Ein laurdag ut på ettersommaren 1930 bakkar skyssbåtskipper Olav Oksvik ut frå Stranda-kaia og set kursen inn over fjorden. Ombord i «Luna» har han ein forventningsfull og spent ungeflokk, nokre foreldre og dei to lærarane frå skulekrinsane i Dalen og på Fursetlea. Dei har chartra båten for heile denne helga. Målet er Geiranger, så overnatting på  Hellesylt og biltur til Øye søndag. Ein del av elevane har så vidt vore «utanfor stovedøra» før, men for mange er dette første turen ut i det store og ukjende.

Det er lærarane i dei tre krinsane, Øyvind O. Sve og Olav P. Overvoll, som saman med krins-formennene har teke initiativet til turen, og enkelte andre vaksne har teke seg fri denne laurdagen og slege seg med.

Skulane i Dalen er todelte, Furset-skulen udelt. Det kostar truleg ikkje mange kronene for foreldra å la storskuleelevanene,  4'-7'klasse, få denne opplevinga, men i dei magre 30-åra er det neppe sjølvsagt at alle har råd. I alle fall – skuleturen i det strålande vêret blir for dei fleste så minnerik at det går gjetord om det i årevis.

Vi har snakka med tre av elevane som var med, Kjellaug Rusten, Kristine Røyr og Johan Hagebakk.  Alle har godt minne, dei har sans for artige detaljar, og dei kan fortelje - til å begynne med litt tilbakehaldne rett nok. – Det kan ikkje vere så mykje å snakke om. Det er no trass alt 70 år sidan.

Nokre få stader kan det nok vere ispedd litt private refleksjonar. 

 

Første organiserte skuleturen

Dette var, meiner Kristine, den aller første organiserte skuleturen ut om kommunegrensene som elevane frå dei to dalekrinsane var med på. Truleg var det slik også for elevane på Fursetlea.

Litt lenger ute i 30-åra vart det meir og meir vanleg med slike utflukter, oftast til Ålesund, men også heilt til Molde og Åndalsnes, og under samtalen er det ikkje til å unngå at det også blir streifa inn på høgdepunkt også frå seinare turar: Vi rår høyre om varemesser i Ålesund, om populære besøk i Sunnmørsposten, der elevane fekk sine eigne namnestempel i bly, om avfotografering i samband med sigarettreklame, om ein kald tur på open lastebil ned Trollstigen hausten 1936, at dei fekk høyre om den tragiske Loenulykka då dei kom til Åndalsnes, at nokre i ein butikk såg tomatar for første gong, og dei som kunne avsjå nokre øre jamvel kunne køyre karusell.

Johan gir bl.a. til beste minne frå ein skuletur til Molde med messe, storfesjå og kongebesøk. Men same kor freistande det kunne vere, ein kan ikkje gå for detaljert til verks. Vi må tilbake til «Luna» på veg inn fjorden.

 

Sogetime ved Uksneset

Utanfor Uksneset var det gitt ordre om stopp, minnest Johan, og Øyvind Sve fortalde for ein lydhøyr flokk om Heilag-Olavs ferd inn fjorden eit lite tusenår tidlegare. Om han nemnde ormen i Sylte-fjellet, er Johan usikker på, men merket i fjellet der vikingkongen skal ha slengt frå seg eit grisehaud minnest han var sterk kost. Om det var læraren eller båtføraren som, truleg med eit lurt glimt i auget, fortalde om dette, er heimelsmannen vår noko usikker på.

Den gongen budde det folk på dei fleste fjordgardane innover, og lærarane og andre vaksne fortalde om daglegliv og hendingar frå eldre dagar, om fonnulykker og lumske kastevindar som hadde kravt menneskeliv. Fjorden hadde ikkje alltid vore like fin som denne dagen, med speglblank vassflate og ruvande fjell som snudde både opp og ned. Skipperen var lomme- kjend her og kunne supplere med ei og anna kosteleg historie.

Kor mykje enkelte av gutane fekk med seg av dette, kan ein nok lure på. Mange var nok mest opptekne av å få si tilmålte tid bak roret, noko dei fekk lov til av den joviale skipperen. Men sikkerheita passa han på, og måtte berre unntaksvis korrigere kursen.

 

- Hugs å snakke tysk!

Det låg eit svært tysk dampskip i Geiranger denne laurdagen, og «Luna», som i fantasien til gutane som stod til rors hittil hadde hatt veldige dimensjonar, vart noko stakkarsleg ved sida av turistskipet.

Vel i landkomne var det nokon som meinte at ein tur om bord i turistskipet ville vere midt i blinken, og lærar Overvoll, som hadde lært tysk, fekk i oppdrag å finne ut om det let seg ordne. Johan minnest at utsendingen fekk med seg eit velmeinande råd: - Hugs å snakke tysk! Ropa nokre av dei forventningsfulle etter han. Det gjorde nok Overvoll, men dessverre, av ein eller annan grunn let det seg ikkje ordne med ombordstiging. I staden vart det fottur opp svingane med fotografering av heile fylgjet framfor Hotell Union. Nokre av dei sprekaste var visst heilt opp til Flydals-juvet, før «Luna» sette kursen mot Hellesylt.

 

Gjestfritt mottekne

Kva så med innkvarteringa på Hellesylt? Var det ordna for alle dei omkring 60 på førehand?

-        Nå nei, va’ det likt! Det var slikt som kunne improviserast den gongen, får vi vite.

For Johan, mora Regine og systera Olga var det greitt. Dei var velkomne hos skyldfolket i Jo-garden på Korsbrekke, der bestemor til Johan var ifrå - så dei kom til «sine eigne». Dette var truleg avtalt på førehand.  Andre hadde også slektningar eller kjende som tok imot dei, men for dei fleste vart overnattinga ordna der og då. Kjellaug minnest at og tre andre jenter fekk husrom ein stad i sentrum, like eins Kristine og nokre veninner.

Hellesylt-folket var gjestfrie, alle vart godt mottekne og fekk tak over hovudet, etter litt innsats frå dei vaksne.

Heilt enkelt kunne det neppe vere å ta imot gjester på så kort varsel. Det var slett ikkje sjølvsagt at dei som vart spurde, hadde ledig sengeplass. Så vidt dei tre elevane minnest, fekk reisefylgjet mat der dei budde, slik skikken var den gongen. Elles hadde dei med niste heimanfrå. Noko fellesmåltid på hotell eller kafé var det ikkje snakk om.

 

Gjennom Norangsdalen

Tidleg i 30-åra var ein bil slett ikkje noko vanleg syn for mange på Stranda, så det gjorde eit mektig inntrykk på elevane då ein heil kortesje stod opplina i sentrum søndag, då dei etter kvart vart klare for turen gjennom Nibbedalen og Norangsdalen til Øye. Kor mange bilar som køyrde, er dei tre noko usikre på. Dei meiner at der i alle fall var ein lastebil med fjøler over karmane tii å sitje på, og minst fire kalesjebilar, kabrioletar, så vidt vi veit 7-setarar. Ola Fivelstad har hjelpt oss med å identifisera to av desse. T-88 var Grand hotell sin Cadillac og sjåfør mest sannsynleg Kristen Stadheim. T-989 RUTEVOGN tilhøyrde Nordfjord og Sunnmøre billag.

Om det skulle finnast noko slikt som vegtrafikklov den gongen, veit vi i}kje. Ut ifrå fotoa må ho i alle fall ha vore tolka nokså romsleg, for jamvel på den nedslegne kalesja bak fekk elevar lov å vagle seg. Utsynet derifrå måtte vere upåklageleg.

Opplevingane på bilturen gjennom den tronge dalen vart minst like sterke som inntrykka dei hadde fått dagen før i  Geirangerfjorden. Det vart sjølvsagt obligatorisk stopp ved Lyngsstøsvatnet med orientering om den dramatiske hendinga 22 år tidlegare, då eit jord- og steinras demde opp elva, slik at ei heil setergrend vart liggande under vatn.

 

- Dei kalla oss kids

- Mellom dei mange turistane i Norangsdalen denne søndagen møtte vi også ein flokk utlendingar, engelskmenn eller amerikanarar, fortel Johan.

- Dei betrakta oss nøye, og syntest visst dei hadde støytt på ein underleg gjeng. Dei kalla oss kids.

Noko seinare skulle det vise seg at fleire hadde tenkt å slutte seg til reisefylgjet. Ned råsa frå Habostaddalen gjennom Skylstadbrekka hasta eit ektepar i godt vaksen alder, han midt i 50-åra og ho nærare 60. Dei såg kortesjen på veg mot Øye, og planen var å prøve å nå att reisefylgjet, slik at dei fekk skyss tilbake til Hellesylt og Stranda. Og det greidde dei. Dei to viste seg å vere foreldra til Kjellaug, Lovise og Knut Rusten. Ikkje rart at jenta vart forbina då foreldra heilt uventa dukka opp i reisefylgjet på turen tilbake.

Etter nokre timar kom fylgjet tilbake til Hellesylt, skipperen kunne begynne å fyre opp og få motoren i gang' og snart stemde «Luna» ut fjorden med ein flokk inntrykksmette passasjerar ombord.

Eit liknande tiltak for dagens elevar ville rimelegvis ha heitt ekskursjon, prosjekt eller noko i den retning. For 70 år sidan heitte det enkelt og greitt skuletur. Rett nok den aller første frå dei tre skulekrinsane, etter det vi veit.

Eitt er i alle fall sikkert. Det finst mange vitnemål, både frå dei tre vi har snakka med og mange andre, om kor opplevingsrik denne turen var. Både dei to lærarane og foreldra som hjelpte til, har fått mange lovord for initiativet dei tok.

 

Denne artikkelen stod i Sunnmøringen si juleavis 2000 og i Bygdeminne 2008, hefte nr.25 frå Stranda Sogelag.