorden) og inn til Sjøholt.

20 05 15 Storfjorden_2300.jpg

Flyfoto av Storfjorden. På neset fremst på biletet ligg Skotet, lengst inne ser ein Uksneset og bak der kan ein skimte Sunnylvsfjorden.  Fjordstrekninga mellom Skotet og Uksneset vart truleg i norrøn tid kalla Slygsfjorden. Biletet er frå Astor Furseth sitt fotoarkiv 


Det er verd å merke seg at kong Olav ikkje hadde  helgenstatus då dette hende (helgen vart han først etter at han var død), og truleg vart han oftast  kalla Olav Digre medan han levde, slik han vart omtala i mange skaldedikt (sjå nedanfor, i diktet av Jøkul Bårdsson). Detaljrikdommen i sogene om ferda til kong Olav kan ikkje vurderast som historisk truverdig, men må reknast som prosaskriving som gir uttrykk for sogeforfattaren si subjektive oppfatning av personar og hendingar. Ein må òg ta med i vurderinga at dei eldste sogene vart nedskrivne om lag 200 år i ettertid og då var Olav Digre forlengst blitt erklært heilag.

 

Kva er historisk sanning om ferda

Det er likevel ikkje tvil om at hovudtrekka i skildringa bygger på historiske hendingar.  Mellom historikarar har det vore ein viss diskusjon om når ferda skjedde, men utan tvil må det leggast stor vekt på opplysninga i dei angelsaksiske krønikene om at kong Knut den store i året 1028 drog frå England til Noreg og dreiv kong Olav frå landet (drove king Olaf from the land).  Det var denne sumaren at Håkon Eiriksson jarl fekk att styringa med Noreg, slik det er nemnt i det samtidige diktet Tøgdråpa av skalden Torarin Lovtunge. Det er dermed truverdig at det var jarlen som kom med hærflåten nordfrå. Ein reknar det òg som truverdig når sogene opplyser at slaget i Boknafjorden stod Tomasmessedagen, 21. desember. I det minste to opplysningar om sjølve ferda til kong Olav har støtte i skaldevers som var dikta om lag på den tida då hendingane skjedde: :

 

  • I eit dikt om Erling Skjalgsson av Sigvat Skald er nemnt at det var Aslak (Fitjaskalle) som drap Erling (Norrønt: Áslákr hefir aukit frændsekju). Skalden omtalar drapet som eit frendedrap, då både Erling Skjalgsson og Aslak Fitjaskalle var borneborn etter Ogmund Horda-Kåresson. I diktet er  òg nemnt at slaget stod nord om Tungenes ( fyr norðan Tungur). I eit dikt om Kalv Arnesson, Kalfsflokkr av den islandske skalden Bjarne Gullbråskald, er òg nemnt at slaget stod på Boknafjorden (Kalfr, vast austr við Bókn sjalfa).
  • At sjøferda verkeleg enda i Valldal, går fram av ei lausevise (1030 eller tidlegare) av den islandske skalden Jøkul Bårdsson (norrønt: Jǫkull Bárðarson), der han kvad: «Eg  fekk det verv å styre det skip frå Sylt  .... som Olav Digre åtte» (norrønt: Hlautk skipi stýra frá Sult  ... Þvis Áleifr enn digri átti). Kong Olav fekk utan tvil eit agg til Jøkul etter den hendinga, og Snorre fortel at Jøkul, truleg eit par år seinare, vart fanga av mennene til kong Olav på Gotland. Kongen tok då hemn og let Jøkul drepe.

 

20 05 15 Vedlegg uten navn 00064.jpg

Jøkull Bårdsson døyr på Gotland. I soga blir det fortalt at eit par år etter ferda gjennom Storfjorden, let kong Olav mennene sine drepe Jøkul Bårdsson. Eit vers som Jøkul skal ha dikta i dødsstunda, gjer hendinga truverdig; første verslinjene lyder slik: «Med sviande sår eg mødest; ofte har eg seti og hatt det betre» (norrønt: Svíða sôr af mœði; setit hefk opt við betra;). Utan tvil skuldast drapet at kongen hadde ei agg til Jøkul fordi han hadde ført skipet hans ut frå Sylte. (Teikning av Erik Werenskiold,  ill. frå Noregs kongesoger)

  

Kong Olav Haraldsson, tidlegare vikinghovding og leigesoldat, hadde erobra Noreg med våpenmakt i 1016. I 10 år hadde han styrt landet eigenrådig og med ulov og tvang (tvangskristning), og han var truleg ille likt av dei fleste. Då han la ut på ferda hausten 1028, hadde han kanskje rekna med å få seg meir folk, etter kvart som han fór fram. Men alt tyder på at han hadde misrekna seg, og Snorre skreiv at «.. landet var svike frå han». Sogeskrivarane la sjølvsagt vekt på å skildre ferda til kongen, han som seinare skulle bli helgen, i mest mogeleg positive ordelag. Men hendingane og ordskiftet då Erling Skjalgsson vart drepen, er mest truleg ein konstruksjon og kong Olav gjorde sjølv eit dikt der han gav uttrykk for at «Erlings alt for tidlege død» skuldast hans avtalebrot (han hadde støtta kong Knut og Håkon jarl). Eit dikt av Sigvat Skald (flokkr om Erling Skjalgsson, ca 1035, 6. vers) kan lesast slik at han la skulda for drapet på kong Olav.

 

Ikkje berre mangla kong Olav støtte av folk nordover på kysten, det ser òg ut til at mange etter kvart drog seg bort; han skal ha hatt tretten skip då han drog ut frå Vika og berre fem skip vart landsett på Sylte. Snorre opplyser at mange lendmenn var med kong Olav på denne ferda og han nemner særskilt «alle Arnesønene», men den einaste av dei som er nemnt med namn, er Kalv Arnesson. Skaldediktet «Kalfsflokkr» må  kunne tolkast slik at Kalv i det minste var med i slaget ved Bokn. Seinare, uvisst av kva for grunn, forlet Kalv kongeflåten og slutta seg til styrkane til Håkon jarl. Ein kunne òg undrast på om kong Olav i røynda fekk så god mottaking i Valldal, som sogene gir inntrykk av. Snorre nemner at bøndene måtte gi mat til fire hundre av kong Olav sine menn, truleg var flokken hans monaleg større, kanskje 500-600 mann etter som dei kom til Valldal på fem skip. Å måtte fø på ein så stor flokk i fleire dagar, må ha vore ei tung bør for folket i bygda. Om vi skal tru på soga, måtte dei òg stille med hestar og hundre mann til pliktarbeid og det er vanskeleg å tru at bøndene var særs glade over besøket.


20 05 15 Flyfoto_Valldal.jpg

Flyfoto frå 1949 av landskapet kring Norddalsfjord og Tafjord (AeroNor). Midt på biletet ser ein Valldal og øyra på Sylte. Biletet er frå: Astor Furseths fotoarkiv.


20 05 15 Sylte.jpg

Fotografi teke av J. A. Kirkhorn, ca 1878-1879. Biletet viser øyra på Sylte, og det er god grunn til å tru at øyra ikkje hadde endra seg monaleg, frå den tida då kong Olav sette skipa sine på land der. Biletet er frå: Astor Furseths fotoarkiv.

 

Kanskje hadde sogeskrivaren kjelder eller tradisjonar å støtte seg til når han skreiv om hendingane ved Steinvågen og Borgund, men historisk truverdige er dei ikkje. Opplysningane om at kong Olav segla med flåten sin innanfor Nørve og inn om Hundsvær verkar malplassert og tillaga.  Farvatnet inn gjennom Vegsund synest å vere særs lite eigna til manøvrering for ein hærflåte med mange store vikingskip, og det hadde opplagt vore meir naturleg at dei segla attende til Breisundet, når dei skulle inn i Storfjorden. Forklaringa kan sjølvsagt ha vore at flåten til Håkon jarl var komen så nær at dei ikkje hadde nok tid til anna enn å segle inn gjennom Vegsund. Sogene nemner konkret at jarleflåten var ved Bjørnøya (norrønt: Biarnaræyia) då kong Olav tok laust frå Steinvågen med sin flåte. Då var i så fall avstanden omlag 10-11 sjømil og berre to-tre timar segling, sjølv med  ulagleg ver og vind. Vertilhøva midtvinters var vel på den tida om lag som no, med vind oftast frå vest eller sørvest, noko som truleg ville ha medført at kongeflåten hadde fått ein mødesam og tidkrevjande rotur vestover gjennom Heissafjorden, og kanskje hadde enda rett i fanget på jarleflåten. 

20 05 15 Vedlegg uten navn 00061.jpg

Gamalt bilete frå Ålesund, mot Hjørundfjordfjella. Til venstre midt på biletet ser ein Hundsvær med Tysholmen og bakom der, innseglinga til Vegsund.


20 05 15 Myklebustskipet_2019.JPG

Det nyleg rekonstruerte Myklebustskipet har 24 årepar (sessar) og er om lag 30 meter langt. Sogene har truleg rett når det er nemnt at kong Olav førte storskipet Visunden på ferda gjennom Storfjorden. Det er all grunn til å tru at hans skip var monaleg større enn Myklebustskipet, kanskje på 30 sessar og over 35 meter langt. (Til samanlikning: Gokstadskipet er ein 16 sessar karve, om lag 24 m lang.) Foto: Martin Furseth


Etter som forfølgjarane var så tett på, verkar det litt uforståeleg at kong Olav og flokken hans kunne gi seg så god tid, at dei fekk setje skipa på land på Sylteøyra og deretter stogge i fleire dagar i Valldal, før dei gjekk over fjellet til Lesja. Sogene nemner ikkje mykje om kva som hende då Håkon jarl nådde dei att; det er likevel nærliggande å hugse attende til det første møtet mellom jarlen og kongen, ved Sauesund (Sauðungs sundi) tretten år tidlegare, eit møte som er godt dokumentert i dikt av både Sigvat Skald, Ottar Svarte og andre. Den gongen var det Olav Digre som hadde overtaket, men den unge Håkon jarl fekk behalde livet mot at han gjorde eiden sin på at han gav frå seg riket til Olav. Ein kan undrast på om Håkon jarl i Valldal gjorde gjengjeld og let kong Olav få fare uhindra ut av landet.

 

Stadnamn, myter og segner

Det som elles gjer soga  særs interessant for oss, er opplysningane om stadnamn på Sunnmøre. Sogeskrivaren må ha hatt god lokalkunnskap om vår region, eller han hadde fått opplysningar frå ein lokalkjend person. Sogeskrivaren nytta sjølvsagt stadnamn som var i bruk då soga var nedskriva, dvs i tida på byrjinga av 1200-talet, men det er all grunn til å tru av namna var dei same i tida omkring 1028, i alle høve gjeld dette namnet «Sult». I dei norrøne tekstane finn ein såleis stadnamn som lett kan identifiserast med namn i vår tid, og sogene og skaldeversa gir oss dermed dei første, skriftlege formene av mange namn i regionen, til dømes desse:

Hærøy

Borgunndar

Stæinavagar

innan Nyrvi oc inn um Hunzvær

inn um Vægsund  ok um Skot

Slygsarfjorð

kom í Toðarfiorð inn, ok lagði at í Valldali

á eyrinni, sem Sult heitir,

En bóndi sá bjó á Mærinni, er Brúsi hét,

oc þar til er Krossbrecca heitir

Lesjar eller Læsiar

at urð sú var í dalnum, er Skerfsurð  (Sefsurð) heitir, 

setr, er heita Grœningar

Einbúa  

Dofrum (Dovre)

 

Eit anna aspekt ved ferda, er dei mange segn og myter som vart etablert, truleg innan kort tid etter at Olav Digre var blitt kåra til helgen. Slike myter finst det òg mange av rundt omkring i landet, dei fleste skriv seg frå uvanlege formasjonar i naturen som sjølvsagt opphavleg ikkje hadde noko å gjere, verken med Olav den heilage eller andre helgenar. Andre segner, som til dømes om lækjande vasskjelder, kan ha sitt opphav i at «Heilag-Olav var her» og nokre av dei kan jamvel vere truverdige. Kanskje kom folk i hug at kong Olav hadde opphalde seg ein stad, eller han hadde drukke av ei kjelde, og då det nokre år seinare vart kjent at kong Olav var heilag, vart myta etablert. Det kan òg ha vore slik at ei vasskjelde var rekna for undergjerande alt før kristen tid, og eigenskapen vart då med tida tillagt kong Olav den heilage.

 

Slike «heilagminne» har levt på folkeminne i mange hundre år og det finst vel framleis ein og annan som trur at det kan ligge ei undergjerande sanning bak nokre av dei. Dei fleste  ser likevel på slike myter som ein etterlevnad frå mellomalderen, om tru og overtru, om helgendyrking og sterk religiøs innleving i Noreg i katolsk tid.

 

Det er ei overlevering, referert av presten Hans Strøm, om at kong Olav brende skipa sine på «Valldalsvigen». Det kan nok tenkast at han verkeleg brende nokre av dei, men dette er i strid med teksten i sogene, og i alle høve tyder skaldeverset av Jøkul Bårdsson på at minst eitt av dei, kong Olav sitt skip, ikkje vart øydelagt. Det kan elles reknast opp eit hundretal minner etter Olav den heilage på Søre Sunnmøre, i kategoriane heilage stader (kjelder), Olavs-skattar, avtrykk i berg og stein, trollskap og ymse andre. Her tek vi med nokre av dei som er lokalisert ved Storfjorden og Tafjorden:                                                       

                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                           

  - Sankt Olavs kjelde på Veibust

  - Stordalsholmen, som ligg over skatten til Sankt Olav

  - Kyrkjesteinen i Sykkylven med merke etter Sankt Olavs kropp

  - Matbomma og loket,  begge nedanfor garden Hesseberg i Skodje

  - Fiskelinene til Sankt Olav som han heiv på land på Magerholmstranda  

  - Svinerotberget innanfor Stordal    

  - Kisteberget, avtrykk etter Sankt Olavs gullkiste som sokk ned i berget                                                                                                                                                                                                                                    

  - Skotet. Eit bergstykke fall ut etter at Sankt Olav skaut med pil mot fjellet     

  - I Tafjorden ser ein avtrykk av Sankt Olavs snushorn på Skrednakken og Sjøormen på Syltefjellet.

 

Utfyllande omtale av alle Olavsminna kan finnast i boka «I balansepunktet» og i heftet «Heilag-Olav i Valldal» (sjå kjelder).

 

 

 

Kjelder: 


Olafs saga hins Helga - av ukjent forfattar, byrjinga av 1200-talet.

Noregs kongesoger - av Snorre Sturlason, omkring 1220

Hans Strøm: Beskrivelse over Fogderiet Søndmør, bind 2 

Peder Fylling: Folkesagn (1942)

Karl Gidske: Søndmør i ældre tid (1913)

Den Norsk-Islandske Skjaldedigtning av Finnur Jonsson

Astor Furseth: Heilag-Olav i Valldal

I balansepunktet - Sunnmøres eldste historie, av Larsen, Stein Ugelvik (red.) og Sulebust, Jarle (red.)


15.05 2020 

15.05.2020